og eg er trufast til din hals

Wednesday 29 April 2009

Når du ser at du ikkje lenger kaste skygge

.. då e di tid forbi.

Det diggar meg at Kaizers fyrst no har gitt ut Stormfull Vals, som eg har brukt som namn her sidan 2006. Endeleg har dei skjønt kva for ein god song det er!
Våre Demoner - herligt. Så godt å sjå at dei klarer å gje ut noko så bra etter Maskineri.

1. mai byr på tale og Kaizerssignering. Fyrstnemnte er ikkje så gøy (redd meg, please), men nr to der blir moro. Det er så lenge sidan sist no, at eg nesten saknar Geir. prezt.

Svineinfluensa meg her og svineinfluensa meg der.

Sunday 12 April 2009

The youth is starting to change, are you starting to change?

Are you? Eg tenkjer i dag.

Eg er så lei for at allmennkunnskapsnivået blant folk på min alder er så lågt. Eg merkar det sjølv, kor lite eg kan, spesielt om historie. I dag skulle eg skrive ein tekst på fransk om den norske nasjonaldagen, og eg måtte bruke Wikipedia flittig for å finne nok informasjon til å skrive om kva som eigentleg leidde fram til 17. mai 1814, og kva som skjedde i dei påfølgjande månadene og hundre åra. Fram til i kveld hadde eg ikkje høyrt noko om Kirsten Flagstad, og då me spelte Trivial Pursuit var det svært få av spørsmåla eg kunne svare på.

Allmennkunnskapen blei borte ein gong på vegen mellom den gamle puggeskulen og dagens meir praktiske skule. Skulen i dag krev meir av deg når det kjem til å tenkje sjølv og reflektere, og det er bra, men teorien har òg forsvunne i stor grad. Ein oppmuntrast heller ikkje til å utforske ting sjølv. Dei fleste har nok sine område dei veit unormalt mykje om, sjølv har eg Rogaland og haiar, men utanom kunnskapen ein tileignar seg gjennom enkelte interessar, veit mange ikkje meir enn dei må.

Folk, inkludert meg sjølv, bør lesa meir og nytte seg av dei ressursane dei har tilgjengeleg. Eg er glad for at eg alltid har vore oppteken av andre verdskrig, og derfor rakk å høyre historia om farfar som dreiv med illegale aviser og måtte løpe til Sverige med onkel Jonny i lakksko mange gongar før han døydde. Eg er også glad for at eg gjekk i bokhylla og las Nineteen-Eighty Four, ymse Henrik Ibsen og Intet nytt fra vestfronten. Men det er utruleg mykje som gjenstår, det er ei verd av bøker og kunnskapsområde der ute. Det fine med bøker er at ein lærer utan å veta det, og ein hugsar det etterpå; det gjer eit inntrykk, i motsetjing til sprengpugginga eg driv med på skulen.

Eg er svolten på kunnskap, eg vil kunne årstal, namn og konsekvensar. Eg vil lære, men eg må jo innrømme at eg ikkje renner ned biblioteket kvar dag. Det har eg ikkje tid eller ork til.
Enn så lenge får eg trøyste meg med at eg veit unormalt mykje om Rogaland og haiar.

Thursday 9 April 2009

Vise meg og mine skada, snakke svada

Eg må berre innrømme det: eg elskar påskekrim. Can you account for your whereabouts last night, mr. Ashton?

Wednesday 8 April 2009

Don't stop, just keep going on

Fjell. Ski. I don't mind.
Eg har faktisk gått fleire mil på ski. Eg skal ikkje seia kor mange mil, men det er fleire enn ei. Måtte droppe slalåmskia då. Eller, eg stod slalåm, berre ikkje i slalåmbakken. Eg gjekk fiskebein på slalåmskia opp til toppen av åsen bak hytta og køyrde ned, men i og med at turen opp tok eit kvarter og turen ned eitt minutt, blei det med to turar. Men det var fint likevel, då veit eg at eg kan stå slalåm utan å ende opp på Ahus.

I dag hadde eg ein bra dag på jobb. Eg har aldri jobba dag i bakeriet før, men i dag troppa eg opp klokka 07:00, og der fann eg to bakarar og ein avdelingssjef i strålande humør. Musikken til bakaren med god musikksmak på full guffe, plystring og tonedøv song, skulebrød og brødpakking, litt dans og leikeslåssing, slett ikkje verst. I alle fall ganske mykje betre enn å jobbe åleine på kveldsvakt.

Skjult var ikkje så ille, altså. Den skal ha for skvettefaktoren, som absolutt var tilstades, sjølv om trikset mitt om ikkje å sjå direkte på lerretet fungerer som berre det. Historia var interessant også, om enn grusam. Men eg må dessverre slengje meg på bølgja og innrømme, sjølv om eg er veldig glad i norsk film og Kristoffer Joner, at det er mangel på variasjon. Ein slik original karakter som Joner i seg sjølv er, gjer det vanskeleg å skilje rollene hans frå kvarandre. Eg har stor respekt for fyren, men eg var glad for å sjå eit friskt pust som godaste Arthur Berning inniblant Joner, Cecilie Mosli og Marko Kanic.

Det er eigentleg utruleg mykje betre å skrive på tastaturet til den stasjonære PC-en.

Friday 3 April 2009

Springtime and the promise of an open fist

Eg må bestemme meg.
Vil eg vera ein stor del av det litle, eller ein liten del av det store? Hm.

No har eg skrive ei koseleg melding (eg er litt i det koselege humøret i kveld) til alle på itslearning, men no skal eg ikkje sjekke itslearning eller noko som har med skule å gjera på ein ti dagars tid. For eg skal på fjellet og stå på ski. Kanskje nedoverski òg, viss eg tør, sist gong hamna eg på sjukehus, og det er tre eller fire år sidan no. Kan bli interessant. Og gøy!

Iron & Wine. Ikkje lenger berre jobbmusikk, mellom bakeren med god musikksmak og meg. Thank you Spotify! Deg kjem eg til å sakne på fjellet. Elles har eg ganske godt av å leggje fra meg maskina, trur eg, for hendene mine gjer vondt når dei er i bærbar-pc-stilling.

Erter (peas) ut.