og eg er trufast til din hals

Friday 28 September 2007

Amerika, du tar mina vänner

Eg må innrømme at eg faktisk synest haustferien er ganske unødvendig. Iallfall for meg. Denne hausten har kun bestått av valkamp, klassetur, litt meir AUF og sjukdom, så eg har vel vore vekke frå skulen i to veker til saman allereie. Då gjenstår ca. tre veker med skule. Eg treng ikkje ferie etter tre veker med skule. Ikkje fem veker heller.

Viss me fyrst skal ha ferie, kvifor i all verda så tidleg etter sommarferien? Ingen (eller, iallfall svært få) vert sliten etter fem veker med skule. I starten av skuleåret går det så treigt likevel. Og ferie er jo noko ein skal ha for å slappe av, men det treng ein ikkje rett etter sommarferien. Flytt det heller ein månad fram, så er det litt meir logisk.
Eller berre dropp heile haustferien og legg heller på juleferien slik at ein har to veker då, for jula er ei ypparleg tid for elevar og studentar å jobbe. Butikkane treng arbeidarar i juletida, og elevar/studentar treng pengar. Så kutt haustferien, og gje oss heller litt meir juleferie, då slår me to fluer i ein smekk; elevane får meir kunnskap òg moglegheit til å jobbe!
(Men eg trur ikkje det er så veldig AUF-vennleg politikk eg fører her..)

Wednesday 26 September 2007

Det er ikkje berre Jens som ikkje kan geografien sin

I dag var det bokmøte på biblioteket på Triaden med Lise Blomquist. Ho klarte å seia heile åtte gongar i løpet av dei fem kvartera ho var der at ho var på Lillestrøm. Heilt på slutten må ho ha forstått at nei, det var ho ikkje, for då sa ho Lørenskog igjen.

Men eg veit enno ikkje om den episoden ho fortalde om hende her eller på Lillestrøm. "Her på Lillestrom for ein seks-sju år sidan..." sa ho. Tyder det Lillestrøm eller Lørenskog?
Går ut i frå at eg aldri får veta det. Så irriterande.

Monday 24 September 2007

Det smartaste eg nokon gong har gjort;

.. å melde meg inn i AUF. Det har eg jo visst eit halvt års tid no, men likevel. Eg gjenoppdaga det i helga.

Endeleg har eg klart å få meg til å engasjere meg ordentleg i utenrikspolitikk. Det har eg ikkje gjort tidlegare, eg har ikkje fått satt meg inn i internasjonale saker, men no har eg endeleg vorte interessert i det. Det var på tide.

Eg har hatt ei svært lærerik helg, høyrt på innleiarar som har snakka om mykje viktig; blant anna Røde Kors, Norsk Folkehjelp, (nei til) EU, Midtøsten, Sosialisme/sosialdemokrati andre plassar i verda, AUFs internasjonale prosjekter osv.. I det heile tatt. Mykje nyttig.
Og så har eg jo fått nokre nye vener og kjenningar, både frå Sør-Trøndelag, Oslo, Akershus, Nordland og mange andre plassar. Og eg fekk sett den fine byen Trondheim att, det var jo heile to veker sidan eg var der sist.

Så AUF; takk for nok ei fin helg!

Thursday 20 September 2007

Maxwell's Silver Hammer

I morgon reiser eg til Trondheim, på internasjonal konferanse arrangert av Oslo og Sør-Trøndelag AUF. Men me var heldige som fekk lov til å vera med frå Akershus òg.

Elles enn det kan eg melde noko anna hyggjeleg; Ap fekk varaordføraren i Lørenskog i tillegg til ordføraren! Så no har me Åge Tovan og Ragnhild Bergheim heilt i toppen her. Fantastisk. Det vert nok fire fine år til framover no.

Mja. Elles er det vel svært lite å seia. Vart stille no, etter valkampen. Men eg har likevel hatt veldig mykje å gjera, så eg har i grunn ikkje kjeda meg.
Og på tirsdag er eg nødt til å møte Donald-teiknaren Don Rosa på boksignering i Oslo fordi pappa så utruleg gjerne vil ha signatur av han i ei av dei hundretusen Donald-bøkene sine. Uff, eg liker ikkje sånt. Men men, eg får no gjera det, eg veit kor mykje det betyr for han. Berre synd han er i Spania, så han ikkje får gjort det sjølv.

Yes.

Tuesday 11 September 2007

41 prosent!

41 % til Arbeidarpartiet og Åge Tovan her i Lørenskog. Fantastisk!

Det var herleg å vera i Folkets Hus i går, saman med hundrevis av andre frå partiet og AUF, og sjå resultata tikke inn. Jubelen var stor då resultatet frå Lørenskog vart fastslått, riktignok ikkje på langt nær så stor som jubelen og gispet då resultatet frå Årdal vart kjent - 77 % til Ap - men det var ein stor siger og ei ordentleg glede.

Men mest spennande var det likevel å fylgje med på Oslo, for i Lørenskog "visste" me at me ville vinne, berre ikkje så overlegent. Og Oslo gav flest stemmar til Ap, fem prosent over Høgre, men sidan SV gjekk ned heile ti prosentpoeng, vart det borgarleg styre i fire år til i Oslo. Eg må seia det var trist å høyre Rune G konstatere at, nei, me fekk ikkje Oslo i år heller. Men ein trøst var det jo at me faktisk var størst i byen, det viser jo iallfall kor dei fleste Osloinnbyggjarane høyrer til.
Skedsmo var det også ganske spennande å fylgje med på, og det er det enno, sidan det viste seg å gå mykje betre enn venta for Ap. Pga eigedomsskatten hadde eg meir tru på at det kom til å verta eit borgarleg fleirtal i kommunen, men det viste seg at Ap kanskje kan få gjennomføre 100-årsjubileet likevel, ettersom Orlund og kompani klarte å få heile 37,7 % av stemmane, og enno har like mange mandatar i styret. No er alt opp til midtpartia. Så eg seier; Venstre, KrF og Sp, la ikkje Høgre og Frp øydeleggje hovudstaden på Romerike, og inngå eit nytt samarbeid med Arbeidarpartiet!
Og akkurat det same seier eg til Venstre i fylkeskommunen. La Siri verte ny fylkesordførar!

Tilbake i Folkets Hus i går kveld/natt, vart det etterkvart ein ganske blanda stemning. Resultata frå Oslo gjorde at me gløymte litt dei gode resultata me hadde fått i Lørenskog, på Rælingen og i Skedsmo tidligare på kvelden. At resultata frå Ullensaker etterkvart også vart klare, og viste at Frp vann med 41 prosent, gjorde også mange nedbrotne. Så medan Elin stod og håpa intenst på at ho ikkje var kome inn i kommunestyret i Ullensaker (så ho skulle sleppe å, sånn som Tonje, måtte samarbeide med Frp og Pensjonistpartiet i fire år), stod ein ganske så full Stine Renate og gråt av glede fordi heimkommunen hennar fekk Ap-styre på fyrste gong på mange år, og samtidig som Lo gratulerte oss frå Lørenskog med sigeren, måtte andre trøste nedbrotne nordlendingar som låg utanfor bygningen og strigråt etter å ha fått veta resultata frå heimkommunen.

Altså var det ikkje heile tida så lett å veta kva ein skulle føle. Men alt i alt gjorde me, eller Arbeidarpartiet, eit godt val, og det er det me må fokusere på. Så får me berre håpe og jobbe for at kommunane med dårleg resultat får sosialdemokratisk styre ved neste val, og at SV klarer å reise seg igjen i løpet av det neste halvanna året (korleis kunne det eigentleg gå gale med dei?). Våren 2009 treng venstresida eit sterkt SV igjen!

No gjeld det berre å finne eit tidsfordriv igjen, sidan valet er over. For meg kunne det godt ha vore valkamp heile tida, eg har verkeleg nytt å ha noko å gjera dei siste vekene; noko som har fått meg ut av huset, gitt meg nye vener og kjennskap, og mange nye og gode opplevingar. Ei fin avslutning på sommarferien har det iallfall vore.

Friday 7 September 2007

FpU, ”adresse” skrivast med éin d

Skulen me visitterte i Trondheim hadde nemleg fått utdelt linjalar til elevene under skuledebatten dei hadde i førre veke (der RV vann, Ap kom på andre og Frp på siste), med skrifta "Vil du melde deg inn i FpU? Send FpU ditt navn, din addresse til ...".
No er det såklart normalt å skrive feil i blant - det gjer eg ofte sjølv - men det er ganske godt gjort å skrive eit ord dei fleste kan skrive rett, feil, på noko elevar faktisk skal bruke som eit hjelpemiddel i skulen. Så, FpU, sjekk vennligast kva de skriv neste gong de deler ut valmateriale til skuleelevar.

Trondheim treng nye bussar. Dei er overfylte og gamle, iallfall dei eg rakk å køyre med då eg var i Trondheim denne veka. Og Ap treng ein ny valbod! Den lille treboden hadde jo sjarmen sin, men naboane deira på torget, nemleg Høgre, fekk boden til å sjå veldig stakkarsleg ut. Ein kan jo oppdatere seg litt, iallfall.

Elles er det jo fantastisk at me vann skulevalet! Og det var fint å sjå at Frp gjekk slik tilbake.
No gjeld det berre å gjera ein skikkeleg innsats dei to siste valkampdagane som kjem no, og få endå fleire til å stemme Arbeidarpartiet, og få fleire aktive folk inn i AUF. Eg har allereie verva to i klassen min (men det spørs no kor aktive dei kjem til å vera), så det lovar foreløpig godt!

Sunday 2 September 2007

No skriv eg nok ein blogg.

Delvis pga Karen, som uttrykker ei merkverdig glede kvar gong eg seier eg har skrive ein blogg, delvis fordi eg har lese på bloggen til Unge Høgre-ledar Torbjørn Røe Isaksen i snart to timar (god blogg, det skal han ha), og delvis fordi eg gruar meg til fem heile dagar i Trondheim saman med ein klasse som ikkje har så mykje til overs for meg, isolert frå valkamp og AUF (men treff eg tilfeldigvis på AUF i Sør-Trøndelag så heng eg meg på).

Eg såg på komiprisen i stad. Og sjølvsagt var Rune Andersen der og imiterte Lars Sponheim. Det er noko av det beste eg veit, han må vera den enklaste politikaren å pariodiere, og heilt klart den morosomaste. Dessutan var Are Kalvø innom ein liten tur, og me høyrde frå Espen Beranek Holm opptil fleire gongar. Då var kvelden min gjort.
Og Christer Torjussen fortente å verte årets stand-up-komiker, for det er sjelden eg har ledd så mykje som eg gjorde den kvelden han var på Utøya.

I dag har me stått på stand på Triaden, på Jessheim, og i Lillestrøm. Ein treff verkeleg på mykje rare folk.. "Ja, eg kan gjerne ta imot ei rose, men eg er jo eigentleg ei rose sjølv!" er blant dei meir normale kommentarane. Det seier sitt. Men det er jo fint med litt humor inni det heile. Valkamp vert slitsamt etterkvart. Sjølv om eg absolutt ikkje er lei, det irriterer meg som eit helvete at eg ikkje får vore med til veka. Eg kryssar berre fingrane for at det skjer noko i helga før valet. Og det gjer det nok.
Elles er det to år igjen til neste gong. To år er lenge! Men eg trur visse folk, deriblant Mani og Lo, fint klarer å vente to år med å vera på kontoret frå sju om morgonen til ti om kvelden kvar einaste dag i ein månad igjen.

Så til noko gode, gamle Frp.
Noko av det fyrste Paal sa då han kom inn i bilen i går og me køyrde mot Asker, var "har de sett fyrstesida av VG i dag? Fy faen, det er berre så bra!" - han sikta då sjølvsagt til Frp-skattesaka.
Men kva ér eigentleg så bra med det? Frp mistar ikkje veljarar pga denne saka. Veljarane til Frp snyt helst på skatten sjølv, eller ynskjer iallfall eit kraftig skattelette, utan at halvparten av dei skjøner kva det vil tyde. Så om Frp-toppene har brukt pengane til dei skattebetalande i Noreg på personlege trenarar for Siv Jensen og Hurtigrutaturer for politikarar med ektefeller, og drar unna ein del skattepengar frå staten, er det rimeleg greitt for Frp-veljarane. Ditlev-Simonsen-saka skada Høgre (men antakeleg svært lite), for der er det ikkje på same måte med Frp. Høgre er eit verdig parti, med mange smarte veljarar som veit kva dei stemmar på. Det same kan ikkje seiast om Frp.
Så det einaste gode med denne saka, er at me ikkje-Frparar får noko å le av. Noko å godte oss over.

Men no er eg litt redd det skal koma ut ei sak om at Ap snyter på skatten òg. Ikkje at eg trur det er tilfelle, men viss det var det, ville det garantert vist seg på meiningsmålingane, i motsetjing til korleis det er for Frp. Så Jens, eg vonar verkeleg at du ikkje har gjemt unna pengar her.