og eg er trufast til din hals

Friday 31 August 2007

Och det man inte ser, finns säkert inte till

Aaah, sattan. Skuledebattar er herleg.
Det gjekk så jævla bra i dag. Me vann på Asker vidaregåande skule! Asker! Ei av landets største Høgrekommuner. Og me vann med heile 40%! Det er faen ikkje dårleg.

I dag var eg altså med på Asker, Bleiker og Nesbru, og på onsdag var eg med på Skedsmo og Strømmen. Debattanten vår på onsdag var Eskil, og i dag var det Paal. Og helvete, så flinke dei er.

Eg har aldri sett nokon debattere som Paal. Det meiner eg verkeleg. Han er heilt rå. Knuser Frp og Høgre med eit jævlig temperament, får omtrent pinglate KrFU-arar til å byrja å grine, og forsvarer Ap betre enn nokon andre kan. Eg er nærmast sjokkert, så god er han.
Med andre ord gjekk det altså bra på skulane i dag. Fyrst ut var Asker, ein skule utan éin einaste innvandrar (eg såg iallfall ingen), og brunkremfaktoren var rimeleg høg. Men Paal klarte likevel å overbevise Høgrefolka slik at 40 % stemte Ap. Herleg. Høgre fekk berre 37 %. Frp fekk fem lusne prosent. Fem! Fy faen, heilt utruleg.
Bleiker gjekk også veldig bra, der hadde, heldigvis for oss, ikkje Høgre nestledaren Henrik som debattant lenger. Han er jævlig god, eg gløymer aldri korleis han knuste Lo i skuledebatten me hadde ein gang i våres. Men no hadde dei ein annan, ein tredjeklassing, som forsåvidt var flink, berre ikkje så flink til å ta ordet. Og der vart det òg ein salig krangel mellom oss og Glenn Simon frå FpU igjen, og det er så herleg når Paal vert sint og drar den sint-på-Frp-lina si. "Eg vert så jæævla forbanna når Frp snakkar om ...!" - og det seier han med sånn styrke i stemmen og ekstremt temperament at heile salen mest vert litt redde, før den kraftige applausen slår inn. Og Frp klarer aldri ta igjen. Eg elskar det.
På Nesbru gjekk det vel dårlegast. Men det gjekk enno bra. Iallfall med tanke på at den skulen er omtrent den verste Høgreskulen på heile vestkanten av Oslo/Akershus. Ganske sikker på at me fekk ein andreplass der iallfall. Men ikkje faen om me slo Høgre.

Onsdag gjekk også bra. På Skedsmo vann me med 43 %, og det er ikkje langt unna reint fleirtal! Der var det Eskil mot GS (Glenn Simon, FpU), og Eskil slo han heilt ned i støvelhælene. Eskil er òg jævlig god, ingen tvil om det. Og han er forsåvidt ein del hyggjelegare enn Paal, men han har ikkje det temperamentet som Paal scorer så bra med, så Paal er klart betre.
På Strømmen gjekk det òg rimeleg bra, trur eg. Men der gjekk elevane halvvegs i debatten, så det var ikkje så lett. Fæl skule. Der skal eg aldri gå.

No er det vel ikkje fleire skuledebattar på to år. Det er trist. Eg gjer vel faktisk siste valkampinnsats i morgon, då me skal rundt med Ap i fylket, eg skal jo bort heile neste veke. Uff, eg hatar å gå glipp av heile siste veka av valkampen. Det er jo to år til neste gong! Trist å tenkje på, altså. Så då får eg gjera ein ordentleg innsats i morgon.

Tuesday 28 August 2007

"Eg trudde det stod L for Lae, eg!"

"Kva vil me ha? LÆRLINGPLASSAR! Når vil me ha det? NO!"

Det sat me i AUF, RU, Elevorganisasjonen, Fagforbundet, LO m.fl. og sa i dag, på trappa til rådhuset.
Eg trudde eg berre skulle på ein liten aksjon med AUF i Akershus, stå på Karl Johan og dele ut flyers eller kanskje noko litt meir oppfinnsomt, men der tok eg feil. Då eg var på veg til kontoret kvart over to i dag, ringde Åsmund og sa at dei var seine, så eg måtte ringe fylkessekretæren i Oslo og avtale å møte han på Youngstorget ein plass halv tre. Telefonnummeret han gav meg, var ikkje i bruk. Heldigvis fann Trygve meg forvirra på ein benk ved fontena, kom bort og sa "hei, du er ikkje tilfeldigvis den i AUF i Akershus som skulle møte meg her," utan at eg aner korleis han skjønte at det var meg. Kanskje han hugsa at han hadde sett meg på Utøya, eller kanskje han berre syntest eg såg ut som ein typisk AUFar, ikkje veit eg. Men han var ein hyggjeleg fyr, som saman med tre andre frå Oslo geleida meg til rådhuset, og fortalde meg om det som skulle vera ein demonstrasjon i regi av dei tidlegare nemnte organisasjonane.

Me fekk alle utdelt røde t-skjortar med learning-L-en ein har i bakruta på bilen når ein lærer å køyre bil på framsida, og "1 av 2 i Oslo får ikke lærlingplass i Oslo - vi vil ha lærlingplass til alle!" på baksida. Då alle hadde fått og var klare, sat me oss på trappa framfor rådhuset, og folk frå bl.a. AUF og RU heldt innlegg.
Etter kvart kom Rune G og Nina Bache, og me overrekte sistnemnte ei t-skjorte, før ho òg heldt eit lite innlegg.
Og så skjedde det noko morosamt. Ei drosje køyrde inn på plassen, og ut kom Erling Lae, og tok mikrofonen og sa "eg trudde det sto L for Lae, eg!" og sikta då til t-skjortene våre. Folk lo og "bua" han ut, før fyren med mikrofonen sa "nei, Erling, vent! Me gjer han ei t-skjorte!" og overrekte han òg ei t-skjorte, på pur faen. Og Lae tok imot med stil, for han er ein respektabel politikar, og ein flott mann, hadde det berre ikkje vore for politikken han frontar.

Så bar det tilbake til kontoret, der Frida og eg pakka og skreiv adresser på 120 brev som skal sendast ut til nyfrelste (les: verva) AUFarar.
Og i morgon skal eg vera med på skuledebattar.


Elles enn det har ikkje så mykje skjedd, anna enn at eg tilbrakte laurdagen på Krocketfestivalen i Halden, der Silja og eg selte pølsar i sju timar for å dra på ein Goo Men-konsert med attenårsgrense på kvelden. Det kan høyrast veldig kjedeleg ut, men med Erlend, Joakim, Amanda og Peri som moralsk støtte og nye vener gjekk det veldig greitt, og konserten var jævlig bra.

Tuesday 21 August 2007

Det var ikkje så ille å starte skulen igjen

Faktisk. Det var heilt greitt. Eg tykkjer det er fint å ha noko fast å gjera igjen. Ein fast rutine kvar dag. Eg taklar ikkje å sitje og sløve tjuefire timar i døgnet, slik ein ofte gjer i ferien.
Eg synest det var herleg å faktisk vera trøytt igjen i går, ikkje herregud-no-orkar-eg-ikkje-meir-festival-trøytt, men eg-var-tidleg-oppe-og-seint-ute-i-dag-trøytt. Då søv ein så godt.

For eg var ute ganske seint i går, me dreiv valkamp på Eidsvoll heilt til ti. Eller, dvs, me dreiv plakataksjon, noko som var morosamt. Opne bildørene medan bilen enno er i fart, hoppe ut, løpe til veggen/stolpa me såg, ein held opp plakaten, den andre stiftar, og så løper begge tilbake til bilen fortast mogleg og lukkar dørene i fart. Trening er det òg, iallfall for ei som er vann med å aldri gjera noko anna etter skuletid enn å sitje heime.

På torsdag skal eg på studentaksjon, og eg har høyrt rykte om at det skal vera veldig morosamt, så eg gledar meg til det. Og eg vonar at eg får vera med på skuledebattar neste onsdag, det var iallfall då eg fekk fri frå skulen. Flaks for meg at eg har ein så snill lærar. Er visst Paal Mangerud som skal debattere også, og eg har høyrt at det bør eg ikkje gå glipp av.

Valkamp er gøy! Og no må eg gå og sjå vidare på valggreiene på NRK, Terje Søviknes er der no, og han er så ekkel at eg berre må høyra kva han har å seia.

Wednesday 15 August 2007

Eg har ei kjensle av at det er januar,

men det er det jo ikkje. Eg sit her med ei vinterkjensle, tenkjer at når eg ser ut av glaset, så vil det vera kvitt der ute, og mørkt. Men så ser eg ut. Og der er det berre tre som vaier i den litt for sterke vinden og regn.
Eg synest det lukter vinter. Eg har den kalde lukta av snø og frost i nasen dagen lang. Eg legg meg i sofaen med eit pledd rundt meg og foldar hendene om ein kaffikopp. Eg gledar meg til vår og grønt gras.
Men det er august. Og eg hatar jo vanlegvis vinter. Det er ei årstid eg helst ikkje vil tenkje på, som eg helst berre vil droppe. Men dei siste dagane, dei dagane eg har vore i Noreg, har eg hatt ei kjensle av at det er vinter, og når eg tenkjer meg om og finn ut at det ikkje er det likevel, vert eg skuffa. Eg gledar meg til det skal falle snø no. Eg gledar meg til å traske ut i mørket, høyre snøen lage kreppelydar under skoene mine når eg trør, tidleg ein tysdagsmorgon, med vått hår som frosser til is og øyretelefonar som erstatting for lue. Åh, så fint det skal verte.
Eg skjøner ingenting.

Men eg har no vore i Ungarn då. På Szigetfestivalen. Og eg har vore på Øyafestivalen. Det er det eg skal skrive om i dag, sjølv om det heller er andre ting eg vil skrive om. Eg har nemleg lært no at det er ikkje alt ein bør legge ut på internett.


For nøyaktig ei veke sidan drog eg til Budapest. Opp klokka sju, var på Gardermoen klokka åtte, der eg møtte Sarakka, Agathe og Sandra. Gjekk rundt med dei, før me gjekk til gaten, og der trefte me Eirik og Mats og venene deira, samt heile Kaizers delvis med familie og crew. Under flyturen sat eg ganske langt framfor dei andre, så då eg ikkje trong å ha setebeltet på, skviste me meg inn mellom Sarakka, Sandra og Agathe i seta deira. Så flyturen gjekk rimeleg fort, med folk å snakke med som gleda seg like mykje som meg til dagen etterpå, og med visse morosame sovetryne på flyet (dvs. Geir og Janove spesielt) å le av.
Onsdag kveld gjekk mest med til å berre vente på morgondagen. Herlighet, som eg gleda meg (og med god grunn).

Til slutt vart det endeleg torsdag, og eg vart dratt med på nokre turistgreier på Budasida av byen, før eg endeleg heiv meg på t-banen til Sziget, veksla billettane inn i armbånd, og prøvde å finne vegen til Main Stage, der Kaizers skulle spela om ein time. Det viste seg at festivalområdet var ein god del større enn eg fyrst trudde. Berre å gå frå inngangen til Main Stage tok nærmare ti minutt. Å gå frå inngangen til andre enden av festivalområdet tok dobbelt så lang tid. Øya var stor, og festivalen dekka heile øyområdet. (Eg ante heller ikkje at det skulle vera 450 000 menneske der før Eirik fortalde meg det, skvatt litt der ja.)
Men eg fann fram, og framfor scena var det ikkje så mange folk. Ein tredve-førti stk kanskje. Heile fyrste rad var dekka iallfall, utanom heilt på sidene. Og Agathe hadde heldt av plass til meg, så eg fekk rimeleg perfekt plass, litt på Terjesida av scena.
Det morosame var at Kaizers måtte hjelpe til å rigge på scena sjølve. Terje var ute og stemte gitarane, Rune testa trommane, Øyvind rigga opp bassen, og Helge prøvde orgelet. Og medan Terje stod der og stemte gitaren, regna det hundar og kattar. Det hølja ned. Og Terje stod under tak og gotta seg over å sjå at me vart klissblaute.
Men omtrent fem minutt før Kaizers gjekk på, slutta det heilt. Før den tid hadde riktignok lynet klart å slå ned i det tekniske systemet der, slik at skjermane på sidene av scena ikkje fungerte (og det fekk dei ikkje fiksa før neste konsert), men utruleg nok slutta det før introtapen byrja. Søren og, me som ville motbevise Janoves teori om at det aldri regnar når Kaizers speler (sjølv om jodå, den har vorte motbevist før). Men eg fekk iallfall skifta til tørt tøy, og kom meg gjennom heile Kaizerskonserten uten å verte blaut.
Og konserten var herleg. Eg hadde heilt gløymt korleis det var å sjå dei live, men det heile kom tilbake, det var fantastisk. Ei heilt safe og kjedeleg settliste gjorde ingenting, dei gjorde heile showet så utruleg bra at det vart fantastisk likevel. Eg gledar meg sånn til å sjå dei att, saaatan, eg gledar meg til det.
Ti minutt etter KO hadde gått av, byrja det så klart å regne igjen, denne gongen i endå større mengder. Jaudå.
Seinare på dagen såg me The Good, the Bad and the Queen, før Sarakka og co stakk litt etter klokka ni. Eg vandra rundt åleine ein times tid, noko som ikkje var lett, for så sjukt mykje menneske som det var under The Chemical Brothers har eg ikkje sett før. Men eg kom meg til slutt gjennom folkemengda og ut av området, og drog heim.

Så kom fredagen, som vart mykje betre enn eg hadde trudd. Eg tenkte vel ikkje så altfor varmt om den dagen, anna enn at eg gleda meg til å sjå Gogol Bordello.
Så på dagen vart det litt turistgreier igjen, denne gongen på Pestsida av byen, før eg nok ein gong heiv meg på t-banen, denne gongen i veldig dårleg tid, og forta meg til Main Stage. Eg rakk ikkje fram før Gogol hadde starta, kom berre fem minut for seint, men det var likevel nok til å måtte stå langt bak. Men i ettertid har eg vore glad for det, for Sarakka, Eirik, Kirsti og heile gjengen var ganske mørbanka då dei kom ut derifrå etterpå. Konserten var iallfall heilt utruleg bra, dei sjokkerte meg nærmast, så bra var dei. Nesten Kaizersnivå. Viss det ikkje faktisk var det. Satan, dei var så bra. Herlighet. Dei MÅ eg sjå att.
Etter konserten sat me ein halvtimes tid i ein ring framfor scena; Sarakka, Agathe, Sandra, Eirik, Ole Christopher, Svein Olav, Kirsti, Lovise og eg, så dei fekk kvilt seg litt. Så stakk me bort til Sigøynerscena, som eigentleg heitte World-music-scena, og trefte på eit jævlig bra sigøynerband eg ikkje hugsar namnet på. Alle utanom Lovise, Ole Christopher, Svein Olav og meg forsvann inn i folkemengda og byrja å danse, mens Lovise spurde om eg vart med for å finne ein do. Dei to gutane vart også med, fordi dei skulle ha seg noko å drikke. Så det vart til at me stakk innom ein bar og smakte litt tequila, (herregud, sterkt!), før me fortsatte doleitinga. Me fann ein do til slutt, men det var ikkje så lett, og på turen rakk Lovise og eg å verte ganske godt kjent. Utruleg hyggjeleg jente det der (med stavangerdialekt! Same med Kirsti òg.)
Me vendte omsider tilbake til Sigøynerscena, og vart med og dansa. Då me var ferdige, var samtlege så sveitte at det såg ut som om det hadde regna igjen. Det var ikkje akkurat rolegdans det der. Sigøynerrytmar er herlege å danse til.
Så var det tid for Skatalites, som spelte på same scene. Kirsti, Lovise, Svein Olav og Ole Christopher stakk for å sjå Pink i staden, medan me andre såg det gode ska-bandet med endå fleire bra danserytmar. Mange dansemusklar ein fekk brukt der som tidlegare ikkje hadde blitt brukt så mye, ja.

Etter konserten viste det seg at Sarakka, Agathe og Sandra ikkje fekk labbe rundt åleine lenger, foreldra kom og trakk dei ut av folkemengda. Og det var jo ganske kjipt, så eg stakk av med Lovise og Kirsti og dei to gutane, etter det vart klart at Sarakka og co skulle heim om ikkje så lenge. Medan Svein O og Ole C løp rundt med Lovise og ropte "VIP coming through, hey you, move away, Very Important Person coming through!" gjekk Kirsti og eg i bakgrunn og vart litt betre kjent, før me plutseleg ikkje ante kor me var hen, og måtte snu, og så snu igjen. Me avtalte til slutt å møtast på den baren dei hadde vore på kvelden før, Kirsti måtte berre på do fyrst. Og eg vart igjen spurt om eg kunne vera med og leite etter ein.
Kikki kom seg på do (riktignok eit herretoalett), og me kom oss til baren, etter å ha pressa oss gjennom tusenvis av Madness-publikumarar. Jævlig forvirrande det der, me hadde gått ein rar veg, så eg ante ikkje at me var ved Main Stage. Men det var me altså, og etter at Kikki hadde kjøpt noko meir å drikke, slo me oss ned med Lovise, Svein O og Ole C. Der sat me og snakka ein times tid, mykje om Kaizers, litt om andre ting, det var i det heile tatt veldig koseleg, fram til eg måtte heim, og presse meg gjennom tusenvis av menneske igjen. Men det gjekk den kvelden òg, eg kom meg heilskinna heim, sjølv om eg heldt på å verte overfalt av ein veldig dopa fyr.
Laurdag var det tid for å reise heim. Trefte på Eirik på flyplassen i Budapest, fekk høyra at dei hadde klart å miste Mats, etter at eg gjekk. Så han måtte kave seg til hotellet gjennom ekstremt tordenvêr, og sove dei få timane han kunne utanfor hotellromdøra. Stakkars. Men det gjekk no bra då.

Tok fly med Lovise og Kirsti, ein rask flytur med mykje lesing og soving. Då me landa på Gardermoen, forta eg meg heim for å rekke Skambankt som skulle spela for p3 på Øyafestivalen etter tre eingong. Eg møtte Silja utanfor inngangen, me gjekk inn og stelte oss opp for å sjå Pleasure, og vips, så stod heile Skambankt ved sida av oss. Tollak ved sida av meg, og dei andre ved sida av han igjen. Eg syntest det heile var ganske pinsamt, fordi eg stod der med Skambankt-t-skjorte, og ville ikkje at Tollak skulle snu seg og sjå det. Men likevel, for å sleppe laus fjortisjenta i meg litt, eg hadde jo ikkje akkurat noko imot å stå ved sida av den mannen..
Aanyway, det var iallfall lett for oss å finne ut når dei skulle spela, me berre fulgte etter dei då dei gjekk. Og ved radioscena slo eg av ein liten prat med Truls, som lurte på korleis det var på Sziget, før Skambankt spelte Stormkast, og to jenter skulle konkurrere om å vera best til å forføre med helium i munnen. Mja.
Etter eit par andre konsertar, vart det tid for den ordentlege Skambanktkonserten. Den hadde eg òg gleda meg som eit helvete til.
Og den var herleg. Litt kort så klart, sidan det var festival, men me rakk å bli teke ein god del bilete av, filma ein god del gongar, og me rakk å nyte Skambanktmusikken. Prepple var ein tur oppom scena også, under KKK!. Og etter konserten fekk eg settliste! Eg er evig takknemleg den vakta som hadde valet mellom å gje lista til Alice, Silja eller meg, og gav den til meg. Herleg. Mwaha.

No er denne bloggen altfor altfor lang, så eg avsluttar her, kan berre seie om resten av laurdagskvelden at me såg Primal Scream, som var utruleg bra, så bra at eg kjøpte ei CD av dei etterpå, saman med ei Øya-t-skjorte som viste seg å vera altfor stor, men kul likevel. Så var det så vidt eg kom meg heim, eg klarte å gå feil veg og hamna i feil ende av Risløkka, men eg fann heim til slutt. Klokka halv ett var eg heime, ganske utslitt, klar til å sove lenge, etter tre seine kveldar på festival.


No er eg heime igjen. Ferien er over. Og det er faktisk utruleg deilig. No har eg ein valkamp å delta i, og deltakinga mi startar i morgon, i Lillestrøm, på likestillingsaksjon.

Tuesday 7 August 2007

Teori er enkelt. Praksis er et helvetes rot.

..som Tore Renberg så fint seier.
Eg er nett ferdig med å lesa Mannen som elska Yngve om igjen. Og faen, eg hugsa ikkje at den var bra. Bra visste eg at ho var, boka, men det var alt eg visste. Eg hugsa ikkje kvifor ho var bra. Men no gjer eg det. Eg er nyforelska i MSEY. Helvete for ei herleg bok. Eg les Kompani Orheim om igjen no, den er det endå lenger sidan eg las, eg las jo den før eg las MSEY fyrste gong. Fint å få lese dei i den originale rekkefølgja òg, sjølv om det eigentleg ikkje har noko å seia.

Mja.. lenge sidan eg har skrive no. Det er ikkje det at eg ikkje har hatt tid, eller internettilgang, for det har eg hatt, i mindre grad. Men eg ville ikkje at noko skulle overskygge den førre bloggen, om Utøya. Så mange gode minne, eg ville at dei skulle trone øvst her på sida. Lenge. Og no har dei gjort det ei god stund, så det er på tide med ny blogg no. Har jo anna å skriva om òg, det som har skjedd i ettertid av Utøya.

Førre helg var det Månefestivalen. Som eg ikkje hugsar så altfor mykje av no, eg gløymer ting så fort. Iallfall dei små detaljane. Men eg hugsar iallfall litt.
Då eg fyrst kom til Fredrikstad på fredagen, drog Silja meg med på ei testvisning av ein ny norsk ungdomsfilm, som ho så fint sa. Det var alt me visste om filmen på førehand, det er jo hemmeleg, slike ting, men Silja sa ho hadde ei aning om at det kunne vera ein snowboardfilm. Javel. Filmen såg me, og ho hadde rett, det var den filmen ho tenkte på. Switch, heitte han, reiknar med det ikkje er så farleg at eg skriv det no. Filmen var iallfall bra nok, på linje med andre norske ungdomsfilmar, kanskje hakket betre. Kanskje.
Men så var det Måne, og då blei det å treffe Amanda, og så få tildelt arbeidsoppgåver. Eg hugsar ikkje så mykje meir frå fredagen, anna enn at Silja og eg snakka litt for mykje om Utøya, og fekk assosiasjonar til Utøya kvar gong me såg eit eller anna som eigentleg ikkje er Utøyarelevant i det heile tatt, men som var det likevel, fordi me hadde hatt ei eller anna oppleving med det. Slik er alltid moro. Men den dagen var det berre Sondre Lerche og DeLillos som spelte, litt for soft for meg, så det var ikkje så interessant. Bortsett fra at det faktisk var koseleg under "Neste Sommer," av DeLillos så klart, for då kunne Silja og eg nok ein gong mimre tilbake til Utøya. Paal song jo den songen, opptil fleire gongar.
Men ja, nok Utøya. Laurdagen gjekk også for seg på ein eller annan måte, alt eg hugsar er at me køyrde rundt bakpå den bilen og plukka søppel på og utanfor heile området, og at me såg Motorpsycho. Og at me kom inn på klubben, så klart. Me fekk bånd som sa at me var over atten av KjellO, fordi Amanada hadde så lyst til å sjå banda som spelte der, og klarte å overtale KjellO. Musikken var altfor heavy for meg, men det var moro likevel.
Meir gidd eg ikkje seia om Måne. Eg hugsar faktisk ikkje meir.

Så var eg på Nebba igjen i nokre dagar, utanom tirsdag, onsdag og litt av torsdag, då eg var heime og pakka. For eg skulle jo til pappa på fredagen. Så eg blei henta på Nebba, og køyrt til Drøbak, der eg skulle vera ein kveld, før eg skulle dra til Halden.
Eg skulle jo på Down on the Farm på laurdagen. Så då køyrde pappa meg dit sånn i totida, og i tretida køyrde mor til Amanda oss til der bussen gjekk ifrå. Og så startar det morosame.

Me bladde opp femti kroner (svindyrt), og gjekk inn i bussen, som dei fyrste. Me hadde utruleg flaks med tida, for hadde me kome berre to-tre minutt seinere, ville me kanskje ikkje fått sete ved sida av kvarandre eingong. Men det gjorde me altså, og då me hadde sete der eit par minutt, sa eg; "du Silja, han der liknar noko jevligt på Geir," om ein mann som stod med ryggen til der ute. "Veit du.. det ER Geir!" fekk eg til svar frå Silja, då Geir snudde seg. Jadå, herleg. Han kom inn på bussen saman med Pål Hausken frå bandet sitt, og sat seg bak i bussen. Så fekk me beskjed om at me måtte ta ein annan buss, fordi denne her ikkje funka. Så me gjekk inn på den andre bussen, som allereie var nesten halvfull då me kom på, og sat oss ned. Eit minutt seinare kom Geir og Pål inn. Då var det ikkje fleire sitjeplassar igjen. Så dei to måtte stå, og det gjorde dei rett ved sida av der eg sat. Så dei tre kvartera me sat på den bussen, var utsikten min på venstre side rompa til Pål. Litt småpinsamt (men eg kan vel ikkje sei at eg mislikte utsikten..), og irriterande, i og med at då kunne ikkje Silja og eg snakke om Kaizers & co slik me alltid gjer, men likevel morosamt. Og utruleg sært.
Me kom no fram til slutt, til ein plass der nærmaste hus var to km unna, og der det var svensk telenettverk, dei svært få gongane det i det heile tatt var dekning på mobilen. Då me kom fram, gjorde me oss kjende på området, før me bestemte oss for å skaffe oss noko mat på nærbutikken, to km unna. Det gjorde me, og på veg tilbake blei me heldigvis plukka opp av eit hyggjeleg, harry par, som køyrde oss heilt til inngangen. Flaks det der.
Fyrst spelte Shit City, riktignok før me gjekk til nærbutikken, og då me kom tilbake var det australske Beasts of Bourbon, som var rimeleg festlege, før det var amerikanske Gillian Welch, som var altfor mykje country for min (eller vår) smak. Men så. Så var det Big Star. Ein halvtimes tid før konserten, klarte utruleg nok Silja å få auge på Christer Knutsen. Det er ikkje dårleg til Silja å vera, med tanke på at ho (iallfall på den tida) ikkje hadde høyrt på eller likte mannen noko særleg. Men då stod me der, ikkje så langt i frå Christer, og seinare også Geir, Pål og eit av bandmedlemma i Sacred Hearts (som er bandet til Christer). Så starta konserten. Og gud det var herleg. Sjølv om berre to av dei fire medlemma var originalmedlemma, Alex Chilton og Jody Stephens, var dei herleg bra. Dei to nye medlemma var utruleg flinke. Og alle fire song. Til og med trommisen. Det likte eg. Morosamt å sjå sånne gamle syttitalsartistar på scena. Eg liker sånt.
Så, eit par timar seinare, var det tid for The Flaming Lips. Og dei var fantastiske. Eit utruleg spektakulært sceneshow, med ei stor ballongboblesak vokalisten stagediva i, andre ballongar som under heile konserten føyk rundt i publikum, romvesen, julenissar, gongongar, store hender, skjerm med masse rare filmar, konfetti og utruleg masse morosam skit dei tok i bruk i løp av dei ca. hundre minutta dei heldt på. Ein herleg konsert. Og me hadde ein herleg sær fyr framfor oss også, som sa då me kom; "hvis dere må tisse i løpet av konserten... så bare tiss." Jadå.

Så har eg berre vore på hytta sidan det, før eg kom heim att i dag. Fint med internett igjen, hadde visst fått fem nye vener på trynebog og heile pakka. Og Christer Knutsen hadde svart meg på MySpace, angåande Down on the Farm; "Så enormt kult at du fikk vært der du og! Jeg hadde tidenes festivalopplevelse.
Holdt på å svime av når de satt igang Ballad of El Goodo.. Alex Chilton synger finest i verden!"
Eg diggar den fyren. Han har svart meg kvar gong eg har skrive til han på MySpace (dvs fire eller fem gongar på berre nokre måneder). Det er slik man skal behandle fansen.

Og i morgon reiser eg jo til Budapest. Satan, eg kan ikkje fatte at eg faktisk skal sjå Kaizers igjen. Kaizers! I morgon er det nøyaktig åtte månader sidan sist. Faen. Det må berre bli herleg. Og så er det Gogol Bordello dagen etterpå. Og Skambankt på Øya på laurdag. Og Bigbang. Og neste veke Zahl og Ralph Myerz. Og neste veke der igjen The Goo men. Og eit par veker etterpå der igjen Kloster. Også er det jo valkamp også inni alt det her. Eg har herleg mykje å sjå fram til, og det er det fint å ha i bakhovudet.