og eg er trufast til din hals

Sunday 28 October 2007

Lie to me, sing me a song

Ah, Ryan Adams. Lenge sidan.

I dag har me rydda i kottet, ordentleg for fyrste gong sidan me flytta inn her i '96. Det resulterte i at me kasta fire søppelsekkar og fire bæreposar med gamle klede og skrot, og gav tre posar med tøy til Fretex. Overflodssamfunn, sa du? Ikkje i det heile tatt.
Men det er no alltid morosamt å ta fram gamle klede frå sytti-, åtti- og nittitalet, og sjå på gamle bilete heilt tilbake til fyrste halvdel av 1900-talet. Det her har vore den mest underhaldande sundagen på veldig lenge.

Eigentleg skulle den ha vore endå meir underhaldande, eg hadde planlagt å dra på Bok i Sentrum og høyre Are Kalvø snakke om den nye boka si. Men vêret var så dårleg at eg ombestemte meg då eg nærmast vart slått over ende av vinden medan eg var ute med søpla. Det fekk halde med å høyre på Knut Nærum på fredag, men eg føler eg har gått glipp av noko når eg ikkje har fått høyrt Are Kalvø. Men, men, det er vel ikkje siste gong han underheld folk live.

Men no skal eg stikke og sjå ein film som eigentleg starta for lenge sidan.

Wednesday 24 October 2007

Take a Bow

Musekonserten vart i går diverre fullstendig øydelagt av sjukt mykje pressing og galne folk. Forferdeleg synd, for eg veit at dei spelte så utruleg bra, men eg fekk ikkje nytt det.
Eg er ikkje nokon konsertjomfru akkurat, men under konserten i går kunne det kanskje verke sånn. Så mykje pressing har eg aldri opplevd. Det var verkeleg det verste eg har opplevd. Under den fyrste songen fekk eg heilt anfall, og folk tilkalla vaktene, og utover konserten kom ei dopa jente og prøvde å klore ut innvollane i magen min for å komme seg framfor meg. Samtidig hadde eg ein utruleg sleip gut på høgre side av meg, som sa til mannen bak meg at "eg prøver berre å gje ho der (meg) litt betre plass," medan han eigentleg slo til og sparka meg, utan at mannen kunne sjå det. Det var heilt forjævlig, og no er det nærmast sånn at eg aldri vil på konsert igjen. Og det er eg sint for, eg elskar jo vanlegvis å gå på konsertar.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Men då det var ein fire-fem songar igjen, pressa Silja og eg oss ut av folkemengda (som var overraskande stor) og stilte oss heilt bak. Hadde me berre stått der heile tida, ville me hatt ei heilt anna oppleving. Men då hadde me iallefall nokre fine minutt, og fekk i det minste nytt slutten av konserten, så det retta opp litt av uttrykket.
Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Noko som var litt morosamt, var då bandmedlemma sa "tusen takk" og "hvordan går det?" med nesten perfekt uttale (jadå, eg er som dei fleste nordmenn og let meg sjarmere av sånt). Men dei har jo vore her i ein fire dagar no, så dei har vel hatt tid til å lære seg eit par norske ord.

Men eg er heilt vrak etter konserten, og skal difor leggje meg så tidleg som halv elleve i dag, og i tillegg kan eg sova lenge i morgon! Sidan det er OD-dag og eg, som medlem av OD-komiteen på skulen, skal møte opp på skulen klokka tolv og sitje der og motta pengar til klokka fire. Fantastisk.

Sunday 21 October 2007

Stang

I dag hadde me familieselskap for Marianne, som hadde bursdag (Elin òg såklart, tvillingar har jo bursdag same dag, så vidt eg har fått med meg etter å ha levd med dei eit heilt liv) på torsdag. Kveldens snakkis: Fabian Stang og utsagna hans i Aftenposten i går. Morosamt korleis ein kan få ein stor prosentdel av samtalen i eit familieselskap til å gå med på Oslos nye ordførar. Det manglar ikkje på merksemda rundt han, iallfall.
Fortsett slik, Fabian, så vert nok Oslo raudt om fire år!

Det er ikkje så lett å veta kven som er lærarar på skulen for tida. Me har nemleg ein haug av studentar som fyk rundt i korridorane, kvar klasse har tre kvar. Nokon er dramastudentar, andre kunststudentar, og andre igjen lærarstudentar. Samtidig har me ein lærar som er atten år og fast ansatt på tiandetrinn, noko som er fullstendig sjukt - eg leverte inn ei oppgåve om Palestina til retting før frista, slik at eg kunne få ho tilbake for å rette opp feila, og fekk tilbakemeldinga "alt er bra, berre lever ho slik!" Då eg fekk ho tilbake, såg eg fleire feil - vesentlege feil, som handla om religion, og som ho som KRL-lærar verkeleg burde ha sett, sjølv utan å ha gått lærarskulen. Ein lettent seksar for meg, men likevel sjukt. Men det er ei anna sak. Det er iallfall morosamt med masse studentar som surrar rundt, dei er eit friskt pust i skulekvardagen. No til veka skal me ha ein del teater- og kunsthistorie med dei, og det trur eg kan verta morosamt.

Og me har endeleg fått frukt på skulen no; kvar dag forskjellige variantar. Det er overraskande populært blant medelevane, så det var tydelegvis eit lurt raudgrønt trekk.

Men no er det på tide å sjå reprise av Nytt på Nytt!

Wednesday 17 October 2007

Insert title here

I dag tidleg då eg kom ut av blokka, var det fyrste eg høyrde, sirener. Då eg snudde hovudet til venstre etter lyden, såg eg haugevis av ambulansar og politibilar. Ei dame på 26 år med barnevogn og to ungar på tre og eitt år, var påkøyrt. Det såg absolutt ikkje bra ut.
Romerikes Blad skriv at situasjonen til gutten på tre er kritisk. Huff. Eg vonar det går bra.

Eg er no ferdig med å skrive eit tresiders manus til ein film som skal vare i tre minutt. Tresiders manus - treminutts film. Om den kjem til å vare lenger enn tre minutt? Ganske så sannsynleg. Men men, ein kan ikkje veta før det er sjekka ut, la oss ikkje ta sorgane på forskot denne gongen.

Gliset på Fabian Stang då han fekk ordførarvervet i dag, var berre ekkelt. Men no er det iallfall endeleg avgjort, det tok altfor lang tid.
Men no er det visst mistankar om valfusk i Arbeidarpartiet her i kommunen. Viss det stemmer, veit eg ikkje kva eg gjer. Det kan berre ikkje stemme. Dei menneska som gjer sånt er berre sjuke. Og me har ingen sjuke folk i partiet her, så vidt eg veit. Men det veit eg såklart ikkje sikkert.

Men no trur eg faktisk at eg skal stikke og sjå på Idol, i år er fyrste år eg gidd å sjå på det, for i år er det faktisk rimeleg høgt nivå på deltakarane, og dommarane er ikkje så jævla kjipe og slemme heile tida, og det er mykje betre.
Tudelu.

Saturday 13 October 2007

Frp får æra av å diktere meg gjennom vidaregåande

Idiotiske Akershus KrF og Venstre, eg er så skuffa over dykk. Greitt nok med Høgre - men Frp? Det var vel for mykje å håpe på at de skulle gjera som deira partifeller i Oslo og gå imot eit styre med Fremskrittspartiet. No har me altså borgarleg styre i fylkeskommunen, for fyrste gong på tjue år.
Eg synest synd på alle som er fødd i tidsperioden 1989-1993. Me må gå på ein vidaregåande skule som Frp får råde over. Hadde enno Venstre vore litt større kunne dei teke styringa over skulepolitikken i fylket, for Venstre har god skulepolitikk, men dei har vel ikkje så mykje dei skulle ha sagt i dette samarbeidet.
Det var synd, Siri, det var du som verkeleg fortente å verte fylkesordførar!

Ymse småplukk frå veka som har gått:
- Eg var på eit interessant møte om Palestina på Chateau Neuf på torsdag, som varte i tre timar, og som innehaldt veldig mange gode, og nokre rare, innspel. T-skjortene dei selte var veldig fine, "Riv muren i Palestina" stod det på dei, og biletet på skjorta viste ei positiv vinkling på saka; muren som falt og ungar som løp lukkelege rundt og spelte fotball og leika med sommarfuglar. Ei slik vinkling funkar veldig bra.
- Eg har klart å snike meg inn i OD-komiteen på skulen.
- Eg har kjøpt årets fyrste julepresang (men veit ikkje heilt kven den skal gå til enno).
- Eg kjenner meg passe forvirra etter å ha sett/høyrt seks episodar av Nytt på Nytt og Hallo i Uken i feil rekkefølgje. Kva har eigentleg skjedd i nyheitsbiletet denne veka? Trur eg må ta meg ein tur innom vg- og dagbladet.no.
- Og viss nokon lurte; eg endte opp med å dra til Moss førre helg.

Wednesday 3 October 2007

Ikkje kreativ nok til å lage nokon tittel

Men i dag har eg faktisk vore litt kreativ, sjølv om eg enno slit med titlar. Kreativ til å vera meg, iallfall. Eg har plukka ut og redigert 76 bilete frå sommaren, som eg skal sende til FotoKnudsen for å få ut på fotopapir. Og så har eg vore ute og kjøpt eit album som eg skal putte bileta i når eg får dei.

Det her har eg då snakka om å gjera sidan ferien starta, men eg trudde aldri eg faktisk skulle få gjort det. Det er utruleg kva litt feriekjedsomheit kan føre til, det er ikkje ofte eg har gidda til å vera såpass kreativ.
Men likevel, eg trur ikkje akkurat på den Facebooktesten som sa eg var ei kreativ sjel, og difor burde verte kunstnar. Det er vel så langt frå framtidsplanane mine som ein kan koma.

Elles slit eg med eit val no, angåande helga. Skal eg vera heime og passe lille Thea, eller skal eg dra på AUF-kurs i Moss? Hm. Må tenkje litt for/mot her.
Positivt med å ikkje dra: eg får passe Thea. Eg får gjort lekser. Eg får passa litt på mamma som er sjuk. Eg får sove, og det i ei seng og ikkje i sovepose på eit liggjeunderlag. Eg slepp å dra meg til Youngstorget med ein bag med sovepose og liggjeunderlag (eg er verkeleg allergisk mot sovepose og liggjeunderlag).
Positivt med å dra: Eg lærer garantert noko nytt. Eg får vore med masse flotte AUF-folk. Eg vert antakeleg kjent med nye folk. Eg får kjenne den herlege Mosselukta igjen (det var ein spøk, ja). Eg kjem ganske sikkert til å ha ei fin helg.

Valets kval, altså. Eg aner ikkje kva eg skal vele. Ikkje at det eigentleg er så vanskeleg, men akkurat denne helga passa det ikkje så bra. Så me får sjå kva som skjer. Men eg drar nok.

Og til slutt: musikken for tida går berre i Bjørn Afzelius og Hoola Bandoola Band. Fantastisk musikk eg er glad eg oppdaga på Utøya.