og eg er trufast til din hals

Tuesday 20 November 2007

Sleep, don't weep

Eg vart litt provosert då eg såg på Dagsrevyen i stad, og dei sendte frå barnas spørretime på Stortinget i dag, nettopp fordi dei som var der oppførte seg som barn. Dei fleste der var eldre enn meg, i alle fall tviler eg på at særleg mange av dei var yngre enn meg, men dei oppførte seg verkeleg som ungar. I alle fall slik det framstod på Dagsrevyen. Det er synd at når ungdomar får ein sjanse til å uttale seg om noko, er det nokon av dei som gjer eit inntrykk av at dei eigentleg ikkje bryr seg. Det øydeleggjer for respekten til ungdom flest, og for ungdomspartia, og det er synd.
Men no skal det jo nemnast at det verka som om dei kom med ein del gode innspel i spørretimen då, sjølv om det også var litt av det gamle pjattet (kvifor har me nynorsk? osv.).

I dag skreiv eg faktisk mitt fyrste kåseri, på norsktentamen. Eg har lese så mykje Are Kalvø at eg kjende meg ganske komfortabel som kåsør, eg synest faktisk det var veldig morosamt. Det må eg gjera meir av i framtida.

Men nol er eg ganske lei av å skrive, i og med at det er det eg har brukt heile dagen på, så eg trur eg skal ta meg ein pause. Og sjå på Redaksjon EN, der det i dag skal handle om arveavgifta, som eg forøvrig så absolutt synest skal fjernast. Sjukt å ta så mykje pengar for noko ein eigentleg burde få heilt gratis. Hadde ikkje me tinglyst hytta vår no, som er verdt ein del millionar, måtte me betalt minst ein million kroner til staten når mormor og grandtanta mi døyr. Det hadde me ikkje hatt råd til, så då måtte me selt hytta for å gje staten ein million av pengane. Kvifor i all verda skal staten tjene på at besteforeldra mine døyr? Og den hytta tilhører ikkje akkurat rikmannsfolk, for det ingen i familien min er rike, og hytta vart kjøpt for 250 kroner i 1905. Så i denne saka synest eg Kristin Halvorsen tek grådig feil. Arveavgifta må bort.

Wednesday 14 November 2007

För politiken lever i dig

I går ringde to Jehovas vitne på døra mi. Heldigvis bur eg i blokk, så dei må ringje på to ringeklokker for å få tak i meg, og då visste eg at dei kom, og slik unngjekk eg å opna for dei. Men eg var likevel så heldig at dei la igjen eit lite hefte med ein rosa post-it-lapp på, der det stod: "Hei! Jeg er et av Jehovas Vitner og jeg har forsøkt å treffe deg hjemme uten å lykkes. Årsaken til at jeg besøker deg og andre er at mange har spørsmål som de syns er vanskelige å finne svar på. Har du f.eks. lurt på hvordan livet blir i framtiden? Se øverst på s. 4 - Dette og andre spm gir Bibelen svar på."
Mja. Sjuke menneske. Eg angrar litt på at eg ikkje opna no, eg skulle gjerne diskutert med dei, men på den andre sida var det nok like greitt, i og med at dei eigentleg berre er skumle.

Men no, over til noko mykje viktigare. I dag har eg vore på møte om samarbeidet mellom Fatah Youth og AUF, og høyrt delegasjonen frå FYO snakke om korleis det er å leva der nede, og kor takknemlege dei er overfor AUF. Det er ganske spesielt å møte desse folka, dei har opplevd mykje fælt, og det er noko heilt anna å høyre om alt det grusomme Israel driv med frå nokon som faktisk har opplevd, og enno opplever, det. No er dei på besøk i eit fritt land i ei veke, men snart må dei dra heim til Palestina og oppleve undertrykking og elendigheit igjen. Det er ganske spesielt å tenkje på det, eg klarer ikkje førestille meg korleis dei har det der nede. Dess meir interessant vert det å snakke med dei, sjølv om det ikkje alltid er så lett, pga språkbarrieren. Berre nokre av dei snakkar engelsk, og eg er jo ikkje akkurat så god til å snakke arabisk. Men språkbarrieren er faktisk med på å forsterke inntrykket, dessutan er det interessant kor lett det kan vera å kommunisere med folk utan at ein snakkar det same språket (i det siste har språkinteressen min eksplodert igjen).
Etter møtet gjekk me og spelte bowling i Torggata. Ein hyggjeleg og lærerik kveld, har det vore.

Sunday 11 November 2007

Kvitt

SNØ! Det har snødd i dag, og lagt seg på bakken for fyrste gong i år. Herleg! Sjølv om han nesten er borte igjen no då.
Men då har ikke den globale oppvarminga gått altfor langt, i alle fall. Du får ikkje ta snøen, global oppvarming!

Og så har eg vore på Midtøstenskolering på Stortinget. Mykje interessant der. Eg vert meir og meir engasjert i konflikten jo meir eg høyrer om han, og det er jo veldig bra. Men samtidig vert eg meir og meir fortvila, elendigheita tek jo ikkje slutt der nede. Men då gjeld det vel berre å ikkje gje opp.

Uansett. No må eg skrive ei oppgåve om Koloss, og så om Einar Gerhardsens rolle i den kalde krigen. Wish me luck.

Friday 9 November 2007

I put some new shoes on, and suddenly everything is right

Eg diggar Kristin Halvorsen. Ho er ei stilig dame.

MEN, og dette er eit fantastisk men, eit men som symboliserer at eg er overlukkeleg; EG SKAL ganske sikkert SJÅ KAIZERS IGJEN 29. FEBRUAR.

Ikkje at det er meir enn tre måneder og ein dag sidan eg såg dei sist, men det teller ikkje heilt når det er snakk om ny plate, nye songar og ny turné.

Bergen 29. februar 2008. Ein magisk dato.
Så sant eg/me finn ei verge, men det må me då få til.

Eg gledar meg så mykje at eg ikkje har ord. Eg seier det igjen: ingenting gjer meg så glad som Kaizers.

Monday 5 November 2007

Skulepolitikk

Skulepolitikken i dette landet byrjar å gå meg på nervane. Ingen parti står for den skulepolitikken eg ynskjer. Det er nesten så ille at eg vurderer å skaffe meg ei framtid i kunnskapsdepartementet, og bruke all tida eg har til å endre skulepolitikken til Ap.

Eg vil nemleg ha eit samfunn med ein skule der:
- det er fritt skuleval
- det skal høgare karakterar til for å koma inn på lærarstudiet
- teater ikkje er ein så stor del av norskundervisninga som det eg har opplevd
- språk satsast meir på (men det skjer jo no, og det er fantastisk - eg diggar deg, Solhjell!)
- nynorsk inkluderast i norskundervisninga frå barneskulen av, og vert valfag frå ungdomsskulen av
- privatskular ikkje er eit alternativ
- det ikkje er karakterar i gymnastikk viss ein ikkje ynskjer det
- gymnastikktimane leggjast opp på ein annan måte
- dei flinkare elevane vert teke omsyn til på lik line med dei svakare elevane
- elevane lærer mykje meir enn dei gjer per i dag

Resten av skulepolitikken Ap fører i dag er eg nøgd med.
Men alle dessa punkta eg har sett opp her er viktige for meg, og eg hatar at dei ikkje vert gjort noko med. Skulen slik som han er i dag er absolutt ikkje god nok. Det som er dumt med Arbeidarpartiet er at dei enno held fast på at folk ikkje skal vera utdanna til noko høgare enn såkalla "arbeidarar". Utdanning og kunnskap er utruleg viktig, difor er det synd at det ikkje satsast meir på i Noreg i dag.

Saturday 3 November 2007

"Liker du musikk? Vi har balalaikaorkester!"

Eg elskar Hallo i Uken.

Men eg har eit lite spørsmål på lager. Den norske filmen Reprise er stempla som komedie og har kommentaren "hylande morosam!" på DVD-coveret. ..hallo? Eg ser ikkje eitt spor av humor i handlinga i den filmen utanom enkelte kommentarar. Han handlar om eit par 22 år gamle gutar som begge drøymer om å få gitt ut bøkene sine, men det utviklar seg til ei historie om ein gut som får store psykiske problem. Er psykiske problem morosame? Kan nokon i så fall fortelje meg kva som er morosamt ved det? Men det er jo tydeleg at filmen ikkje er laga for å hengje ut folk med psykiske problem, så då skjønar eg i alle fall ikkje at filmen kan stemplast som ein komedie. Viss nokon har svaret på dette, ber eg dei om vennligast å kontakte meg.

No skal eg sjå film.

Thursday 1 November 2007

Snø og refleks

Eg vil ha snø. Eg veit det ikkje er så rart at det ikkje har snødd enno i år, men eg vert stadig meir redd for at det ikkje skal koma snø i år heller. Eg vil ha snø på bursdagen min i år. Det snødde ikkje femte desember i fjor, det var vått ute. Det er både utruleg skummelt, med tanke på global oppvarming, og trist, med tanke på kor fin snøen er.

Dessutan er det ein del tryggare for dei som ferdast på vegane òg. For det er diverre altfor få som bruker refleks, og no er det veldig mørkt ute. Men det vert lysare og lettare å sjå folk når/viss snøen kjem, fordi han lyser opp.

Så, moralen er; stans global oppvarming og BRUK REFLEKS!
(det at reflekssaka står med store bokstavar, tyder ikkje at det er viktigare enn å redde klimaet, men det er meir aktuelt, og noko ein kan få gjort meir med åleine.)