og eg er trufast til din hals

Friday 14 December 2007

60 revolutions per minute

... this is my regular speed.

Godt gjort å få det same biletet av seg trykt i tre aviser.

Sunday 9 December 2007

Millimeterpresisjon stod det i ingressen

Så nærmar det seg jul då, og rekord for nordmenns juleshopping. Trist at det aukar sånn i desse liksom-miljøvennlege dagar, eg vil i alle fall ikkje vera med og bidra til auka utslepp. Miljøånden heng over meg heile tida no, og det er vel ein god ting, men eg må få seia at det er slitsamt òg.
I går var eg på julemarkedet på Rådhusplassen, og det må vera noko av det styggaste eg har sett. Bodar på bodar fulle av juggel og snop, og altfor høg live musikk i form av jazza opp julesongar i altfor høgt tempo. Eg kjende det som om eg kom inn i Amerika då eg gjekk gjennom den porten, så det julemarkedet synest eg me kunne spart oss for.

Uansett, no er konsert- og togbillettar bestilt og gjestehus booka til Bergen 29. februar, så alt er klart, og eg gledar meg meir enn nokon gong før. Eg er utruleg spent på den nye plata, eg har eigentleg ingen aning om korleis ho kjem til å verte, men eg satsar på at ho òg vert god, for eg ser verkeleg fram til ein ny Kaizerssesong no, med konsertar, signeringar, DMA-folk og.. ja. Alt som høyrer med.

I det siste har eg fått eg vorte litt merkeleg opptatt av Storbritannia, og då særskilt Skottland. Eg aner ikkje kvifor, men eg har plusteleg fatta interesse for landet, og eg har byrja å sakna sommerferien i fjor igjen, då eg var i England og Wales. Eg har generelt veldig stor reiselyst akkurat no, så eg håpar eg får reist litt til neste år. Det er alltid moro å oppleve andre land.

Tuesday 20 November 2007

Sleep, don't weep

Eg vart litt provosert då eg såg på Dagsrevyen i stad, og dei sendte frå barnas spørretime på Stortinget i dag, nettopp fordi dei som var der oppførte seg som barn. Dei fleste der var eldre enn meg, i alle fall tviler eg på at særleg mange av dei var yngre enn meg, men dei oppførte seg verkeleg som ungar. I alle fall slik det framstod på Dagsrevyen. Det er synd at når ungdomar får ein sjanse til å uttale seg om noko, er det nokon av dei som gjer eit inntrykk av at dei eigentleg ikkje bryr seg. Det øydeleggjer for respekten til ungdom flest, og for ungdomspartia, og det er synd.
Men no skal det jo nemnast at det verka som om dei kom med ein del gode innspel i spørretimen då, sjølv om det også var litt av det gamle pjattet (kvifor har me nynorsk? osv.).

I dag skreiv eg faktisk mitt fyrste kåseri, på norsktentamen. Eg har lese så mykje Are Kalvø at eg kjende meg ganske komfortabel som kåsør, eg synest faktisk det var veldig morosamt. Det må eg gjera meir av i framtida.

Men nol er eg ganske lei av å skrive, i og med at det er det eg har brukt heile dagen på, så eg trur eg skal ta meg ein pause. Og sjå på Redaksjon EN, der det i dag skal handle om arveavgifta, som eg forøvrig så absolutt synest skal fjernast. Sjukt å ta så mykje pengar for noko ein eigentleg burde få heilt gratis. Hadde ikkje me tinglyst hytta vår no, som er verdt ein del millionar, måtte me betalt minst ein million kroner til staten når mormor og grandtanta mi døyr. Det hadde me ikkje hatt råd til, så då måtte me selt hytta for å gje staten ein million av pengane. Kvifor i all verda skal staten tjene på at besteforeldra mine døyr? Og den hytta tilhører ikkje akkurat rikmannsfolk, for det ingen i familien min er rike, og hytta vart kjøpt for 250 kroner i 1905. Så i denne saka synest eg Kristin Halvorsen tek grådig feil. Arveavgifta må bort.

Wednesday 14 November 2007

För politiken lever i dig

I går ringde to Jehovas vitne på døra mi. Heldigvis bur eg i blokk, så dei må ringje på to ringeklokker for å få tak i meg, og då visste eg at dei kom, og slik unngjekk eg å opna for dei. Men eg var likevel så heldig at dei la igjen eit lite hefte med ein rosa post-it-lapp på, der det stod: "Hei! Jeg er et av Jehovas Vitner og jeg har forsøkt å treffe deg hjemme uten å lykkes. Årsaken til at jeg besøker deg og andre er at mange har spørsmål som de syns er vanskelige å finne svar på. Har du f.eks. lurt på hvordan livet blir i framtiden? Se øverst på s. 4 - Dette og andre spm gir Bibelen svar på."
Mja. Sjuke menneske. Eg angrar litt på at eg ikkje opna no, eg skulle gjerne diskutert med dei, men på den andre sida var det nok like greitt, i og med at dei eigentleg berre er skumle.

Men no, over til noko mykje viktigare. I dag har eg vore på møte om samarbeidet mellom Fatah Youth og AUF, og høyrt delegasjonen frå FYO snakke om korleis det er å leva der nede, og kor takknemlege dei er overfor AUF. Det er ganske spesielt å møte desse folka, dei har opplevd mykje fælt, og det er noko heilt anna å høyre om alt det grusomme Israel driv med frå nokon som faktisk har opplevd, og enno opplever, det. No er dei på besøk i eit fritt land i ei veke, men snart må dei dra heim til Palestina og oppleve undertrykking og elendigheit igjen. Det er ganske spesielt å tenkje på det, eg klarer ikkje førestille meg korleis dei har det der nede. Dess meir interessant vert det å snakke med dei, sjølv om det ikkje alltid er så lett, pga språkbarrieren. Berre nokre av dei snakkar engelsk, og eg er jo ikkje akkurat så god til å snakke arabisk. Men språkbarrieren er faktisk med på å forsterke inntrykket, dessutan er det interessant kor lett det kan vera å kommunisere med folk utan at ein snakkar det same språket (i det siste har språkinteressen min eksplodert igjen).
Etter møtet gjekk me og spelte bowling i Torggata. Ein hyggjeleg og lærerik kveld, har det vore.

Sunday 11 November 2007

Kvitt

SNØ! Det har snødd i dag, og lagt seg på bakken for fyrste gong i år. Herleg! Sjølv om han nesten er borte igjen no då.
Men då har ikke den globale oppvarminga gått altfor langt, i alle fall. Du får ikkje ta snøen, global oppvarming!

Og så har eg vore på Midtøstenskolering på Stortinget. Mykje interessant der. Eg vert meir og meir engasjert i konflikten jo meir eg høyrer om han, og det er jo veldig bra. Men samtidig vert eg meir og meir fortvila, elendigheita tek jo ikkje slutt der nede. Men då gjeld det vel berre å ikkje gje opp.

Uansett. No må eg skrive ei oppgåve om Koloss, og så om Einar Gerhardsens rolle i den kalde krigen. Wish me luck.

Friday 9 November 2007

I put some new shoes on, and suddenly everything is right

Eg diggar Kristin Halvorsen. Ho er ei stilig dame.

MEN, og dette er eit fantastisk men, eit men som symboliserer at eg er overlukkeleg; EG SKAL ganske sikkert SJÅ KAIZERS IGJEN 29. FEBRUAR.

Ikkje at det er meir enn tre måneder og ein dag sidan eg såg dei sist, men det teller ikkje heilt når det er snakk om ny plate, nye songar og ny turné.

Bergen 29. februar 2008. Ein magisk dato.
Så sant eg/me finn ei verge, men det må me då få til.

Eg gledar meg så mykje at eg ikkje har ord. Eg seier det igjen: ingenting gjer meg så glad som Kaizers.

Monday 5 November 2007

Skulepolitikk

Skulepolitikken i dette landet byrjar å gå meg på nervane. Ingen parti står for den skulepolitikken eg ynskjer. Det er nesten så ille at eg vurderer å skaffe meg ei framtid i kunnskapsdepartementet, og bruke all tida eg har til å endre skulepolitikken til Ap.

Eg vil nemleg ha eit samfunn med ein skule der:
- det er fritt skuleval
- det skal høgare karakterar til for å koma inn på lærarstudiet
- teater ikkje er ein så stor del av norskundervisninga som det eg har opplevd
- språk satsast meir på (men det skjer jo no, og det er fantastisk - eg diggar deg, Solhjell!)
- nynorsk inkluderast i norskundervisninga frå barneskulen av, og vert valfag frå ungdomsskulen av
- privatskular ikkje er eit alternativ
- det ikkje er karakterar i gymnastikk viss ein ikkje ynskjer det
- gymnastikktimane leggjast opp på ein annan måte
- dei flinkare elevane vert teke omsyn til på lik line med dei svakare elevane
- elevane lærer mykje meir enn dei gjer per i dag

Resten av skulepolitikken Ap fører i dag er eg nøgd med.
Men alle dessa punkta eg har sett opp her er viktige for meg, og eg hatar at dei ikkje vert gjort noko med. Skulen slik som han er i dag er absolutt ikkje god nok. Det som er dumt med Arbeidarpartiet er at dei enno held fast på at folk ikkje skal vera utdanna til noko høgare enn såkalla "arbeidarar". Utdanning og kunnskap er utruleg viktig, difor er det synd at det ikkje satsast meir på i Noreg i dag.

Saturday 3 November 2007

"Liker du musikk? Vi har balalaikaorkester!"

Eg elskar Hallo i Uken.

Men eg har eit lite spørsmål på lager. Den norske filmen Reprise er stempla som komedie og har kommentaren "hylande morosam!" på DVD-coveret. ..hallo? Eg ser ikkje eitt spor av humor i handlinga i den filmen utanom enkelte kommentarar. Han handlar om eit par 22 år gamle gutar som begge drøymer om å få gitt ut bøkene sine, men det utviklar seg til ei historie om ein gut som får store psykiske problem. Er psykiske problem morosame? Kan nokon i så fall fortelje meg kva som er morosamt ved det? Men det er jo tydeleg at filmen ikkje er laga for å hengje ut folk med psykiske problem, så då skjønar eg i alle fall ikkje at filmen kan stemplast som ein komedie. Viss nokon har svaret på dette, ber eg dei om vennligast å kontakte meg.

No skal eg sjå film.

Thursday 1 November 2007

Snø og refleks

Eg vil ha snø. Eg veit det ikkje er så rart at det ikkje har snødd enno i år, men eg vert stadig meir redd for at det ikkje skal koma snø i år heller. Eg vil ha snø på bursdagen min i år. Det snødde ikkje femte desember i fjor, det var vått ute. Det er både utruleg skummelt, med tanke på global oppvarming, og trist, med tanke på kor fin snøen er.

Dessutan er det ein del tryggare for dei som ferdast på vegane òg. For det er diverre altfor få som bruker refleks, og no er det veldig mørkt ute. Men det vert lysare og lettare å sjå folk når/viss snøen kjem, fordi han lyser opp.

Så, moralen er; stans global oppvarming og BRUK REFLEKS!
(det at reflekssaka står med store bokstavar, tyder ikkje at det er viktigare enn å redde klimaet, men det er meir aktuelt, og noko ein kan få gjort meir med åleine.)

Sunday 28 October 2007

Lie to me, sing me a song

Ah, Ryan Adams. Lenge sidan.

I dag har me rydda i kottet, ordentleg for fyrste gong sidan me flytta inn her i '96. Det resulterte i at me kasta fire søppelsekkar og fire bæreposar med gamle klede og skrot, og gav tre posar med tøy til Fretex. Overflodssamfunn, sa du? Ikkje i det heile tatt.
Men det er no alltid morosamt å ta fram gamle klede frå sytti-, åtti- og nittitalet, og sjå på gamle bilete heilt tilbake til fyrste halvdel av 1900-talet. Det her har vore den mest underhaldande sundagen på veldig lenge.

Eigentleg skulle den ha vore endå meir underhaldande, eg hadde planlagt å dra på Bok i Sentrum og høyre Are Kalvø snakke om den nye boka si. Men vêret var så dårleg at eg ombestemte meg då eg nærmast vart slått over ende av vinden medan eg var ute med søpla. Det fekk halde med å høyre på Knut Nærum på fredag, men eg føler eg har gått glipp av noko når eg ikkje har fått høyrt Are Kalvø. Men, men, det er vel ikkje siste gong han underheld folk live.

Men no skal eg stikke og sjå ein film som eigentleg starta for lenge sidan.

Wednesday 24 October 2007

Take a Bow

Musekonserten vart i går diverre fullstendig øydelagt av sjukt mykje pressing og galne folk. Forferdeleg synd, for eg veit at dei spelte så utruleg bra, men eg fekk ikkje nytt det.
Eg er ikkje nokon konsertjomfru akkurat, men under konserten i går kunne det kanskje verke sånn. Så mykje pressing har eg aldri opplevd. Det var verkeleg det verste eg har opplevd. Under den fyrste songen fekk eg heilt anfall, og folk tilkalla vaktene, og utover konserten kom ei dopa jente og prøvde å klore ut innvollane i magen min for å komme seg framfor meg. Samtidig hadde eg ein utruleg sleip gut på høgre side av meg, som sa til mannen bak meg at "eg prøver berre å gje ho der (meg) litt betre plass," medan han eigentleg slo til og sparka meg, utan at mannen kunne sjå det. Det var heilt forjævlig, og no er det nærmast sånn at eg aldri vil på konsert igjen. Og det er eg sint for, eg elskar jo vanlegvis å gå på konsertar.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Men då det var ein fire-fem songar igjen, pressa Silja og eg oss ut av folkemengda (som var overraskande stor) og stilte oss heilt bak. Hadde me berre stått der heile tida, ville me hatt ei heilt anna oppleving. Men då hadde me iallefall nokre fine minutt, og fekk i det minste nytt slutten av konserten, så det retta opp litt av uttrykket.
Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Noko som var litt morosamt, var då bandmedlemma sa "tusen takk" og "hvordan går det?" med nesten perfekt uttale (jadå, eg er som dei fleste nordmenn og let meg sjarmere av sånt). Men dei har jo vore her i ein fire dagar no, så dei har vel hatt tid til å lære seg eit par norske ord.

Men eg er heilt vrak etter konserten, og skal difor leggje meg så tidleg som halv elleve i dag, og i tillegg kan eg sova lenge i morgon! Sidan det er OD-dag og eg, som medlem av OD-komiteen på skulen, skal møte opp på skulen klokka tolv og sitje der og motta pengar til klokka fire. Fantastisk.

Sunday 21 October 2007

Stang

I dag hadde me familieselskap for Marianne, som hadde bursdag (Elin òg såklart, tvillingar har jo bursdag same dag, så vidt eg har fått med meg etter å ha levd med dei eit heilt liv) på torsdag. Kveldens snakkis: Fabian Stang og utsagna hans i Aftenposten i går. Morosamt korleis ein kan få ein stor prosentdel av samtalen i eit familieselskap til å gå med på Oslos nye ordførar. Det manglar ikkje på merksemda rundt han, iallfall.
Fortsett slik, Fabian, så vert nok Oslo raudt om fire år!

Det er ikkje så lett å veta kven som er lærarar på skulen for tida. Me har nemleg ein haug av studentar som fyk rundt i korridorane, kvar klasse har tre kvar. Nokon er dramastudentar, andre kunststudentar, og andre igjen lærarstudentar. Samtidig har me ein lærar som er atten år og fast ansatt på tiandetrinn, noko som er fullstendig sjukt - eg leverte inn ei oppgåve om Palestina til retting før frista, slik at eg kunne få ho tilbake for å rette opp feila, og fekk tilbakemeldinga "alt er bra, berre lever ho slik!" Då eg fekk ho tilbake, såg eg fleire feil - vesentlege feil, som handla om religion, og som ho som KRL-lærar verkeleg burde ha sett, sjølv utan å ha gått lærarskulen. Ein lettent seksar for meg, men likevel sjukt. Men det er ei anna sak. Det er iallfall morosamt med masse studentar som surrar rundt, dei er eit friskt pust i skulekvardagen. No til veka skal me ha ein del teater- og kunsthistorie med dei, og det trur eg kan verta morosamt.

Og me har endeleg fått frukt på skulen no; kvar dag forskjellige variantar. Det er overraskande populært blant medelevane, så det var tydelegvis eit lurt raudgrønt trekk.

Men no er det på tide å sjå reprise av Nytt på Nytt!

Wednesday 17 October 2007

Insert title here

I dag tidleg då eg kom ut av blokka, var det fyrste eg høyrde, sirener. Då eg snudde hovudet til venstre etter lyden, såg eg haugevis av ambulansar og politibilar. Ei dame på 26 år med barnevogn og to ungar på tre og eitt år, var påkøyrt. Det såg absolutt ikkje bra ut.
Romerikes Blad skriv at situasjonen til gutten på tre er kritisk. Huff. Eg vonar det går bra.

Eg er no ferdig med å skrive eit tresiders manus til ein film som skal vare i tre minutt. Tresiders manus - treminutts film. Om den kjem til å vare lenger enn tre minutt? Ganske så sannsynleg. Men men, ein kan ikkje veta før det er sjekka ut, la oss ikkje ta sorgane på forskot denne gongen.

Gliset på Fabian Stang då han fekk ordførarvervet i dag, var berre ekkelt. Men no er det iallfall endeleg avgjort, det tok altfor lang tid.
Men no er det visst mistankar om valfusk i Arbeidarpartiet her i kommunen. Viss det stemmer, veit eg ikkje kva eg gjer. Det kan berre ikkje stemme. Dei menneska som gjer sånt er berre sjuke. Og me har ingen sjuke folk i partiet her, så vidt eg veit. Men det veit eg såklart ikkje sikkert.

Men no trur eg faktisk at eg skal stikke og sjå på Idol, i år er fyrste år eg gidd å sjå på det, for i år er det faktisk rimeleg høgt nivå på deltakarane, og dommarane er ikkje så jævla kjipe og slemme heile tida, og det er mykje betre.
Tudelu.

Saturday 13 October 2007

Frp får æra av å diktere meg gjennom vidaregåande

Idiotiske Akershus KrF og Venstre, eg er så skuffa over dykk. Greitt nok med Høgre - men Frp? Det var vel for mykje å håpe på at de skulle gjera som deira partifeller i Oslo og gå imot eit styre med Fremskrittspartiet. No har me altså borgarleg styre i fylkeskommunen, for fyrste gong på tjue år.
Eg synest synd på alle som er fødd i tidsperioden 1989-1993. Me må gå på ein vidaregåande skule som Frp får råde over. Hadde enno Venstre vore litt større kunne dei teke styringa over skulepolitikken i fylket, for Venstre har god skulepolitikk, men dei har vel ikkje så mykje dei skulle ha sagt i dette samarbeidet.
Det var synd, Siri, det var du som verkeleg fortente å verte fylkesordførar!

Ymse småplukk frå veka som har gått:
- Eg var på eit interessant møte om Palestina på Chateau Neuf på torsdag, som varte i tre timar, og som innehaldt veldig mange gode, og nokre rare, innspel. T-skjortene dei selte var veldig fine, "Riv muren i Palestina" stod det på dei, og biletet på skjorta viste ei positiv vinkling på saka; muren som falt og ungar som løp lukkelege rundt og spelte fotball og leika med sommarfuglar. Ei slik vinkling funkar veldig bra.
- Eg har klart å snike meg inn i OD-komiteen på skulen.
- Eg har kjøpt årets fyrste julepresang (men veit ikkje heilt kven den skal gå til enno).
- Eg kjenner meg passe forvirra etter å ha sett/høyrt seks episodar av Nytt på Nytt og Hallo i Uken i feil rekkefølgje. Kva har eigentleg skjedd i nyheitsbiletet denne veka? Trur eg må ta meg ein tur innom vg- og dagbladet.no.
- Og viss nokon lurte; eg endte opp med å dra til Moss førre helg.

Wednesday 3 October 2007

Ikkje kreativ nok til å lage nokon tittel

Men i dag har eg faktisk vore litt kreativ, sjølv om eg enno slit med titlar. Kreativ til å vera meg, iallfall. Eg har plukka ut og redigert 76 bilete frå sommaren, som eg skal sende til FotoKnudsen for å få ut på fotopapir. Og så har eg vore ute og kjøpt eit album som eg skal putte bileta i når eg får dei.

Det her har eg då snakka om å gjera sidan ferien starta, men eg trudde aldri eg faktisk skulle få gjort det. Det er utruleg kva litt feriekjedsomheit kan føre til, det er ikkje ofte eg har gidda til å vera såpass kreativ.
Men likevel, eg trur ikkje akkurat på den Facebooktesten som sa eg var ei kreativ sjel, og difor burde verte kunstnar. Det er vel så langt frå framtidsplanane mine som ein kan koma.

Elles slit eg med eit val no, angåande helga. Skal eg vera heime og passe lille Thea, eller skal eg dra på AUF-kurs i Moss? Hm. Må tenkje litt for/mot her.
Positivt med å ikkje dra: eg får passe Thea. Eg får gjort lekser. Eg får passa litt på mamma som er sjuk. Eg får sove, og det i ei seng og ikkje i sovepose på eit liggjeunderlag. Eg slepp å dra meg til Youngstorget med ein bag med sovepose og liggjeunderlag (eg er verkeleg allergisk mot sovepose og liggjeunderlag).
Positivt med å dra: Eg lærer garantert noko nytt. Eg får vore med masse flotte AUF-folk. Eg vert antakeleg kjent med nye folk. Eg får kjenne den herlege Mosselukta igjen (det var ein spøk, ja). Eg kjem ganske sikkert til å ha ei fin helg.

Valets kval, altså. Eg aner ikkje kva eg skal vele. Ikkje at det eigentleg er så vanskeleg, men akkurat denne helga passa det ikkje så bra. Så me får sjå kva som skjer. Men eg drar nok.

Og til slutt: musikken for tida går berre i Bjørn Afzelius og Hoola Bandoola Band. Fantastisk musikk eg er glad eg oppdaga på Utøya.

Friday 28 September 2007

Amerika, du tar mina vänner

Eg må innrømme at eg faktisk synest haustferien er ganske unødvendig. Iallfall for meg. Denne hausten har kun bestått av valkamp, klassetur, litt meir AUF og sjukdom, så eg har vel vore vekke frå skulen i to veker til saman allereie. Då gjenstår ca. tre veker med skule. Eg treng ikkje ferie etter tre veker med skule. Ikkje fem veker heller.

Viss me fyrst skal ha ferie, kvifor i all verda så tidleg etter sommarferien? Ingen (eller, iallfall svært få) vert sliten etter fem veker med skule. I starten av skuleåret går det så treigt likevel. Og ferie er jo noko ein skal ha for å slappe av, men det treng ein ikkje rett etter sommarferien. Flytt det heller ein månad fram, så er det litt meir logisk.
Eller berre dropp heile haustferien og legg heller på juleferien slik at ein har to veker då, for jula er ei ypparleg tid for elevar og studentar å jobbe. Butikkane treng arbeidarar i juletida, og elevar/studentar treng pengar. Så kutt haustferien, og gje oss heller litt meir juleferie, då slår me to fluer i ein smekk; elevane får meir kunnskap òg moglegheit til å jobbe!
(Men eg trur ikkje det er så veldig AUF-vennleg politikk eg fører her..)

Wednesday 26 September 2007

Det er ikkje berre Jens som ikkje kan geografien sin

I dag var det bokmøte på biblioteket på Triaden med Lise Blomquist. Ho klarte å seia heile åtte gongar i løpet av dei fem kvartera ho var der at ho var på Lillestrøm. Heilt på slutten må ho ha forstått at nei, det var ho ikkje, for då sa ho Lørenskog igjen.

Men eg veit enno ikkje om den episoden ho fortalde om hende her eller på Lillestrøm. "Her på Lillestrom for ein seks-sju år sidan..." sa ho. Tyder det Lillestrøm eller Lørenskog?
Går ut i frå at eg aldri får veta det. Så irriterande.

Monday 24 September 2007

Det smartaste eg nokon gong har gjort;

.. å melde meg inn i AUF. Det har eg jo visst eit halvt års tid no, men likevel. Eg gjenoppdaga det i helga.

Endeleg har eg klart å få meg til å engasjere meg ordentleg i utenrikspolitikk. Det har eg ikkje gjort tidlegare, eg har ikkje fått satt meg inn i internasjonale saker, men no har eg endeleg vorte interessert i det. Det var på tide.

Eg har hatt ei svært lærerik helg, høyrt på innleiarar som har snakka om mykje viktig; blant anna Røde Kors, Norsk Folkehjelp, (nei til) EU, Midtøsten, Sosialisme/sosialdemokrati andre plassar i verda, AUFs internasjonale prosjekter osv.. I det heile tatt. Mykje nyttig.
Og så har eg jo fått nokre nye vener og kjenningar, både frå Sør-Trøndelag, Oslo, Akershus, Nordland og mange andre plassar. Og eg fekk sett den fine byen Trondheim att, det var jo heile to veker sidan eg var der sist.

Så AUF; takk for nok ei fin helg!

Thursday 20 September 2007

Maxwell's Silver Hammer

I morgon reiser eg til Trondheim, på internasjonal konferanse arrangert av Oslo og Sør-Trøndelag AUF. Men me var heldige som fekk lov til å vera med frå Akershus òg.

Elles enn det kan eg melde noko anna hyggjeleg; Ap fekk varaordføraren i Lørenskog i tillegg til ordføraren! Så no har me Åge Tovan og Ragnhild Bergheim heilt i toppen her. Fantastisk. Det vert nok fire fine år til framover no.

Mja. Elles er det vel svært lite å seia. Vart stille no, etter valkampen. Men eg har likevel hatt veldig mykje å gjera, så eg har i grunn ikkje kjeda meg.
Og på tirsdag er eg nødt til å møte Donald-teiknaren Don Rosa på boksignering i Oslo fordi pappa så utruleg gjerne vil ha signatur av han i ei av dei hundretusen Donald-bøkene sine. Uff, eg liker ikkje sånt. Men men, eg får no gjera det, eg veit kor mykje det betyr for han. Berre synd han er i Spania, så han ikkje får gjort det sjølv.

Yes.

Tuesday 11 September 2007

41 prosent!

41 % til Arbeidarpartiet og Åge Tovan her i Lørenskog. Fantastisk!

Det var herleg å vera i Folkets Hus i går, saman med hundrevis av andre frå partiet og AUF, og sjå resultata tikke inn. Jubelen var stor då resultatet frå Lørenskog vart fastslått, riktignok ikkje på langt nær så stor som jubelen og gispet då resultatet frå Årdal vart kjent - 77 % til Ap - men det var ein stor siger og ei ordentleg glede.

Men mest spennande var det likevel å fylgje med på Oslo, for i Lørenskog "visste" me at me ville vinne, berre ikkje så overlegent. Og Oslo gav flest stemmar til Ap, fem prosent over Høgre, men sidan SV gjekk ned heile ti prosentpoeng, vart det borgarleg styre i fire år til i Oslo. Eg må seia det var trist å høyre Rune G konstatere at, nei, me fekk ikkje Oslo i år heller. Men ein trøst var det jo at me faktisk var størst i byen, det viser jo iallfall kor dei fleste Osloinnbyggjarane høyrer til.
Skedsmo var det også ganske spennande å fylgje med på, og det er det enno, sidan det viste seg å gå mykje betre enn venta for Ap. Pga eigedomsskatten hadde eg meir tru på at det kom til å verta eit borgarleg fleirtal i kommunen, men det viste seg at Ap kanskje kan få gjennomføre 100-årsjubileet likevel, ettersom Orlund og kompani klarte å få heile 37,7 % av stemmane, og enno har like mange mandatar i styret. No er alt opp til midtpartia. Så eg seier; Venstre, KrF og Sp, la ikkje Høgre og Frp øydeleggje hovudstaden på Romerike, og inngå eit nytt samarbeid med Arbeidarpartiet!
Og akkurat det same seier eg til Venstre i fylkeskommunen. La Siri verte ny fylkesordførar!

Tilbake i Folkets Hus i går kveld/natt, vart det etterkvart ein ganske blanda stemning. Resultata frå Oslo gjorde at me gløymte litt dei gode resultata me hadde fått i Lørenskog, på Rælingen og i Skedsmo tidligare på kvelden. At resultata frå Ullensaker etterkvart også vart klare, og viste at Frp vann med 41 prosent, gjorde også mange nedbrotne. Så medan Elin stod og håpa intenst på at ho ikkje var kome inn i kommunestyret i Ullensaker (så ho skulle sleppe å, sånn som Tonje, måtte samarbeide med Frp og Pensjonistpartiet i fire år), stod ein ganske så full Stine Renate og gråt av glede fordi heimkommunen hennar fekk Ap-styre på fyrste gong på mange år, og samtidig som Lo gratulerte oss frå Lørenskog med sigeren, måtte andre trøste nedbrotne nordlendingar som låg utanfor bygningen og strigråt etter å ha fått veta resultata frå heimkommunen.

Altså var det ikkje heile tida så lett å veta kva ein skulle føle. Men alt i alt gjorde me, eller Arbeidarpartiet, eit godt val, og det er det me må fokusere på. Så får me berre håpe og jobbe for at kommunane med dårleg resultat får sosialdemokratisk styre ved neste val, og at SV klarer å reise seg igjen i løpet av det neste halvanna året (korleis kunne det eigentleg gå gale med dei?). Våren 2009 treng venstresida eit sterkt SV igjen!

No gjeld det berre å finne eit tidsfordriv igjen, sidan valet er over. For meg kunne det godt ha vore valkamp heile tida, eg har verkeleg nytt å ha noko å gjera dei siste vekene; noko som har fått meg ut av huset, gitt meg nye vener og kjennskap, og mange nye og gode opplevingar. Ei fin avslutning på sommarferien har det iallfall vore.

Friday 7 September 2007

FpU, ”adresse” skrivast med éin d

Skulen me visitterte i Trondheim hadde nemleg fått utdelt linjalar til elevene under skuledebatten dei hadde i førre veke (der RV vann, Ap kom på andre og Frp på siste), med skrifta "Vil du melde deg inn i FpU? Send FpU ditt navn, din addresse til ...".
No er det såklart normalt å skrive feil i blant - det gjer eg ofte sjølv - men det er ganske godt gjort å skrive eit ord dei fleste kan skrive rett, feil, på noko elevar faktisk skal bruke som eit hjelpemiddel i skulen. Så, FpU, sjekk vennligast kva de skriv neste gong de deler ut valmateriale til skuleelevar.

Trondheim treng nye bussar. Dei er overfylte og gamle, iallfall dei eg rakk å køyre med då eg var i Trondheim denne veka. Og Ap treng ein ny valbod! Den lille treboden hadde jo sjarmen sin, men naboane deira på torget, nemleg Høgre, fekk boden til å sjå veldig stakkarsleg ut. Ein kan jo oppdatere seg litt, iallfall.

Elles er det jo fantastisk at me vann skulevalet! Og det var fint å sjå at Frp gjekk slik tilbake.
No gjeld det berre å gjera ein skikkeleg innsats dei to siste valkampdagane som kjem no, og få endå fleire til å stemme Arbeidarpartiet, og få fleire aktive folk inn i AUF. Eg har allereie verva to i klassen min (men det spørs no kor aktive dei kjem til å vera), så det lovar foreløpig godt!

Sunday 2 September 2007

No skriv eg nok ein blogg.

Delvis pga Karen, som uttrykker ei merkverdig glede kvar gong eg seier eg har skrive ein blogg, delvis fordi eg har lese på bloggen til Unge Høgre-ledar Torbjørn Røe Isaksen i snart to timar (god blogg, det skal han ha), og delvis fordi eg gruar meg til fem heile dagar i Trondheim saman med ein klasse som ikkje har så mykje til overs for meg, isolert frå valkamp og AUF (men treff eg tilfeldigvis på AUF i Sør-Trøndelag så heng eg meg på).

Eg såg på komiprisen i stad. Og sjølvsagt var Rune Andersen der og imiterte Lars Sponheim. Det er noko av det beste eg veit, han må vera den enklaste politikaren å pariodiere, og heilt klart den morosomaste. Dessutan var Are Kalvø innom ein liten tur, og me høyrde frå Espen Beranek Holm opptil fleire gongar. Då var kvelden min gjort.
Og Christer Torjussen fortente å verte årets stand-up-komiker, for det er sjelden eg har ledd så mykje som eg gjorde den kvelden han var på Utøya.

I dag har me stått på stand på Triaden, på Jessheim, og i Lillestrøm. Ein treff verkeleg på mykje rare folk.. "Ja, eg kan gjerne ta imot ei rose, men eg er jo eigentleg ei rose sjølv!" er blant dei meir normale kommentarane. Det seier sitt. Men det er jo fint med litt humor inni det heile. Valkamp vert slitsamt etterkvart. Sjølv om eg absolutt ikkje er lei, det irriterer meg som eit helvete at eg ikkje får vore med til veka. Eg kryssar berre fingrane for at det skjer noko i helga før valet. Og det gjer det nok.
Elles er det to år igjen til neste gong. To år er lenge! Men eg trur visse folk, deriblant Mani og Lo, fint klarer å vente to år med å vera på kontoret frå sju om morgonen til ti om kvelden kvar einaste dag i ein månad igjen.

Så til noko gode, gamle Frp.
Noko av det fyrste Paal sa då han kom inn i bilen i går og me køyrde mot Asker, var "har de sett fyrstesida av VG i dag? Fy faen, det er berre så bra!" - han sikta då sjølvsagt til Frp-skattesaka.
Men kva ér eigentleg så bra med det? Frp mistar ikkje veljarar pga denne saka. Veljarane til Frp snyt helst på skatten sjølv, eller ynskjer iallfall eit kraftig skattelette, utan at halvparten av dei skjøner kva det vil tyde. Så om Frp-toppene har brukt pengane til dei skattebetalande i Noreg på personlege trenarar for Siv Jensen og Hurtigrutaturer for politikarar med ektefeller, og drar unna ein del skattepengar frå staten, er det rimeleg greitt for Frp-veljarane. Ditlev-Simonsen-saka skada Høgre (men antakeleg svært lite), for der er det ikkje på same måte med Frp. Høgre er eit verdig parti, med mange smarte veljarar som veit kva dei stemmar på. Det same kan ikkje seiast om Frp.
Så det einaste gode med denne saka, er at me ikkje-Frparar får noko å le av. Noko å godte oss over.

Men no er eg litt redd det skal koma ut ei sak om at Ap snyter på skatten òg. Ikkje at eg trur det er tilfelle, men viss det var det, ville det garantert vist seg på meiningsmålingane, i motsetjing til korleis det er for Frp. Så Jens, eg vonar verkeleg at du ikkje har gjemt unna pengar her.

Friday 31 August 2007

Och det man inte ser, finns säkert inte till

Aaah, sattan. Skuledebattar er herleg.
Det gjekk så jævla bra i dag. Me vann på Asker vidaregåande skule! Asker! Ei av landets største Høgrekommuner. Og me vann med heile 40%! Det er faen ikkje dårleg.

I dag var eg altså med på Asker, Bleiker og Nesbru, og på onsdag var eg med på Skedsmo og Strømmen. Debattanten vår på onsdag var Eskil, og i dag var det Paal. Og helvete, så flinke dei er.

Eg har aldri sett nokon debattere som Paal. Det meiner eg verkeleg. Han er heilt rå. Knuser Frp og Høgre med eit jævlig temperament, får omtrent pinglate KrFU-arar til å byrja å grine, og forsvarer Ap betre enn nokon andre kan. Eg er nærmast sjokkert, så god er han.
Med andre ord gjekk det altså bra på skulane i dag. Fyrst ut var Asker, ein skule utan éin einaste innvandrar (eg såg iallfall ingen), og brunkremfaktoren var rimeleg høg. Men Paal klarte likevel å overbevise Høgrefolka slik at 40 % stemte Ap. Herleg. Høgre fekk berre 37 %. Frp fekk fem lusne prosent. Fem! Fy faen, heilt utruleg.
Bleiker gjekk også veldig bra, der hadde, heldigvis for oss, ikkje Høgre nestledaren Henrik som debattant lenger. Han er jævlig god, eg gløymer aldri korleis han knuste Lo i skuledebatten me hadde ein gang i våres. Men no hadde dei ein annan, ein tredjeklassing, som forsåvidt var flink, berre ikkje så flink til å ta ordet. Og der vart det òg ein salig krangel mellom oss og Glenn Simon frå FpU igjen, og det er så herleg når Paal vert sint og drar den sint-på-Frp-lina si. "Eg vert så jæævla forbanna når Frp snakkar om ...!" - og det seier han med sånn styrke i stemmen og ekstremt temperament at heile salen mest vert litt redde, før den kraftige applausen slår inn. Og Frp klarer aldri ta igjen. Eg elskar det.
På Nesbru gjekk det vel dårlegast. Men det gjekk enno bra. Iallfall med tanke på at den skulen er omtrent den verste Høgreskulen på heile vestkanten av Oslo/Akershus. Ganske sikker på at me fekk ein andreplass der iallfall. Men ikkje faen om me slo Høgre.

Onsdag gjekk også bra. På Skedsmo vann me med 43 %, og det er ikkje langt unna reint fleirtal! Der var det Eskil mot GS (Glenn Simon, FpU), og Eskil slo han heilt ned i støvelhælene. Eskil er òg jævlig god, ingen tvil om det. Og han er forsåvidt ein del hyggjelegare enn Paal, men han har ikkje det temperamentet som Paal scorer så bra med, så Paal er klart betre.
På Strømmen gjekk det òg rimeleg bra, trur eg. Men der gjekk elevane halvvegs i debatten, så det var ikkje så lett. Fæl skule. Der skal eg aldri gå.

No er det vel ikkje fleire skuledebattar på to år. Det er trist. Eg gjer vel faktisk siste valkampinnsats i morgon, då me skal rundt med Ap i fylket, eg skal jo bort heile neste veke. Uff, eg hatar å gå glipp av heile siste veka av valkampen. Det er jo to år til neste gong! Trist å tenkje på, altså. Så då får eg gjera ein ordentleg innsats i morgon.

Tuesday 28 August 2007

"Eg trudde det stod L for Lae, eg!"

"Kva vil me ha? LÆRLINGPLASSAR! Når vil me ha det? NO!"

Det sat me i AUF, RU, Elevorganisasjonen, Fagforbundet, LO m.fl. og sa i dag, på trappa til rådhuset.
Eg trudde eg berre skulle på ein liten aksjon med AUF i Akershus, stå på Karl Johan og dele ut flyers eller kanskje noko litt meir oppfinnsomt, men der tok eg feil. Då eg var på veg til kontoret kvart over to i dag, ringde Åsmund og sa at dei var seine, så eg måtte ringe fylkessekretæren i Oslo og avtale å møte han på Youngstorget ein plass halv tre. Telefonnummeret han gav meg, var ikkje i bruk. Heldigvis fann Trygve meg forvirra på ein benk ved fontena, kom bort og sa "hei, du er ikkje tilfeldigvis den i AUF i Akershus som skulle møte meg her," utan at eg aner korleis han skjønte at det var meg. Kanskje han hugsa at han hadde sett meg på Utøya, eller kanskje han berre syntest eg såg ut som ein typisk AUFar, ikkje veit eg. Men han var ein hyggjeleg fyr, som saman med tre andre frå Oslo geleida meg til rådhuset, og fortalde meg om det som skulle vera ein demonstrasjon i regi av dei tidlegare nemnte organisasjonane.

Me fekk alle utdelt røde t-skjortar med learning-L-en ein har i bakruta på bilen når ein lærer å køyre bil på framsida, og "1 av 2 i Oslo får ikke lærlingplass i Oslo - vi vil ha lærlingplass til alle!" på baksida. Då alle hadde fått og var klare, sat me oss på trappa framfor rådhuset, og folk frå bl.a. AUF og RU heldt innlegg.
Etter kvart kom Rune G og Nina Bache, og me overrekte sistnemnte ei t-skjorte, før ho òg heldt eit lite innlegg.
Og så skjedde det noko morosamt. Ei drosje køyrde inn på plassen, og ut kom Erling Lae, og tok mikrofonen og sa "eg trudde det sto L for Lae, eg!" og sikta då til t-skjortene våre. Folk lo og "bua" han ut, før fyren med mikrofonen sa "nei, Erling, vent! Me gjer han ei t-skjorte!" og overrekte han òg ei t-skjorte, på pur faen. Og Lae tok imot med stil, for han er ein respektabel politikar, og ein flott mann, hadde det berre ikkje vore for politikken han frontar.

Så bar det tilbake til kontoret, der Frida og eg pakka og skreiv adresser på 120 brev som skal sendast ut til nyfrelste (les: verva) AUFarar.
Og i morgon skal eg vera med på skuledebattar.


Elles enn det har ikkje så mykje skjedd, anna enn at eg tilbrakte laurdagen på Krocketfestivalen i Halden, der Silja og eg selte pølsar i sju timar for å dra på ein Goo Men-konsert med attenårsgrense på kvelden. Det kan høyrast veldig kjedeleg ut, men med Erlend, Joakim, Amanda og Peri som moralsk støtte og nye vener gjekk det veldig greitt, og konserten var jævlig bra.

Tuesday 21 August 2007

Det var ikkje så ille å starte skulen igjen

Faktisk. Det var heilt greitt. Eg tykkjer det er fint å ha noko fast å gjera igjen. Ein fast rutine kvar dag. Eg taklar ikkje å sitje og sløve tjuefire timar i døgnet, slik ein ofte gjer i ferien.
Eg synest det var herleg å faktisk vera trøytt igjen i går, ikkje herregud-no-orkar-eg-ikkje-meir-festival-trøytt, men eg-var-tidleg-oppe-og-seint-ute-i-dag-trøytt. Då søv ein så godt.

For eg var ute ganske seint i går, me dreiv valkamp på Eidsvoll heilt til ti. Eller, dvs, me dreiv plakataksjon, noko som var morosamt. Opne bildørene medan bilen enno er i fart, hoppe ut, løpe til veggen/stolpa me såg, ein held opp plakaten, den andre stiftar, og så løper begge tilbake til bilen fortast mogleg og lukkar dørene i fart. Trening er det òg, iallfall for ei som er vann med å aldri gjera noko anna etter skuletid enn å sitje heime.

På torsdag skal eg på studentaksjon, og eg har høyrt rykte om at det skal vera veldig morosamt, så eg gledar meg til det. Og eg vonar at eg får vera med på skuledebattar neste onsdag, det var iallfall då eg fekk fri frå skulen. Flaks for meg at eg har ein så snill lærar. Er visst Paal Mangerud som skal debattere også, og eg har høyrt at det bør eg ikkje gå glipp av.

Valkamp er gøy! Og no må eg gå og sjå vidare på valggreiene på NRK, Terje Søviknes er der no, og han er så ekkel at eg berre må høyra kva han har å seia.

Wednesday 15 August 2007

Eg har ei kjensle av at det er januar,

men det er det jo ikkje. Eg sit her med ei vinterkjensle, tenkjer at når eg ser ut av glaset, så vil det vera kvitt der ute, og mørkt. Men så ser eg ut. Og der er det berre tre som vaier i den litt for sterke vinden og regn.
Eg synest det lukter vinter. Eg har den kalde lukta av snø og frost i nasen dagen lang. Eg legg meg i sofaen med eit pledd rundt meg og foldar hendene om ein kaffikopp. Eg gledar meg til vår og grønt gras.
Men det er august. Og eg hatar jo vanlegvis vinter. Det er ei årstid eg helst ikkje vil tenkje på, som eg helst berre vil droppe. Men dei siste dagane, dei dagane eg har vore i Noreg, har eg hatt ei kjensle av at det er vinter, og når eg tenkjer meg om og finn ut at det ikkje er det likevel, vert eg skuffa. Eg gledar meg til det skal falle snø no. Eg gledar meg til å traske ut i mørket, høyre snøen lage kreppelydar under skoene mine når eg trør, tidleg ein tysdagsmorgon, med vått hår som frosser til is og øyretelefonar som erstatting for lue. Åh, så fint det skal verte.
Eg skjøner ingenting.

Men eg har no vore i Ungarn då. På Szigetfestivalen. Og eg har vore på Øyafestivalen. Det er det eg skal skrive om i dag, sjølv om det heller er andre ting eg vil skrive om. Eg har nemleg lært no at det er ikkje alt ein bør legge ut på internett.


For nøyaktig ei veke sidan drog eg til Budapest. Opp klokka sju, var på Gardermoen klokka åtte, der eg møtte Sarakka, Agathe og Sandra. Gjekk rundt med dei, før me gjekk til gaten, og der trefte me Eirik og Mats og venene deira, samt heile Kaizers delvis med familie og crew. Under flyturen sat eg ganske langt framfor dei andre, så då eg ikkje trong å ha setebeltet på, skviste me meg inn mellom Sarakka, Sandra og Agathe i seta deira. Så flyturen gjekk rimeleg fort, med folk å snakke med som gleda seg like mykje som meg til dagen etterpå, og med visse morosame sovetryne på flyet (dvs. Geir og Janove spesielt) å le av.
Onsdag kveld gjekk mest med til å berre vente på morgondagen. Herlighet, som eg gleda meg (og med god grunn).

Til slutt vart det endeleg torsdag, og eg vart dratt med på nokre turistgreier på Budasida av byen, før eg endeleg heiv meg på t-banen til Sziget, veksla billettane inn i armbånd, og prøvde å finne vegen til Main Stage, der Kaizers skulle spela om ein time. Det viste seg at festivalområdet var ein god del større enn eg fyrst trudde. Berre å gå frå inngangen til Main Stage tok nærmare ti minutt. Å gå frå inngangen til andre enden av festivalområdet tok dobbelt så lang tid. Øya var stor, og festivalen dekka heile øyområdet. (Eg ante heller ikkje at det skulle vera 450 000 menneske der før Eirik fortalde meg det, skvatt litt der ja.)
Men eg fann fram, og framfor scena var det ikkje så mange folk. Ein tredve-førti stk kanskje. Heile fyrste rad var dekka iallfall, utanom heilt på sidene. Og Agathe hadde heldt av plass til meg, så eg fekk rimeleg perfekt plass, litt på Terjesida av scena.
Det morosame var at Kaizers måtte hjelpe til å rigge på scena sjølve. Terje var ute og stemte gitarane, Rune testa trommane, Øyvind rigga opp bassen, og Helge prøvde orgelet. Og medan Terje stod der og stemte gitaren, regna det hundar og kattar. Det hølja ned. Og Terje stod under tak og gotta seg over å sjå at me vart klissblaute.
Men omtrent fem minutt før Kaizers gjekk på, slutta det heilt. Før den tid hadde riktignok lynet klart å slå ned i det tekniske systemet der, slik at skjermane på sidene av scena ikkje fungerte (og det fekk dei ikkje fiksa før neste konsert), men utruleg nok slutta det før introtapen byrja. Søren og, me som ville motbevise Janoves teori om at det aldri regnar når Kaizers speler (sjølv om jodå, den har vorte motbevist før). Men eg fekk iallfall skifta til tørt tøy, og kom meg gjennom heile Kaizerskonserten uten å verte blaut.
Og konserten var herleg. Eg hadde heilt gløymt korleis det var å sjå dei live, men det heile kom tilbake, det var fantastisk. Ei heilt safe og kjedeleg settliste gjorde ingenting, dei gjorde heile showet så utruleg bra at det vart fantastisk likevel. Eg gledar meg sånn til å sjå dei att, saaatan, eg gledar meg til det.
Ti minutt etter KO hadde gått av, byrja det så klart å regne igjen, denne gongen i endå større mengder. Jaudå.
Seinare på dagen såg me The Good, the Bad and the Queen, før Sarakka og co stakk litt etter klokka ni. Eg vandra rundt åleine ein times tid, noko som ikkje var lett, for så sjukt mykje menneske som det var under The Chemical Brothers har eg ikkje sett før. Men eg kom meg til slutt gjennom folkemengda og ut av området, og drog heim.

Så kom fredagen, som vart mykje betre enn eg hadde trudd. Eg tenkte vel ikkje så altfor varmt om den dagen, anna enn at eg gleda meg til å sjå Gogol Bordello.
Så på dagen vart det litt turistgreier igjen, denne gongen på Pestsida av byen, før eg nok ein gong heiv meg på t-banen, denne gongen i veldig dårleg tid, og forta meg til Main Stage. Eg rakk ikkje fram før Gogol hadde starta, kom berre fem minut for seint, men det var likevel nok til å måtte stå langt bak. Men i ettertid har eg vore glad for det, for Sarakka, Eirik, Kirsti og heile gjengen var ganske mørbanka då dei kom ut derifrå etterpå. Konserten var iallfall heilt utruleg bra, dei sjokkerte meg nærmast, så bra var dei. Nesten Kaizersnivå. Viss det ikkje faktisk var det. Satan, dei var så bra. Herlighet. Dei MÅ eg sjå att.
Etter konserten sat me ein halvtimes tid i ein ring framfor scena; Sarakka, Agathe, Sandra, Eirik, Ole Christopher, Svein Olav, Kirsti, Lovise og eg, så dei fekk kvilt seg litt. Så stakk me bort til Sigøynerscena, som eigentleg heitte World-music-scena, og trefte på eit jævlig bra sigøynerband eg ikkje hugsar namnet på. Alle utanom Lovise, Ole Christopher, Svein Olav og meg forsvann inn i folkemengda og byrja å danse, mens Lovise spurde om eg vart med for å finne ein do. Dei to gutane vart også med, fordi dei skulle ha seg noko å drikke. Så det vart til at me stakk innom ein bar og smakte litt tequila, (herregud, sterkt!), før me fortsatte doleitinga. Me fann ein do til slutt, men det var ikkje så lett, og på turen rakk Lovise og eg å verte ganske godt kjent. Utruleg hyggjeleg jente det der (med stavangerdialekt! Same med Kirsti òg.)
Me vendte omsider tilbake til Sigøynerscena, og vart med og dansa. Då me var ferdige, var samtlege så sveitte at det såg ut som om det hadde regna igjen. Det var ikkje akkurat rolegdans det der. Sigøynerrytmar er herlege å danse til.
Så var det tid for Skatalites, som spelte på same scene. Kirsti, Lovise, Svein Olav og Ole Christopher stakk for å sjå Pink i staden, medan me andre såg det gode ska-bandet med endå fleire bra danserytmar. Mange dansemusklar ein fekk brukt der som tidlegare ikkje hadde blitt brukt så mye, ja.

Etter konserten viste det seg at Sarakka, Agathe og Sandra ikkje fekk labbe rundt åleine lenger, foreldra kom og trakk dei ut av folkemengda. Og det var jo ganske kjipt, så eg stakk av med Lovise og Kirsti og dei to gutane, etter det vart klart at Sarakka og co skulle heim om ikkje så lenge. Medan Svein O og Ole C løp rundt med Lovise og ropte "VIP coming through, hey you, move away, Very Important Person coming through!" gjekk Kirsti og eg i bakgrunn og vart litt betre kjent, før me plutseleg ikkje ante kor me var hen, og måtte snu, og så snu igjen. Me avtalte til slutt å møtast på den baren dei hadde vore på kvelden før, Kirsti måtte berre på do fyrst. Og eg vart igjen spurt om eg kunne vera med og leite etter ein.
Kikki kom seg på do (riktignok eit herretoalett), og me kom oss til baren, etter å ha pressa oss gjennom tusenvis av Madness-publikumarar. Jævlig forvirrande det der, me hadde gått ein rar veg, så eg ante ikkje at me var ved Main Stage. Men det var me altså, og etter at Kikki hadde kjøpt noko meir å drikke, slo me oss ned med Lovise, Svein O og Ole C. Der sat me og snakka ein times tid, mykje om Kaizers, litt om andre ting, det var i det heile tatt veldig koseleg, fram til eg måtte heim, og presse meg gjennom tusenvis av menneske igjen. Men det gjekk den kvelden òg, eg kom meg heilskinna heim, sjølv om eg heldt på å verte overfalt av ein veldig dopa fyr.
Laurdag var det tid for å reise heim. Trefte på Eirik på flyplassen i Budapest, fekk høyra at dei hadde klart å miste Mats, etter at eg gjekk. Så han måtte kave seg til hotellet gjennom ekstremt tordenvêr, og sove dei få timane han kunne utanfor hotellromdøra. Stakkars. Men det gjekk no bra då.

Tok fly med Lovise og Kirsti, ein rask flytur med mykje lesing og soving. Då me landa på Gardermoen, forta eg meg heim for å rekke Skambankt som skulle spela for p3 på Øyafestivalen etter tre eingong. Eg møtte Silja utanfor inngangen, me gjekk inn og stelte oss opp for å sjå Pleasure, og vips, så stod heile Skambankt ved sida av oss. Tollak ved sida av meg, og dei andre ved sida av han igjen. Eg syntest det heile var ganske pinsamt, fordi eg stod der med Skambankt-t-skjorte, og ville ikkje at Tollak skulle snu seg og sjå det. Men likevel, for å sleppe laus fjortisjenta i meg litt, eg hadde jo ikkje akkurat noko imot å stå ved sida av den mannen..
Aanyway, det var iallfall lett for oss å finne ut når dei skulle spela, me berre fulgte etter dei då dei gjekk. Og ved radioscena slo eg av ein liten prat med Truls, som lurte på korleis det var på Sziget, før Skambankt spelte Stormkast, og to jenter skulle konkurrere om å vera best til å forføre med helium i munnen. Mja.
Etter eit par andre konsertar, vart det tid for den ordentlege Skambanktkonserten. Den hadde eg òg gleda meg som eit helvete til.
Og den var herleg. Litt kort så klart, sidan det var festival, men me rakk å bli teke ein god del bilete av, filma ein god del gongar, og me rakk å nyte Skambanktmusikken. Prepple var ein tur oppom scena også, under KKK!. Og etter konserten fekk eg settliste! Eg er evig takknemleg den vakta som hadde valet mellom å gje lista til Alice, Silja eller meg, og gav den til meg. Herleg. Mwaha.

No er denne bloggen altfor altfor lang, så eg avsluttar her, kan berre seie om resten av laurdagskvelden at me såg Primal Scream, som var utruleg bra, så bra at eg kjøpte ei CD av dei etterpå, saman med ei Øya-t-skjorte som viste seg å vera altfor stor, men kul likevel. Så var det så vidt eg kom meg heim, eg klarte å gå feil veg og hamna i feil ende av Risløkka, men eg fann heim til slutt. Klokka halv ett var eg heime, ganske utslitt, klar til å sove lenge, etter tre seine kveldar på festival.


No er eg heime igjen. Ferien er over. Og det er faktisk utruleg deilig. No har eg ein valkamp å delta i, og deltakinga mi startar i morgon, i Lillestrøm, på likestillingsaksjon.

Tuesday 7 August 2007

Teori er enkelt. Praksis er et helvetes rot.

..som Tore Renberg så fint seier.
Eg er nett ferdig med å lesa Mannen som elska Yngve om igjen. Og faen, eg hugsa ikkje at den var bra. Bra visste eg at ho var, boka, men det var alt eg visste. Eg hugsa ikkje kvifor ho var bra. Men no gjer eg det. Eg er nyforelska i MSEY. Helvete for ei herleg bok. Eg les Kompani Orheim om igjen no, den er det endå lenger sidan eg las, eg las jo den før eg las MSEY fyrste gong. Fint å få lese dei i den originale rekkefølgja òg, sjølv om det eigentleg ikkje har noko å seia.

Mja.. lenge sidan eg har skrive no. Det er ikkje det at eg ikkje har hatt tid, eller internettilgang, for det har eg hatt, i mindre grad. Men eg ville ikkje at noko skulle overskygge den førre bloggen, om Utøya. Så mange gode minne, eg ville at dei skulle trone øvst her på sida. Lenge. Og no har dei gjort det ei god stund, så det er på tide med ny blogg no. Har jo anna å skriva om òg, det som har skjedd i ettertid av Utøya.

Førre helg var det Månefestivalen. Som eg ikkje hugsar så altfor mykje av no, eg gløymer ting så fort. Iallfall dei små detaljane. Men eg hugsar iallfall litt.
Då eg fyrst kom til Fredrikstad på fredagen, drog Silja meg med på ei testvisning av ein ny norsk ungdomsfilm, som ho så fint sa. Det var alt me visste om filmen på førehand, det er jo hemmeleg, slike ting, men Silja sa ho hadde ei aning om at det kunne vera ein snowboardfilm. Javel. Filmen såg me, og ho hadde rett, det var den filmen ho tenkte på. Switch, heitte han, reiknar med det ikkje er så farleg at eg skriv det no. Filmen var iallfall bra nok, på linje med andre norske ungdomsfilmar, kanskje hakket betre. Kanskje.
Men så var det Måne, og då blei det å treffe Amanda, og så få tildelt arbeidsoppgåver. Eg hugsar ikkje så mykje meir frå fredagen, anna enn at Silja og eg snakka litt for mykje om Utøya, og fekk assosiasjonar til Utøya kvar gong me såg eit eller anna som eigentleg ikkje er Utøyarelevant i det heile tatt, men som var det likevel, fordi me hadde hatt ei eller anna oppleving med det. Slik er alltid moro. Men den dagen var det berre Sondre Lerche og DeLillos som spelte, litt for soft for meg, så det var ikkje så interessant. Bortsett fra at det faktisk var koseleg under "Neste Sommer," av DeLillos så klart, for då kunne Silja og eg nok ein gong mimre tilbake til Utøya. Paal song jo den songen, opptil fleire gongar.
Men ja, nok Utøya. Laurdagen gjekk også for seg på ein eller annan måte, alt eg hugsar er at me køyrde rundt bakpå den bilen og plukka søppel på og utanfor heile området, og at me såg Motorpsycho. Og at me kom inn på klubben, så klart. Me fekk bånd som sa at me var over atten av KjellO, fordi Amanada hadde så lyst til å sjå banda som spelte der, og klarte å overtale KjellO. Musikken var altfor heavy for meg, men det var moro likevel.
Meir gidd eg ikkje seia om Måne. Eg hugsar faktisk ikkje meir.

Så var eg på Nebba igjen i nokre dagar, utanom tirsdag, onsdag og litt av torsdag, då eg var heime og pakka. For eg skulle jo til pappa på fredagen. Så eg blei henta på Nebba, og køyrt til Drøbak, der eg skulle vera ein kveld, før eg skulle dra til Halden.
Eg skulle jo på Down on the Farm på laurdagen. Så då køyrde pappa meg dit sånn i totida, og i tretida køyrde mor til Amanda oss til der bussen gjekk ifrå. Og så startar det morosame.

Me bladde opp femti kroner (svindyrt), og gjekk inn i bussen, som dei fyrste. Me hadde utruleg flaks med tida, for hadde me kome berre to-tre minutt seinere, ville me kanskje ikkje fått sete ved sida av kvarandre eingong. Men det gjorde me altså, og då me hadde sete der eit par minutt, sa eg; "du Silja, han der liknar noko jevligt på Geir," om ein mann som stod med ryggen til der ute. "Veit du.. det ER Geir!" fekk eg til svar frå Silja, då Geir snudde seg. Jadå, herleg. Han kom inn på bussen saman med Pål Hausken frå bandet sitt, og sat seg bak i bussen. Så fekk me beskjed om at me måtte ta ein annan buss, fordi denne her ikkje funka. Så me gjekk inn på den andre bussen, som allereie var nesten halvfull då me kom på, og sat oss ned. Eit minutt seinare kom Geir og Pål inn. Då var det ikkje fleire sitjeplassar igjen. Så dei to måtte stå, og det gjorde dei rett ved sida av der eg sat. Så dei tre kvartera me sat på den bussen, var utsikten min på venstre side rompa til Pål. Litt småpinsamt (men eg kan vel ikkje sei at eg mislikte utsikten..), og irriterande, i og med at då kunne ikkje Silja og eg snakke om Kaizers & co slik me alltid gjer, men likevel morosamt. Og utruleg sært.
Me kom no fram til slutt, til ein plass der nærmaste hus var to km unna, og der det var svensk telenettverk, dei svært få gongane det i det heile tatt var dekning på mobilen. Då me kom fram, gjorde me oss kjende på området, før me bestemte oss for å skaffe oss noko mat på nærbutikken, to km unna. Det gjorde me, og på veg tilbake blei me heldigvis plukka opp av eit hyggjeleg, harry par, som køyrde oss heilt til inngangen. Flaks det der.
Fyrst spelte Shit City, riktignok før me gjekk til nærbutikken, og då me kom tilbake var det australske Beasts of Bourbon, som var rimeleg festlege, før det var amerikanske Gillian Welch, som var altfor mykje country for min (eller vår) smak. Men så. Så var det Big Star. Ein halvtimes tid før konserten, klarte utruleg nok Silja å få auge på Christer Knutsen. Det er ikkje dårleg til Silja å vera, med tanke på at ho (iallfall på den tida) ikkje hadde høyrt på eller likte mannen noko særleg. Men då stod me der, ikkje så langt i frå Christer, og seinare også Geir, Pål og eit av bandmedlemma i Sacred Hearts (som er bandet til Christer). Så starta konserten. Og gud det var herleg. Sjølv om berre to av dei fire medlemma var originalmedlemma, Alex Chilton og Jody Stephens, var dei herleg bra. Dei to nye medlemma var utruleg flinke. Og alle fire song. Til og med trommisen. Det likte eg. Morosamt å sjå sånne gamle syttitalsartistar på scena. Eg liker sånt.
Så, eit par timar seinare, var det tid for The Flaming Lips. Og dei var fantastiske. Eit utruleg spektakulært sceneshow, med ei stor ballongboblesak vokalisten stagediva i, andre ballongar som under heile konserten føyk rundt i publikum, romvesen, julenissar, gongongar, store hender, skjerm med masse rare filmar, konfetti og utruleg masse morosam skit dei tok i bruk i løp av dei ca. hundre minutta dei heldt på. Ein herleg konsert. Og me hadde ein herleg sær fyr framfor oss også, som sa då me kom; "hvis dere må tisse i løpet av konserten... så bare tiss." Jadå.

Så har eg berre vore på hytta sidan det, før eg kom heim att i dag. Fint med internett igjen, hadde visst fått fem nye vener på trynebog og heile pakka. Og Christer Knutsen hadde svart meg på MySpace, angåande Down on the Farm; "Så enormt kult at du fikk vært der du og! Jeg hadde tidenes festivalopplevelse.
Holdt på å svime av når de satt igang Ballad of El Goodo.. Alex Chilton synger finest i verden!"
Eg diggar den fyren. Han har svart meg kvar gong eg har skrive til han på MySpace (dvs fire eller fem gongar på berre nokre måneder). Det er slik man skal behandle fansen.

Og i morgon reiser eg jo til Budapest. Satan, eg kan ikkje fatte at eg faktisk skal sjå Kaizers igjen. Kaizers! I morgon er det nøyaktig åtte månader sidan sist. Faen. Det må berre bli herleg. Og så er det Gogol Bordello dagen etterpå. Og Skambankt på Øya på laurdag. Og Bigbang. Og neste veke Zahl og Ralph Myerz. Og neste veke der igjen The Goo men. Og eit par veker etterpå der igjen Kloster. Også er det jo valkamp også inni alt det her. Eg har herleg mykje å sjå fram til, og det er det fint å ha i bakhovudet.

Monday 23 July 2007

Utøya!

Her kjem ei, muleges litt for grundig, oppsummering av nestenveka eg nett har tilbrakt på Utøya.


Det tok ikkje meir enn to minutt for meg å skaffe meg ei sova i telt med, ei tidlegare ganske ukjent Regine, kom bort til meg på Youngstorget og spurde. Eg trong ikkje eingong å setje opp mitt eiga telt. Fantastisk.

Etter ein busstur på rundt tre kvarter, kom me til der båten gjekk over til øya, og der fekk me veta at all bagasje skulle sjekkast (alkoholforbod). Ingen jubel for det kanskje, men kva val hadde me vel, me måtte berre stille oss i kø og vente på tur. Då eg nærma meg blei eg letta over å sjå at han som sat der ikkje sjekka særleg nøye i det heile tatt, og glad fordi han snakka stavangersk. Eg såg han berre klemte litt på bagen til dei framfor meg, før han sa "godkjent" på den fine dialekten sin, utan å sjekke ordentleg i det heile tatt. Så kom eg fram dit då, la sekken min (som var helvetestung) på bordet framfor han. Han såg korleis eg sleit med å løfta sekken, tok på han, og sa "mjaa.. kan’kje du ta også snu an?" Herlege småsadistiske Jokke. Men eg måtte jo berre gjera som han sa, så eg snudde sekken, noko som riktig nok tok litt for mange sekunder, og kva gjorde han så? Jodå, han tok så vidt på sekken og sa "godkjent!" med eit glis om munnen. Fantastisk.

Omsider kom me oss over til øya, fann Akershusleiren, og fekk teltet til å stå, sjølv om me gjorde eit eller anna feil inni der som gjorde det heile ganske fokkt opp.
Så var det middag (middag klokka eitt kvar dag, woho), og etter det heldt Martin innleiing. Seinare drog eg på Eskils politiske verkstad om ”kampen om velferdsstaten”. Interessant nok, men politisk musikk med Paal ein time seinare var mykje betre.
Så mykje meir skjedde det vel ikkje den dagen, utanom at eg antakeleg blei introdusert for Einar, Christian og ymse andre Østfoldfolk, samt Yri.

Torsdagen starta med Jonas Gahr Støre som heldt innleiing i Bakken, noko som var veldig interessant og lærerikt. Han er fantastisk god til å snakke. Og eg må seia at AUF-folk var overraskande flinke til å halde små innlegg og stille spørsmål. Eg har mykje å lære.
Ein middag seinare var det politisk verkstad igjen, denne gongen høyrde eg på Gudmund Hernes som snakka utruleg godt om utdanning. Lærde mykje der òg. Så var det Reiulf Steen som snakka om Arbeiderhistorie og ideologi, og det var veldig interessant. Han jamna det heile ut med ein herleg humor, og engasjerte verkeleg publikum i det han snakka om.

Seinare på dagen var det grilling med venskapsfylket vårt, nemleg Finnmark, og så var det konsert med Blind Archery Club og Karpe Diem. Fyrstnemnte var bra nok, sistnemnte hadde ein del gode tekstar, men fæl musikk elles (sorrei Karen).
Ein eller annan gong mellom desse konsertane og Utøyasjekken, blei me kjende med Yri og bagasjemannen Joakim, som eg ikkje hugsar korleis kom inn i biletet eingong, han berre var der bestandig når Yri var der. Morosam fyr, så det var ikkje noko dumt i det. Men så var det altså Utøyasjekken og speed-dating, Oda var med på fyrstnemnte, og Silja og Yri på sistnemnte.
Etter speed-datinga gjekk Silja og eg og fann oss eit bål borte bak Finnmarksleiren. Der fann me folk me kunne prakke musikken vår på, etter at Carl/Karl hadde plaga oss med techno og trance uuthaldeleg lenge.

Fredagen starta med Likestillingsdebatt med Trond Giske, Sissel Rønbeck og Martine Aurdal. Det var òg interessant, men varte litt lenge, det er eit helvete å sitje så mykje på harde steingolv som me har gjort dei siste dagane. I går hadde eg faktisk så vondt at eg ikkje klarte å sitje heile kvelden.
Men så var det verkstadar igjen, eg sat (på ein stol, til og med!) saman med Solvår, Yri og Joakim (ikkje Jokke-Joakim, men han andre Joakim) og høyrde på generalsekretæren i Norsk Folkehjelp snakke om Afrika. Så var det praktisk verkstad – aksjonsverkstad med Stine Renate denne gongen. Det er eg glad eg drog på, for eg enda tilfeldigvis opp i ei gruppe med Yri, Jokke, Joakim, Torstein og Marie frå Rogaland, og ei frå Agder. Flaks med den ja, sjølv om det er pinsamt å vera austlending blant masse rogalendingar. Men me skulle altså lage ein aksjon, og vår aksjon innebar gjørmekasting på sentralstyremedlemma. Meir om det kjem snart.
Litt vandring og hundeklapping seinare var det klart for stand-up. Og for å vera heilt ærleg, så var eg ganske skeptisk til nettopp det. Men faen så utruleg morosame dei var. Eg lo og lo og lo, og eg var ikkje den einaste. Dei var utruleg flinke, kunne nesten ikkje blitt betre. Dei hadde til og med putta ein del Frp-hets inni programmet òg. Det var herleg humor (men til tider ikkje).

Etter stand-up var det karaoke, der Yri og Silja song ”Crazy Little Thing Called Love” av Queen, medan folk dansa i salen og greier. Ikkje dårleg.
Så var det nattfilm, nemleg The Last King of Scotland. Yri sovna heile tida, så ho gjekk ganske tidleg, men me fire andre såg han ferdig. Og då han var ferdig var det til sjokk for meg dagslys ute. Det resulterte i at eg fann ut at eg ikkje kom til få sove, så eg lurte på kva eg skulle gjera, før eg kom på at eg kunne jo like så godt berre vaske håret, slik eg eigentleg hadde planlagt, før eg fann ut at dusjane stengde klokka ti. Så då måtte eg ta det i Tyrifjorden. Det fungerte så vidt utan at eg måtte bade heile meg, sjølv om eg var få cm frå å tryne enkelte gongar. Eg trur ikkje det såg så bra ut då, derfor er eg glad Silja har lovt å ikkje legge ut bileta.
Etter badet gjekk me og la oss på scena i Bakken, der Jens og Jonas og dei heldt talar. Der sov me i to timar, før me sto opp litt før åtte, og gjekk tilbake til teltplassen. Eg hadde planlagt å sova eit par timar då, Jens skulle jo ikkje koma før elleve, men sjølvsagt hadde Lo bestemt seg for å vekke oss tidleg akkurat den dagen, me skulle nemleg spela fotballkamp mot Roga-/Agderland, og alle måtte vera med å heie.
Lo grafsar og slår på teltet vårt; - Kven søv i dette teltet?
- Meg og Regine..
- Kom dykk opp, det er fotballkamp! Skal de ikkje spela?
- Jodå, Regine skal, men ho er oppe allereie.
- Kom deg opp og hei du òg!
Så eg hadde ikkje mykje til val, iallfall ikkje då Mani kom og spelte på gitaren og ein eller annan fekk tak i megafonen. Då vakna alle fylka.

Fotballkampen tapte me 3-1, eg visste for så vidt ikkje kven eg skulle heie på uansett, eg er jo mykje gladare i Rogaland enn mitt eiga fylke. Så var det volleyballkamp mot Nord-Noreg, som eg trur me vann, men heilt ærleg bryr eg meg ikkje.
Jens kom, heldt tale/innleiing, fekk ymse gåver og innlegg tilbake, og gjekk rundt til tre fylke saman med pressa. Me i Akershus var eit av dei fylka, så me drog 1 %-tingen endå lenger og lagde ei kake som det sto ”Jens: 1 %” på, og som hadde ein prosentdel av seg farga med sjokolade, og det bittelitle stykket var alt Jens skulle få av kaka før regjeringa faktisk hadde lagd eit statsbudsjett som viste at dei skulle gje ein prosent i bistand. Han fekk òg sjå eit diplom og ein gullmedalje for ”fyrsteplass i VM i bistand,” som han skal få om to år, viss dei har gjort som dei lovde.

Så, klokka to, var det gjørmekastingstid. Rogaland hadde sjølvsagt ein volleyballkamp å spela akkurat då (og heile gruppa bestod jo av rogalendingar og meg), så Silja blei med, og ho, Jokke (som ikkje skulle spela) og eg gjekk og skaffa gjørme. Fyrst gjekk me inn i skogen, på kjærleiksstien, som heller burde heitte dødsstien eller noko slikt, for særleg trygg var han ikkje. Me fekk tak i masse crappy jord som me blanda med vann, men det gjekk ikkje heilt bra. Men heldigvis var det masse gjørme på bakken utanfor sanitetsbygget (sentralstyremedlemma blei ikkje heilt glade då dei fann ut at gjørma var derifrå..) som me kunne ta. Me plukka i fire-fem bøtter, medan me klarte å få oss sjølv dekt til med gjørme, då særleg meg, og ”tilfeldigvis” splasha ned teltet til ein litt oppgitt Agderfyr, og Jokke blei veldig gjestmild; gjekk rundt og helste på og klemte ymse ukjende folk, som ikkje blei så altfor glade for gjørmeklemmar.
Så gjekk me rundt på teltplassen og reklamerte for gjørmekastinga som skulle byrja klokka fire, og klokka fire var det tjukt med folk utanfor hovudbygget, der Stine Renate og Truls stod klare til å bli kasta på. Etter kvart kom også Martin, Eskil og Tonje, og folk betalte gladeleg pengar for å kaste på dei, det var til og med mange som gladeleg betalte hundre kroner for å ta ei heil bøtte og kaste på dei. Me fekk mange herlege bilete, og ymse truslar fordi me sa dei skulle opp på trynebogå. Og det skal dei, alle saman, etterpå. Eg gledar meg til å legge dei ut.

Gjørmekastinga blei by far den beste aksjonen, etter mi meining, kyss-, masasje- og klemmeboden og auksjonen var bare skit i forhold til vår aksjon. Eg håpar me kan gjenta det til neste år, gjørmekasting burde bli ein tradisjon.
Denne dagen gjekk me glipp av både politisk og praktisk verkstad, fordi gjørmekastinga kom midt oppi det, men det gjorde ingenting. Stakkars Torstein då, som kom med fire nye bøtter fulle av gjørme han hadde plukka, rett etter sentralstyremedlemma hadde gått. Eg fekk skikkeleg dårleg samvett for det. Som vanleg. Men så måtte me rydde opp, Jokke klarte sjølvsagt å ta vasslangen og halde meg fast og sprute meg fullstendig ned, utan at eg fekk tatt hemn, noko som irriterer meg noko jævligt enno. Faen ta deg, Jokke.
Så etter middag ein gong var det auksjon, der dei auksjonerte bort alt frå t-skjorter til hår til menneske, og det var i grunn ganske kjedeleg. Høgdepunktet var vel då dei heldt på å klippe håret til Jokke, før han løp sin veg. Og litt morosamt var det jo då Eskil og Martin blei selt for 300 og 600 kroner. Dei fekk inn ein del pengar der ja. Under heile opphaldet gav me nok ein del tusen til saman. 5000-7000 kr berre på aksjonane, og omtrent alle kjøpte jo ”Freedom for all political prisoners”-skjorta (600 menneske x 120 kr er ein del), og omtrent alle gav masse pengar for at Eskil og Martin skulle strippe (det høyrest ikkje så bra ut når eg skriv det her). Så no håpar eg me får sette fri nokre politiske fangar altså.

Etter auksjonen var det framvisning frå koret og rockeverkstaden, noko som for så vidt ikkje var så altfor spennande, men greitt nok. Så gjekk Silja og eg åleine rundt ein times tid, litt einsame og kjeda (iallfall var eg det, Silja var så trøytt), medan me venta på at sentralstyrets underhaldningsshow skulle starte. Det gjorde det til slutt, og me blei vinka bort til Yri og Jokke igjen, slik at me ikkje var åleine lenger. Underhaldningsshowet var faen så morosamt, eg lo like mykje som på stand-up-showet, sjølv om det var nokre interne spøkar eg og andre ikkje tok. Men Eskil og Martin som strippa, Martin som smakte på og tok på ymse ting med bind for auga (haha, eg ler enno av kor fort han trakk handa tilbake då han fann ut at han tok på rumpa til Paal, stakkars), synkronsymjinga på land, og alt det andre dei gjorde var herleg morosamt. Sjølv om det med Eskil og.. ja, dei som veit det, veit kva det var, dei andre treng ikkje veta det. Men det gjekk kanskje litt for langt, med barn som faktisk var under ti år i salen, sjølv om det var jævla morosamt. Og det med Paal som var liten unge og plutseleg byrja å kline med mor si var kanskje litt creepy, men uansett. Dei var utruleg flinke, godt program dei hadde sett opp.

Etter underhaldninga gjekk me ut og byrja å ta bilete. Eg tok haugar av bilete av Jokke og Yri og etter kvart også Silja som dansa, og ymse andre ting, før eg gav kameraet mitt til Jokke, og Silja forsvann ein times (eller var det meir?) tid. I byrjinga var eg litt nervøs ved tanken på at Jokke hadde kameraet mitt, han verkar ikkje alltid som verdas mest stabile person, men det gjekk heilt bra, og då eg fekk det tilbake var det 300 fleire bilete på det enn det var då han fekk det. Og det er eg jævlig glad for, så tusen takk te Jokke. Medan han løp rundt og tok bilete av masse menneske eg berre har sett på desse bileta og aldri elles, kjøpte eg litt mat til Yri som ikkje hadde pengar i det heile tatt, og me prøvde å fylgje etter Jokke med kameraet mitt, men det var ikkje alltid så lett. Til slutt gjekk me ut igjen og tok ymse bilete av Torstein 1 og 2, og mange andre rogalendingar, før me gjekk og sat oss ved bålet til Sør-Trøndelag. Der blei kameraet mitt sendt rundt mellom omtrent alle som sat der, eg trur ikkje det va éin person som sat rundt det bålet som ikkje verken tok bilete med kameraet mitt eller blei teke bilete av. Til slutt fekk eg det tilbake, og etter kvart kom Silja og sat med oss eit par timar, før hu gjekk og la seg. Dei resterande fem-seks timane av natta, sat me fyrst og song og spelte gitar, eller dvs ein trønder og ein nordlending frå sentralstyret (som består av omtrent berre nordlendingar) spelte gitar, eg heldt note- og songboka, Jokke heldt lommelykta, og halvparten av oss som sat der song med. Etter kvart stakk dei to med gitarane for å leggje seg, det var vel i fire-femtida, og då kom det nye trønderar, bergensarar og Opplandfolk som hadde sete ved Oslobålet tidligare. Me byrja då å lage eit nytt Noreg, som innehaldt dei tre storbyane Oslo, Stavanger, og Bergen, medan Trondheim og Ålesund låg nedgrave i bålet, Polen låg i Stavanger, Russland (som då var bare ei lita whiskysjappe) låg i sentrum av Oslo, medan ymse andre land også låg inni landet ein plass, og me brente USA og ymse andre land, og hadde det generelt sett utruleg gøy. Inni der starta også ein Åge Aleksandersen og Trøndelag/trøndersk-vs-Stavanger/rogalandsk-debatt som eg synest me på Stavangersida (Jokke, Yri, Marie og meg) vann ganske overlegent, og eg storkoste meg som aldri før med å diskutere dialekt i to timar, slik me gjorde. Jokke og eg lagde og ein liten song som heitte ”burn, Åge, burn!” grunna at me hadde ei songbok me skulle brenne, og trønderen som brente side for side, nekta å brenne Åge Aleksandersen-songane. Det enda til slutt med at han gjorde det, men Jokke, Yri, eit par andre folk og meg hadde jævlig gøy med å mobbe og motargumentere fyren før han gjorde det. Ein del sære argument blei det så klart, med tanke på at me var heilt utruleg overtrøytte. Eit anna tydeleg teikn på det var at då ein fyr naus i teltet sitt, sånn i sekstida, lo heile bålet utan stans i fem minutt. Herleg.
I desse timane me sat der kom og gjekk forskjellige folk heile tida, dei einaste som sat der heile natta gjennom var Jokke, Yri og meg, og delvis Marie. Eg har aldri hatt ei så morosam natt før, det var herleg å sitje der blant tre og ein halv rogalendingar (Marie bur og har budd der lenge, men snakkar ikkje stavangersk) og bli god ven med dei, eg er så glad eg blei kjent med dei. Eg blei ikkje ordentleg kjent med dei før den natta, så sjølv om trøttleiken omtrent tok livet av meg, ville eg ikkje gått glipp av å vera vaken den natta om eg så fekk pengar for det.
Natta gjennom dreiv folk frå Telemark og Sør-Trøndelag og plaga folk som låg ute og sov, med å teikna på dei med ymse ting som potetsalat, kull og sprittusj, og med å putte pølser oppi soveposar. Då morgonen kom, og klokka blei sånn sju-ish, kom det ein trønder og sat seg med oss (oss var då berre Yri, meg og delvis Jokke, som dreiv og pakka litt telt også). Han gjorde då den feilen å sovne, med hovudet ned på brystet sitt, ved brystlomma si. I den lomma tok Jokke og la ein Telemarkspølse (altså ei pølse som Telemark hadde teke med seg til bålet i løpet av natta). Yri og eg, overtrøytte som me var, lo og lo og lo, heilt fram til han vakna, då me lo endå meir.

Så blei det jo morgon då, og me måtte gå og pakke for å dra heim, trist som det var. Rogaland var så heldige å få dra klokka tolv allereie, medan me i Akershus ikkje fekk dra før tre. Eg fekk ikkje sagt ha det til alle eg ville, verken frå Østfold, Rogaland eller Trøndelag, ikkje til Jokke og Marie eingong, men eg rakk iallfall å seia ha det til Yri då, det var jo noko.
I dei tre timane me ikkje hadde noko så helst å gjera, la eg meg ned på plenen der det pleidde å stå telt (faen så trist å sjå på den plassen når det ikkje er telt der), og sovna, endeleg. To timars søvn på to døgn er ikkje bra, eg blei jævlig dårleg utpå sundagen der. Men eg sovna altså, i ein times tid, og blei solbrent på den eine sida av trynet, det var ikkje så behageleg. Ikkje fint heller. Men så gjekk me ned med bagasjen og rydda litt søppel og sånt, eg sa ha det te Silja, og eg sovna igjen, og blei endå meir solbrent.
Til slutt kunne me endeleg/dessverre (endeleg fordi det var dritt å bare sitje der å vente, dessverre fordi det var helvetes trist å dra frå plassen og menneska) dra, og me va på Youngstorget igjen klokka kvart over fire i går.


Elles har eg klart å pådra meg ei forkjøling i løpet av turen, og eg har klart å faktisk vende meg til lukta av røyk, så mykje som Jokke og Yri røyka. Ikkje så bra kanskje.
Men eg trur eg omtrent kan seia at eg har hatt nokre av dei finaste dagane så langt i livet mitt denne veka. Eg var litt for sentimental då eg kom heim, slik eg absolutt ikkje pleier å vera, men det var litt fint òg. Eg saknar Utøya. Politikken, innleiingane, alt me lærde, gjørmekastinga og gjørmeskaffinga, sitjinga rundt bålet, allsongen, underhaldninga kvar kveld, all fotograferinga, musikksnakket, alt me lo av, og mest av alt; alle dei nye kjenninga, dei herlege menneska. Dei var herlege sjølv om eg ikkje blei ordentleg kjent med dei. Eg seier det igjen; AUF-arar er utruleg lette å bli kjent med.

Så til bileta:

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Regine og Anine (og Gudmund Hernes i bakgrunnen)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Blind Archery Club

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Volleyball og Lo i aksjon

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Ein ukjent person og Jokke hiv gjørme på Tonje

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Yri og Jokke dansar

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Ein eller annan og Jokke "kliner"

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Typisk Yri-og-Jokke-påfunn

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Yri har eit par rare utvekstar

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Me fekk ein del bilete å le av

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Meg, rosafyren og Yri

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Jokke og.. eh.. Lene? Lena? Noko slikt, trur eg.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
God morgon? Me var trøytte utpå morgonkvisten. Her var vel klokka nærmare seks.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Fyren som fekk litt nattmat i gåve frå Jokke


Over og ut.

Tuesday 17 July 2007

Og så var eg heime att.

Sidan fredag har eg vore innom Risør, Lyngør, Grimstad, Lillesand, Mandal, Lyngdal, Flekkefjord, Egersund, Varhaug, Bryne, Sandnes, Stavanger, Rennesøy, Ølen, Vinje, Rjukan, Gaustablikk og Kongsberg. Og det er sikkert eit par plassar eg har gløymt.

Alle byane/plassane var fine og koselege, utanom nokre få, til dømes Lyngdal og Ølen. Og eg må vel, nesten diverre, seia at Stavanger fortsatt er finast.
Av plassane eg har nemnt, kan eg berre førestille meg sjølv bu i Risør, Sandnes, Stavanger eller Kongsberg. Eg har sett så mykje bondeliv og ødemark den siste veka at Lørenskog no nesten verkar som ein interessant og sivilisert - men enno stygg - plass. Sør- og sørvestlandet er utruleg pent. Og Midt-Norge (Rjukan). Det er ikkje Austlandet. Men det er vel ei kjent sak.

Elles kan eg melde at eg no er fire CD-ar rikare (Cloroform - All-Scars, Kaiser Chiefs - Yours Truly, Angry Mob, Paul McCartney - Memory Almost Full og Sufjan Stevens - Illinois/Come On Feel The Illinoise!), at eg saknar ein viss person hvis namn byrjar med K og endar med ristoffer, at denne personen også har verdas søtaste lillesyster, at me hadde solskinn heile tre av dei seks dagane me var borte, at eg enno er nokså dialektforvirra, at eg i dag har pakka ut av kofferten, køyrt tre vaskemaskiner, og så pakka i ein sekstilitarssekk igjen, at eg gjorde det fordi eg skal på Utøya i morgon (insert big smile here), og at det er nokre gutar utanfor vindauget mitt som kastar noko greier på bakken som lager ein utruleg irriterande lyd.

Så mykje meir er det vel ikkje å seia. Om litt over eit halvt døgn er eg altså på veg til Youngstorget, der me skal ta buss vidare til Utøya. Eg gledar meg, men eg må innrømme at eg er litt nervøs òg. Når ein er meg veit ein aldri korleis slike ting går. So please wish me luck!


Nokre bilete frå turen (dårleg kvalitet nå som eg har gjort dei så små, men):

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Jæren, eg hugsar ikkje heilt kor

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Orrestranda (trur eg)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Hardangervidda

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Hardangervidda igjen

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Gaustatoppen (bilete teke frå hotellet vårt, som altså låg like ved)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Rjukan (ved Vemorkfabrikken, den dei sprengte under andre verdskrig)

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Ruinar av ein kraftstasjon på Rjukan, enno like ved Vemorkfabrikken.

Tuesday 10 July 2007

Oh the glory

Tidlegare i dag var eg ordentleg svolten for fyrste gong på to veker. Og det kjentest faktisk godt. Eg har ete så mykje i ferien (sjølv om det ikkje synest) at eg tykte det var ei god kjensle å vera svolten. Det er nesten litt skummelt.
Eg skal byrja med vanlege matvanar att ja, det er iallfall heilt sikkert.

Så, i morgon dreg eg. Klokka ni allereie. Det er litt uverkeleg, det har vore så lenge til i lang tid no. Risør og Grimstad i morgon, Kristiansand og Flekkefjord på torsdag, og endeleg Stavanger på fredag og laurdag. Og så Telemark igjen på sundag og måndag. Det vert nok ein fin tur, eg ser ikkje nokon grunn til at det ikkje skulle verte det. Eg gledar meg.

Men det er éin ulempe då. Eg har klart å verte ganske avhengig av datamaskinen igjen, diverre. Haha, det er jo berre tragisk. Men eg har vorte heilt avhengig av Wolfmotherforumet. Og ikkje minst musikken eg høyrer på her heile tida. Eg kjem til å få kraftige abstinensar no når eg ikkje har PC på to veker (minus éin dag mellom Stavangerturen og Utøya). Men eg har jo berre godt av det då. Abstinensane slepper nok taket til slutt, får me vona og tru.


Eg har oppdaga verdas finaste song. Casimir Pulaski Day av Sufjan Stevens. Han er så trist, skjør og fin. Utruleg fin. Eg har Ben å takke for den songen, han har heilt rett, songteksten er fantastisk fin. Og Sufjan Stevens har verdas herlegaste stemme. Eg berre få tak i ei plate av han. Det ser ikkje ut til å vera noko problem heller, i og med at Platekompaniet hadde rundt ti plater av han, så eg får sjå om eg finn noko i butikken i Stavanger. Eller Kristiansand. Eller ein eller annan plass.

Men no startar ein film eg skal sjå. I'll be back in a week or two.

Sunday 8 July 2007

Eg trur eg skal melde meg ut av Facebook

Øyvind gav meg motet til å gjera nettopp det. Eg orkar ikkje meir Facebook. Han gjekk framfor med eit godt eksempel og sletta profilen sin for ei veke sidan. Eg burde eigentleg gjera det eg òg. Og eg vil, å vera der minner meg berre på alt som skjedde med Anita, Nina og tante Kari og det der. Men eg kan nesten ikkje, pga AUF. Det er så mykje som annonserast der, og alle bilete vert lagt ut der. Eg får jo ikkje med meg noko om eg melder meg ut.
Wow, for eit dilemma.

Elles har eg vore stuck med familien på Nebba i helga. Vêret var jo ganske fint faktisk, så det var ikkje så ille. Dessutan såg eg på Live Earth i heile går. Eg visste jo ikkje når Wolfmother skulle spele, så eg måtte sjå på heilt frå klokka ti. Dei spelte ganske bra, men stemmen til Andrew er ikkje heilt bra i starten. Det er han aldri. Men han var bra igjen då dei starta på Woman. Litt pinsamt var det med at han prøvde å få publikum til å seia noko dei ikkje ville seia, men han henta seg fint inn igjen då, fekk dei til å seia eit eller anna med "SOS" i staden for det med "mother", eg skjønte ikkje kva han sa eingong. Det trur eg ikkje publikum der gjorde heller.

Men sjølve bodskåpen til Live Earth nådde meg faktisk òg. Eg vart emdå meir meir interessert i å kildesortere ordentleg osv, gjera ein innsats.

Men no skal eg ut og sykle. Det er noko eg har gjort kvar dag den siste veka. Eg er nesten stolt.

Monday 2 July 2007

I fell down in the desert, baby

No er eg så lei av å sitje heime åleine kvar dag at.. eg veit ikkje.

Men i dag var eg faktisk såpass lur at eg tok meg ein liten sykkeltur rundt i kommunen. Eg sykla opp til Finstad, den fyrste skulen eg gjekk på, og rundtom i området der, eg har jo ikkje vore der på tre-fire år. Og så sykla eg Hammerrunden motsatt veg av det me pleier med skulen. Litt trim. Det hadde eg veldig godt av.

Saka er at det er berre ikkje noko tenkeleg å gjera som eg ikkje har gjort. Eg har vaska huset fire gongar på ei veke, eg støvsuger oftare enn nødvendig, eg har skrive lister av alle slag og kjem ikkje på meir å skrive om, eg har ringt systrene mine så mykje at eg ikkje kan bruke mobilen noko særleg meir i nærmaste framtid (uansett er mobilen så godt som øydelagt), eg har sett alle filmane mine, høyrt på alle platene mine... Det eineste eg ikkje har fått gjort, er å lesa. For det kan eg nemleg ikkje så lenge eg ikkje har briller. Eg ser dårligare enn nokosinne no, det er ikkje mogleg for meg å lesa avisa eingong utan å få ein ulideleg smerte i auga og heilt slørate syn. Eg hatar at mamma er så treig med å ta meg med til ein optikar.
Ikkje kan eg bake heller. Sjølv om det er eit veldig fint tidsfordriv. Men eg endar berre opp med å spise det eg bakar sjølv, og det vil jo ikkje vera akkurat sunt. Eg skal faktisk lage både middag og sjokolademousse i morgon då. Men eg kan ikkje ete seks skåler med sjokolademousse åleine! Karen? Anybody?

Ein ting som har redda meg litt i dag, er at lyden på datamaskina fungerer igjen då. Fantastisk. Så eg har sete og sett litt for mange YouTubevideoar i dag.

Eg snakkar så utruleg mykje med meg sjølv når eg går heime og kjedar meg. Eg snakkar generelt mykje med meg sjølv. Og då på spesielle måtar. Altså, eg øver på dialektar. Men no har eg gått tilbake til engelsk igjen. For eit par år sidan heldt eg òg på sånn, men så slutta eg, og nå har eg gått tilbake igjen. Litt morosamt, eigentleg. Eg har skrive og snakka så mykje engelsk i det siste at eg tydeleg merkar no at eg har vorte flinkare. Eg har fått oppdatert engelsken min nokre år. Han er ikkje lenger så.. gammaldags og rar. Flotte greier.

Men no må eg gå, for eg skal... eh, nei, eg skal ingenting. Eg skal berre sitje her og kjede meg.

Wednesday 27 June 2007

You know I can't be nobody

womaaan, you've got to be a womaan. when you, you're talking to me, you see right through meee, i got the feeling of love!
she's gonna set you free-ee-yeah!

Om eg kjedar meg? Ja. Og Woman er enno ein herleg song.

Men eg drøymde ikkje om Morten Abel i natt då (og takk for det, om det skulle vera nokon tvil).

Tuesday 26 June 2007

Auch

Nyaste plateinnkjøp: Wolfmother - Dimensions EP og Kaiser Chiefs - Employment.

No skal eg ikkje kjøpe fleire plater på ei stund. Det kan eg berre ikkje. Eg har ikkje meir pengar no. Høyrer du, Kristin?
Argh, eg hadde eigentleg ikkje råd til å kjøpe dei to platene eg kjøpte i stad heller, men det var jo eit godt kjøp då.

Anyways, no var det vanskeleg å skrive norsk. Eg har skrive så mykje engelsk i det siste, eg har nemleg funne eit forum.. haha, det er tragisk, eg veit det. Men det er slikt sommarferien gjer med meg. Det var til og med eit Wolfmotherforum. Det er mange hyggjelege folk der faktisk, og overraskande mange nordmenn. Nesten litt merkeleg, dei som er aktive er anten australiarar, amerikanarar, engelskmenn eller nordmenn. Det seier vel berre litt om kor lite me har å gjera her i landet, utruleg mange nordmenn sit mykje meir på nettet enn folk i andre land gjer. Det seier jo også den click-sida noko om, den sida der ein skal trykketrykketrykke for landet sitt. Noreg ligg jo på ellevte plass, over både Australia og England for eksempel, og berre 1000 klikk under USA. Akkurat no då, i morgon er det sikkert annleis, då har me sikkert slått USA.
Uansett. Nordmenn sit mykje framfor PC-skjermen.
No klikka eg forresten Noreg opp på tiande plass. Haha, tragisk. Og no var me på ellevte igjen. Det varierer kraftig det her ja.

Men ja. Eg har vore på møte og debatt med AUF i dag. Fyrst var det eit møte på kontoret med ei dame frå Barne- og likestillingdepartementet, som fortalde oss kva den nye ekteskåpsloven går ut på. Det var utruleg lærerikt, eg har faktisk lurt litt på det der, kva som har vore skilnadane mellom partner- og ekteskåp og slikt. Glad eg fekk oppklart det.
Og så drog me til Sandvika for å sjå Lo delta i ein debatt om skoledebatt, i regi av Unge Høgre. Me var Lo, Marianne, Solvår, Najma, Mani, Stian, ein eg ikkje hugsar namnet på, og meg. Unge Høgre var ein person mindre eller noko slikt. Men dei var berre ei jente då.
Unge Høgre-debattanten heitte Henrik, og han var utruleg flink. Utruleg flink. Og difor tapte me så det song. Lo hadde ikkje forberedt seg på dei rette tingane, UH tok oss rett på senga. Pinsamt. Dei fortalde om korleis Ap alltid berre snakka om ressursene rundt skulen, og om systemet, istadenfor innhaldet i skuletimane. Og det er sant det. Eg er faktisk ikkje så einig i Aps skulepolitikk, eg er meir einig i Høgre sin - hadde det berre ikkje vore all den privatiseringa. Men utanom det og eit par punkt til, er eg nesten heilt einig i Unge Høgres skulepolitikk. Det same kan eg ikkje seia om AUF sin, diverre. Det svir litt å seia det, eg vil jo ikkje vera einig i Høgres politikk, men akkurat der er eg faktisk det. Utan at eg orkar å utdjupa det meir no.

Men det var ein hyggjeleg dag då. Alle dagar med AUF-folk er som kjent fine. Sjølv om me taper debatter så det syng.

Over til noko ganske anna; i natt hadde eg ein utruleg sær draum. Huff, den var rar. Eg drøymde at me var på noko AUF-greier, utpå landet ein plass, og så sat me utanfor ein butikk på nokre benkar medan me venta på at bussen skulle koma. Så kom plutseleg Morten Abel ut av matbutikken me satt utanfor, og stirra på oss eit par minutt, før han kom bort til oss alle og klemte kvar og ein av oss. Men meg klemte han berre ikkje, han kyssa meg også. Æsj, ekle Morten Abel. Og så gjekk eg rundt resten av dagen og sa, (med eit uttrykk i fjeset som viste at eg var.. eh.. disgusted, som det heiter på engelsk), at "eg fekk mitt fyrste kyss av ekle Morten Abel". Kva faen for ein draum var det? Herlighet. Også Morten Abel da, kvar fekk eg han frå? Æsj. Han er ein ekkel mann. Uæ.

Eg skal til tannlegen om ganske nøyaktig fjorten timar. Så eg får nesten gå og gjera meg klar. Eller gå og pusse tenna og så leggje meg, som det heller bør kallast. Og i natt skal eg IKKJE drøyme om Morten Abel.

Friday 22 June 2007

Ein veit ein er AUFar når ein vert redd av å sjå ein Frpar

Nyaste plateinnkjøp: The Killers - Sam's Town.
Eit godt kjøp.
Men eg var sur for at ingen av dei fem platebutikkane i Oslo sentrum hadde Employmentplata til Kaiser Chiefs. Korleis kan den vera utseld? Den er jo gammal! Trudde ikkje den var så populær.

Og eg er utruleg nøgd med karakterkortet eg fekk i dag. 5.0 i snitt er ikkje så utruleg bra, men eg vart glad for å få det, for då har eg faktisk gått opp meir enn det eg gikk ned til jul. Til neste år skal det vera endå betre. Eg skal ha fem i matte (og det klarer eg om eg berre gidd), og eg vil gjerne ha seksarar i engelsk og norsk munnleg, eg låg til min overrasking på sterk femmar der. Det hadde eg ikkje trudd.

Eg var på konsert i går, ja. Odd Nordstoga. På, hosthost, Jessheim! Fantastisk. Nei, det var ikkje så fantastisk. Det var heilt greitt, litt pinsamt, men koseleg. Nordstoga var utruleg flink med publikum (hvis gjennomsnittsalder låg på ca. 45 år + ein haug med ungar), han fortalde fleire underhaldande, fine histiorier mellom songane. Men han såg jo totalt bondetamp ut då. Det er jo det han er, det er slik musikken er, eg veit det, men eg trudde ikkje han kledde seg sånn. Det viste ikkje konsertbileta eg har sett før, iallfall. Men det var jo turnèstart, dei har vel fått nye klede då.
Før den nest siste songen, bad han oss i publikum om å reise oss (jadå, me sat). Det gjorde me alle, og han byrja på "Kveldssong for deg og meg". Eg syntest det å stå gjorde konserten litt betre, både fordi eg hadde så vondt av å ha sete på den harde benken i fem kvarter, og fordi eg generelt ikkje liker sitjekonsertar, så eg vart litt lettare til sinns. Men så. Så såg eg rundt meg. Eg såg til høgre, og kva såg eg der? Jodå, ein Frp-politikar eg ikkje hugsar namnet på. Eg skvatt, returnerte det sleske smilet hans med eit slu blikk, og tenkte at eg berre fekk gløyme det, og ikkje sjå meir til den kanten. Så eg snudde meg til venstre, og kva såg eg der? Jodå, ein Frp-politikar til! Fantastisk! Eg vart heilt paranoid.
Så eg har vore på konsert saman med haug med Frp-politikarar (det var heilt sikkert fleire der). Ingen overrasking, sidan Jessheimområdet jo er der Frp står sterkast (det er jo faktisk nazireiret i Noreg, øvre Romerike), men ekkelt likevel. Ugh.


Men no er det då offisielt sommarferie. Sweet. (Og eg må slutte med engelsken min, eg har byrja å blande inn altfor mange engelske ord no. Ikkje bra.)

Wednesday 20 June 2007

Oh really

Plutseleg er eg glad folk har "mobba" meg for at eg har så australsk uttale på engelsken min. Eg elskar australsk. Så no skal eg slutte å prøve å leggje av meg "dialekten". Då vert det lett òg gøy å snakke engelsk!
Lurer på kvifor eg har så australsk uttale eigentleg. Eg bestemte meg for å slutte å snakke amerikansk ein gong i fjor, og heller gå over til britisk. Men det vart australsk, ifølgje lærarar og medelevar. Dei byrja å le sist eg hadde framføring i klassen. "Unnskyld Kristin, jeg ler ikke for å være slem, men du høres bare så australsk ut! Hvor tar du det fra?" Nei, sei det du. Eg har riktignok australsk familie, men eg har også familie frå Wales og USA, så det burde vel ikkje ha noko å seia. Rare greier. Men no er det berre fint då.

I stad fekk eg såkalla ryddekick igjen. Så no er det støvsugd, støvtørka og vaska på rommet mitt. Stua skal eg ta til neste veke. Sånn går det når eg har ferie.
Og eg fekk faktisk sju plagg òg hårfarge til 750 kroner i dag, det er ikkje verst. Fint for meg, synd for miljøet. Men nå er det jo ingenting ein kan gjera utan å sleppe ut co2.

Elles har eg enno nesten like dilla på Wolfmother, men eg har byrja å høyre på Kaiser Chiefs, The Killers og Nick Cave, samt Led Zeppelin og Muse igjen, òg. No har eg det veldig fint med musikken min her, det er ikkje noko eg heller vil gjera enn å høyre musikk. Sist gong det var slik var då eg oppdaga Kaizers i november '05. Eg vonar eg snart får ein Kaizersperiode att, eg har ikkje høyrt så mykje på dei på lenge no. Men Sziget får nok opp interessen igjen, uansett om eg ikkje vert frelst ved å høyre på platene med det fyrste.
Eg gledar meg sånn til våren neste år.

Og om ein måned har eg vore på Utøya i to dager allereie! Tida går så fort den fyrste halvdelen av året. No snur sola og hausten kjem. Og då er det berre for meg å glede meg til vår og sommar igjen. Eg orkar ikkje tenkje pessimistisk på det no, for eg veit kor fort vinteren gjekk dette året (no var riktignok det ein veldig mild vinter då), og me satsar på at det gjer han neste år òg.

Skule i morgon att. Men når faen startar eg? Trur det var klokka elleve, men eg hugsar ikkje heilt. Hjelp?

Tuesday 19 June 2007

Rock with an accent!

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Andrew Stockdale. Wolfie. Eg berre sjå dei live igjen!

No skal eg lage ei speleliste i iTunes som skal heite "rock with an accent" (litt tragisk namn ja). Og nei, det betyr ikkje norske dialektar, men dei forskjellige dialektane i dei engelske språka. Det viste seg at eg har fått sansen for det òg. Eg treng fleire band å putte i spelelista, hittil har eg altfor få. Eg må nok laste ned noko her, diverre. Så får eg heller kjøpe plater i morgon.

Herlighet, Wolfmother tok meg heilt. Etter Kaizers og Skambankt er dei definitivt det beste bandet eg har sett live. Og høyrt, i det heile tatt. Eg er heilt besatt av musikken. Eg elskar det når eg vert interessert i nye band (les: band som er nye for meg. Eg oppdagar alltid musikken eit par år etter han kom ut).

Men eg har vore i Trondheim i langhelga, ja. Eg hadde det fint! Trondheim er ein mykje finare by enn eg trudde. Eg har jo vore der før, for fire år sidan, men eg hugsa ikkje så mykje av det.
Elin jobba diverre heile fredag og sundag, det var jo kjedeleg. Men det gjekk bra å berre vera med Marianne òg, då fekk me verte litt kjende i byen åleine. Me sneik oss inn på ymse kafear eg ikkje skulle vore på, åt litt for mykje kake og drakk litt for mykje kaffe latte. Men det var hyggjeleg.
Eg har endeleg lært meg korleis ein mac fungerer også. Eg hatar den helvetes alfakrøllen som må vera ved sida av æ'en, eg trykkjar alltid på den når eg skal trykke på enter. Og når eg då skal få fram alfakrøll ved å trykkje ctrl + 2, lukkar heile internettsida seg. Lurt. Men eg fekk dreisen på det til slutt.

No er skulen så godt som over! Me leverte inn bøkene i dag, og fekk gå klokka elleve. Det var fint for min del, for då kunne eg gå heim og sova. Eg sov nemleg ikkje meir enn tre-fire timar i natt, pga. to personar kalla Kristoffer og Silja. Trur eg må begrense MSN-inga (eit veldig fint verb, sant?) litt igjen altså. Så mykje MSN, eller PC i det heile tatt, er ikkje bra.

Nei, no går eg og klippar ut eit bilete av Wolfmother på Norwegian Wood frå Aftenposten. Føler eg må ha noko av dei på veggen òg.

Og no står fem gutar frå c-klassen oppi her og jokkar eit tre. Fantastisk. Gutar er rare.

Friday 15 June 2007

You know what I mean

Aah, Wolfmother var fantastisk! Det var faen nesten Kaizersnivå. Herregud, for ein konsert.

Det starta ikkje så bra i går. Eller jo, sjølve dagen starta flott, eg fekk gjort ferdig K&H-prosjektet mitt og engelskframføringa (noko som betyr at skulearbeidet er heilt over for i år no, woho!) og eg fekk ein seksar på norsktentamen. Men då me endeleg kom til Frognerparken, var ikkje ting like bra. Eg var nøydd til å leggje frå meg veksa utanfor i oppbevaringsteltet, pga kamera og paraply, og då eg til sist fekk sete meg ved Silja og Marthe, sat eg meg på ein tyggis. Det enda med at Mallory, Isabel og eg drog til Centraved Colosseum under Tori Amos-konserten. Der kjøpte me stålull, fann ein do, og prøvde febrilsk å få fjerna den idiotiske tyggisen. Det gjekk til slutt. Men eg trur nok folk ute i butikken lurte fælt på kva me dreiv med der inne.

Men så til sjølve festivalen då. Marte Wulff var heilt greitt, overraskande bra faktisk, og Tori Amos var òg grei. Ho skuffa litt, eg hadde høyrt at ho var betre enn det. Ho hadde absolutt null kontakt med publikum, og det er ganske vesentleg for at det skal verte god stemning, så det vart det altså ikkje. Og ingen konsert er bra utan god stemning.

Men så kom Wolfmother. Og dei overraska, dei. Det var riktignok dei eg hadde gleda meg mest til, men herregud så bra dei var. Dei hadde masse kontakt med publikum, stemninga var fantastisk god, og ikkje minst; dei var tre australske menn i fine, tronge bukser. Eheh, me veit jo alle om Kristins mannelår-i-tronge-svarte-bukser-fetisj. Den er svært pinsam. Eg håper ikkje du les det her, Kristoffer. Men uansett. Vokalisten hadde utruleg stilig sminke. Han liknar jo verkeleg på ein ulv. Også det håret da. Herleg.
Og nei, eg er ikkje ferdig med å prate om bukser enno; eg håper alle gutar i Noreg snart for alvor fattar at tronge, småle, mørke olabukser faktisk ser utruleg bra ut. Det verkar ikkje som om det slo heilt an her til lands, bare halvvegs, og det er eigentleg litt skandale.
Men. Mannelår-i-tronge-svarte-bukser-fetisj høyrest jo absolutt ikkje bra ut. Eg er ikkje heilt normal, trur eg. Eg har iallfall ikkje truffe nokon andre som deler det her med meg.

Men no drar eg til the home of Trond. (Trondheim.) Toget ventar.