Me skal vise dei. Me skal vise dei at ein bør velja ein kunnskapsbasert fellesskule heller enn eit delvis privatisert system der lommeboka rår. Me skal minne dei på at det i desse forbrukstider enno er arbeid til alle som er jobb nummer ein - og at rettene me har i dagens arbeidsliv ikkje er så sjølvsagte om me får ei blå regjering. Me skal gjera det klart at Arbeiderpartiet sin politikk er solidaritet i praksis, i innland og utland, og at eit Frp i regjering vil rasere Noregs rolle og rykte internasjonalt. Det skal ikkje vera nokon tvil om kven som tenkjer på unge og eldre, barnefamiliar og einslige, etnisk norske og fyrstegenerasjonsinnvandrarar, fulltidsstudentar og deltidstilsette - og klarer å ha alle desse i tankane samtidig. Det er Arbeidarpartiet.
Eg gler meg til å lære heile Noreg nettopp det.

Det ser heller ikkje så altfor ille ut: http://home.online.no/~b-aardal/gallup.pdf

4 comments:
HVAH, har Kristin blitt rød i skolepolitikken óg? I'm amazed!
HVAH, har Kristin blitt rød i skolepolitikken óg? I'm amazed!
Mjaa.. ho kunne kanskje ha vore raudare 8)Eg har aldri støtta privatskuler då (usj), det er berre den tanken om at enkelte faktisk må få vera flinkare enn andre eg skulle ynskje Ap kunne akseptere. Men men, ein kan ikkje vera einig i alt!
Flere som gleder seg til valgkamp! Bra du har trua.
Post a Comment