og eg er trufast til din hals

Friday 30 March 2007

Alltid trø forsiktige steg

Så var det påskeferie. Og det kan ein jo ikkje anna enn å vera glad for.
Det kan bli litt kjedelig då, om eg ikkje kjem meg ut litt, men det har eg jo planar om å gjera. Skal muleges til Oslo i morgon, til Skien på måndag og til Oslo igjen på tysdag/onsdag. Utanom det ser det kjedeleg ut. Men det blir vel kva eg gjer det til.

No er eg så drittlei av å høyre om OL i 2018 at eg flyr på nokon snart. Herlighet, her diskuterer heile Noreg konstant om kva for ein by som skal sende søknad, men det er jo mest sannsynleg at me ikkje får OL eingong. Fint det avgjerast i dag, så slepp ein kanskje å høyre stort meir om det. Oslo er mest effektivt og billigast, men det blir nok finast og mest spektakulært i Tromsø. Trondheim veit eg eigentleg ikkje så mykje om i den samanhengen her, men i grunn bryr eg meg ikkje uansett. At heile Noreg kan vera så oppteken av den saka fattar eg ikkje.

Men eg er litt stolt no, eg har nett funne ut at eg har klart å verve heile to Skambanktfans! Cecilie og Alexander. Herleg. Ikkje berre er dei fan av éin song heller, dei liker alt av Skambankt eg speler for dei. Det er litt moro.
Og på tysdag blei Kaizerstulleteksten min lagt ut på DMA. Anonymt, såklart. Men så sa eg at det er eg som har skrive den tidligare i dag, for det var ein del feil der eg var nøydt til å rette opp. Nynorskkvaliteten varierer verkeleg hjå meg ja. Uff.
Men responsen og kommentarane var berre positive! Det var veldig fint å høyre, eg blir alltid så glad av sånt. Det var vel også litt av grunnen til at eg torde å seia at det var min tekst. No håper eg berre ikkje Kaizers sjølv les det, me veit jo at dei surrar rundt der inne, men eg vil ikkje at dei skal sjå den teksten. Den var ikkje direkte snill, særleg ikkje mot Geir, og han er vel den mest sannsynlege til å lesa det, dessutan ser dei/han sikkert ikkje humoren heilt.
Anyways.. no fekk eg nesten lyst til å skrive ein tekst om kvifor Thomas Talseth har eit så dårleg forhold til alt som har med Kaizers å gjera, etter å ha snakka med Marthe om det, men eg trur eg held meg unna. Trur eg skal gjera matte- og naturfaglekser i staden. Helvete, eg har ferie, også planleggjar eg å gjera lekser. Ikkje heilt normalt kanskje. Men fokk it, gidder ikkje slite med lekser veka etter ferien (då er eg jo berre sur for at det ikkje er ferie lenger, treng ikkje fleire ”sorgar”), så då gjer eg dei no.

Tuesday 27 March 2007

Gjemme deg bag slitte løgnare

I dag klarte me å låse oss inne i Skårerhallen etter gymmen. Me stod der inne i ein halvtime, me klarte ikkje å opne den helsikens døra. Og sjølvsagt var det ikkje dekning der inne, sidan hallen er under bakken. Fekk nesten litt panikk der. Men etter kvart klarte me å opne døra litt, fekk stukke ut mobilen og ringt til Isabel. Vidare tilkalla ho Michal, og han kom ned for å prøve å få oss ut. Han prøvde og prøvde, men klarte det ikkje, så han måtte gå og hente vaktmeisteren. Så kom han, og etter han også hadde prøvd i ti minutt, fekk han døra endeleg opp. Haha, herlighet. Det var det friminuttet.

Elles har eg hengt meg litt opp i andre verdskrig trur eg. Starta i førre veke ei gong, og toppa seg då me såg Pianisten på skulen i går. I dag såg eg Der Untergang her heime. Utruleg bra filmar eigentleg. Veldig polerte då, for å seia det sånn, uansett kor ille holocaust såg ut på filmen var det hundre gonger verre i røynda.
No bør eg vel eigentleg gjera samfunnsfagleksar om Noreg i mellomkrigstida, og engelsklekser om Tungtvannsaksjonen. Fokk, merkar ein liten overdose med andre verdskrig her ja, uansett kor spennande det er. For interessant er det, men det kan bli for mykje og. Særleg no som eg er komen inn i ein veldig giddalaus periode igjen.

Og eg er inne i ein periode der eg klarer å snu alt alle gjer til noko egoistisk. Det er jo slik verda fungerer, alle er egoistiske, men no tenkjer eg konstant på korleis ting dei gjer for andre eigentleg berre er for dei sjølv. Same med meg, no er eg så bevisst på nettopp det at det er meg sjølv eg tenkjer på, uansett om eg eigentleg ikkje veit at eg tenkjer slik. Absolutt alt ein person gjer kan vendast til ei egoistisk handling. Eg har jo alltid visst det, men det er greiare når det ikkje ligg på overflata sånn som det her. Eg vil berre at det skal grave seg ned igjen, til der det er underbevisst.

Sharp attenårs på Skambankt i Fredrikstad. Æsj. Men men, kva kan ein vel gjera?

Saturday 24 March 2007

Innse det - lev med det - deal med det

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Skambanktkonserten i går var fantastisk herleg. No sit eg her og redigerer bilete, og det er faen så trist at det er over, eg misunner verkeleg dei som er på Tribute i Sandnes akkurat no. For denne konserten var minst ti gonger betre enn den på Folken. Åh, det var så bra!

Togturen til Horten gjekk greitt, Sarakka, Agathe, Marit og eg drog saman. Agathe måtte sitje på golvet då, det var ikkje plass til alle. Men eg trur det gjekk bra.
Då me kom til Skoppum skjøna me ikkje kvar me skulle gå eller kva me skulle gjera vidare, så det enda med at me gjekk bort til ein politibil og spurde han som sat inni der. Me fekk beskjed om å ta ein buss som gjekk til Horten sentrum, så det gjorde me. Rett før endestasjonen ropte ein av oss "Ååååh! Scene 37! Der! Det er dit me skal!" og hyggjeleg som bussjåføren var, stoppa han rett utanfor bygningen for oss, sjølv om det ikkje var nokon haldeplass der.
Me gjekk inn, trefte Alexander, og henta billettane våre. Så trefte eg på Anders og Andreas, og me gjekk opp i andre etasje utafor der konserten skulle vera. Anders, Andreas og eg diskuterte politikk mens Skambankt heldt på med lydprøver i bakgrunn, eigentleg diskuterte me politikk ganske konstant i to timar, utanom når Anders og eg diskuterte dei sjuke pornotekstane til Cloroform. Men dei to var veldig raude. Og det same var resten av folka der.. Så eg var i mindretal, for å seia det sånn. Men det meste er me jo einige i uansett då.

Ti på ni slapp dei oss inn i konsertlokalet, som viste seg å vera ekstremt lite og intimt. Eg la veska og jakka mi på scenen framfor der eg stod og let det liggje der heile kvelden, og scena rakk meg til knea, det forklarer kor lite det var. Og kor nær me var bandet. Det gjorde mykje av opplevinga.
Etter kvert kom oppvarmingsbandet på. Fy faen, noko så jævlig. Det var bokstaveleg talt fem klovnar som sto på scena. Og vokalisten hadde utstyret hengande laust, for å seia det sånn.. Æsj. Dei var ekle, skumle og for ikkje å gløyme historisk dårlege. Eg er berre glad eg veit at Skambankt ikkje bestemte at dei skulle varme opp. For hadde dei gjort det, ville eg verkeleg byrja å tvile på dømekrafta deira..

Ca. kvart på ti kom eigaren av klubben ut frå bak scena og viste teikn om at me skulle byrja å klappe og rope på bandet. Det gjorde me, og nokre titals sekund seinare sat dei på introen. Så kom Børge inn på scena, og byrja på trommepartiet til Nok Et Offer, songen dei alltid byrjar med. Så kom Hans-Egil, Terje og Tollak inn, og Tollak stod rett framfor oss. Ikkje ein meter unna eingong. Nærkontakt i høgaste grad altså, og det var som nemnt noko av det beste med konserten, om ikkje det beste. For bandet hadde verkeleg kontakt med publikum til einkvar tid, Tollak stod mellom meg og Silja noko sånt som ti gonger i løpet av konserten. Var ikkje like festlig dei gongene han stod rett framfor meg og det ikkje var meir enn fem cm frå fjeset mitt til skrittet hans, og eg ikkje kunne røre meg, men likevel. Dei tre (reknar ikkje med Børge, for han sit jo stille på trommene) er faen meg like flinke med publikum som frontrekka i Kaizers er.
Under konserten var det visstnok mykje pressing og moshing på midten framfor scena, men det merka eg ikkje noko til, for eg stod heilt til høgre. Eg tryna allikevel altfor mykje, eg har blåmerke på magen etter alle gongene eg falt oppå forsterkaren framfor meg. Eg klarte å trampe på kameraet mitt også.. Og eg har eit stort blåmerke på kneet etter å ha dunka det så mykje inn i scena, samt fleire mindre blåmerker på låra. Eg har også ein kul i panna fordi Tollak klarte å køyre bassgitaren rett i hovudet på meg ei gong. Au. Men den kulen er jo berre kul, sidan det var Tollak som lagde han. Haha.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Setlista aner eg ikkje korleis var, me såg den som var klistra på scenegolvet framfor oss der, men dei følgde ikkje lista i det heile tatt. Eg veit berre at dei spelte alle songane som stod der pluss ein til. Og eg hugsar at dei spelte desse songane: Nok Et Offer, Dynasti, Stormkast #1, Tyster, Min Eliksir, Fritt Fall, Angst, Skamania, Skambankt!, Me Sa Nei!, Desertør!, Revolusjonens Aggregat!, Panzersjokk!, Alarm! og KKK!. Femten songar altså, og det er ein god del, med tanke på at dei berre har gitt ut 27 songar. Songane hugsar eg tydelegvis, men rekkefølgja er enno eit mysterium, det einaste eg hugsar der er ekstranummera; Skamania, KKK! og Panzersjokk!. Panzersjokk! var songen som ikkje sto på setlista. Eg tar det som eit godt teikn, eit teikn på at dei likte konserten. Det såg iallfall jævlig sånn ut, det verka som om dei merka den gode stemninga like godt som oss i publikum.

Ein fantastisk herleg konsert, som sagt. Og som om det ikkje var nok, så kom dei ned i merchen rett etterpå.
I merchen kjøpte eg den raude Eliksirskjorta, og den fekk eg signert saman med veska mi. Faen og, eg som hadde tenkt til å helde den veska nøytral (les: ikkje ha nokre bandgreier på ho), sidan den andre er full av Kaizerssignaturar. Jaja, eg måtte jo få dei til å signere noko no som eg hadde sjansen. Vidare fann eg ut at Børge og Hans-Egil var veldig hyggjelege menneske (har jo ikkje snakka med dei to før), og Terje og Tollak var like hyggjelege som alltid. Terje er så utruleg hyggjeleg at eg ikkje fattar at det går an. Flott mann det der, veldig flink med fansen.
Snakka ikkje så mykje med dei, men Børge var glad i å diskutere sølvpennen min, og Hans-Egil t-skjorta mi. Børge: "E det sølvtusj! Oi, det e det leng si æ har sedd! Stilig!" Hans-Egil (til Marit som ikkje klarte å velje mellom Leninskjorta og den raude Eliksirskjorta): "Eg syns du ska ta den i rødt, den e finare. Bare se på hu *peike på meg* der, hu e fine! Så bler dåkk begge fine! Det bler så fint så." Terje sleit med å finne pennar å signere med; "Eg trenge ein penn.. oi, ja, du har tusj sjøl du ja. Sølvtusj til og med! Men den kan eg vel'kje skriva me på t-skjortå di? Hm.. Tollak, kan'kje eg få låna den pennen litt? Takk! Okei, då e eg klare, hehe. Kor ska eg skriva? Eg skrive me logoen her eg." Tollak var opptatt med å diskutere ei bok med den irriterande jenta som stod ved sida av meg. Ho sa eit eller anna om handlinga som ho ikkje likte, og Tollak svarte oppgitt "Jamen det e jo det som e poenget me bogå!" Ho svarte at det visste ho og blablabla, Tollak verka ikkje spesielt glad for å snakke med henne uansett. Særleg ikkje då ho kom med kom med kommentaren: "Jamen se her da *vise med armane*, fin bok, fine mennesker, god sammenheng!" Ho var dum som eit brød. Og etter ho hadde gått, kom ei anna jente bort og sa noko Tollak oppfatta heilt feil, svaret hans blei slik; ”Eg vær me på familiemiddag? Eheh, nei takk!” Skambankt, ho jenta og me andre som såg det fekk oss ein liten latter der ja.
Så skulle dei ta litt bilete saman med oss. Fyrst var dei Anette og ein annan sin tur, så Anders og Andreas, og til slutt Alice og meg. Tollak poserte med pornoblikket som alltid, og Terje smilte til ei forandring, han skal jo ikkje smile på bilete, han er jo for tøff til det som han seier. Bileta blei ikkje noko fine uansett, eg øydela dei. Eg var ikkje heilt klar då Sarakka tok bileta, så det blei bare rart og stygt. Uansett, her er det eine:

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Ikkje lenge etter photosessionen gjekk me ut av lokalet. Lise kjørte oss til Fredrikstad i 150 km/t (ikkje ei overdriving eingong), så me kom fort fram til Silja. Der sov eg til i dag, var litt i åttiårslaget til farmora hennar, og så tok eg tog og buss heim hit.

Thursday 22 March 2007

I can feel the sweet illusion coming

Oi, det har faktisk gått ei veke sidan eg blogga sist. Det trudde eg ikkje at gjekk an.

Uansett er det vel ikkje så mykje å fortelje om. I helga var eg overraskande sosial då. Karen var på overnattingsbesøk frå fredag til laurdag, og ho er som kjent den einaste eg kan ha her heile natta utan å føle ein trang til å drepe nokon dagen etterpå, så det var veldig koseleg. Me såg på tv, sat her, såg på tv, åt, sat her, såg på film.. Yep, det var vel det. Også sendte me ei lita klagemelding til kjellern då, såklart.
På laurdag kom Elin og Øyvind på besøk, det var også hyggjeleg. Eg er så glad Elin endeleg har funne seg ein så flott fyr, Martin var jo grei han og, men altfor stille. Eg liker Øyvind godt. Dessutan ynskjer han seg barn! Så nå ventar eg berre på å bli tante.. "Tante Kristin." Tenk så morosamt. Må kanskje vente til Elin flytter heim frå Trondheim igjen då.

Ellers så har eg fått heilt dilla på Ryan Adams. Eg fekk endeleg kjøpt plata Heartbreaker i dag, og i neste veke eller noko sånt skal eg kjøpe Cold Roses. Det er så utruleg fin musikk! Og eg synast han passer sånn til våren nå. For det ér vår! I dag var det ti grader her. I går og. Sjølv om det var fem minus til morgonen i dag. Men det er jo ikkje sagt at det skal vera varmt om natta sjølv om det er det om dagen. Eg er ikkje ute om natta uansett, så det betyr ikkje noko.

I morgon er det Skambankt! Endeleg! Eg har venta så lenge på det her. Ein månad og seks dagar for å vera nøyaktig. Det blir så utruleg bra! Og no ser det ut til at me rekk heile konserten og, til og med. Herlig! Eg blir så utruleg glad av å tenkje på det, stakkars dei som må høyre på meg på skulen i heile morgon.

No skal eg skrive vidare på Kaizersteksten min. Har ikkje heilt tid til å blogge for tida. Trur berre bloggen har godt av det uansett, han er ganske overfylt, synast eg.

Thursday 15 March 2007

This ain't the end, my friend

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Gårsdagen tok ei overraskande vending: eg drog på Micke from Sweden-konsert. Med Silja, på Parkteateret Bar på Grünerløkka. Eg hadde jo planlagt i førre veke å dra på konserten, men fann ut at det blei så vanskeleg; kanskje rakk eg ikkje siste buss heim, og det var ikkje sikkert me slapp inn uansett, det er jo (sjølvsagt) ein plass for dei over atten. Men då Sarakka fortalde meg kor bra konserten på Kampen Bistro var, bestemte eg meg for å dra likevel.
Me kom oss inn på plassen utan at nokon sa noko, og sat oss rett framfor pianoet. Konserten starta ganske presis ni, og han spelte vel ein fire-fem songar i løpet av den halvtimen han spelte, ein god del av tida gjekk med til snakking. For han snakka mykje. Ein god entertainer altså. Berre synd publikum var så dårleg. Dei einaste som i det heile tatt hadde hovudet og øyrene vendt mot Micke var Truls, Jørgen, Geir (Zahl), Silja, det paret som sat like ved oss, og meg. Men Micke var like flink uansett. Han blei veldig glad då me gjekk bort til han og kjøpte plata og, kanskje ikkje så merkeleg det.
Geir verka faktisk både pratsam og glad i går, han snakka masse med Jørgen og Truls. Eg snakka ikkje med han då, tenkte eg ikkje skulle plage han i går. Silja var vel ganske einig i det. Men Jørgen og Truls snakka me ein del med etter Geir hadde gått litt vekk frå bordet deira. Det såg eit par sekund ut som om han skulle koma tilbake og snakka med oss, men så kom Micke og drog han med til Mono. Kanskje like greitt, eg veit aldri kva eg skal seia til den fyren.
Uansett, ein veldig fin kveld.

I dag har eg diskutert i to timar utan stans. Det byrja med at Ida kalla seg sjølv synsk, og så utvikla det seg til snakk om overtru, og sjølvsagt enda det til slutt i ein diskusjon om religion. Det var Ida, Charlotte og delvis Tenzin på den kristne sida, og Christer, Anders, Alex, delvis Cecilie Therese, og meg i spissen på den andre sida. Religion er aldri bra å diskutere, ingen vinn og ingen gjer seg. Men det er moro å sjå kor lenge folk klarer å helde seg saklege. Det er faen ikkje lenge. Men det var fint klokka blei to etter kvart, for viss ikkje hadde me vel sete der og diskutert enno. Og det er ikkje alle som er like flinke til å skile diskusjon og meiningar frå venskap, så.. ja. Eg trur det var bra me ikkje hadde tid til å diskutere meir, så fekk me heller berre vera einige om ikkje å vera einige. Det var sekundet før eg blei usakleg også, så det var bra eg måtte gå heim, for då fekk eg ut aggresjonen ved å høyre på Skambankt. Det passa jo og, for Skambankt og eg er jo, så vidt eg veit, faktisk einige om akkurat den saka. Ikkje dårleg.

I dag skal eg ut og trene igjen. Det fristar ikkje i det heile tatt, men eg veit det vert greitt når eg fyrst kjem meg dit. Berre synd det er så seint. Men, men. Det er jo ikkje sånn at eg har noko betre å gjera, akkurat.

Tuesday 13 March 2007

This dance you'll have to lead

Guess what: eg har trena i dag. Eg. Frivillig for fyrste gong sidan eg gjekk på dansing i femteklasse. Eg er nesten stolt. Og eg likte det faktisk, det er endå meir utruleg. Så no skal me starte der fast, Karen og eg, saman med Silje og dei. Det var på tide ja.

No er eg så skitlei av å høyre om Valla-saka at det er like før eg kastar TV-apparatet ut frå verandaen. Ho behandla arbeidarane sine dårleg, Yssen gjekk ut med det i media, Valla nekta for alt saman, eit utval blei sett til å granska saka, dei fann bevis på at omtrent alt Yssen sa var sant og skreiv ein såkalla knusande rapport, Valla nekta fortsatt for alt saman og tok ingen sjølvkritikk, men sa opp jobben som LO-ledar. Kan ikkje folk bare la det vera med det? Fyrst skal dei bråke om at utvalet og granskinga ikkje var slik det burde ha vore, så skal dei kjefte på media for at dei visstnok har blussa opp saka så veldig (det var jo faktisk ei stor sak då, synast heller media har vore verre andre gonger), så skal dei byrje å bråke med Arbeidarpartiet igjen, osvosv.. Eg er så lei. Eg elskar jo å sjå Redaksjon 1, Standpunkt og Tabloid (det høyrast ikkje bra ut, eg veit det), men dei siste fire gongene har det vore om Valla-saka. Valla, Valla, Yssen, Valla, Valla. Herlighet, gje opp, slaget er tapt for Valla, Yssen vann. That's it, la resten liggje.

Nei, meir har eg eigentleg ikkje å seia i dag. Eller jo: gratulerer med dagen, Kristoffer!

Sunday 11 March 2007

Everyone can't win

No er snøen så godt som borte. Eg er glad. Det skal så lite til.

Eg var på platemesse i går, fyrst med Marthe, så med Sarakka. Det var gøy, såg ikkje så altfor mykje spennande (om ein ikkje synast det å sjå Jan Eggum og Arne Bendiksen er ekstremt spennande), men det var ein del promoar der, og det er jo alltid morosamt. Eg kjøpte promoen til soloalbumet til Janove og Ralph Myerz, og Marthe kjøpte Me Sa Nei!-promogreia til Skambankt. Hadde veldig lyst på sistnemnte eg og då, men det var jo ho som fann han.
Etterpå var eg på konsert, med korpset til far min. Jippi. Men det var nesten greitt, det var ikkje altfor kjedelig musikk, dei spelte jo ikkje berre marsjar og slikt, men også sigøynarmusikk, "Puszta" er jo eit veldig fint stykke. Me vant AKM og kom på andre i NM med det. Minner. Wow, eg trur det er fyrste gong eg har sett tilbake på korpstida med et smil om munnen. Rart. Men det er jo klart at det var ein del fine opplevingar der. Eg fekk drege på mange turar mange forskjellige plassar, alt frå Hurdal til Årjeng til Finland. Og turane likte eg jo alltid, det var gøy. Og eg traff jo mange, fekk mange vener, tenk; om eg aldri hadde gått i korps, ville eg aldri treft Silje, då ville eg heller ikkje treft Karen, dei er jo to av dei beste venane mine. Men spelinga likte eg berre gjennom halvparten av 2005, så det var på tide at eg fekk slutte til påske i fjor. Dei ville ikkje la meg sleppe fordi dei var redde eg skulle sitje apatisk heime kvar einaste dag utan noko å gjera eller nokon å snakke med, har det kome fram i seinare tid. "Men så fann du jo Kaizers, og desse folka på denne Dr. Mowinckel-sida, og du blei jo heilt forandra." Det er litt gøy å høyre. Det forandra jo faktisk heile livet mitt skikkeleg. Og det takka vera Karen!

Same Karen som foreslo at eg skulle skrive ein heil blogg om Jensemann. Jensemann er Jens Stoltenberg, forresten. Me er jo alle så glade i han (ja faktisk). Haha, det er morosamt å sitje og høyre mamma seia "det er Jensemannen min, det!" kvar gong han er på TV. Ho er så glad i han. Det er tydeleg kvar eg har mine Arbeidarpartianar frå, ja. Heile familien min stemmer Arbeidarpartiet (utanom dei som stemmer SV då, men dei er det heldigvis ikkje så mange av). Fyrst nå har eg blitt klar over kor mykje eg eigentleg har frå dei, eg har jo faktisk alt derifrå. Det er bra eg har ein smart familie, eg har fått mykje gratis sånn sett. Eg er glad folka i familien har ”riktig” politisk retning, tenk om eg hadde vore føydd inn i ein FrP-familie. Eller ein veldig raud ein. Nei, det er bra me held oss nærmare mot midten. Hadde ikkje eg hatt ein sosialdemokratisk familie ville vel eg og vore ein av desse motesosialistane. I musikkmiljøet er det ofte viktig å vera så jævla politisk korrekt, og der er det politisk korrekte å vera kjemperaud (iallfall i mitt miljø, sjå berre på Skambankt som eg høyrer så mykje, sjølv om eg ikkje er einig i det dei syng om. Men dei seier jo sjølv at tekstane ikkje er det som betyr noko, og musikken er jo jævla tøff, så eg kan ikkje kutte dei ut bare fordi dei er litt for raude). Eg er ikkje heilt der. Eg er ikkje så langt unna, riktig nok, men eg er ingen sosialist. Men ja, dette har me diskutert nok i dag.

Natta.

Thursday 8 March 2007

It's okay to look outside now

No har eg ei kjensle av vår for fyrste gong i år. Det er så fint. Endeleg forsvinn snøen, eg har venta på det heilt siden han kom. Han kan sjølvsagt koma tilbake, det gjer han sikkert og, men akkurat no er han i ferd med å forsvinne iallfall. Takka vera regnet og sola, det har vore både regn og sol i det siste nemleg. Eg hadde nesten gløymt korleis det er når det er sol, før sola kom fram tidligare i dag. Eg blei automatisk glad med ei gong. (Herlighet, det er ingen som er meir opptatt av veret enn nordmenn..)

Eigentleg har eg hatt ein veldig grei dag. Berre gitarspeling, lesing, telefonsnakking og diskutering. Eg har fått ein ny diskuteringsbuddy: Marthe! Ho har ein haug med fantastisk flotte meiningar, eg har faktisk ikkje funne noko me er ueinige i enno, og me har diskutert ein god del ting i dag. Og alle veit jo at det er gøyast å diskutere med ein som meiner akkurat det same som deg.. Haha. Men det er sånn det er, det er gøy å finne ut at det er fleire som meiner det same som ein sjølv der ute. Eg blei heilt sjokkert, ein med same syn som meg på både vegetarianarar, FRP, RV og SV (endeleg ei som ikkje elskar SV!), kommunisme og sosialisme, skulepolitikken til SV, innvandring, EU, nynorsk i skulen, rettskriving, og sikkert noko meir eg har gløymt også. Heilt utruleg! Sjukt, men morosamt.

No fekk eg akkurat litt kjeft frå Emil på MSN, eg var visst litt hard mot han i timen i dag. Eg kan ikkje for det, eg blir engasjert når eg diskuterer. Og når han kjem med usaklege meiningar utan grunnlag og argumenter må han tola at eg blir litt sur og usakleg sjølv.
Faen, no blei eg sur igjen. Line kjem med argument som absolutt ikkje er relevante i denne saka her, vegetarianarsaka me diskuterer på DMA, that is. Herlighet, at folk ikkje kan holde seg saklege. Eg er berre glad Marthe backar meg opp her, så slepp eg å hengast ut åleine. Det er jo galskap å seia at det ikkje er naturleg for mennesket å eta kjøtt og at det er sunnare å vera vegetarianar. For det er det ikkje. Eg blir så sur, så sur, så sur. Men allikevel elskar eg å diskutere. Det er herleg. Som Marthe også sa om seg, kunne eg blitt politikar om det ikkje var for det at eg synast alle andre er idiotar. Eg har ikkje verdas lengste lunte, akkurat, den er heller ganske kort. Men, men. Eg klarer no som oftast å holde meg sakleg iallfall.

Nei, no skal eg høyre på Christer Knutsen og fortsette å diskutere med Line (merkeleg at det ikkje er nokon andre som har teke hennar side eigentleg) så snart ho loggar på igjen, og.. ja, eg har ingen vidare planar. Fint å ikkje ha noko ein gjera.

Tuesday 6 March 2007

You're down with your feet back on the ground

I dag har eg vore på konfirmasjonsmøte igjen. Det var faktisk gøy i dag:
Fyrst kom me inn i auditoriet, der det stod tre menn. Så byrja dei å snakke, og han overtøffe flintskalla mannen spurte oss om kva fyrsteinntrykk me fekk av dei. Så fortalte han at dei tre hadde vore i fengsel i mange år, og at dei var der for å snakke om kriminalitet og rusmiddel. Så kom det fram at han sjølv var fengselsbetjent - ikkje fange, som dei fleste trudde - og dei to andre var fangar, som me trudde hadde sleppt ut av fengsel no, men me fekk så veta at dei sat der enno. Så skulle desse to presentere seg sjølv då, og før dette starta sat eg og snakka med Veronica, tilfeldigvis om Geir Zahl. Så tulla me litt, og eg sa ein del på tilnærma rogalandsdialekt, altså snakka eg om Geir på "stavangersk." Så, når desse to skulle presentere seg, kom det fram at begge to heitte Geir, og han eine var frå Sandnes - kor sannsynlig er det? Utrolig typisk at eg sit og snakkar liksomstavangersk om Geir framfor trynet på ein som faktisk heiter Geir og er frå Sandnes. Herlighet. Men då skjønte han vel iallfall at eg forstod kva han sa. Det gjorde jo ikkje dei andre, eg spurte dei etterpå; "skjønte dere hva han sa egentlig?" og eg fekk til svar: "haha, nei, nesten ikke en dritt." Eg skjøner ikkje at det går an. Men, men. Enkelte/mange har vel berre vanskeleg for å forstå den dialekten.
Uansett. Dei to fortalde om liva deira, to ganske sørgjelege historier, for å seia det sånn. Geir nr. 1/Oslogeir hadde starta å røyke hasj då han var ein fjorten-femten år, etter å ha blitt det tilbydt av ein ven av han frå den "harde" gjengen på skulen der, han hadde hamna i den gjengen fordi han ikkje var ein av dei "smarte," sa han. Han blei etter kvart hekta, utdanninga gjekk til helvete, og då han var 21 år byrja han med ordentleg tunge stoffar. No er han 42 og har sidan då blitt dømt meir enn 20 gonger, han hadde stoppa å telle ved 18, sa han. Totalt har han sete i fengsel i 13 år. Det er det eg seier - ikkje legaliser hasj. Det fører berre til hardare stoffar.
Geir nr. 2/Sandnesgeir hadde hatt eit litt anna utgangspunkt. Han hadde vore seksarelev på skulen og alt det der, men sommaren etter han konfirmerte seg, hadde han byrja å drikke. Han drakk meir og meir, men hadde klart å koma seg ut av vidaregåande med toppkarakterar allikevel. Han fekk det han kalla ein drømmejobb ute i Nordsjøen, fekk seg kone og barn, og han hadde ein viss kontroll på drikkinga - klarte å helde seg unna alkoholen eit par dagar før han skulle ut i Nordsjøen og gjorde jobben bra. Men etterkvart mista han denne kontrollen, kona gjekk frå han og tok med seg ungane. Han starta så vidt på dop, flytta til Oslo, starta på mykje hardare stoffar, og enda opp med å miste leiligheten sin på Karl Johan og bu på "pladå" i staden. Dei siste tre åra hadde han budd vekselvis på plata og i fengsel. Fyrste gongen han hamna i fengsel var han der i åtte månader, og så på rehabiliteringssenter ein del veker, og då han kom ut tenkte han at dit inn skulle han aldri igjen. Men så snart han var ute av rehabiliteringssenteret starta han igjen å dope seg, og då var det gjort; han hamna sjølvsagt i fengsel igjen. Og der sit han no. Dei sit begge to på "stifinner'n," plassen der rusmisbrukarar som ynskjer å gjere noko med framtida si, der man kan få undervisning osv.

Det var kjempespennande å høyre kva dei hadde å seia. Eg må nok ei gong få seia kor glad eg er for at eg tok borgarleg konfirmasjon. Her går alle dei som tok kristelig heilomvendte rundt og prisar Gud, mens me på borgerleg lærer allverdens ting. Eg gjorde et godt valg der.

Og i dag hadde me, for fyrste gong nokosinne, om politikk på skulen! Det var minimalt han sa om det, men det var i det minste ein start. Og nå skal Morten ha tre vekers permisjon, det er jo fantastisk! Sjølv om det er så lita tid at det heller kjem til å verke som ein illusjon. Men, men. Eg får berre satse på at me ikkje har han som lærar til neste år. Me skal nok få klaga han ut.

Og i dag fekk Petter, den eine fettaren min, sin trejde unge, og endeleg blei det ei jenta. Gratulerer, Petter!

Friday 2 March 2007

Ingen kan sei deg kor tid klokkå slo

Jippi, i dag drog eg ikkje på skulen. Eg bare følte ikkje for det, så eg blei heime. Sa til mamma at eg var sjuk. Merkelig at samvettet mitt ikkje har teke meg for det der enno, men. Eg klarte berre ikkje gå på skulen i dag tidleg, eg veit ikkje kva det var, eg skulkar jo aldri, men i dag gjekk det berre ikkje. Så då sov eg i staden, og då eg vakna klokka ni såg eg på Viva La Vega to gonger. Eg har ei innrømming å koma med: eg hadde faktisk ikkje sett gjennom heile konserten før eg gjorde det i dag. Men til gjengjeld såg eg han to gonger no. To gonger, det blir fire timar og seks minutt. I strekk. Såg eg verkeleg på TV så lenge? Herregud.

Uansett. No blei eg utruleg frustrert, etter det eg såg på TV om han som har voldtatt sju ungar og fekk ein dom på sju år, men bare sona halve mot at han skulle sendast heim igjen til Irak, men så blei han ikkje sendt heim allikevel, og no puttar dei han ikkje inn i fengsel igjen. Kva faen? Sjukt.

Og no hjernevaskar den kyrkja endå fleire av venene mine. Faen at dei valte kristeleg konfirmasjon, me mistar dei jo. Eg meiner det, eg blir verkeleg redd av det her. Dei kjem ut av den kristne konfirmasjonsopplæringa som overkristne. Kva faen gjer dei med folk der borte? Eg skjønar det ikkje. Faen ta den jævla kristendomen. Eg trudde eg kjente dei, men neidå, dei går frå å ikkje ha nokon religion til å prisa Gud i det høgaste på no time. Korleis i helvete kan dei gå på det?

Thursday 1 March 2007

Don't keep counting the cost

No kom eg akkurat heim frå bildeseminaret. Det var utruleg gøy! Annleis enn slik eg trudde det skulle vera, eg tenkte dei skulle snakke meir og vise mindre bilete. Men Paal sa ikkje mykje, akkurat. Han sa faktisk så lite etter bildeframvisinga at Jan, som sat rett bak oss, måtte bryte inn og seia noko. "Mja, siden Paal ikkje akkorat seie så møye, så kan kanskje eg ta å fortella litt. Ja, æg æ Jan Zahl forresten, forfattaren av bogå han viste fram der." Men det er jo alltid koselig å høyre han snakke då, har mykje interessant å seia, han.
Paal viste fram masse fine bilete, dei fleste hadde me faktisk ikkje sett før. Fekk eit endå betre innsyn i korleis Kaizers har det på turné. Eg sleit litt med å helde meg frå å le då, i og med at Jan og den andre jærbuen han hadde med seg sat og lo konstant, og dei skrattlo kvar gong det kom eit bilete av Geir på skjermen. Dei to var faktisk dei som "bråka" mest i salen der, haha. Berre hyggelig det då. Var ein del augeblikk der det var så stille at det var pinleg, så då var det bra at Jan var der til å byrja å le og gjera det heile litt mindre pinleg.
Etter "røykepausen," som dei kalla det, var det Morten Andersens tur. Det var faktisk også veldig interessant. Her var det jo fleire band, var vel ein 30-40 stk, og i alt 176 bilete. Han var litt flinkare enn Paal til å snakke, for å seia det sånn, han fortalde om kvart einaste bilete. Den mannen har iallfall opplevd mykje, teke bilete av alt frå bandet "Slips" heime i kjellerstova til kameraten då han nettopp hadde fått seg kamera i 1980 og veldig mange småband med namn som "Fuck ups" og "Psykisk Terror," til store namn som Alice Cooper og Iggy Pop & The Stooges, så vel som Turboneger og Madrugada i dei seinare år. Han kom med mange interessante historier, og då han spurte om me hadde noko å spørje han om, var det nok ei gong berre Jan som sa noko. Eit litt kjedeleg publikum altså. Og me var dei einaste under tjue. Alltid pinlig det, men følte eigentleg ikkje det hadde så mykje å seia der.

Eg blei veldig svolten på konsertar igjen etter å ha vore der. Neste konsert eg skal på er om 22 dagar. Det er lenge til! Men men, er vel ikkje noko ein kan gjera med den saka. Eg kan fint leve på denne opplevinga eit par veker, for dette var ein hyggeleg kveld!

Geografiprøva me hadde i dag gjekk til helvete då. Eg fekk min fyrste karakter under fire nokon gong. Eller, eg har ikkje fått han att enno, men me fekk veta svara etterpå, så eg veit at eg hadde feil på ni av tretten spørsmål. Det skal godt gjerast. Men eg var ikkje den einaste som gjorde det dårleg, akkurat. Det er han jævla Morten si skuld, han er faen meg hjernedaud. Eg håpar så inderleg Kari tar til vett og ikkje lar han vera læraren vår til neste år, eg veit at ho også hatar han. Ho berre seier det ikkje, i motsetjing til han. Herlig å ha to kontaktlærarar som ikkje snakkar saman, slik at det går utover oss. Dumme menneske, dei er jo vaksne for faen, dei er kollegaer. Ein kan ikkje vera så barnslig og berre seia "det er da ikke min feil at hu Kari har gitt dere feil opplysninger! Dette er MITT fag, ikke hennes!" Eg hatar Morten. Verkeleg, han skulle aldri ha vore lærar. Og eg seier ikkje det om kven som helst, for eg har respekt for lærarar. Enkelte av dei, iallfall. Særleg Kari, eg var heldig som hamna i hennar klasse.