og eg er trufast til din hals

Wednesday 23 May 2007

Eg har funne att iPoden min!

Endeleg. Den har eg leita etter i ei veke - og gjett kvar han var? I sekkjen, sjølvsagt. I eit rom eg ikkje hadde sjekka. At det er mogleg.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Berre så det er sagt. Det var det eg heldt på med medan Tinestafetten heldt på i dag, skreiv på t-skjorter. Det var jo morosamt (- ja, det var det faktisk).

Elles, så har eg prøvd i kveld å finne ut av klesstilen min, og eg har kome fram til at den er vorte litt litt Christer Knutsen-Inga Marthe Thorkildsen-Skambankt-Elin (syster)-ish. Eg merkar at det er dei eg ser på når eg skal kjøpe nye klede og slikt. Så det vert altså ein sosialistisk rocka stil - mykje raudt (og elles sterke fargar), samtidig som han er litt americanainspirert, og litt jentete. Neither more, nor less.
Då veit eg det òg.

Og - eg har byrja høyre på Keane att. Eg skit i om det er lågmål, eg liker det, og eg skal ikkje nekte for det.

Tuesday 22 May 2007

Matte er ikkje noko for meg

Tentamen gjekk til helvete. Matte altså. Faen, no som eg til og med hadde ei god kjensle for det, så gjekk det så dårleg. Utruleg irriterande. Eg må verkeleg skjerpe meg, endå meir enn eg har gjort dette halve året.

Men i går var ein fin dag! Eg hadde fri, så eg tilbrakte dagen i Oslo, saman med Elin. Me gjorde ikkje noko spesielt, men det er jo hyggjeleg berre å vera saman med henne, no som ho bur i Trondheim. Ho skal bu der fast no, Øyvind fekk jobb der. Kjedeleg at dei busett seg der, eg vil jo gjerne at tantebarna mine skal bu her. Men sånn er det vel berre, det er ikkje verdas største tragedie, ho har jo veldig mykje fri, så me kjem vel til å sjåast ofte nok. Og eg veit ho liker seg best der oppe, både sosialt og jobbmesig, og det er jo det som er det viktigaste. Så får me heller savne henne litt.

Og i går, då eg kom heim frå Oslo, såg eg at Christer Knutsen hadde svart meg på MySpace! Herlighet, eg kjem ikkje over kor hyggjeleg den mannen er. Også at han alltid svarer meg då! Får meg berre til å like musikken hans endå betre. Her er det han skreiv denne gongen:
"..og jeg gleder meg til å spille igjen!

Litt sent svar dette, men vi har bodd i studio noen uker nå for å lage nytt album, så ting har vært litt travelt.

Snakkes snart Kristin!"

Morosamt. Håper så inderleg på at han legg nokre planar om konsertar snart.

Og: Eg skal berre trekke ei tann, ikkje fire! Takk, kjære tannlege som nekta å trekke fire tenner, takk.

Tuesday 15 May 2007

Kor dumt høyrest det ikkje ut å seia "krøllalfa"?

Er det verkeleg berre eg som seier "alfakrøll"?

AUF har aksjon i Lillestrøm no. Kvifor drog eg ikkje?

No er eg lei av at Kari tek meg opp i klassen og skryt hemningslaust av meg. Jodå, det er eit fantastisk luksusproblem, men ein vert ikkje sett på så fint når ein er denne personen. Eg er jo glad for at eg gjer det bra på skulen, det er ein veldig viktig ting - og ingen skal seia at eg ikkje jobbar for dei gode karakterane eg får (i nokre fag; engelsk og norsk, ikkje nødvendigvis dei andre), for det gjer eg. Men det absolutt siste eg vil er å verte oppfatta som ein skrytepave, ei som trur/tykkjer ho er alle andre overlegen, ei som seier "heeei Isabeel, kva fekk du på prøva? Åja, fire? Hehe.. eg fekk seksar eg... hehehe" slik at heile klassen himlar med augo og går. Difor er eg veldig opptatt av å ikkje nemne dei gode karakterane mine i det heile tatt, og det funkar fint - heilt til Kari dreg meg opp slik.
I dag sa ho at eg må vera ufatteleg smart oppi hovudet mitt, ikkje berre språkmessig, men eg måtte visst vera utruleg klok, fordi innhaldet i teksten (eg trur ho snakka om engelsktentamen. Ho er så rask til å rette prøver ho der, den prøva hadde me faktisk førre onsdag) min var så godt. Javel, takk hjarteleg mykje for det. Men sei det heller privat til meg, så slepp eg å miste vener fordi dei føler at eg skryt av meg sjølv på denne måten, sjølv om det faktisk ikkje er eg som skryt av meg.

Men eg har det så fint for tida at det er det største problemet mitt då. Det og haglbygar som alltid klarer å koma over Lørenskog akkurat idet eg går ut av skulebygningen og legg ut på vegen heim.

Eg trudde ikkje det skulle hagle i mai. Iallfall ikkje i desse globale oppvarmingsdagar.

Monday 14 May 2007

Frå no av kjem det titlar som ikkje er songtekstar!

.. eg har ikkje lenger fleire songtekstar å stele, eg har brukt dei opp, som så mange før meg.

Eg er no hundre prosent Are Kalvø-frelst. Eg las ferdig Bibelen 2 i helga, starta på Absolutt Oslo i dag, er no halvvegs ferdig med den, og i heile kveld har eg lese dei kortare tekstane han har på heimesida si, etter at eg høyrde fem Hallo i uken-sendingar tidligare på kvelden. Må jo spare nokre av dei til seinare også.
Genial mann. Genial, I tell you. Marthe, kvifor fortalde du meg ikkje om han før? Eg har gått glipp av så mykje.

Og no er Emil sint på meg, nok ein gong. Eg er visst så nedlatande mot han i timane. Men herlighet, når han kjem med slike hjernedaude forslag må han jo vente seg kritikk. Om ikkje vente seg, så må han iallfall takle kritikken, for den kan koma uansett kva ein seier. Eg er til og med heilt sakleg, eg kallar han ikkje dust slik han gjer med meg. Litt sur kan eg kanskje verka, og jodå, eg vert hissig i debattar. Eg skal jobbe litt med det, men han må då klare å ikkje ta alt eg seier personleg, særleg når det omhandlar klassetur til Buerøya. Om han skal overleve i denne verda, må han verkeleg verte litt tøffare.

.. og ti gongar så smart som han er no.

Sunday 13 May 2007

-

I helga har eg vore på hytta for fyrste gong i år. Godt å vera der igjen. Det betyr at det snart er sommar.
Eg har jo ikkje skrive på ei veke, ser eg. Eg gløymer å blogge. Veit ikkje heilt om det er bra eller ei, men eg trur helst det eigentleg er bra.

Men i veka som no er over har det vel ikkje skjedd noko spesielt. Eg fekk kjøpt nokre nye klede (deriblant mitt fyrste kvite klesplagg på iallfall to år), samt to DVD-ar; Schindler's List og Tommys Inferno. Og eg fekk tilbake oppgåva mi om "Karen" av Alexander Kielland, som eg fekk ein seksar på. Det var jo moro, for den jobba eg lenge med.
På fredag fekk eg endeleg snakka med Mallory igjen, det var fint. Og no er det berre 23 dagar til ho kjem heim igjen. 23 dagar! Heile ni månader har gått sidan ho drog. Det har gått overraskande fort, sjølv om eg tydeleg har merka at eg har sakna henne.
Når det er 23 dagar til ho kjem, betyr det også at det berre er ein månad og ein dag til Norwegian Wood! Og då er det berre sju dagar att til ferie. Ahh.

Men i helga har eg altså vore på hytta. Lest ein heil haug av aviser og irritert meg over Frp og Grand Prix. Frp orkar eg ikkje nemne her eingong, og eg er irritert over MGP av same grunn som alle andre er; østblokklanda er blitt for mange og stemmar berre på seg sjølv. Inn må ein fagjury, eller så må det delast inn i aust og vest. Sistnemnte fristar ikkje. Ikkje fyrstnemnte heller, eigentleg. Men MGP er verken nokon rettferdig eller morosam konkurranse lenger, så noko må gjerast.
- Og nei, eg er ikkje bitter for at ikkje Guri Schanke kom vidare, for den songen hata eg. Men eg kan ikkje seia det var så mange andre bidrag som var så mykje betre heller.
Hadde det vore opp til meg, ville Tyskland vunne, Sverige kome på andre plass og Ungarn på tredje.

Men no er det straks den serien om Nürnbergrettssakene på NRK, det har eg gleda meg til i eit par veker. Andre verdskrig vert stadig meir interessant for meg.

Sunday 6 May 2007

Her æ'kje rom for nok en blindpassasjer

Så var eg konfirmert. Woho.

Dagen i går vart mykje betre enn eg hadde trudd. Seremonien i kulturhuset var grei nok, sjølv om eg ikkje fekk snakka med Veronika, og festen gjekk bra. Talen gjekk bra. Det sko en'kje tru, som Geir seier. Eg hugsa å takke for det eg skulle takke for, iallfall trur eg det.
Mangen taler fekk eg også. Fyrst ein frå mamma, så frå pappa, frå Elin og Marianne, frå Tone og Petter, og til slutt i frå Bjørn. Og i tillegg hadde farmor, mormor og tante Kari og onkel Graham laga songar. Så det mangla ikkje på gode ord der nei.

Av gåver fekk eg:
- 5500 kroner
- Bunad + bunadssølv (til ein verdi av svimlande 33000 kronar. Men slapp av, det var frå fem personar til saman.)
- To kjede og to par øyredobbar
- Ei bok med bilete frå Noreg
- Ei antikk Skikk og Bruk-bok
- Ein koffert

Fine gåver, synest no eg. Var ikkje noko eg sakna der. Den kofferten kom overraskande, men godt, eg trong faktisk ein koffert. I tillegg er den av dyraste merke (haha, eg sit og snakkar om koffertmerke her. Fantastisk.) og akkurat passe størrelse. Boka med bilete frå Noreg er utruleg fin. Mykje frå Jæren der. Gjer meg inspirasjon til eigne bilete. Tanta mi skal kjøpe kamera for meg i Kina, då får eg det til halv pris. Gledar meg til å få det, det blir morosamt.

I morgon skal eg trekkje to tenner. Ein annan dag skal eg trekkje to til. Faen, eg hatar det. Men eg har jo ikkje noko val, skal det verte fint, så må eg igjennom det, diverre.
Men det betyr fri frå skulen då! Om eg ikkje hadde hatt fri, måtte eg ha vore der heilt åleine omtrent. Verken Cecilie, Cecilie T, Isabel eller Tenzin hadde vore der, og det er jo berre dei eg er med på skulen. Så tanntrekkinga kom på ein fin dag då, for så vidt.

No fekk eg veldig lyst på ordentleg kaffe latte. Det må eg få tak i snart, får dra til Oslo ein dag. Yes.

Friday 4 May 2007

Slow down, Henry

Stille dag i dag.
Konfirmasjon i morgon.
Einaste Kaizerskonserten i Norge for i år, akkurat no.
Natta.

Neidå. Eg har berre lese litt for mykje i Bibelen 2 i det siste. Jesus skriv litt sånn der. Oppramsing.
Eg elska Bibelen 2. Og Are Kalvø. Genialt. Takk for anbefalinga, Marthe!

Men i dag har altså vore ein stille dag. Var litt gøy på skulen då, for me klarte endeleg å ta heilt innersvingen på Morten i dag. Me snakka om Tinestafetten (jippi, no er det den tida igjen..), og så viste det seg at me no var sju mindre folk enn sist han spurde kven som skulle vera med. Då vart han sjølvsagt sur, og byrja å snakke på sin barnslege måte igjen, og så fortalde han at om ikkje fleire meldte seg, fekk ikkje resten av klassen sjå på, dei måtte vera på skulen mens Tinestafetten heldt på nede på Rolvsrud. Så sa eg - på tull - "då går dei ut i streik, dei som skal springe. Dei spring ikkje om ikkje me får sjå på." Og sjølvsagt var det nokon som drog det opp og svarte "ja!" Haha, huff. Så det vart fullstendig opprøyr til slutt, og Morten måtte berre la oss få gå til slutt, etter å gjentatte gongar ha ropt "klapp igjen!" og "hold kjeft!" Det var morosamt å sjå korleis klassen bare "uuu, Morten er suur! Nå er vi redde altså," klassen har faktisk null respekt for den mannen. Og han fortener ikkje meir respekt heller. Fy faen for ein lærar. Eg er så glad me har klart å få han vekk. For nei; me skal ikkje ha han til neste år! Mi verd er redda.

Nei, det er ho ikkje. For Frp gjekk fram på meiningsmålinga i dag, og ein ven av Silja er visst tilhengar av Nasjonaldemokratane. Hjelp.
Og eg har funne ut at AUF er imot NATO. Det er ikkje bra. Eg er ikkje imot NATO, sjølv om eg er AUFar. Eg visste ikkje at "me" var raude. Men, men. Det er jo lov med forskjellige meiningar innanfor eit parti også.

Og så var det konfirmasjon i morgon då. Faen. Eg må gå fram på scena og få ”diplom” eller kva det no er, og etterpå må eg halde tale. Eg gruar meg sånn. Inger kjem til å klage på talen neste gong eg ser henne, eg veit det. Woho. Men eg er vant med det no, det går nok ikkje innpå meg. Eg må berre hugsa kven eg skal takke… Må takke for at gjestane kom, takke for gåvene og takke mamma og pappa for selskapet og bunaden. Men det hugsar eg vel. Om eg ikkje klarer å halde den litle talen der eingong, korleis skal eg kunne verte politikar? No skal eg vel ikkje verte det, men kven veit, politikken opptar ein stor del av livet mitt no. Sjølv om ting kan forandre seg, er det ofte sånne ting som består. Eg håper iallfall det. Måtte eg aldri verte ein av dei uvetande som ikkje stemmar.

Om eg bare var i Stavanger no.. På Cementen, nærmare bestemt. Faen, dei 72 sjelene er uhyggjeleg heldige! Men, men, eg skal jo sjå dei seinare i år, så eg overlever. Åh, Sziget. Eg gledar meg!

Tuesday 1 May 2007

Opp, I som sulten knuget har!

Woho, 1. mai! Gratulerer.

I dag har eg vore i Oslo intet mindre enn to gongar.
Fyrst drog me inn dit for å sjå 1. mai-toget. Me var der ca. tolv, hamna midt oppi Blitzgjengen (som dessutan er idiotisk) som var skrammande mange folk, så me måtte gå ein omveg for å unngå å verte trokke inn i rekkene der. Men me kom oss til slutt til Youngstorget, snakka med ein del vener og kjende, og høyrde på talen til Fiskvik, før me song Internasjonalen, og gjekk til Karl Johan. Overraskande mykje folk der, Youngstorget var stappfullt, og toget var kjempelangt. Frå Karl Johan såg me på heile toget, som bare vert raudare og raudare; fyrst gjekk forbunda, så kom AP og AUF, så var det SV og SU, så var det RV/AKP/Rødt og RU, så NKP, så alle tamilane og somaliarane, og heilt til slutt Blitz.
Overraskande at me ikkje såg Tonje og Andreas i SV-rekkene, dei er jo veldig aktive der. Men men, kanskje dei gjekk i tog ein annan plass.

Så vart eg invitert av Lo-Johan til ein konsert i regi av Arbeiderpartiet på Jessheim klokka seks. Eg sa ja takk, drog inn til Oslo igjen i firetida, og møtte han og fem andre gutar på Oslo S. Litt uvant med seks gutar rundt tjue år og så litle meg med ein gong, men det gjekk fint, dei er jo så greie så.
Me gjekk på toget, men sjølvsagt kom me ikkje lenger enn til Lillestrøm, der me møtte Solvår, og forresten også skodespelar Rolf Kristian Larsen og ho som skal spela Cathrine i Mannen som elsket Yngve.
Me måtte ta eit anna tog til Kløfta, og frå Kløfta måtte me køyre minibuss til Jessheim. Me kom fram til slutt, berre eitt minutt for seint, og gjekk inn i.. kva kalla dei det, "heradshuset"? Eg veit ikkje, noko slikt iallfall. Der møtte me Tonje og dei andre, før Bedrock Bluesband byrja å spela. Dei var forresten jævlig gode live. Utruleg dyktige folk.
Dei spelte ein del songar, så heldt ordførarkandidaten til AP tale, og så ein eller annan morosam og flink journalist/forfattar/ein ting til. Det var relativt interessant begge delar, iallfall sistnemnte, han sa mykje bra. Ein smule raudare enn Arbeiderpartiet var han vel då.

Etter ganske nøyaktig to timar var det ferdig, så klokka åtte gjekk me litt rundt i Jessheim sentrum for å finna ein kiosk, noko me gjorde, før me gjekk til toget. Denne gongen gjekk det fint, ingen tekniske problem der. Så seks på ni var eg i Oslo, og heime var eg nærmare ti.

Ein veldig fin dag, alt i alt. Eg liker meir og meir dette AUF-samfunnet. Alle der er veldig hyggjelege og smarte menneske. Gledar meg til eg skal møte dei att på neste AUF-arrangement.