og eg er trufast til din hals

Sunday 10 August 2008

Come on down to the store

Så var Øya '08 over. Trist, men så har eg flotte konsertopplevingar å leva på fram til neste år.
Og jadå, me kom på forsida av avisa med Øya-bilete i år òg. Denne gongen var det Aften.

Eg var dessverre berre to av fire dagar på Øya, men eg var der sjølvsagt på dei beste dagane. På onsdag blei eg heime eit par timar ekstra og bakte kake, fordi det regna så eg trudde himmelen skulle falle ned. Då kaka, som såg ut som eit takras og smakte fantastisk, var klar, sat eg meg på fyrste buss inn til Oslo. Hoppa av ved Oslogate og planla å sjå Ane Brun-konserten - før eg såg køen eg skulle måtte stå i dei neste førtifem minutta. Omsider kom eg meg inn på området, med eit lekkert knæsjtoransjt bånd rundt armen, der eg møtte Silja med lugg og Ida. I løpet av den fyrste timen rakk eg å bytte mellom skinnjakke og regnjakke tre gongar, men litt regn gjer då ingenting, eg fekk nok ein gong bekrefta at eg var vatntett. Etter å ha vurdert å høyre på Mogwai, men endt opp med å treffe kjentfolk utanfor IKEA-teltet i staden, blei me ståande og prate, før det plutseleg dukka opp noko som såg ut som ein opplåsbar elefant-flodhest framfor oss. Etter litt tid med rynkede nasar og reiste augebryn skjønte me at dette var Best Fwends, og det neste kvarteret stod me og lo av synet av to amerikanske gutar, ein mørkhåra og ein raudhåra, som sprang febrilske rundt IKEA-teltet heilt raude i trynet og slengte ut metall-gloser medan kassettspelaren gav frå seg resten av musikken. Då "konserten" var over hadde heldigvis Best Fwends skremt bort halve IKEA-teltet, slik at me fekk sofaplass i regnvêret.
Litt seinare bestemte me oss for å gå ut av festivalområdet og skaffe oss noko mat som ikkje kosta 80+ kroner, fordi Silja og Ida var fattige og eg var gjerrig. På vegen koste Silja og eg oss med å mimre tilbake til gamle Kaizersdagar medan Ida håplaust sukka over alle dei altfor pene mennene me gjekk forbi - med god grunn. Satan. Me endte opp med yoghurt, muffins og boller frå Joker, før me vendte nasen mot Middelalderparken igjen. Me fekk så me oss delar av konserten til Truls & The Trees, før me gjorde eit eller anna fram til halvvegs inn i Ida Maria-konserten. Konserten var så som så, tøff jente, morsom hitlåt, ikkje vidare interessant på scena. Så aner eg ikkje kva me gjorde fram til Kaizers, men denne konserten såg me i alle fall. I byrjinga gjekk bandet frykteleg på autopilot, men dei skjerpa seg etter kvart, og Janove hadde usedvanleg god humor denne dagen. Rune hadde svært skjegg, Terje hadde oppkneppa skjorte - noko Silja tydeleg la merke til, og Geir såg som alltid ut som ei barnerumpe - med "kaktus og baktus"-hår, som Ida så fint uttalte seinare.
Etterpå såg me ca. to minutt av Mayhem, noko som var delvis skitskummelt og komisk, før me gav oss, eller i alle fall eg gav meg, ende over til Grinderman mot slutten av kvelden. Fantastisk.

Torsdag morgon kom, og etter å ha bråvakna av den skumle vekkerklokka mi kom eg på at eg hadde meir festival i vente og spratt opp. Klokka to møtte eg Silja på Oslo City, der me gjekk rundt ein times tid slik at eg fekk i meg lunsj og Silja fekk sjekka kor blakk ho var. Me vendte så nasen mot busshaldeplassen, der me blei vitne til at bussen drog, proppfull, avgårde akkurat då me kom. Heldigvis overhøyrde smarte Kristin ein samtale mellom to andre jenter som ho såg hadde Øya-bånd, "vi går heller og tar trikken!" og Kristin meinte det ville vera lurt av ho og Silja å berre fylgje etter dei. Det gjorde me, men jentene stakk sjølvsagt tilbake til bussen igjen då me kom fram til trikken. Likevel klarte me å koma oss på ein trikk - nr 18 - og me endte opp på riktig plass.
Etter separat innsjekking møttest me framfor P3-scena, der ein fortvila kar prøvde å sitje på den mekaniske oksa medan han las anmeldinga av konserten til Grinderman. Etter 30 sekund fall han av, og då var det klart for Tommy Tokyo-minikonsert på P3. Litt etterpå trefte me på May-Lis og Cecilie, og hang med dei fram til The Disciplines-konserten på Enga, noko som viste seg å bli svært morosamt. Eg, som eigentleg mest liker Disciplines fordi Ken Stringfellow er slik ein god fyr, fekk sjokk av personen eg såg på scena. Han som hadde stått framfor meg på Big Dipper ein fire månader tidlegare, med intet meir enn seg sjølv og ein akustisk gitar - ikkje eingong mikrofon - der han song eit knippe rolege pop-songar for dei femten frammøtte, stod i dag ikkje stille eitt sekund. Ken Stringfellow og Disciplines-Ken er tydelegvis to heilt forskjellige menneske. Disciplines-Ken tilbrakte 20 av de 45 minutta ute i publikum, der han løp rundt, til fortviling frå vaktene som måtte løpe etter med mikrofonledninga. Til slutt sat han seg til på gjerdet ved sida av ein heller ille berørt Vilde, medan han song ferdig "our song" - den litt vel klissete hitsongen Oslo. Så sprang han opp på scena igjen, og kasta skjorta, medan han klatra i sceneutstyret som om han skulle vore Tarzan. Utruleg underhaldande.
Så blei det ti minutt med Okkervil River, før me stakk ut for å skaffe oss noko mat. Ved utgangen møtte me ein Geir Zahl som nærmast såg ut som om han var på flyttefot, med gigantisk koffert og gitar på ryggen. Me sat oss ved ei bru og åt yoghurt og banan, og såg skikkeleg stakkarslege ut - sjølv om humøret var på topp.
Tilbake på Øya blei det bittelitt The National, litt meir Animal Alpha, før det etter kvart blei Sonic Youth, ein konsert som nærmast blei ein openbaring for meg som tidlegare berre har smålytta litt til Daydream Nation.
Så blei det fem minutt med Tommy Tokyo, før eg gjekk for å kjøpe meg noko mat. Eg endte opp med ein godkjent kyllingburger til 70 kroner. Så gjekk eg igjen mot Enga, der Turboneger skulle spele om ti minutt. Det viste seg å bli litt av eit show, og eg tykkjer nesten det var synd fjeset mitt ikkje blei fanga på storskjermen då Hank introduserte sjølvaste Nick Oliveri som gjest på scena, for eg må ha sett ganske sjokkert ut. Ei herleg overrasking, og ei perfekt avslutning på festivalsommaren i år.

Monday 4 August 2008

Ole Black 'n' Blue Eyes

Det er utruleg kor freistande datamaskina er når ein kjedar seg. Dei siste dagane har eg sete her i minst 20 timar. Sjukt. Det er alltid noko på Facebook ein kan sjå på, dessverre. Dette blir siste dagen med så mykje PC, det er alt anna enn sunt.

Øya nærmar seg med stormskritt! Om 24 og ein halv time er det onsdag, og då skal eg berre sova litt og så rusha inn på festivalområdet. Det blir herleg. Eg har ikkje fått surra meg til å sjekke kven som speler kva dag eingong, men eg veit det blir bra uansett, så det tyder ikkje så mykje. Derimot må eg sjå å få kjøpt meg ein ordentleg solid regnponcho. Vêrmeldinga er nemleg ikkje akkurat optimistisk. Men det gjer ikkje noko, litt regn gjer ofte stemninga betre.

"Et glass melk, takk" av Herbjørg Wassmo er forresten ei fantastisk bok. Les ho.

Piz.