og eg er trufast til din hals

Saturday 29 August 2009

Dance Little Liar

Då var eg heime, etter å ha stått på stands på Triaden, Metro, Lillestrøm Torv, Rælingen og Triaden igjen. Valkamp er gøy og sosialt!

Ei veke med mange skuledebattar har gått, og for min del har eg merka stor skilnad frå debattane i 2007. Det som irriterer meg mest er godaste Abid Q. Raja, som blir sendt i debatt med ungdomspolitikere under 25, medan han sjølv sit på ei lengre karriere som advokat og rikspolitiker. Greitt, i skulevalet speler alle partiar skittent, men det finst då grenser. 34 år gamle Raja veit å bruke herskarteknikkar i stor skala, og han veit å spela på seg sjølv og statusen sin. Å drite ut dei yngre jentene frå AUF og KrF er stor stas, og å ta manuset til sidemannen er artig. Endå festlegare er det å mase om dei siste 3000 (som eigentleg er 12000) han treng for å få plass på Stortinget, og å utpeike seg sjølv til talsmann for alle innvandrarar.
Eg tykkjer dette er heilt uakseptabelt. Det er barnsleg og idiotisk - men så klart, det fungerer for Venstre, og då ser dei vel ingen grunn til å slutte med det. Men eg, som til tider har vore svært Venstrevennleg, er i alle fall ikkje det lenger.

Elles er eg nøgd med valkampen. Det er utruleg god stemning samanlikna med 2007 (som også var eit godt val), og ifølgje dei som har vore med lenger enn meg, er stemninga mykje betre enn i 2005. Berre rundt ein av ti seier nei til roser, frukt e.l., og folk er blide og hyggjelege. Om me blir gjenvalt, er det fyrste gong sidan femtitalet at ei fleirtalsregjering har sete to periodar, så ei slik stemning er over all forventning. Eg ser fram til dei to neste og siste vekene.

Til slutt rettar eg ein stor, stor takk til alle dei som står på kvar einaste dag i valkampen. Mani, Edvin, Anniken, Jens - eg kunne nemnt fleire hundre - alle som jobbar mykje hardare enn meg for at landet vårt skal stå støtt i fire nye år.

PS: Arctic Monkeys - Humbug = Fantastisk med stor F. Josh Homme og AC er verkeleg ein perfekt kombinasjon.