og eg er trufast til din hals

Sunday 12 April 2009

The youth is starting to change, are you starting to change?

Are you? Eg tenkjer i dag.

Eg er så lei for at allmennkunnskapsnivået blant folk på min alder er så lågt. Eg merkar det sjølv, kor lite eg kan, spesielt om historie. I dag skulle eg skrive ein tekst på fransk om den norske nasjonaldagen, og eg måtte bruke Wikipedia flittig for å finne nok informasjon til å skrive om kva som eigentleg leidde fram til 17. mai 1814, og kva som skjedde i dei påfølgjande månadene og hundre åra. Fram til i kveld hadde eg ikkje høyrt noko om Kirsten Flagstad, og då me spelte Trivial Pursuit var det svært få av spørsmåla eg kunne svare på.

Allmennkunnskapen blei borte ein gong på vegen mellom den gamle puggeskulen og dagens meir praktiske skule. Skulen i dag krev meir av deg når det kjem til å tenkje sjølv og reflektere, og det er bra, men teorien har òg forsvunne i stor grad. Ein oppmuntrast heller ikkje til å utforske ting sjølv. Dei fleste har nok sine område dei veit unormalt mykje om, sjølv har eg Rogaland og haiar, men utanom kunnskapen ein tileignar seg gjennom enkelte interessar, veit mange ikkje meir enn dei må.

Folk, inkludert meg sjølv, bør lesa meir og nytte seg av dei ressursane dei har tilgjengeleg. Eg er glad for at eg alltid har vore oppteken av andre verdskrig, og derfor rakk å høyre historia om farfar som dreiv med illegale aviser og måtte løpe til Sverige med onkel Jonny i lakksko mange gongar før han døydde. Eg er også glad for at eg gjekk i bokhylla og las Nineteen-Eighty Four, ymse Henrik Ibsen og Intet nytt fra vestfronten. Men det er utruleg mykje som gjenstår, det er ei verd av bøker og kunnskapsområde der ute. Det fine med bøker er at ein lærer utan å veta det, og ein hugsar det etterpå; det gjer eit inntrykk, i motsetjing til sprengpugginga eg driv med på skulen.

Eg er svolten på kunnskap, eg vil kunne årstal, namn og konsekvensar. Eg vil lære, men eg må jo innrømme at eg ikkje renner ned biblioteket kvar dag. Det har eg ikkje tid eller ork til.
Enn så lenge får eg trøyste meg med at eg veit unormalt mykje om Rogaland og haiar.

5 comments:

Amit I said...

Interessant. Er ganske enig i det du skriver, og... vel, du vet hva jeg kommer til å si, men av respekt for deg og din posisjon i AUF, lar jeg være å si det ;)
Fortsett slik! :-D

Berg said...

Jeg er enig med deg! Allmennkunnskap er viktig. Haier er faktisk en av de sære tingene jeg veit/visste en del om også :P
Kult at det er flere som har lest Nineteen-Eighty Four!

Kristin said...

Wuhu :)
Fint du begrenser deg, Amit ;)
Jøss, eg har aldri møtt andre som veit mykje om haiar! Så gøy, la oss starte ein klubb.
George Orwell er knall.

Anonymous said...

..så kommer det (for meg) veldig obvious spørsmålet: why the HELL vet du masse om haier? prezt. Rogaland er fair enough, men.. haier? ææh.

Kristin said...

Joo, det er vel heilt normalt det, vel.
Neidå, eg hadde av ein eller annen grunn haiar som interesse då eg var rundt 8-10 år. Skreiv lange tekstar, las i store bøker osv. Morosamt.