og eg er trufast til din hals

Wednesday 28 January 2009

You're all in my hands tonight

Oasis i Oslo Spektrum: ganske fantastisk.
Utanom ein stopp halvvegs inni Wonderwall, der Liam gjekk pissur til lydmannen for å fikse noko, og måtte starte songen på nytt, verka Gallagher-brørne slett ikkje så arrogante som dei pler. Ikkje verst, altså.

Dagen derpå (altså i dag) var det fri, noko som resulterte i ein ganske produktiv dag, med joggetur, lekser i heile fem fag, rydding, møte i AUF og avslapping. Ikkje så verst, det heller.

Elles har eg funne ut at eg skal skjerpe internettspråket mitt - skrive betre norsk. Kvaliteten på språket mitt på Facebook, msn og her er altfor dårleg og øydelegg nynorsken min, og det er ikkje bra. I tillegg skal eg slutte å banne så mykje, det er faktisk ikkje så jævlig kult som eg skal ha det til.

8)

Sunday 25 January 2009

Swedish television

(info: ja, bloggfargane har fåkkt seg opp. også hugsar eg ikkje korleis dei var! somebody help me, please?)

Hei blogg, og godt nyttår! Eg stakk av igjen. Må berre unnskulde det. Igjen.

Men i dag stikk eg innom for fyrste gong i 2009, og året har absolutt fått ei verdig byrjing. Og så har eg laga meg eit par seine nyttårsforsett:
1. Trene minst to gongar i veka
2. Lesa minst to artiklar i Le Monde i veka, oversetje dei og skrive ned glosene eg ikkje kan frå før av
3. Drikke meir vatn enn farris
Så interessante var dei 8)


Tidlegare i veka blei eg valt inn i det nye elevrådsstyret, som informasjonsansvarleg, og skal frå februar/mars av lage eit nytt og betre DoNytt ein gong i månaden, samt administrere ei eller anna heimeside som enno ikkje finst (?) og it's learning. Så det kan bli interessant og moro.

Og i går skjedde det noko bra: delvis utan grunn, delvis med, tenkte eg, like etter å ha vakna og kjent meg litt nedfor og sliten etter ballet på fredagskvelden, at; kvifor skal eg ikkje på Hove i år, eigentleg? Seinare følgde seks timar og eit kvarter med tenking i bakeriet på Ultra, blant loff, glutenfrie pølsebrød og altfor gode chocolate triple chip cookies, som resulterte i konklusjonen: Kristin skal på Hovefestivalen 2009. Mindre fantastisk er det ikkje.
No gjeld det berre å finne ut korleis eg gjer det med camping: skal eg skaffe eit gigantisk telt og sova saman med Cecilie og Isabel, eller skal eg kjøpe pass med camping + telt og satse på at eg får telt i nærleiken av dei? Er det slik at ein kjem dit, seier "hei, eg har camping + telt-pass og vil gjerne ha telt ved sida av dei der," og så ordnar det seg? Eller har ein allereie blitt tildelt plass når ein kjem dit? Hm. Og kor lenge varer prisen på dei billettane som ligg ute no? Hjelp.

Oh, endå ein fantastisk ting: BigBang 12. mars!