og eg er trufast til din hals

Friday 24 July 2009

Bulldozer

For ein times tid sidan kom eg heim frå ein debatt om skule mellom AUF og Unge Høgre. Og eg skal vera heilt ærleg: me serverte oss sjølv og politikken vår på ein tallerken i kveld. UH-kniven var spiss, og me kunne angre litt på at me inviterte til middag.

Det høyrer sjølvsagt med til historia at eg jamnt over er einig i veldig mykje av Høgre sin skulepolitikk, men eg ser også at me i AUF må framstille politikken vår annleis. Eg blei imponert over UH/Stefan sin taktikk; å snakke på ein slik måte om eigen politikk at den framstår som handlekraftig og motstandaren sin verkar mangelfull. Dette i staden for å angripe motstandarens politikk - ei line me la oss litt for mykje på, og det er me generelt ganske flinke til. Det har me høyrt før, og Jens er nok blitt flink til å rakke mindre ned på Jensen, i skuledebattane er det viktig at me tar etter.

Eg vil nødig utlevere mitt eige parti, men eg må innrømme at eg ikkje tykkjer skulepolitikken vår held stand. Den er så ideologisk korrekt, og nett det hindrar oss i å koma med konkrete, nyttige forslag. Ap er eit parti som tar store hensyn til grunnprinsippa, og det er mykje av grunnen til at eg er med, men i blant kan det bli vanskeleg å setje dei ut i praksis. Spesielt i skulepolitikken. Her må enkelte faktisk få lov til å skilje seg ut og nå høgare enn andre. Når det gjeld tilpassa opplæring - som er enormt viktig - er det kanskje nødvendig å dele folk inn i grupper. Det kan kanskje verka stigmatiserande for somme, men det er ein kamel ein må svelgje om ein skal oppnå genuin læring. Kanskje må ein heller gjera det mer akseptert at folk er ulike - alle er ikkje like flinke, og det må vera greitt i Noreg i dag.

Eg trur Høgre kan koma til å gjera det bra i skulevalet til hausten; dei har valkampsakene på plass, og dersom dei andre debattantane har gått same kurs som Stefan Heggelund, bør me skjerpe oss. Derfor er det også veldig bra med "innsidedebattar" som den me hadde i dag.
Når det er sagt, tviler eg på at alle i UH har gått same kurs som Stefan. Denne artikkelen viser tydeleg det. Fyrste setning (under punkt 1) gjer at heile innlegget faller rett gjennom. Vidare kosar eg meg med bruken av ord som "nu" og "efter" - ein skjøner at forfattaren har lommeboka til pappa i handa, samt sleik og blazer. Det er ikkje rart at Høgre ikkje er definisjonen av høgresida lenger. Det er ikkje rart, men det er synd, for uansett kor klysete dei kan vera, så er dei ein mykje meir verdig motstandar enn Frp.

Wednesday 22 July 2009

I hate that little game you had called Crying Lightning

Eg vil at valkampen skal starte. Eg gler meg til å vera ute kvar dag for å overbevise folk om at Arbeidarpartiet og den raudgrønne regjeringa er det rette å stemme på 14. september. Eg gler meg til å vera ein av dei mange som sørgjer for at Noreg enno er på rett kurs i 2013. Mest av alt gler eg meg til å bevise for AUF-vener, opposisjonsvener og meg sjølv at eg ikkje er, og slettes ikkje vil vera, så lat i politikken som eg har vore det siste halve året.

Me skal vise dei. Me skal vise dei at ein bør velja ein kunnskapsbasert fellesskule heller enn eit delvis privatisert system der lommeboka rår. Me skal minne dei på at det i desse forbrukstider enno er arbeid til alle som er jobb nummer ein - og at rettene me har i dagens arbeidsliv ikkje er så sjølvsagte om me får ei blå regjering. Me skal gjera det klart at Arbeiderpartiet sin politikk er solidaritet i praksis, i innland og utland, og at eit Frp i regjering vil rasere Noregs rolle og rykte internasjonalt. Det skal ikkje vera nokon tvil om kven som tenkjer på unge og eldre, barnefamiliar og einslige, etnisk norske og fyrstegenerasjonsinnvandrarar, fulltidsstudentar og deltidstilsette - og klarer å ha alle desse i tankane samtidig. Det er Arbeidarpartiet.

Eg gler meg til å lære heile Noreg nettopp det.



Det ser heller ikkje så altfor ille ut: http://home.online.no/~b-aardal/gallup.pdf

Monday 13 July 2009

Take me back, oh, put me in reverse

I går åt eg. Eg sov. Eg drakk vatn. Dei viktigaste tingane som eg ikkje fekk gjort på Utøya. I dag har eg jogga. Sete på facebook. Sett på tv. Dei litt mindre viktigare, men likevel nødvendige, tingane. Eg må seia det var herleg med ein joggetur etter sju dagar på vaflar og kaffi (okei, litt anna også då).

Men eg skulle gjerne blitt på Utøya ei veke til, og det er noko eg aldri trudde eg skulle seia om livet i telt - det gjorde eg ikkje eingong etter Hove. No er det kanskje ikkje teltlivet eg vil tilbake til heller, då.

Eg har treft verdas kulaste menneske. Eg saknar dykk sånn. Og eg rettar ein stor takk til dykk for at de var med meg heile tida!
AUF-gleda er tilbake. Eg har ikkje lenger lyst til å slutte som lokallagsleiar, eg har lyst til å fortsette, bli styremedlem, bli fylkessekretær, bli fylkesleiar, sentralstyremedlem.. Host, kanskje ikkje. Men eg skal ikkje la meg sjølv gå lei AUF igjen.
Eg har lært enormt mykje. Og funne ut at eg er mykje flinkare til å følgje med på innleiingar no, meir mottakeleg, og det er ikkje anna enn flott.

Eg elskar Utøya 2009, og lèt det bli ein ny start i AUF.
No får eg kanskje bli kjent med dei i mitt eige fylke òg, ehe.. Men målet mitt var at eit par menneske til i AUF skulle kjenne til meg + namnet mitt, og det målet har eg overoppfylt. Eg er nøgd. Eg er glad, og eg saknar Utøya.

Meg, meg, meg. No kjem nokre bilete av andre (i tradisjonell, dårleg bloggkvalitet)! :


























Wednesday 1 July 2009

It's indie rock & roll for me

Eg gler meg til Øya. Eg får heile onsdag, torsdag og fredag fri. Thanks Martin. Varesentralen på laurdag, men eg skal nok klare å snike meg unna til The New Wine. Det blir Hove minus camping pluss betre linenup. Ca. like bra, altså.

Fint at eg har fått ein ny Killers-periode no då, etter å ha vore relativt lite glad i dei nokre månader før Hove. Men no kan eg i alle fall seia at eg har sett dei live. Det driv eg nemleg med akkurat no, eg oppdaterer Band-eg-har-sett-live-lista mi. Og konsertar-eg-har-vore-på-lista mi. Eg har ein del lister som eg liker å oppdatere:

Band eg har sett live
Konsertar eg har vore/skal på
(2006 - no)
Musikkbiblioteket (CD-ar, vinyl, musikk-DVD-ar, souvenirar, merch)
Settlister (dei fleste konsertar frå 2006 - no)
Bøker eg har lese
Filmar eg har
Telefonlista mi
Karakterlise
(fyrste karakter i åttande klasse - no)

Samt budsjett og rekneskap for kvar månad. Eg liker lister. No skal eg skrive liste over kva eg må pakke til Utøya/kva eg gløymde å ta med på Hove.
Og, kjære vêrgudar, ikkje la det regne på Utøya. La det vera sol og varmt, dog kanskje ikkje så varmt som no. I natt ser eg meg nøydd til å sova her:


God natt.