og eg er trufast til din hals

Monday 23 July 2007

Utøya!

Her kjem ei, muleges litt for grundig, oppsummering av nestenveka eg nett har tilbrakt på Utøya.


Det tok ikkje meir enn to minutt for meg å skaffe meg ei sova i telt med, ei tidlegare ganske ukjent Regine, kom bort til meg på Youngstorget og spurde. Eg trong ikkje eingong å setje opp mitt eiga telt. Fantastisk.

Etter ein busstur på rundt tre kvarter, kom me til der båten gjekk over til øya, og der fekk me veta at all bagasje skulle sjekkast (alkoholforbod). Ingen jubel for det kanskje, men kva val hadde me vel, me måtte berre stille oss i kø og vente på tur. Då eg nærma meg blei eg letta over å sjå at han som sat der ikkje sjekka særleg nøye i det heile tatt, og glad fordi han snakka stavangersk. Eg såg han berre klemte litt på bagen til dei framfor meg, før han sa "godkjent" på den fine dialekten sin, utan å sjekke ordentleg i det heile tatt. Så kom eg fram dit då, la sekken min (som var helvetestung) på bordet framfor han. Han såg korleis eg sleit med å løfta sekken, tok på han, og sa "mjaa.. kan’kje du ta også snu an?" Herlege småsadistiske Jokke. Men eg måtte jo berre gjera som han sa, så eg snudde sekken, noko som riktig nok tok litt for mange sekunder, og kva gjorde han så? Jodå, han tok så vidt på sekken og sa "godkjent!" med eit glis om munnen. Fantastisk.

Omsider kom me oss over til øya, fann Akershusleiren, og fekk teltet til å stå, sjølv om me gjorde eit eller anna feil inni der som gjorde det heile ganske fokkt opp.
Så var det middag (middag klokka eitt kvar dag, woho), og etter det heldt Martin innleiing. Seinare drog eg på Eskils politiske verkstad om ”kampen om velferdsstaten”. Interessant nok, men politisk musikk med Paal ein time seinare var mykje betre.
Så mykje meir skjedde det vel ikkje den dagen, utanom at eg antakeleg blei introdusert for Einar, Christian og ymse andre Østfoldfolk, samt Yri.

Torsdagen starta med Jonas Gahr Støre som heldt innleiing i Bakken, noko som var veldig interessant og lærerikt. Han er fantastisk god til å snakke. Og eg må seia at AUF-folk var overraskande flinke til å halde små innlegg og stille spørsmål. Eg har mykje å lære.
Ein middag seinare var det politisk verkstad igjen, denne gongen høyrde eg på Gudmund Hernes som snakka utruleg godt om utdanning. Lærde mykje der òg. Så var det Reiulf Steen som snakka om Arbeiderhistorie og ideologi, og det var veldig interessant. Han jamna det heile ut med ein herleg humor, og engasjerte verkeleg publikum i det han snakka om.

Seinare på dagen var det grilling med venskapsfylket vårt, nemleg Finnmark, og så var det konsert med Blind Archery Club og Karpe Diem. Fyrstnemnte var bra nok, sistnemnte hadde ein del gode tekstar, men fæl musikk elles (sorrei Karen).
Ein eller annan gong mellom desse konsertane og Utøyasjekken, blei me kjende med Yri og bagasjemannen Joakim, som eg ikkje hugsar korleis kom inn i biletet eingong, han berre var der bestandig når Yri var der. Morosam fyr, så det var ikkje noko dumt i det. Men så var det altså Utøyasjekken og speed-dating, Oda var med på fyrstnemnte, og Silja og Yri på sistnemnte.
Etter speed-datinga gjekk Silja og eg og fann oss eit bål borte bak Finnmarksleiren. Der fann me folk me kunne prakke musikken vår på, etter at Carl/Karl hadde plaga oss med techno og trance uuthaldeleg lenge.

Fredagen starta med Likestillingsdebatt med Trond Giske, Sissel Rønbeck og Martine Aurdal. Det var òg interessant, men varte litt lenge, det er eit helvete å sitje så mykje på harde steingolv som me har gjort dei siste dagane. I går hadde eg faktisk så vondt at eg ikkje klarte å sitje heile kvelden.
Men så var det verkstadar igjen, eg sat (på ein stol, til og med!) saman med Solvår, Yri og Joakim (ikkje Jokke-Joakim, men han andre Joakim) og høyrde på generalsekretæren i Norsk Folkehjelp snakke om Afrika. Så var det praktisk verkstad – aksjonsverkstad med Stine Renate denne gongen. Det er eg glad eg drog på, for eg enda tilfeldigvis opp i ei gruppe med Yri, Jokke, Joakim, Torstein og Marie frå Rogaland, og ei frå Agder. Flaks med den ja, sjølv om det er pinsamt å vera austlending blant masse rogalendingar. Men me skulle altså lage ein aksjon, og vår aksjon innebar gjørmekasting på sentralstyremedlemma. Meir om det kjem snart.
Litt vandring og hundeklapping seinare var det klart for stand-up. Og for å vera heilt ærleg, så var eg ganske skeptisk til nettopp det. Men faen så utruleg morosame dei var. Eg lo og lo og lo, og eg var ikkje den einaste. Dei var utruleg flinke, kunne nesten ikkje blitt betre. Dei hadde til og med putta ein del Frp-hets inni programmet òg. Det var herleg humor (men til tider ikkje).

Etter stand-up var det karaoke, der Yri og Silja song ”Crazy Little Thing Called Love” av Queen, medan folk dansa i salen og greier. Ikkje dårleg.
Så var det nattfilm, nemleg The Last King of Scotland. Yri sovna heile tida, så ho gjekk ganske tidleg, men me fire andre såg han ferdig. Og då han var ferdig var det til sjokk for meg dagslys ute. Det resulterte i at eg fann ut at eg ikkje kom til få sove, så eg lurte på kva eg skulle gjera, før eg kom på at eg kunne jo like så godt berre vaske håret, slik eg eigentleg hadde planlagt, før eg fann ut at dusjane stengde klokka ti. Så då måtte eg ta det i Tyrifjorden. Det fungerte så vidt utan at eg måtte bade heile meg, sjølv om eg var få cm frå å tryne enkelte gongar. Eg trur ikkje det såg så bra ut då, derfor er eg glad Silja har lovt å ikkje legge ut bileta.
Etter badet gjekk me og la oss på scena i Bakken, der Jens og Jonas og dei heldt talar. Der sov me i to timar, før me sto opp litt før åtte, og gjekk tilbake til teltplassen. Eg hadde planlagt å sova eit par timar då, Jens skulle jo ikkje koma før elleve, men sjølvsagt hadde Lo bestemt seg for å vekke oss tidleg akkurat den dagen, me skulle nemleg spela fotballkamp mot Roga-/Agderland, og alle måtte vera med å heie.
Lo grafsar og slår på teltet vårt; - Kven søv i dette teltet?
- Meg og Regine..
- Kom dykk opp, det er fotballkamp! Skal de ikkje spela?
- Jodå, Regine skal, men ho er oppe allereie.
- Kom deg opp og hei du òg!
Så eg hadde ikkje mykje til val, iallfall ikkje då Mani kom og spelte på gitaren og ein eller annan fekk tak i megafonen. Då vakna alle fylka.

Fotballkampen tapte me 3-1, eg visste for så vidt ikkje kven eg skulle heie på uansett, eg er jo mykje gladare i Rogaland enn mitt eiga fylke. Så var det volleyballkamp mot Nord-Noreg, som eg trur me vann, men heilt ærleg bryr eg meg ikkje.
Jens kom, heldt tale/innleiing, fekk ymse gåver og innlegg tilbake, og gjekk rundt til tre fylke saman med pressa. Me i Akershus var eit av dei fylka, så me drog 1 %-tingen endå lenger og lagde ei kake som det sto ”Jens: 1 %” på, og som hadde ein prosentdel av seg farga med sjokolade, og det bittelitle stykket var alt Jens skulle få av kaka før regjeringa faktisk hadde lagd eit statsbudsjett som viste at dei skulle gje ein prosent i bistand. Han fekk òg sjå eit diplom og ein gullmedalje for ”fyrsteplass i VM i bistand,” som han skal få om to år, viss dei har gjort som dei lovde.

Så, klokka to, var det gjørmekastingstid. Rogaland hadde sjølvsagt ein volleyballkamp å spela akkurat då (og heile gruppa bestod jo av rogalendingar og meg), så Silja blei med, og ho, Jokke (som ikkje skulle spela) og eg gjekk og skaffa gjørme. Fyrst gjekk me inn i skogen, på kjærleiksstien, som heller burde heitte dødsstien eller noko slikt, for særleg trygg var han ikkje. Me fekk tak i masse crappy jord som me blanda med vann, men det gjekk ikkje heilt bra. Men heldigvis var det masse gjørme på bakken utanfor sanitetsbygget (sentralstyremedlemma blei ikkje heilt glade då dei fann ut at gjørma var derifrå..) som me kunne ta. Me plukka i fire-fem bøtter, medan me klarte å få oss sjølv dekt til med gjørme, då særleg meg, og ”tilfeldigvis” splasha ned teltet til ein litt oppgitt Agderfyr, og Jokke blei veldig gjestmild; gjekk rundt og helste på og klemte ymse ukjende folk, som ikkje blei så altfor glade for gjørmeklemmar.
Så gjekk me rundt på teltplassen og reklamerte for gjørmekastinga som skulle byrja klokka fire, og klokka fire var det tjukt med folk utanfor hovudbygget, der Stine Renate og Truls stod klare til å bli kasta på. Etter kvart kom også Martin, Eskil og Tonje, og folk betalte gladeleg pengar for å kaste på dei, det var til og med mange som gladeleg betalte hundre kroner for å ta ei heil bøtte og kaste på dei. Me fekk mange herlege bilete, og ymse truslar fordi me sa dei skulle opp på trynebogå. Og det skal dei, alle saman, etterpå. Eg gledar meg til å legge dei ut.

Gjørmekastinga blei by far den beste aksjonen, etter mi meining, kyss-, masasje- og klemmeboden og auksjonen var bare skit i forhold til vår aksjon. Eg håpar me kan gjenta det til neste år, gjørmekasting burde bli ein tradisjon.
Denne dagen gjekk me glipp av både politisk og praktisk verkstad, fordi gjørmekastinga kom midt oppi det, men det gjorde ingenting. Stakkars Torstein då, som kom med fire nye bøtter fulle av gjørme han hadde plukka, rett etter sentralstyremedlemma hadde gått. Eg fekk skikkeleg dårleg samvett for det. Som vanleg. Men så måtte me rydde opp, Jokke klarte sjølvsagt å ta vasslangen og halde meg fast og sprute meg fullstendig ned, utan at eg fekk tatt hemn, noko som irriterer meg noko jævligt enno. Faen ta deg, Jokke.
Så etter middag ein gong var det auksjon, der dei auksjonerte bort alt frå t-skjorter til hår til menneske, og det var i grunn ganske kjedeleg. Høgdepunktet var vel då dei heldt på å klippe håret til Jokke, før han løp sin veg. Og litt morosamt var det jo då Eskil og Martin blei selt for 300 og 600 kroner. Dei fekk inn ein del pengar der ja. Under heile opphaldet gav me nok ein del tusen til saman. 5000-7000 kr berre på aksjonane, og omtrent alle kjøpte jo ”Freedom for all political prisoners”-skjorta (600 menneske x 120 kr er ein del), og omtrent alle gav masse pengar for at Eskil og Martin skulle strippe (det høyrest ikkje så bra ut når eg skriv det her). Så no håpar eg me får sette fri nokre politiske fangar altså.

Etter auksjonen var det framvisning frå koret og rockeverkstaden, noko som for så vidt ikkje var så altfor spennande, men greitt nok. Så gjekk Silja og eg åleine rundt ein times tid, litt einsame og kjeda (iallfall var eg det, Silja var så trøytt), medan me venta på at sentralstyrets underhaldningsshow skulle starte. Det gjorde det til slutt, og me blei vinka bort til Yri og Jokke igjen, slik at me ikkje var åleine lenger. Underhaldningsshowet var faen så morosamt, eg lo like mykje som på stand-up-showet, sjølv om det var nokre interne spøkar eg og andre ikkje tok. Men Eskil og Martin som strippa, Martin som smakte på og tok på ymse ting med bind for auga (haha, eg ler enno av kor fort han trakk handa tilbake då han fann ut at han tok på rumpa til Paal, stakkars), synkronsymjinga på land, og alt det andre dei gjorde var herleg morosamt. Sjølv om det med Eskil og.. ja, dei som veit det, veit kva det var, dei andre treng ikkje veta det. Men det gjekk kanskje litt for langt, med barn som faktisk var under ti år i salen, sjølv om det var jævla morosamt. Og det med Paal som var liten unge og plutseleg byrja å kline med mor si var kanskje litt creepy, men uansett. Dei var utruleg flinke, godt program dei hadde sett opp.

Etter underhaldninga gjekk me ut og byrja å ta bilete. Eg tok haugar av bilete av Jokke og Yri og etter kvart også Silja som dansa, og ymse andre ting, før eg gav kameraet mitt til Jokke, og Silja forsvann ein times (eller var det meir?) tid. I byrjinga var eg litt nervøs ved tanken på at Jokke hadde kameraet mitt, han verkar ikkje alltid som verdas mest stabile person, men det gjekk heilt bra, og då eg fekk det tilbake var det 300 fleire bilete på det enn det var då han fekk det. Og det er eg jævlig glad for, så tusen takk te Jokke. Medan han løp rundt og tok bilete av masse menneske eg berre har sett på desse bileta og aldri elles, kjøpte eg litt mat til Yri som ikkje hadde pengar i det heile tatt, og me prøvde å fylgje etter Jokke med kameraet mitt, men det var ikkje alltid så lett. Til slutt gjekk me ut igjen og tok ymse bilete av Torstein 1 og 2, og mange andre rogalendingar, før me gjekk og sat oss ved bålet til Sør-Trøndelag. Der blei kameraet mitt sendt rundt mellom omtrent alle som sat der, eg trur ikkje det va éin person som sat rundt det bålet som ikkje verken tok bilete med kameraet mitt eller blei teke bilete av. Til slutt fekk eg det tilbake, og etter kvart kom Silja og sat med oss eit par timar, før hu gjekk og la seg. Dei resterande fem-seks timane av natta, sat me fyrst og song og spelte gitar, eller dvs ein trønder og ein nordlending frå sentralstyret (som består av omtrent berre nordlendingar) spelte gitar, eg heldt note- og songboka, Jokke heldt lommelykta, og halvparten av oss som sat der song med. Etter kvart stakk dei to med gitarane for å leggje seg, det var vel i fire-femtida, og då kom det nye trønderar, bergensarar og Opplandfolk som hadde sete ved Oslobålet tidligare. Me byrja då å lage eit nytt Noreg, som innehaldt dei tre storbyane Oslo, Stavanger, og Bergen, medan Trondheim og Ålesund låg nedgrave i bålet, Polen låg i Stavanger, Russland (som då var bare ei lita whiskysjappe) låg i sentrum av Oslo, medan ymse andre land også låg inni landet ein plass, og me brente USA og ymse andre land, og hadde det generelt sett utruleg gøy. Inni der starta også ein Åge Aleksandersen og Trøndelag/trøndersk-vs-Stavanger/rogalandsk-debatt som eg synest me på Stavangersida (Jokke, Yri, Marie og meg) vann ganske overlegent, og eg storkoste meg som aldri før med å diskutere dialekt i to timar, slik me gjorde. Jokke og eg lagde og ein liten song som heitte ”burn, Åge, burn!” grunna at me hadde ei songbok me skulle brenne, og trønderen som brente side for side, nekta å brenne Åge Aleksandersen-songane. Det enda til slutt med at han gjorde det, men Jokke, Yri, eit par andre folk og meg hadde jævlig gøy med å mobbe og motargumentere fyren før han gjorde det. Ein del sære argument blei det så klart, med tanke på at me var heilt utruleg overtrøytte. Eit anna tydeleg teikn på det var at då ein fyr naus i teltet sitt, sånn i sekstida, lo heile bålet utan stans i fem minutt. Herleg.
I desse timane me sat der kom og gjekk forskjellige folk heile tida, dei einaste som sat der heile natta gjennom var Jokke, Yri og meg, og delvis Marie. Eg har aldri hatt ei så morosam natt før, det var herleg å sitje der blant tre og ein halv rogalendingar (Marie bur og har budd der lenge, men snakkar ikkje stavangersk) og bli god ven med dei, eg er så glad eg blei kjent med dei. Eg blei ikkje ordentleg kjent med dei før den natta, så sjølv om trøttleiken omtrent tok livet av meg, ville eg ikkje gått glipp av å vera vaken den natta om eg så fekk pengar for det.
Natta gjennom dreiv folk frå Telemark og Sør-Trøndelag og plaga folk som låg ute og sov, med å teikna på dei med ymse ting som potetsalat, kull og sprittusj, og med å putte pølser oppi soveposar. Då morgonen kom, og klokka blei sånn sju-ish, kom det ein trønder og sat seg med oss (oss var då berre Yri, meg og delvis Jokke, som dreiv og pakka litt telt også). Han gjorde då den feilen å sovne, med hovudet ned på brystet sitt, ved brystlomma si. I den lomma tok Jokke og la ein Telemarkspølse (altså ei pølse som Telemark hadde teke med seg til bålet i løpet av natta). Yri og eg, overtrøytte som me var, lo og lo og lo, heilt fram til han vakna, då me lo endå meir.

Så blei det jo morgon då, og me måtte gå og pakke for å dra heim, trist som det var. Rogaland var så heldige å få dra klokka tolv allereie, medan me i Akershus ikkje fekk dra før tre. Eg fekk ikkje sagt ha det til alle eg ville, verken frå Østfold, Rogaland eller Trøndelag, ikkje til Jokke og Marie eingong, men eg rakk iallfall å seia ha det til Yri då, det var jo noko.
I dei tre timane me ikkje hadde noko så helst å gjera, la eg meg ned på plenen der det pleidde å stå telt (faen så trist å sjå på den plassen når det ikkje er telt der), og sovna, endeleg. To timars søvn på to døgn er ikkje bra, eg blei jævlig dårleg utpå sundagen der. Men eg sovna altså, i ein times tid, og blei solbrent på den eine sida av trynet, det var ikkje så behageleg. Ikkje fint heller. Men så gjekk me ned med bagasjen og rydda litt søppel og sånt, eg sa ha det te Silja, og eg sovna igjen, og blei endå meir solbrent.
Til slutt kunne me endeleg/dessverre (endeleg fordi det var dritt å bare sitje der å vente, dessverre fordi det var helvetes trist å dra frå plassen og menneska) dra, og me va på Youngstorget igjen klokka kvart over fire i går.


Elles har eg klart å pådra meg ei forkjøling i løpet av turen, og eg har klart å faktisk vende meg til lukta av røyk, så mykje som Jokke og Yri røyka. Ikkje så bra kanskje.
Men eg trur eg omtrent kan seia at eg har hatt nokre av dei finaste dagane så langt i livet mitt denne veka. Eg var litt for sentimental då eg kom heim, slik eg absolutt ikkje pleier å vera, men det var litt fint òg. Eg saknar Utøya. Politikken, innleiingane, alt me lærde, gjørmekastinga og gjørmeskaffinga, sitjinga rundt bålet, allsongen, underhaldninga kvar kveld, all fotograferinga, musikksnakket, alt me lo av, og mest av alt; alle dei nye kjenninga, dei herlege menneska. Dei var herlege sjølv om eg ikkje blei ordentleg kjent med dei. Eg seier det igjen; AUF-arar er utruleg lette å bli kjent med.

Så til bileta:

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Regine og Anine (og Gudmund Hernes i bakgrunnen)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Blind Archery Club

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Volleyball og Lo i aksjon

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Ein ukjent person og Jokke hiv gjørme på Tonje

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Yri og Jokke dansar

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Ein eller annan og Jokke "kliner"

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Typisk Yri-og-Jokke-påfunn

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Yri har eit par rare utvekstar

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Me fekk ein del bilete å le av

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Meg, rosafyren og Yri

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Jokke og.. eh.. Lene? Lena? Noko slikt, trur eg.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
God morgon? Me var trøytte utpå morgonkvisten. Her var vel klokka nærmare seks.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Fyren som fekk litt nattmat i gåve frå Jokke


Over og ut.

Tuesday 17 July 2007

Og så var eg heime att.

Sidan fredag har eg vore innom Risør, Lyngør, Grimstad, Lillesand, Mandal, Lyngdal, Flekkefjord, Egersund, Varhaug, Bryne, Sandnes, Stavanger, Rennesøy, Ølen, Vinje, Rjukan, Gaustablikk og Kongsberg. Og det er sikkert eit par plassar eg har gløymt.

Alle byane/plassane var fine og koselege, utanom nokre få, til dømes Lyngdal og Ølen. Og eg må vel, nesten diverre, seia at Stavanger fortsatt er finast.
Av plassane eg har nemnt, kan eg berre førestille meg sjølv bu i Risør, Sandnes, Stavanger eller Kongsberg. Eg har sett så mykje bondeliv og ødemark den siste veka at Lørenskog no nesten verkar som ein interessant og sivilisert - men enno stygg - plass. Sør- og sørvestlandet er utruleg pent. Og Midt-Norge (Rjukan). Det er ikkje Austlandet. Men det er vel ei kjent sak.

Elles kan eg melde at eg no er fire CD-ar rikare (Cloroform - All-Scars, Kaiser Chiefs - Yours Truly, Angry Mob, Paul McCartney - Memory Almost Full og Sufjan Stevens - Illinois/Come On Feel The Illinoise!), at eg saknar ein viss person hvis namn byrjar med K og endar med ristoffer, at denne personen også har verdas søtaste lillesyster, at me hadde solskinn heile tre av dei seks dagane me var borte, at eg enno er nokså dialektforvirra, at eg i dag har pakka ut av kofferten, køyrt tre vaskemaskiner, og så pakka i ein sekstilitarssekk igjen, at eg gjorde det fordi eg skal på Utøya i morgon (insert big smile here), og at det er nokre gutar utanfor vindauget mitt som kastar noko greier på bakken som lager ein utruleg irriterande lyd.

Så mykje meir er det vel ikkje å seia. Om litt over eit halvt døgn er eg altså på veg til Youngstorget, der me skal ta buss vidare til Utøya. Eg gledar meg, men eg må innrømme at eg er litt nervøs òg. Når ein er meg veit ein aldri korleis slike ting går. So please wish me luck!


Nokre bilete frå turen (dårleg kvalitet nå som eg har gjort dei så små, men):

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Jæren, eg hugsar ikkje heilt kor

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Orrestranda (trur eg)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Hardangervidda

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Hardangervidda igjen

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Gaustatoppen (bilete teke frå hotellet vårt, som altså låg like ved)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Rjukan (ved Vemorkfabrikken, den dei sprengte under andre verdskrig)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Ruinar av ein kraftstasjon på Rjukan, enno like ved Vemorkfabrikken.

Tuesday 10 July 2007

Oh the glory

Tidlegare i dag var eg ordentleg svolten for fyrste gong på to veker. Og det kjentest faktisk godt. Eg har ete så mykje i ferien (sjølv om det ikkje synest) at eg tykte det var ei god kjensle å vera svolten. Det er nesten litt skummelt.
Eg skal byrja med vanlege matvanar att ja, det er iallfall heilt sikkert.

Så, i morgon dreg eg. Klokka ni allereie. Det er litt uverkeleg, det har vore så lenge til i lang tid no. Risør og Grimstad i morgon, Kristiansand og Flekkefjord på torsdag, og endeleg Stavanger på fredag og laurdag. Og så Telemark igjen på sundag og måndag. Det vert nok ein fin tur, eg ser ikkje nokon grunn til at det ikkje skulle verte det. Eg gledar meg.

Men det er éin ulempe då. Eg har klart å verte ganske avhengig av datamaskinen igjen, diverre. Haha, det er jo berre tragisk. Men eg har vorte heilt avhengig av Wolfmotherforumet. Og ikkje minst musikken eg høyrer på her heile tida. Eg kjem til å få kraftige abstinensar no når eg ikkje har PC på to veker (minus éin dag mellom Stavangerturen og Utøya). Men eg har jo berre godt av det då. Abstinensane slepper nok taket til slutt, får me vona og tru.


Eg har oppdaga verdas finaste song. Casimir Pulaski Day av Sufjan Stevens. Han er så trist, skjør og fin. Utruleg fin. Eg har Ben å takke for den songen, han har heilt rett, songteksten er fantastisk fin. Og Sufjan Stevens har verdas herlegaste stemme. Eg berre få tak i ei plate av han. Det ser ikkje ut til å vera noko problem heller, i og med at Platekompaniet hadde rundt ti plater av han, så eg får sjå om eg finn noko i butikken i Stavanger. Eller Kristiansand. Eller ein eller annan plass.

Men no startar ein film eg skal sjå. I'll be back in a week or two.

Sunday 8 July 2007

Eg trur eg skal melde meg ut av Facebook

Øyvind gav meg motet til å gjera nettopp det. Eg orkar ikkje meir Facebook. Han gjekk framfor med eit godt eksempel og sletta profilen sin for ei veke sidan. Eg burde eigentleg gjera det eg òg. Og eg vil, å vera der minner meg berre på alt som skjedde med Anita, Nina og tante Kari og det der. Men eg kan nesten ikkje, pga AUF. Det er så mykje som annonserast der, og alle bilete vert lagt ut der. Eg får jo ikkje med meg noko om eg melder meg ut.
Wow, for eit dilemma.

Elles har eg vore stuck med familien på Nebba i helga. Vêret var jo ganske fint faktisk, så det var ikkje så ille. Dessutan såg eg på Live Earth i heile går. Eg visste jo ikkje når Wolfmother skulle spele, så eg måtte sjå på heilt frå klokka ti. Dei spelte ganske bra, men stemmen til Andrew er ikkje heilt bra i starten. Det er han aldri. Men han var bra igjen då dei starta på Woman. Litt pinsamt var det med at han prøvde å få publikum til å seia noko dei ikkje ville seia, men han henta seg fint inn igjen då, fekk dei til å seia eit eller anna med "SOS" i staden for det med "mother", eg skjønte ikkje kva han sa eingong. Det trur eg ikkje publikum der gjorde heller.

Men sjølve bodskåpen til Live Earth nådde meg faktisk òg. Eg vart emdå meir meir interessert i å kildesortere ordentleg osv, gjera ein innsats.

Men no skal eg ut og sykle. Det er noko eg har gjort kvar dag den siste veka. Eg er nesten stolt.

Monday 2 July 2007

I fell down in the desert, baby

No er eg så lei av å sitje heime åleine kvar dag at.. eg veit ikkje.

Men i dag var eg faktisk såpass lur at eg tok meg ein liten sykkeltur rundt i kommunen. Eg sykla opp til Finstad, den fyrste skulen eg gjekk på, og rundtom i området der, eg har jo ikkje vore der på tre-fire år. Og så sykla eg Hammerrunden motsatt veg av det me pleier med skulen. Litt trim. Det hadde eg veldig godt av.

Saka er at det er berre ikkje noko tenkeleg å gjera som eg ikkje har gjort. Eg har vaska huset fire gongar på ei veke, eg støvsuger oftare enn nødvendig, eg har skrive lister av alle slag og kjem ikkje på meir å skrive om, eg har ringt systrene mine så mykje at eg ikkje kan bruke mobilen noko særleg meir i nærmaste framtid (uansett er mobilen så godt som øydelagt), eg har sett alle filmane mine, høyrt på alle platene mine... Det eineste eg ikkje har fått gjort, er å lesa. For det kan eg nemleg ikkje så lenge eg ikkje har briller. Eg ser dårligare enn nokosinne no, det er ikkje mogleg for meg å lesa avisa eingong utan å få ein ulideleg smerte i auga og heilt slørate syn. Eg hatar at mamma er så treig med å ta meg med til ein optikar.
Ikkje kan eg bake heller. Sjølv om det er eit veldig fint tidsfordriv. Men eg endar berre opp med å spise det eg bakar sjølv, og det vil jo ikkje vera akkurat sunt. Eg skal faktisk lage både middag og sjokolademousse i morgon då. Men eg kan ikkje ete seks skåler med sjokolademousse åleine! Karen? Anybody?

Ein ting som har redda meg litt i dag, er at lyden på datamaskina fungerer igjen då. Fantastisk. Så eg har sete og sett litt for mange YouTubevideoar i dag.

Eg snakkar så utruleg mykje med meg sjølv når eg går heime og kjedar meg. Eg snakkar generelt mykje med meg sjølv. Og då på spesielle måtar. Altså, eg øver på dialektar. Men no har eg gått tilbake til engelsk igjen. For eit par år sidan heldt eg òg på sånn, men så slutta eg, og nå har eg gått tilbake igjen. Litt morosamt, eigentleg. Eg har skrive og snakka så mykje engelsk i det siste at eg tydeleg merkar no at eg har vorte flinkare. Eg har fått oppdatert engelsken min nokre år. Han er ikkje lenger så.. gammaldags og rar. Flotte greier.

Men no må eg gå, for eg skal... eh, nei, eg skal ingenting. Eg skal berre sitje her og kjede meg.