og eg er trufast til din hals

Tuesday 7 August 2007

Teori er enkelt. Praksis er et helvetes rot.

..som Tore Renberg så fint seier.
Eg er nett ferdig med å lesa Mannen som elska Yngve om igjen. Og faen, eg hugsa ikkje at den var bra. Bra visste eg at ho var, boka, men det var alt eg visste. Eg hugsa ikkje kvifor ho var bra. Men no gjer eg det. Eg er nyforelska i MSEY. Helvete for ei herleg bok. Eg les Kompani Orheim om igjen no, den er det endå lenger sidan eg las, eg las jo den før eg las MSEY fyrste gong. Fint å få lese dei i den originale rekkefølgja òg, sjølv om det eigentleg ikkje har noko å seia.

Mja.. lenge sidan eg har skrive no. Det er ikkje det at eg ikkje har hatt tid, eller internettilgang, for det har eg hatt, i mindre grad. Men eg ville ikkje at noko skulle overskygge den førre bloggen, om Utøya. Så mange gode minne, eg ville at dei skulle trone øvst her på sida. Lenge. Og no har dei gjort det ei god stund, så det er på tide med ny blogg no. Har jo anna å skriva om òg, det som har skjedd i ettertid av Utøya.

Førre helg var det Månefestivalen. Som eg ikkje hugsar så altfor mykje av no, eg gløymer ting så fort. Iallfall dei små detaljane. Men eg hugsar iallfall litt.
Då eg fyrst kom til Fredrikstad på fredagen, drog Silja meg med på ei testvisning av ein ny norsk ungdomsfilm, som ho så fint sa. Det var alt me visste om filmen på førehand, det er jo hemmeleg, slike ting, men Silja sa ho hadde ei aning om at det kunne vera ein snowboardfilm. Javel. Filmen såg me, og ho hadde rett, det var den filmen ho tenkte på. Switch, heitte han, reiknar med det ikkje er så farleg at eg skriv det no. Filmen var iallfall bra nok, på linje med andre norske ungdomsfilmar, kanskje hakket betre. Kanskje.
Men så var det Måne, og då blei det å treffe Amanda, og så få tildelt arbeidsoppgåver. Eg hugsar ikkje så mykje meir frå fredagen, anna enn at Silja og eg snakka litt for mykje om Utøya, og fekk assosiasjonar til Utøya kvar gong me såg eit eller anna som eigentleg ikkje er Utøyarelevant i det heile tatt, men som var det likevel, fordi me hadde hatt ei eller anna oppleving med det. Slik er alltid moro. Men den dagen var det berre Sondre Lerche og DeLillos som spelte, litt for soft for meg, så det var ikkje så interessant. Bortsett fra at det faktisk var koseleg under "Neste Sommer," av DeLillos så klart, for då kunne Silja og eg nok ein gong mimre tilbake til Utøya. Paal song jo den songen, opptil fleire gongar.
Men ja, nok Utøya. Laurdagen gjekk også for seg på ein eller annan måte, alt eg hugsar er at me køyrde rundt bakpå den bilen og plukka søppel på og utanfor heile området, og at me såg Motorpsycho. Og at me kom inn på klubben, så klart. Me fekk bånd som sa at me var over atten av KjellO, fordi Amanada hadde så lyst til å sjå banda som spelte der, og klarte å overtale KjellO. Musikken var altfor heavy for meg, men det var moro likevel.
Meir gidd eg ikkje seia om Måne. Eg hugsar faktisk ikkje meir.

Så var eg på Nebba igjen i nokre dagar, utanom tirsdag, onsdag og litt av torsdag, då eg var heime og pakka. For eg skulle jo til pappa på fredagen. Så eg blei henta på Nebba, og køyrt til Drøbak, der eg skulle vera ein kveld, før eg skulle dra til Halden.
Eg skulle jo på Down on the Farm på laurdagen. Så då køyrde pappa meg dit sånn i totida, og i tretida køyrde mor til Amanda oss til der bussen gjekk ifrå. Og så startar det morosame.

Me bladde opp femti kroner (svindyrt), og gjekk inn i bussen, som dei fyrste. Me hadde utruleg flaks med tida, for hadde me kome berre to-tre minutt seinere, ville me kanskje ikkje fått sete ved sida av kvarandre eingong. Men det gjorde me altså, og då me hadde sete der eit par minutt, sa eg; "du Silja, han der liknar noko jevligt på Geir," om ein mann som stod med ryggen til der ute. "Veit du.. det ER Geir!" fekk eg til svar frå Silja, då Geir snudde seg. Jadå, herleg. Han kom inn på bussen saman med Pål Hausken frå bandet sitt, og sat seg bak i bussen. Så fekk me beskjed om at me måtte ta ein annan buss, fordi denne her ikkje funka. Så me gjekk inn på den andre bussen, som allereie var nesten halvfull då me kom på, og sat oss ned. Eit minutt seinare kom Geir og Pål inn. Då var det ikkje fleire sitjeplassar igjen. Så dei to måtte stå, og det gjorde dei rett ved sida av der eg sat. Så dei tre kvartera me sat på den bussen, var utsikten min på venstre side rompa til Pål. Litt småpinsamt (men eg kan vel ikkje sei at eg mislikte utsikten..), og irriterande, i og med at då kunne ikkje Silja og eg snakke om Kaizers & co slik me alltid gjer, men likevel morosamt. Og utruleg sært.
Me kom no fram til slutt, til ein plass der nærmaste hus var to km unna, og der det var svensk telenettverk, dei svært få gongane det i det heile tatt var dekning på mobilen. Då me kom fram, gjorde me oss kjende på området, før me bestemte oss for å skaffe oss noko mat på nærbutikken, to km unna. Det gjorde me, og på veg tilbake blei me heldigvis plukka opp av eit hyggjeleg, harry par, som køyrde oss heilt til inngangen. Flaks det der.
Fyrst spelte Shit City, riktignok før me gjekk til nærbutikken, og då me kom tilbake var det australske Beasts of Bourbon, som var rimeleg festlege, før det var amerikanske Gillian Welch, som var altfor mykje country for min (eller vår) smak. Men så. Så var det Big Star. Ein halvtimes tid før konserten, klarte utruleg nok Silja å få auge på Christer Knutsen. Det er ikkje dårleg til Silja å vera, med tanke på at ho (iallfall på den tida) ikkje hadde høyrt på eller likte mannen noko særleg. Men då stod me der, ikkje så langt i frå Christer, og seinare også Geir, Pål og eit av bandmedlemma i Sacred Hearts (som er bandet til Christer). Så starta konserten. Og gud det var herleg. Sjølv om berre to av dei fire medlemma var originalmedlemma, Alex Chilton og Jody Stephens, var dei herleg bra. Dei to nye medlemma var utruleg flinke. Og alle fire song. Til og med trommisen. Det likte eg. Morosamt å sjå sånne gamle syttitalsartistar på scena. Eg liker sånt.
Så, eit par timar seinare, var det tid for The Flaming Lips. Og dei var fantastiske. Eit utruleg spektakulært sceneshow, med ei stor ballongboblesak vokalisten stagediva i, andre ballongar som under heile konserten føyk rundt i publikum, romvesen, julenissar, gongongar, store hender, skjerm med masse rare filmar, konfetti og utruleg masse morosam skit dei tok i bruk i løp av dei ca. hundre minutta dei heldt på. Ein herleg konsert. Og me hadde ein herleg sær fyr framfor oss også, som sa då me kom; "hvis dere må tisse i løpet av konserten... så bare tiss." Jadå.

Så har eg berre vore på hytta sidan det, før eg kom heim att i dag. Fint med internett igjen, hadde visst fått fem nye vener på trynebog og heile pakka. Og Christer Knutsen hadde svart meg på MySpace, angåande Down on the Farm; "Så enormt kult at du fikk vært der du og! Jeg hadde tidenes festivalopplevelse.
Holdt på å svime av når de satt igang Ballad of El Goodo.. Alex Chilton synger finest i verden!"
Eg diggar den fyren. Han har svart meg kvar gong eg har skrive til han på MySpace (dvs fire eller fem gongar på berre nokre måneder). Det er slik man skal behandle fansen.

Og i morgon reiser eg jo til Budapest. Satan, eg kan ikkje fatte at eg faktisk skal sjå Kaizers igjen. Kaizers! I morgon er det nøyaktig åtte månader sidan sist. Faen. Det må berre bli herleg. Og så er det Gogol Bordello dagen etterpå. Og Skambankt på Øya på laurdag. Og Bigbang. Og neste veke Zahl og Ralph Myerz. Og neste veke der igjen The Goo men. Og eit par veker etterpå der igjen Kloster. Også er det jo valkamp også inni alt det her. Eg har herleg mykje å sjå fram til, og det er det fint å ha i bakhovudet.

No comments: