og eg er trufast til din hals

Thursday 8 March 2007

It's okay to look outside now

No har eg ei kjensle av vår for fyrste gong i år. Det er så fint. Endeleg forsvinn snøen, eg har venta på det heilt siden han kom. Han kan sjølvsagt koma tilbake, det gjer han sikkert og, men akkurat no er han i ferd med å forsvinne iallfall. Takka vera regnet og sola, det har vore både regn og sol i det siste nemleg. Eg hadde nesten gløymt korleis det er når det er sol, før sola kom fram tidligare i dag. Eg blei automatisk glad med ei gong. (Herlighet, det er ingen som er meir opptatt av veret enn nordmenn..)

Eigentleg har eg hatt ein veldig grei dag. Berre gitarspeling, lesing, telefonsnakking og diskutering. Eg har fått ein ny diskuteringsbuddy: Marthe! Ho har ein haug med fantastisk flotte meiningar, eg har faktisk ikkje funne noko me er ueinige i enno, og me har diskutert ein god del ting i dag. Og alle veit jo at det er gøyast å diskutere med ein som meiner akkurat det same som deg.. Haha. Men det er sånn det er, det er gøy å finne ut at det er fleire som meiner det same som ein sjølv der ute. Eg blei heilt sjokkert, ein med same syn som meg på både vegetarianarar, FRP, RV og SV (endeleg ei som ikkje elskar SV!), kommunisme og sosialisme, skulepolitikken til SV, innvandring, EU, nynorsk i skulen, rettskriving, og sikkert noko meir eg har gløymt også. Heilt utruleg! Sjukt, men morosamt.

No fekk eg akkurat litt kjeft frå Emil på MSN, eg var visst litt hard mot han i timen i dag. Eg kan ikkje for det, eg blir engasjert når eg diskuterer. Og når han kjem med usaklege meiningar utan grunnlag og argumenter må han tola at eg blir litt sur og usakleg sjølv.
Faen, no blei eg sur igjen. Line kjem med argument som absolutt ikkje er relevante i denne saka her, vegetarianarsaka me diskuterer på DMA, that is. Herlighet, at folk ikkje kan holde seg saklege. Eg er berre glad Marthe backar meg opp her, så slepp eg å hengast ut åleine. Det er jo galskap å seia at det ikkje er naturleg for mennesket å eta kjøtt og at det er sunnare å vera vegetarianar. For det er det ikkje. Eg blir så sur, så sur, så sur. Men allikevel elskar eg å diskutere. Det er herleg. Som Marthe også sa om seg, kunne eg blitt politikar om det ikkje var for det at eg synast alle andre er idiotar. Eg har ikkje verdas lengste lunte, akkurat, den er heller ganske kort. Men, men. Eg klarer no som oftast å holde meg sakleg iallfall.

Nei, no skal eg høyre på Christer Knutsen og fortsette å diskutere med Line (merkeleg at det ikkje er nokon andre som har teke hennar side eigentleg) så snart ho loggar på igjen, og.. ja, eg har ingen vidare planar. Fint å ikkje ha noko ein gjera.

No comments: