og eg er trufast til din hals

Sunday 17 May 2009

We didn't read the invite, we just danced at our own wake

Eg tykkjer eg har hatt mykje meir enn mine 15 minutes of fame i det siste, altså.

I dag blei eg intervjua av nederlandsk tv om det norske monarkiet. Eg stod på Slottsplassen, i det avgrensa området fordi me hadde slike fancy billettar, også kom dei bort og sa: "Hello, you look very beautiful today! We are from Dutch television, do you speak English?"
Så følgte eit pinsamt langt intervju der dei spurde om blant anna kva eg tykte om kongefamilien (med vekt på Mette-Marit), om nordmenn ville ha republikk, kva rolle kongen hadde i det norske samfunnet og kva eg tykte om at han fekk stadig mindre makt. Det var kanskje ikkje dei lettaste tingane å prate om på engelsk, men eg fekk rota fram noko om at det var bra for demokratiet at kongen fekk mindre makt, sjølv om me mistar nokre tradisjonar. Så intervjua dei mamma, som snakka utruleg godt for seg!
Heldigvis skulle det vera med i eit nederlandsk program om europeiske monarkiar, så eg treng nok ikkje sjå det.

No sit eg i sola og les til eksamen, eg er nemleg sikker på at eg kjem opp i alle saman, og eg skal på Norwegian Wood helga før. Eg liker å vera førebudd, og det hjelper faktisk å ta sorgene på førehand.

Til slutt skal eg faktisk innrømme at eg såg så godt som kvart einaste minutt av MGP-finalen i går, kor enn flaut det er. Og eg blei smått glad då me vann. Eg talte ikkje mindre enn tre korps som spelte Fairytale framfor slottet i dag, det blir vel den nye nasjonalsongen ei stund framover. Men sigaren var fortent, og det tykkjer eigentleg alle dei too-cool-for-ESC-venene mine også, berre innrøm det!

Sunday 10 May 2009

Look out! I've got too much soul for the world

Ein tale, tre avisoppslag, to rosar, ein Kaizerssignering og ein Coopertest seinare.

1. mai var lærerikt - eg lærte at eg klarer å halde ein tale for mange menneske, sjølv når eg sjuk, at folka i kommunen ikkje hatar meg, og at Geir enno er like krass etter siste plata. Sjukdomen gjorde at eg måtte stikke før Anniken Huitfeldt talte på feiringa, dessverre, men det var ein bra dag med frukost, tog og sol.

Høgdepunkt frå signeringa var ei småbrisen venninne eg ikkje hadde sett på ei stund, som klarte å provosere fram eit "du vekke dyret i meg, skatt" frå Terje og eit "du vett, me har et sånt saying: don't bore us, get to the chorus" frå Geir. Ikkje verst, ikkje verst.

Gårsdagens rose i Romerikes Blad gjekk visstnok til meg! Det var koseleg. Godt å sjå at mine spontane, pinsame utsagn i god AUF-ånd i "fem på gata" hadde ei målgruppe, i alle fall.

Elles kan eg fortelje at Enebakk og Thorshov gard er flotte greier, og at årets siste Coopertest er overstått - og eg er supernøgd. Ertar ut.