og eg er trufast til din hals

Tuesday 31 March 2009

I'm coming back 'round

Wolfie har gitt lyd frå seg igjen! Og rimeleg bra lyd, til og med. Det er så herleg når ein håpar og håpar på noko, men så skjer det aldri, og ein gjer til slutt opp, men så skjer det likevel. Juhu!
Wolfmother, altså.

Sundag var synonym med barnedåp, trening og forfatting av ein 1. mai-artikkel. Fyrstnemnte var koseleg, men innebar også litt frustrasjon, nummer to var veldig nødvendig og avslappande, og sistnemnte gjekk overraskande greitt. Men så snart artikkelen var ferdigspikra og eg endeleg hadde funne eit par brukbare bilete, fekk eg jammen telefon frå den kjære nestleiaren min om at eg må halde appell på Flaggfjellet 1. mai. Sukk. Det blir skummelt. Heldigvis kjem det til å vera meg og ca. to andre der, i og med at det heile skjer klokka null åtte : null null om morgonen. I can't wait!
Eg må nesten innrømme at eg gler meg litt då. 1. mai er jo stas. Det blir i alle fall gøy å skrive talen, sjølv om det blir skummelt å halde den.

Eg har lyst til å gå amok på Råkk & Rålls i næraste framtid. Men det skal eg ikkje, for i april skal eg følgje eit veldig stramt budsjett, så slepp eg å jobbe på Øya og dø av svolt på Hove. Berre 137 og 84 dagar att, no!

Friday 27 March 2009

You ain't the diamond I've been looking for

Eg har lyst på ny template, ein slik fancy ein. Men eg klarer/gidd ikkje lage sjølv, også finst det få fine ute på nettet.
Make me one?

Og bli med meg til Oslo i morgon.

Wednesday 18 March 2009

I've got some principles and now they'll have to fight

var BigBang-maratonet over, etter fem konsertar og fire signeringar på ti dagar. Eg var i ferd med å oppsummere BB-maratonet her på fredag, men så fekk eg pinadø ein mail om nok ein konsert! Etter å ha sagt farvel til bandet på torsdag og gjort meg ferdig med å tenkje på kor lenge det var til eg skulle på konsert neste gong, vakna eg opp tidleg laurdag morgon, klar til å dra på årsmøte i Akershus Ap, og neimen låg det ikkje ein mail frå Big Dipper i innboksen. I ettertid er eg endå gladare for den mailen enn eg blei då eg fekk han, for måndagens konsert var verkeleg avslutninga eg trong.
Eg kan ikkje nekte for at konserten på torsdag var smått skuffande. Til tross for herlege songar eg hadde venta på, då spesielt Isabel, og ein utruleg morosam episode med kvikk-lunsjen til Mari og "vi skal til fjells!" nådde aldri konserten toppen for meg. Det er litt vanskeleg å setje fingeren på kva som mangla, men det var vel i bunn og grunn eit kjipt publikum, iallfall der eg stod. Bandet prøvde så godt dei kunne, og mot dei aller siste ekstranummera starta det å bli ordentleg bra, men då var det brått slutt.
Minikonserten på BD på måndag viste seg å vare halvannan time og innehalde elleve songar, og blei ei verdig avslutning på maratonet, med songar eg ikkje hadde høyrt live før; som Make a Circle og Wherever You Are. Nok ei signering resulterte i at eg kjøpte meg Edendale på vinyl og How Do You Do 7" - sistnemnte var visst av dei aller siste eksemplara av singelen fra '97 som dei tilfeldigvis fann i studio same dag, og den var ikkje billig (eg seier berre: 100 kr pr song).. Då eg fann Little Sister (QOTSA) 7", måtte eg sjølvsagt ha den òg. Musikkposten på budsjettet er definitivt sprengt (nok ein gong), men det får gå.

Helga var også ei nemneverdig oppleving, med årsmøte på Thon Hotell Oslofjord i Sandvika. Så mykje god mat og herlege kaker har eg aldri smakt før, og eg har heller aldri ete så mykje før (eller etter, håpar eg) - det er klart ein et når det er gratis. Men sjølvsagt; møtet var også interessant, me hadde masse flinke AUF-arar oppe, og me triumferte gjennom alle sakene våre, utanom Nei til olje i nord. Sjølvsagt vann me ikkje den. Provoserande, men me var ikkje så altfor langt unna, og me vann faktisk andre saker som me aldri trudde kom til å gå gjennom, som stemmerett for sekstenåringar ved lokalvalg, nei til felles valdag og gratis tannhelseteneste opp til 34 år. Inga heldt garantert dagens innlegg til Martin Kolberg, og til tross for lite søvn klarte eg å følgje med og engasjere meg.
Etter møtet følgde ein ikkje så verst middag og fest med meir mat og moro utover natta. Det var ikkje så lett å stå opp sundag morgon, men alt i alt var det ei hyggjeleg og lærerik helg! Partipampane er faktisk ikkje så kjipe som eg i blant skal ha det til.

Monday 9 March 2009

Lalalalalala Louder

BigBang på fredag var rett og slett for bra til at det kan skildrast. Ein konsert i ei hule i fjellet, bokstaveleg talt, med 150 glade tenåringar, svoltne på konsert. Eg frykta eit slitsamt publikum - og det blei den mest smertefulle konserten eg har vore på (nest etter Muse i '07), men også ein av dei aller beste.

Bandet brøyta seg veg gjennom publikum og opp til scena, sette i gong med Early December og nokre sekund seinare var Øystein sjølv ute i folkemengda. Stagediving var kanskje ikkje det luraste i eit allereie litt vel gira publikum, men ein kan no ikkje klage på slik ein livlig gitarist.
Så følgde bortimot halvanna time med meir moro enn eg har hatt på ei god stund. Bandet verka veldig jordnære, og såg ut til å kose seg ordentleg på scena, noko dei heller ikkje var redde for å fortelje oss. I løpet av tida dei spelte, rakk dei å koma gjennom mange gamle, gode klassikarar, men også tre songar frå Edendale. Songane med aller best stemning var nok My First Time, Louder og Swedish Television. Etter endå tre stagedivingar frå Øystein, var det så varmt og så sveitt der inne at bandet måtte gje seg. Ein rungande Vi skal til fjells, vi skal til fjells! som ein utsliten, klissvåt Øystein utan skjorte oppfatta mer som en ordre enn et spørsmål, fekk bandet til å setje i gong med ei tight Welcome to the Mountains; den perfekte avslutninga på ei perfekt kveld.
Då bandet hadde stagediva seg ut igjen (utanom Nikolai, som sneik seg ut på sida), var det ikkje vanskeleg å leggje merke til smertene i musklar ein ikkje ante at eksisterte, eller at alle i Caven såg ut som om dei hadde vore på Tøyenbadet heller enn på konsert - men det var heller inga tvil om kor herleg kvelden hadde vore.

I dag var det platesignering og minikonsert på Platekompaniet i Oslo, og det var heller ikkje så reint lite moro. Fyrst ein hyggjeleg konsert som inneheldt Call Me, Long Distance Man, Play Louder, Bag of Leaves, Swedish Television og Isabel, så løp eg fem minutt på eit AUF-møte som eigentleg starta ein halvtime før konserten (eg kjente meg slem, men slik blei det no), og til mi overrasking rakk eg fint tilbake til City att, og fekk signert LP-en min og Edendale, og slått av ein liten prat med bandet.

Eg kan nesten ikkje vente til torsdag. For kva skjer då? Jo, endå meir BigBang!
Men: BigBang eller Bigbang? Eg trur eg blir galen snart.

OG: EAGLES OF DEATH METAL TIL HOVE! Herrefredus. Eg har ikkje ord. Berre eit stort glis.

Friday 6 March 2009

tittel skaffar eg seinare

BigBang i kveld!

Det har eg venta lenge på, det.
Dilemma: speilrefleks eller ei? Hm. Har veldig lyst på eit lite BigBang-album, men kameraet er jo ikkje akkurat lite.

I kveld: BigBang på Caven.
Måndag: Edendale.
Neste torsdag: BigBang i Lillestrøm.

Har ei lita kjensle av at eg er inne i ein BigBang-periode!