og eg er trufast til din hals

Wednesday 8 April 2009

Don't stop, just keep going on

Fjell. Ski. I don't mind.
Eg har faktisk gått fleire mil på ski. Eg skal ikkje seia kor mange mil, men det er fleire enn ei. Måtte droppe slalåmskia då. Eller, eg stod slalåm, berre ikkje i slalåmbakken. Eg gjekk fiskebein på slalåmskia opp til toppen av åsen bak hytta og køyrde ned, men i og med at turen opp tok eit kvarter og turen ned eitt minutt, blei det med to turar. Men det var fint likevel, då veit eg at eg kan stå slalåm utan å ende opp på Ahus.

I dag hadde eg ein bra dag på jobb. Eg har aldri jobba dag i bakeriet før, men i dag troppa eg opp klokka 07:00, og der fann eg to bakarar og ein avdelingssjef i strålande humør. Musikken til bakaren med god musikksmak på full guffe, plystring og tonedøv song, skulebrød og brødpakking, litt dans og leikeslåssing, slett ikkje verst. I alle fall ganske mykje betre enn å jobbe åleine på kveldsvakt.

Skjult var ikkje så ille, altså. Den skal ha for skvettefaktoren, som absolutt var tilstades, sjølv om trikset mitt om ikkje å sjå direkte på lerretet fungerer som berre det. Historia var interessant også, om enn grusam. Men eg må dessverre slengje meg på bølgja og innrømme, sjølv om eg er veldig glad i norsk film og Kristoffer Joner, at det er mangel på variasjon. Ein slik original karakter som Joner i seg sjølv er, gjer det vanskeleg å skilje rollene hans frå kvarandre. Eg har stor respekt for fyren, men eg var glad for å sjå eit friskt pust som godaste Arthur Berning inniblant Joner, Cecilie Mosli og Marko Kanic.

Det er eigentleg utruleg mykje betre å skrive på tastaturet til den stasjonære PC-en.

2 comments:

edelweiss said...

det må jo ha vært toppen av lykke.

tror vi begge er i elevrådet. om ikke du er i styret. idk. følger egentlig ikke med

Unknown said...

correct! er vel i styret også, ja.