og eg er trufast til din hals

Thursday 26 April 2007

But I don't really need it if I'm a big star

I dag har vore ein utruleg fin dag. Ikkje berre har eg endeleg klart å verte ferdig med alle leksene i tide, eg har òg vore på aksjon med AUF. Woho.

Eg fann ut fyrst kvart på to i dag, då eg sat på skulen, at det var aksjon på Egertorget klokka fire. Aksjon for ytringsfridomen. Eg hadde då berre eit kvarter på meg til å rekruttere med meg folk, men det viste seg at ingen kunne. Eg forta meg heim, ringde halve Oslo rundt, men neidå; endå var det ingen som kunne vera med meg. Så eg måtte berre dra åleine.
Eg tok bussen fem over tre, var i Oslo fem over halv fire. Der var det sjølvsagt proppfullt av politifolk og avsperringar, grunna NATO-toppmøtet. Eg byrja å gå bort til Karl Johan, gjekk ein omveg og hamna bakom Lille Grensen der. Ringde Silja og gjekk i sirkel rundt heile området tre gongar fordi eg ikkje torde å gå bort til AUF-folka på Egertorget. Idiotisk. Men etter å ha stått og sett på aksjonen i eit kvarter, la eg på telefonen og gjekk bort.
Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjera, men eg såg det låg to lerret på bakken med malte handavtrykk på, og mange folk stod rundt og skulle setje på sine avtrykk. Ei jente, som eg sjølvsagt har klart å gløyme namnet på allereie, kom bort til meg og spurde om eg ville gjera som dei andre. Eg sa ja, og gjorde det. Så visste eg ikkje kva eg skulle gjera eller korleis eg skulle få kontakt med dei, dei var berre åtte folk, men eg torde jo ikkje å snakke med nokre av dei. Men så kom den same jenta tilbake til meg, og smilte til meg. Eg sa noko så dumt som "eg treng vel ikkje gå? Eg hadde eigentleg tenkt å vera med her, skjønar du..." og før eg fekk fullført, svarte ho: "Haha, tullar du? Nei, berre fint om du vert her!" Så kom stundom Lo-Johan Melinder bort, leiaren i AUF Akershus, og gav meg ein brosjyre. Så spurde han om eg ville verte medlem i AUF. Eg sa at eg allereie var medlem, og fekk til svar "neimen så flott! Folkens, me har ein ny her! Du har ikkje vore med før, har du vel?" Vidare snakka me litt, eg fortalde at eg følte meg litt i yngste laget og ikkje hadde tord å vera med før, men han sa at det berre var fint dess yngre me var, "her er me alt frå tretti til tjue, som eg er, til fjorten-tretten. Femten er heilt perfekt!" Han introduserte meg for resten av dei som var med, og spurde om nummeret mitt, sånn at dei kunne sende meg ei melding når om når nye møte og slikt var. Så gav han meg ein haug med brosjyrar, og bad meg følgje med han, så kunne me dele dei ut saman. Eg følgde med han, men torde sjølvsagt ikkje dele ut ein einaste brosjyre. Uansett trefte me på mange rare folk, folk som kontinuerlig sa ting som "Jamen, me har jo ytringsfridom i Noreg!" Me prøvde å svare at jadå, det har me, men dei fleste land i verda har faktisk ikkje det, og sjå berre på kva som skjedde med Kadra Yussuf då ho kritiserte Koranens kvinnesyn. Men dei fortsette berre å gjenta seg sjølv; "I Noreg ER det jo ytringsfridom!" Dumme folk. Nokre andre byrja å snakke om at ytringsfridom ikkje var bra, osv.. Men dei aller fleste var veldig hyggjelege.


Etter å ha stått der i halvannan time, eg berre i ein sidan eg kom seint, var lerreta heilt fulle. Det var dei for så vidt allereie ein halvtime etter dei var lagt ut. Dei sa dette var ein utruleg vellykka aksjon, over 250 handavtrykk vart det til slutt. Så måtte me rydde opp, og så fann dei ut at dei var ein for lite til å få bært lerreta tilbake til Arbeidersamfunnet, så dei ville ha med meg. Eg vart berre glad, for eg ville jo gjerne sjå kontora og sånt. Lo hadde sagt til meg kor det var og slikt tidligare, men eg var glad eg fekk vera med, for eg trur ikkje eg hadde klart å koma meg opp i åttande etasje der åleine.
Me gjekk gjennom Oslos gater med to svære lerret fulle av handavtrykk i alle fargar. Folk såg rart på oss, men for meg var det berre endå ein fin måte å bli kjent med dei andre på, Lo og dei andre to eg gjekk med var veldig hyggjelege og utadvendte mot meg. Hoppa og spratt rundt mens dei song litt og litt sånt. Livlige folk.
Me kom inn i Arbeiderpartibygningen og tok heisen opp til åttande etasje, og me kom inn i fine, passe store lokale med møterom, eit lite kjøkken og nokre kontor. Her var det fleire eg ikkje hadde møtt, så Lo introduserte meg for desse folka, og eg snakka litt med dei. Så viste han meg litt rundt om i bygget, fortalde kor møta vert heldt og slikt, og var i det heile tatt veldig grei og hyggjeleg. Det var dei alle. Ein veldig fin velkomst.

Så no kan eg endeleg kalle meg aktivt medlem i AUF, og eg har faktisk berre vore offisielt medlem i seks dagar. No ser eg fram til møte og slikt, og ”bruk stemmen”-kampanjen. Og Utøya, sjølvsagt.

Ein veldig fin dag. Eg har no funne ut at eg ikkje er så frisk som eg trudde likevel, eg vart sjuk igjen i stad. Men det gjer eigentleg ingenting, viss eg leggjar meg snart, så er eg sikkert betre i morgon.

Monday 23 April 2007

Kva heiter vel det som gror?

Odd Nordstoga-perioden er ikkje over, den er derimot sterkare enn nokosinne. No er det Odd Nordstoga heile vegen. Herlighet. Men det er greiare å berre innsjå det, og leva det fullt ut, enn å nekte for det. Kunne vore verre, tross alt. Kunne ha vore.. Ole Ivars. Nei, det kunne det ikkje, det kunne aldri vore Ole Ivars fordi det er meg eg snakkar om her. Men Odd Nordstoga ér jo faktisk ein flink fyr då. Veldig flink. Trur eg skal slutte å tenkje på det. Og berre nyte det, for det er jo noko å nyte, det er alltid gøy når eg har oppdaga ny musikk og får heilt dilla. So let's not worry anymore, som Geir så originalt sa.

Eg les ei bok no, "Det angår også deg", som er så bra at eg ikkje kan leggje henne frå meg. Sånn har det ikkje vore med ei bok sidan eg las Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Denne handlar om noko ganske anna, nemleg livet i Auschwitz. Eg er blitt heilt oppslukt i alt me har om andre verdskrig no, eg trur ikkje det er mange, om i det heile tatt nokon, andre i klassen som finn det så interessant. Men det er jo eit helvetes interessant tema då, det er det verkeleg. I dag såg me filmen "The Wave" på skulen. Korleis folk berre kan jatte med sånn fattar eg enno ikkje. Om Morten hadde bedt meg om å reise meg og seia "Herr Steen" kvar gong eg vart spurt om noko eller skulle svare på noko, ville eg flydd i flint og nekta plent. Om han bad meg reise meg opp, ville eg muleges reist meg opp og apa etter bevegelsen han viste. Eg lar ingen styre meg slik, eg blir så sur, så sur, så sur. Eg hadde ikkje klart å ta det som ein leik sjølv om det var det eingong, fordi eg veit eg hadde tenkt at det var idiotisk. Det er vel noko tenårings/fjortisalderen tar med seg det, men i den situasjonen kunne det jo nesten vore nyttig òg, iallfall om det var the real deal. Eg klarer berre ikkje sjå for meg meg sjølv verte hjernevaska sånn, men det kan vel ingen.

Men den boka er det siste eg treng akkurat no, eg har så helvetes mykje lekser å gjera, desse to vekene har me hatt meir lekser enn nokon gong før, verkeleg. I natt gjorde eg nynorsk til klokka to, og resten av helga gjekk også med til lekser. I dag har eg fått gjort tre fag. KRL-en må eg gjera ferdig no i kveld, viss ikkje får eg ikkje sova. Var jo det som fekk meg til å sitje oppe i natt, får ikkje sova om eg veit eg har mykje å gjera. Så no må eg gjera ferdig KRL, jobbe litt vidare på engelsken og så sova. Så skal eg opp tidligare enn vanlig for å ta bussen til Lillestrøm, heile skuledagen i morgon går med til ei rettssak me skal sjå i tinghuset der. Det er jo for så vidt spanande då.

Og faen, no har eg byrja å bekymre meg ordentleg på vegne av Arbeiderpartiet og AUF, det kjem ikkje til å ende bra det her med Frp. Eg er redd me kjem til å tape stygt på det. Ver no litt forsiktige då, ver så snille, kjære toppolitikarar. Me treng dykk til valkampen no, la berre Frp fare, ti dei heller i hel.

Men nei, no er det lekser, inga tid å miste.

Saturday 21 April 2007

Another step to make you free

Eg kjedar meg. Og endå verre (eller er det no det?); eg høyrer på Odd Nordstoga. Og eg liker det, ikkje reint lite eingong. Det er litt flaut, eg veit ikkje kvifor, eg har aldri hatt noko imot fyren, men eg vil ikkje innrømme at eg liker han. Litt merkeleg, er jo mange som liker han, men dei er vel ikkje.. ja, dei er vel ikkje på min alder. Men no høyrer jo eg ein del folkmusikk då, så det er vel eigentleg ikkje så rart (ja, eg prøver å få meg sjølv til å godta at eg liker musikken hans her).
Anyways, nok om Mr. Nordstoga.

I går fekk eg ein brev eg har venta lenge på. Ein konvolutt som innehaldt ein brosjyre, ein giro, eit medlemskort, ein grøn lapp og ein mindre konvolutt. På framsida av brosjyren stod det "Er du fornøyd med verden?" og på giroen stod det "Når du har betalt denne giroen regnes du som medlem i AUF i 2007." Endeleg! Eg er medlem! Nr. 362451 for å vera nøyaktig. Lett nummer å hugsa for meg, er berre to bussrutar slått saman. No får me berre sjå om eg tør å dukke opp på møte og diverse då.. det spørs vel. Men me får sjå. Kanskje eg blir tøffare etterkvart. Eller kanskje møtet faller på ein heldig dag der eg ikkje er redd for slikt. Dei dagane finst jo dei òg.

Eg skulle eigentleg til Oslo i dag. Men så kunne ikkje Sarakka likevel, så eg har ikkje vore ute av huset i dag. Det liker eg ikkje. Føler meg lat og rastlaus. Eigentleg skulle eg ut i morgon og jogge med Cecilie, men ser ikkje ut til at det blir noko av det heller, for det er meldt regn. Og eg gidd faen ikkje jogge i regnvêr. Altså, eg veit eg er lat i utgangspunktet, men eg synest regn er ein ganske god unnskylding for ikkje å jogge.. er det ikkje?

Kva skal eg gjera i morgon då? Og i kveld? Ikkje lett å seia. Eg kan vel kanskje leggje meg snart då. Men eg er ikkje trøytt, eg sov lenge i dag. Eller, til klokka ti. Det er lenge nok for meg, søv eg lenger blir heile dagen øydelagt.
Eg har forresten eit eventyr å skrive. Me fekk verdas mest irriterande oppgåve i nynorsk, den gjekk ut på å fortsetje på eit eventyr om nokre folk som hamna i slottet til Dracula i Transylvania. Eg hatar, og er verdens verste til, å skrive slikt. Eg har ikkje fantasi nok til det, og dessutan liker eg ikkje sånne greier, ting må vera realistiske for at eg skal like dei. Men men, det må berre gjerast. Eg må skrive om Hitler òg, om korleis personlegdomen hans påverka det han oppnådde. Jippi. Men det er i det minste litt meir interessant då.

Wednesday 18 April 2007

Just say it

I dag har vore ein fin dag. Eg liker fine dagar. Det er vel noko som seier seg sjølv, i grunn.

Uansett. Veldig lettande å få unnagjort to framføringar på ein dag. Den eine, den i fransken, gjekk veldig bra, eg fekk femmar som beste karakter i klassen, veldig uventa. I kunst og handverk veit eg ikkje korleis det gjekk enno, men eg trur no det gjekk greitt nok.
Og så fekk eg snakka med Michal om matematikken, og me fann ut av det. Òg eg fann endeleg ei bok til norskoppgåva.

Det var vel eigentleg berre det som gjorde dagen så fin, det var faktisk ein så befriande skuledag at når eg kom heim, gjorde eg lekser resten av kvelden. Eg fekk endeleg gjort ferdig oppgåvene om "Karen", og byrja på samfunnsfagleksene. Og eg hadde ikkje noko imot å gjera det heller. Wow.

Og i dag tidleg fann eg ut at det antakelig blir ein Zahlkonsert til på meg i år. 18. august, på Kloppstockfestivalen, på Harestua. Eg har allereie sjekka alt; det startar 15:00, eg må ta Gjøvikbanen som kostar ca. 50 kr for barn (Harestua er jo berre sju mil unna her eg bur), og når festivalen er slutt køyrer eigne bussar ein tilbake til Oslo. Laurdag før skulestart. Alt passar, det einaste er at billettane er litt vel dyre.. Men eg har aldri latt pengar stoppa meg når det kjem til konsertar, og det skal eg heller ikkje no. Så no har eg antakelig noko nytt å sjå fram til. Håper eg.

Eg fann også ut i dag at AUF-leiren sjølvsagt kostar pengar, det hadde jo ikkje eg tenkt på. Men overraskande nok, og det var verkeleg overraskande, sa mamma at me fint skulle klare å fiske opp dei ca. 1000 kronene viss dette var noko eg verkeleg ville. Og ikkje treng eg å ofre nokre av festivalane for det heller. Litt for snilt, synst eg nesten, det verkar litt rart. Men eg trur nok ho berre er glad for at eg er blitt politisk aktiv, og sosial, ikkje minst. Ho vil vel ikkje at eg skal sitje på Nebba heile sommaren og klage.

I motsetjing til i dag, var ikkje i går ein så fin dag. Iallfall ikkje starten av han. Eg fekk veta av tannlegen at eg må gå med regulering i over eitt år til, samt trekkje FIRE tenner. Fire jævla stykk. Då har et til saman trokke ni tenner på eit par år. Sjukt. Eg er så drittlei regulering. Men sånn er det vel berre, det blir fint til slutt. Håper eg.
Og så var det konfirmasjonsmøte. Eller kva ein nå skal kalla det. Me sat i to timar og diskuterte sex og samliv, jippi. Og då dei to timane var gått, var eg 26 kondom rikare. Dei berre kom og gav oss ein halv pose kvar. Normalt. Eg hatar sånn sexundervisning. Men me slapp iallfall å demonstrere stillingar då, som Cecilie og dei måtte... Haha, uff. Men det er betre enn kristenpreik uansett. Alt er betre enn det.

I morgon er det konferansetime, kom eg på no. Eg må fylle ut det skjemaet, så må eg gjera litt meir norsklekser, og så må eg leggje meg, eg er stuptrøtt. Snakz.

Sunday 15 April 2007

Tennessee's a brother to my sister Carolina

Arg, eg kjedar meg. Eigentleg burde eg gjera lekser no. Oppgåve i K&H, skal laga ei dukke i hippiestil. Jippi, eg er jo så fantastisk flink til sånt. Og me (Cecilie T og eg) har fått to dagar mindre enn dei andre på å gjera dette her også, det skal vera klart og me skal helde ei lita framvising på tysdag. Det kjem ikkje til å gå. Då måtte eg ha jobba akkurat nå, og det gidd eg berre ikkje.
Dei førre tre vekene var forresten den fyrste perioden nokosinne der eg ikkje blei ferdig med alle leksene. Helvete, eg har dårleg samvit for det. Men ein kan vel ikkje få til alt bestandig.

Her om dagen, eller rettare sagt i går og i dag, merka eg SV-tendensar hjå meg sjølv. Det er ikkje heilt bra. Sidan når var eg sånn? Og eg merkar at eg har blitt veldig opptatt av miljøet (eg har alltid vore det då, men i ein sterkare grad no, meiner eg). Nei, dette var rare greier. Ikkje nødvendigvis dumme greier då, iallfall ikkje det om miljøet, men dei andre SV-tendensane må eg kvitte meg med. Ja.

No driv eg og planlegg ferien. Det ser ut til at alt krasjar litt, alt skjer rundt same tid. Det betyr at i starten og i slutten av ferien har eg ingenting å gjera. Slik ser det ut no:

11. - 16. juli: biltur til Stavanger og tilbake igjen
18. - 22. juli: kanskje AUF-leir
23. - 26. juli: Nebba (hytta)
27. - 29. juli: Månefestivalen
30. juli - 4. august: Nebba
4. august: Down on the Farm
8. - 11. august: Budapest og Szigetfestivalen

Frå 22. juni til 10. juli har eg då ingenting å gjera. Atten dagar, det er ei ganske lang tid. Får berre håpe Mallory og eg kanskje kan jobbe på jobben til mor hennar der. Eller, eg får håpe at ho er heime i det heile tatt. Viss ikkje er eg heilt åleine. Men men, det løyser seg vel.
Ah, ikkje lenge til no. 67 dagar til. Og dei dagane går fort, no er det jo nesten sommar og alt, iallfall blir det det snart. Herleg, dette har eg venta lenge på.

Nei, no skal eg henge opp nokre nye bilete på rommet; to stk Kaizerskonsertbilete, to stk Christer Knutsen og eitt stk Zahl. Må jo variere litt med kva eg har på veggane her. Kva bilete eg skal byte dei ut med veit eg då ikkje heilt, men det finn eg ut av. Får vel kanskje ikkje hengt dei opp før i morgon uansett, eg må kjøpe nye svarte ark fyrst. Kan jo ikkje ha bilete utan rammer. Papirrammar. Ikkje sei eg ikkje er kreativ.. Haha, right.
Og så må eg flette håret, det må eg ikkje gløyme. Eg er blitt nærmast avhengig av å ha krølla hår no, så eg flettar håret kvar kveld før eg legg meg, haha. Fint med litt forandring då.

Wednesday 11 April 2007

Det kan bli jævlig varmt der nere

No skal eg skrive ein blogg om kva eg hatar akkurat i dag, og i dei fleste tilfelle hatar eg det også bestandig. Eg fekk berre lyst, du treng for all del ikkje lesa. Eg ser helst at du ikkje gjer det.

(Rangert etter kva eg hatar mest akkurat no)
1. Folk som ikkje seier "kj"-lyden. Nei, det blei feil, eg hatar ikkje dei som ikkje seier "kj"-lyden, eg hatar at dei ikkje seier "kj"-lyden. Det er ein skilnad der, hadde eg gått god for det fyrste eg sa, ville eg sagt at eg hata mange av venane mine, og det blir feil, for det gjer eg ikkje. Men dei får faen sjå å læra seg at "kj", "tj" og "k" osv. ikkje uttalast likt som "sj" og "skj" osv.. Det høyrast jævlig ut når folk seier "no skal me shøyre til shøpesenteret for å shøpe shole og shede til shersti. Og til middag i dag skal me ha shøtt, for i dag fyllar shersti shue år, då skal ho få et shærlig shyss på shinnet av meg." Ordet "kjørt" - som eg då ikkje skriv på nynorsk, men som brukast på bokmål - blir faktisk eit heilt anna ord når det seiast med sh-lyd. Då blir det "skjørt" ("fragile" på engelsk). Og det er to ord som uttalast på to forskjellige måtar, ikkje på ein. "Det er SKJørt," og "me har KJørt". Fatt det, nordmenn. De er norske, de skal kunne norsk, akkurat det der er ikkje vanskeleg eingong.

2. Hijab/nikab/burka. Sorry, eg har null respekt for akkurat det. Du kan godt vera muslim, eg mistar ikkje respekten for deg av den grunn, men eg gjer det om du går med "slør". Eg ser det som kvinnediskriminerande, uansett korleis folk vrir og vendar på det for å få det til å verka motsatt. Men, nok ein gong, dette er ingen grunn til å kalle meg rasistisk. Eg gidd ikkje forklare kvifor ikkje eingong, det er eg lei av å gjera.

3. At folk flest heilt har gløymt forskjellen på "de" og "dem". Eg meiner både i munnleg tale - plassane der ordet "dem" faktisk eksisterer altså, dialektane som ikkje har ordet i seg er unnskylda - og når folk skriv på bokmål. Dei (fleste) klarer fint å bruke både ho/hun og henne (i munnleg tale; dei plassane ordet ”henne” eksisterer, så klart), alle klarer å bruke eg/jeg og meg, og du og deg riktig, så derfor fattar eg ikkje kvifor dei ikkje berre tenkjer likt når det gjeld de/dem. Men eg må seia at det har faktisk blitt litt betre dei siste månedane, det var verst hausten 2006. Då verka det som om heile Noreg hadde gløymt det. Men nå byrjar enkelte å ta seg opp igjen, det merkar eg tydeleg. Og det er jo bra.

4. Vikarar. På skulen har me fem vikarar: "brunkremfyren" (som eg ikkje hugsar det ekte namnet på) på femogtjue år som alltid seier "de treng ikkje gjera noko, eg får 200 kr i timen uansett, de kan berre sitje her og snakke med meg om de vil. Kva skal me snakke om? Sex? Eg veit sikkert noko de vil veta", konstant sure og gamle Ann-Elina, den skrytete, spydige rogalandske (spydige rogalendingar liker me vanlegvis, men ikkje denne fyren) Sven-Kjetil som prøvar å kristne alle elevane og var nominert til å bli ordførarkandidaten for KrF Lørenskog (herregud, tenk om han hadde vunne!), fantastisk sjølvgode basket- og idolstjerna og supermodellen Willy, og til slutt fyren eg ikkje hugsar namn på, men som alltid har mykje å snakke med Isabel med, som oftast gjeld det klede. Det finst ingen normale vikarar. Ikkje lærarar heller, for den sakas skuld. Men vikarar er verst. Anten er dei 25 år og utruleg sjølvgode, eller så er dei 50 og bestandig skitsure, antakelig fordi dei er feite, einsamme og ulukkelege, og sure for at dei ikkje har oppnådd noko betre enn vikaryrket til tross for at dei er godt vaksne. Ein vikartime kan ikkje kallast ein skuletime, og det er noko som kan verke fint, folk flest vil jo ikkje ha skule, men i det store og det heile er det ikkje bra. For den vanlege klasse har vikarar ofte fordi lærarane er mykje borte (me er eit unntak der, faktisk), og sidan så godt som alle vikarar heller er/blir behandla som medelevar eller bruker all tida på å kjefte, lærer ein minimalt i timane ein har vikar som lærar. Om ein då har vikarar heile tida, lærer ein veldig lite. Og det vil vise seg at det ikkje er lurt.

Og så har me sjølvsagt alle dei andre tinga eg ikkje gidd å nemne, fordi alle andre allereie har klaga på det. Ikkje at dei ikkje har klaga på det andre eg har klaga på her, men det var mine sterkaste hatobjekt akkurat i dag. Berre fire ting, eg er visst ikkje så hatefull likevel. Men no er eg uansett lei av å klage, og akkurat det er jo ikkje anna enn fint, så no skal eg setje på musikk – Janoves soloprosjekt á la 1997, som eg høyrde så mykje på førre vår - og vera glad for at eg ikkje har noko eg skulle ha gjort i dag, og ta ein pause frå å vera så pessimistisk og skeptisk.

Til slutt må eg berre skryte av at me vann musikkquizen på skulen i dag igjen. Ingen har så langt slått oss, me er eit fantastisk lag; Cecilie tek seg av rappen, Isabel tek seg av hiphopen, Charlotte tek seg av popen, Cecilie T og eg tek oss av rocken, gammal musikk og den norske musikkverda, og Tenzin kan litt av alt. Musikkquiz er gøy, men folk finn altfor enkle spørsmål. Cecilie T, Isabel og eg skal knuse klassen når det er vår tur, dei veit ikkje eingong kva band Paul McCartney er kjent frå. Og no skal dei få svare på spørsmål om både Rolling Stones, Zeppelin, Procol Harum og Jimi Hendrix. Det blir gøy.

Tuesday 10 April 2007

It's all in your mind

Det irriterer meg grenselaust at eg ikkje får tak i Tumbleweedplatene. Eg fekk hyggjeleg svar frå Rolf Gjesdal; "Hey Kristin. Ja, det e absolutt kjekkare å kjøba musikken sin i butikken. Tumbleweed har gitt ud to ep'ar og to album. Pladekompaniet i Stavanger ska alltid ha tri av de i hyllå. (Den fjerde/fysste e "udgått"). De ordne det. Kos deg med musikken. Rolf." men - i Stavanger ja! Ikkje Oslo, neidå! Og kvifor har Platekompaniet der tre av platene når platekompaniet.no berre har ei? Nei, det her var rart. Eg får vel venta til juli med å kjøpe dei då. Irriterande.
Men det var gøy at han skreiv på stavangersk til meg. For det har eg aldri sett han gjera til nokon andre. Han må ha lese der det står at eg elskar rogalandsdialektane eller noko, haha. Herleg.

Men det at eg ikkje får tak i Tumbleweed er altså det største problemet eg har for tida, så sånn sett går ting flott. Var heilt greitt å byrja på skulen igjen også, eg har hatt nok ferie, kjenner eg. Berre vore heime (eigentleg ikkje då) i elleve dagar, det held for meg. No må eg berre forte meg å få gjort lekser, eg har mykje å gjera. Så eigentleg har eg ikkje tid til å skrive blogg no. Men eg trur ikkje eg får gjort noko lekser før i morgon uansett, har ikkje konsentrasjonen inne i kveld. Eg klarer meg vel, det viktigaste er engelskframføringa på torsdag. Fokk, mykje å hugsa der. Kjem til å gå til helvete. Men då får det berre gjera det, sjølv om eg har jobba veldig mykje med saka, dei andre har faktisk ikkje skrive eitt ord av det me skal seia.

Eg treng nye sko. I dag reiv eg faktisk av såla under den eine i det svarte converseparet, så trur det er på tide med nye ja. Fint, og ikkje minst utruleg, at pappa skal ta meg med ut på fredag og kjøpe. Kanskje eg får han til å spandere eit par CD-ar på meg òg.

Mja. Eg har utruleg lite å seia, så kvifor folk vil at eg skal skrive blogg veit eg ikkje. Kan då ikkje vera interessant å lesa sånt som det her. Så eg seier god natt eg. Eller god kveld. Whatever works for you.