og eg er trufast til din hals

Friday 24 July 2009

Bulldozer

For ein times tid sidan kom eg heim frå ein debatt om skule mellom AUF og Unge Høgre. Og eg skal vera heilt ærleg: me serverte oss sjølv og politikken vår på ein tallerken i kveld. UH-kniven var spiss, og me kunne angre litt på at me inviterte til middag.

Det høyrer sjølvsagt med til historia at eg jamnt over er einig i veldig mykje av Høgre sin skulepolitikk, men eg ser også at me i AUF må framstille politikken vår annleis. Eg blei imponert over UH/Stefan sin taktikk; å snakke på ein slik måte om eigen politikk at den framstår som handlekraftig og motstandaren sin verkar mangelfull. Dette i staden for å angripe motstandarens politikk - ei line me la oss litt for mykje på, og det er me generelt ganske flinke til. Det har me høyrt før, og Jens er nok blitt flink til å rakke mindre ned på Jensen, i skuledebattane er det viktig at me tar etter.

Eg vil nødig utlevere mitt eige parti, men eg må innrømme at eg ikkje tykkjer skulepolitikken vår held stand. Den er så ideologisk korrekt, og nett det hindrar oss i å koma med konkrete, nyttige forslag. Ap er eit parti som tar store hensyn til grunnprinsippa, og det er mykje av grunnen til at eg er med, men i blant kan det bli vanskeleg å setje dei ut i praksis. Spesielt i skulepolitikken. Her må enkelte faktisk få lov til å skilje seg ut og nå høgare enn andre. Når det gjeld tilpassa opplæring - som er enormt viktig - er det kanskje nødvendig å dele folk inn i grupper. Det kan kanskje verka stigmatiserande for somme, men det er ein kamel ein må svelgje om ein skal oppnå genuin læring. Kanskje må ein heller gjera det mer akseptert at folk er ulike - alle er ikkje like flinke, og det må vera greitt i Noreg i dag.

Eg trur Høgre kan koma til å gjera det bra i skulevalet til hausten; dei har valkampsakene på plass, og dersom dei andre debattantane har gått same kurs som Stefan Heggelund, bør me skjerpe oss. Derfor er det også veldig bra med "innsidedebattar" som den me hadde i dag.
Når det er sagt, tviler eg på at alle i UH har gått same kurs som Stefan. Denne artikkelen viser tydeleg det. Fyrste setning (under punkt 1) gjer at heile innlegget faller rett gjennom. Vidare kosar eg meg med bruken av ord som "nu" og "efter" - ein skjøner at forfattaren har lommeboka til pappa i handa, samt sleik og blazer. Det er ikkje rart at Høgre ikkje er definisjonen av høgresida lenger. Det er ikkje rart, men det er synd, for uansett kor klysete dei kan vera, så er dei ein mykje meir verdig motstandar enn Frp.

5 comments:

Amit I said...

Enten er det jeg som er veldig morgentrøtt, eller så var de er ganske bra innlegg :-)

Nå vil jeg nødig skremme deg, men om et par dager skal en del av oss på samme debattkurs som Stefan - med Stefan. Muahahaha >D

Nå er ikke første setning under punkt 1 så galt da, det er et kjent faktum, en politisk effekt, at når folket har det godt, vil de ha forandringer. De tør å prøve ut noe nytt.

Kristin said...

Ah. Ikkje bra. Jeje, me har nok våre taktikkar, me òg ;)

Haha, det er i alle fall ikkje noko smart setning å starte ballet med. Samtidig vil svært få seia seg einige i det. Du har lese artikkelen, du veit at den er latterleg.

Amit I said...

Det kan jeg si meg enig i. Lønner seg aldri å være høy på pæra. Dessuten irriterer det meg når en prøver å være "spesiell" og bruke uttrykk som gamlinger på 60-tallet brukte. Det vinner ikke velgere, det skremmer bort velgere...

Anonymous said...

Jeg er enig i at høyres skolepolitikk ofte er skummelt fristende, med et kraftig unntak av privatskoler. Også enig med deg i at mer nivådelt undervisning sannsynligvis kan gi resultater, og at det hadde vært mye morsommere med en seriøs og prinsipiell valgkamp mot høyre, enn en populistisk og hatefull kamp mot FrP.
Du skriver godt selv :)

Kristin said...

Amit: Nettopp.

Kristoffer: Jøss, det trudde eg ikkje eg skulle få høyre frå ein AUF-ar. Det er oppløftande. Har eit lite håp om å få gjennomslag for noko heller blått ang. skule på neste årsmøte, men tviler kanskje litt, hah.
Takk! :)