og eg er trufast til din hals

Monday 21 September 2009

These songs are my worst habits

Eg lagar fotoalbum. Altså, slike med handfaste bilete festa med lim på papir i eit album. Det har eg gjort sidan 2007 (best of 2007, - 2008, osv.), og det tenkjer eg forsetje med.

Det kjennest så befriande og deilig å sitje med albumet i fanget og lime inn eitt og eitt bilete ("deilig" er forøvrig eit ord som bør inn i det nynorske vokabularet. "Forøvrig" også.). Sant å seia er eg i den digitale fasen no - eg vel ut kva for bilete eg skal sende over nett til FotoKnudsen og få i posten om ei vekes tid. Det er ein vanskeleg og morosam prosess; vanskeleg fordi det ikkje er lett å velje ut berre nokre titals bilete ut av alle dei hundrevis eg har tatt i år, morosamt fordi den sett i gong ein del kjensler. I prosessen blir eg nøydd til å tenkje meg nøye om: kva har eg eigentleg gjort i år? Kva vil eg le av og tenkje tilbake på når eg opnar dette albumet om fem, ti, tjue år? Kven vil eg vera sikker på at eg aldri gløymer?
Eg blir rett og slett tvungen til å setje meg ned, tenkje på alt eg har opplevd i år, og innsjå kor bra eg faktisk har og har hatt det. Og korleis dette berre kan vera ein indikator på framtida.

Desse tankane kjem til å koma attende når eg skal finne fram limet og saksa og sørge for at kvart einaste minne får sin faste plass i albumet. Dei kjem til å vera tilstades kvar gong eg opnar albumet og ser på bileta. Det er ikkje berre opplevingane, men også refleksjonane i ettertid, som lagrest for evigheita.

Album på Facebook er éin ting. Det er enkelt, gratis og oppdatert. Men kvalitet er det ikkje. Spesielt verdifullt er det ikkje. Handfast er det i alle fall ikkje, og nærleiken til minna og gleda i smila på bileta er ikkje-eksisterande. Nei, me menneske kan vera så teknologiske og reformvennlege me berre vil, men når alt kjem til alt er ofte det gode, gamle det beste.

Saturday 19 September 2009

FIRE NYE ÅR

Dette er veldig gamle nyheiter, men det fortener ein blogg, og då blir det ei stund å vente.

Fire nye år med fellesskap framfor egoisme. Fire nye år med Jens framfor Siv eller Erna. Fire nye år med utvikling framfor tilbakesteg.

Fire nye år. Enkelt og greitt.

Fire store takk: to til alle som har bidratt i valkampen, eitt til dei borgerlege som ikkje klarte å framstille noko reelt alternativ, og eitt til valkampen i seg sjølv, som har skaffa meg mange nye vener, mykje ny kunnskap og masse morosamt og nyttig tidsfordriv.
Takk, takk, takk og takk.

Saturday 5 September 2009

One good friend makes up for ten bad ones ?

No skal eg ikkje snakke politikk. Eg skal snakke om noko som irriterer meg meir enn kulturpolitikken til Frp og skulepolitikken til SV til saman. Eg skal snakke om ei sak eg har snakka om før, nemleg problemet av min generasjon: den ansvarslause mentaliteten.

I dag er alt lov. Det er lov å koma fem minutt, ein halvtime, ein time for seint, det er jo berre å sende ein sms. Anten i god tid, eller etterpå, då treng ein berre leggje til eit "unnskuld". Det er til og med heilt greitt å utebli. Då treng ein berre leggje til eit "unnskuld - eg gløymte det heilt," eller "unnskuld, det blei litt annleis enn eg hadde tenkt".

Det handlar ikkje om å prøve å unngå nokon, finne ein diskret måte å sleppe unna på. Det trur eg faktisk ikkje. Mange ville kanskje sagt at det i alle fall er beroligande, men eg vil tvert imot seia at det er det verste. Det tyder at dette rett og slett er ein akseptert mentalitet eg må venne meg til. Det tyder at i dag ikkje var siste kvelden eg blir nøydd til å gå åleine på konsert grunna "misforståingar". Det var ikkje den fyrste, og det blir ikkje den siste. Men det handlar ikkje om det. For meg handlar det om at det alltid er greitt å bryte avtalar, uansett kor konkrete og enkle dei er.

Eg aldri kjem til å venne meg til denne mentaliteten, eg kjem ikkje til å akseptere det. Ikkje kan ein seia ifrå heller, nett fordi det er så akseptert. Eg vil ikkje diskutere. Eg er ikkje ute etter å skape konflikt, for kanskje treng eg å ringe dei neste gong eg treng nokon å dra med på konsert. Men igjen - kva er vitsen, om det ikkje er så viktig for dei å møte opp?

Dette er framtida, og det skremmer meg. Kva når desse menneska skal styre verda? "Oi, det blir visst ikkje noko samarbeid mellom Akersgata/Møllergata og Det Kvite Hus i år, utenriksministaren rakk ikkje flyet til møtet. Jaja, det går nok bra."
Dei seier det er normalt å kunne telle sine beste vener på ei hand. Eg tykkjer likevel ikkje det skal vera greitt å kunne telle antall vener ein kan stole på på ein fingar.