og eg er trufast til din hals

Wednesday 18 March 2009

I've got some principles and now they'll have to fight

var BigBang-maratonet over, etter fem konsertar og fire signeringar på ti dagar. Eg var i ferd med å oppsummere BB-maratonet her på fredag, men så fekk eg pinadø ein mail om nok ein konsert! Etter å ha sagt farvel til bandet på torsdag og gjort meg ferdig med å tenkje på kor lenge det var til eg skulle på konsert neste gong, vakna eg opp tidleg laurdag morgon, klar til å dra på årsmøte i Akershus Ap, og neimen låg det ikkje ein mail frå Big Dipper i innboksen. I ettertid er eg endå gladare for den mailen enn eg blei då eg fekk han, for måndagens konsert var verkeleg avslutninga eg trong.
Eg kan ikkje nekte for at konserten på torsdag var smått skuffande. Til tross for herlege songar eg hadde venta på, då spesielt Isabel, og ein utruleg morosam episode med kvikk-lunsjen til Mari og "vi skal til fjells!" nådde aldri konserten toppen for meg. Det er litt vanskeleg å setje fingeren på kva som mangla, men det var vel i bunn og grunn eit kjipt publikum, iallfall der eg stod. Bandet prøvde så godt dei kunne, og mot dei aller siste ekstranummera starta det å bli ordentleg bra, men då var det brått slutt.
Minikonserten på BD på måndag viste seg å vare halvannan time og innehalde elleve songar, og blei ei verdig avslutning på maratonet, med songar eg ikkje hadde høyrt live før; som Make a Circle og Wherever You Are. Nok ei signering resulterte i at eg kjøpte meg Edendale på vinyl og How Do You Do 7" - sistnemnte var visst av dei aller siste eksemplara av singelen fra '97 som dei tilfeldigvis fann i studio same dag, og den var ikkje billig (eg seier berre: 100 kr pr song).. Då eg fann Little Sister (QOTSA) 7", måtte eg sjølvsagt ha den òg. Musikkposten på budsjettet er definitivt sprengt (nok ein gong), men det får gå.

Helga var også ei nemneverdig oppleving, med årsmøte på Thon Hotell Oslofjord i Sandvika. Så mykje god mat og herlege kaker har eg aldri smakt før, og eg har heller aldri ete så mykje før (eller etter, håpar eg) - det er klart ein et når det er gratis. Men sjølvsagt; møtet var også interessant, me hadde masse flinke AUF-arar oppe, og me triumferte gjennom alle sakene våre, utanom Nei til olje i nord. Sjølvsagt vann me ikkje den. Provoserande, men me var ikkje så altfor langt unna, og me vann faktisk andre saker som me aldri trudde kom til å gå gjennom, som stemmerett for sekstenåringar ved lokalvalg, nei til felles valdag og gratis tannhelseteneste opp til 34 år. Inga heldt garantert dagens innlegg til Martin Kolberg, og til tross for lite søvn klarte eg å følgje med og engasjere meg.
Etter møtet følgde ein ikkje så verst middag og fest med meir mat og moro utover natta. Det var ikkje så lett å stå opp sundag morgon, men alt i alt var det ei hyggjeleg og lærerik helg! Partipampane er faktisk ikkje så kjipe som eg i blant skal ha det til.

No comments: