Stormfull Vals

og eg er trufast til din hals

Monday 21 September 2009

These songs are my worst habits

Eg lagar fotoalbum. Altså, slike med handfaste bilete festa med lim på papir i eit album. Det har eg gjort sidan 2007 (best of 2007, - 2008, osv.), og det tenkjer eg forsetje med.

Det kjennest så befriande og deilig å sitje med albumet i fanget og lime inn eitt og eitt bilete ("deilig" er forøvrig eit ord som bør inn i det nynorske vokabularet. "Forøvrig" også.). Sant å seia er eg i den digitale fasen no - eg vel ut kva for bilete eg skal sende over nett til FotoKnudsen og få i posten om ei vekes tid. Det er ein vanskeleg og morosam prosess; vanskeleg fordi det ikkje er lett å velje ut berre nokre titals bilete ut av alle dei hundrevis eg har tatt i år, morosamt fordi den sett i gong ein del kjensler. I prosessen blir eg nøydd til å tenkje meg nøye om: kva har eg eigentleg gjort i år? Kva vil eg le av og tenkje tilbake på når eg opnar dette albumet om fem, ti, tjue år? Kven vil eg vera sikker på at eg aldri gløymer?
Eg blir rett og slett tvungen til å setje meg ned, tenkje på alt eg har opplevd i år, og innsjå kor bra eg faktisk har og har hatt det. Og korleis dette berre kan vera ein indikator på framtida.

Desse tankane kjem til å koma attende når eg skal finne fram limet og saksa og sørge for at kvart einaste minne får sin faste plass i albumet. Dei kjem til å vera tilstades kvar gong eg opnar albumet og ser på bileta. Det er ikkje berre opplevingane, men også refleksjonane i ettertid, som lagrest for evigheita.

Album på Facebook er éin ting. Det er enkelt, gratis og oppdatert. Men kvalitet er det ikkje. Spesielt verdifullt er det ikkje. Handfast er det i alle fall ikkje, og nærleiken til minna og gleda i smila på bileta er ikkje-eksisterande. Nei, me menneske kan vera så teknologiske og reformvennlege me berre vil, men når alt kjem til alt er ofte det gode, gamle det beste.

Saturday 19 September 2009

FIRE NYE ÅR

Dette er veldig gamle nyheiter, men det fortener ein blogg, og då blir det ei stund å vente.

Fire nye år med fellesskap framfor egoisme. Fire nye år med Jens framfor Siv eller Erna. Fire nye år med utvikling framfor tilbakesteg.

Fire nye år. Enkelt og greitt.

Fire store takk: to til alle som har bidratt i valkampen, eitt til dei borgerlege som ikkje klarte å framstille noko reelt alternativ, og eitt til valkampen i seg sjølv, som har skaffa meg mange nye vener, mykje ny kunnskap og masse morosamt og nyttig tidsfordriv.
Takk, takk, takk og takk.