og eg er trufast til din hals

Friday 27 February 2009

Kamp Katta Kim

WHITE LIES TIL HOVE! Herrefredus. Eg har visst det ei stund no, men eg er enno ikkje over det.

Og så Fleet Foxes! No er ikkje festivalsommaren langt frå perfekt, men eg slenger ut nokre namn til, sidan eg har fått dei namna eg har ynskja meg i det siste. Så: Eagles of Death Metal, Kaiser Chiefs og Glasvegas. Sånn. Då er det berre å vente..

Kamp Katta Kim blir epic.

Tuesday 24 February 2009

So take it as a song or a lesson to learn

Franz Ferdinand og Killers til Hove, Band of Horses, Röyksopp, Datarock, Lily Allen, The New Wine, Bon Iver og sjølvsagt Arctic Monkeys til Øya, Nick Cave til Norwegian Wood.. åh, kvifor er det ikkje sommar 09 no? Antakeleg fordi eg skal ha noko å glede meg til.
Det kan snart ikkje bli stort betre, i alle fall ikkje Øya. No ventar eg berre på White Lies og Glasvegas til anten Hove eller Øya (Hove pleeeease), så treng eg ikkje drøyme meir.

Eg elskar 2244, spesielt når dei gjer lyd frå seg i løpet av lange skuledagar.

Wednesday 18 February 2009

So get of your low, let’s dance like we used to

Slike tunge dagar går veldig fint når ein har gode vener å tilbringe dei med.

Eg må innrømme at det ikkje er så ille med ferie, når ein kjem heim frå Oslo etter fire-fem koselege timar med ei god venninne ein ikkje har sett på halvanna år. Kvitteringar frå Baker Hansen, Platekompaniet, Big Dipper og Carlings vitnar også om ein bra dag. Om ikkje for lommeboka, som har mista ein god del av innhaldet, så for psyken.

Det høyrtest kanskje innmari materialistisk ut, men det er i grunn ikkje det når det er snakk om musikk. White Lies = fantastisk. Klart ein treng båe CD-en og 7"-en då. Og eg klarer heller ikkje å halde meg unna my guilty pleasure; Lily Allen. Eg aner ikkje kvifor eg liker henne, iom. at eg ikkje liker nokon andre kvinnelege artistar (ikkje skuld på meg, eg kan ikkje for det), men eg må no berre innrømme at Lily Allen er kvalitet, om enn litt.. slitsamt? Mja. Eg har ikkje så mange guilty pleasures, men Lily Allen er iallfall blant dei.

Fredag -> konsert. Fyrst på Big Dipper, så på Caven. Og moro skal det bli.

Tuesday 17 February 2009

Kvil i fred

Familien endrar seg om dagen. Ein ny generasjon veks stadig, generasjonen to hakk opp er snart borte. Kvil i fred, farfar, eg saknar deg.

I desse tider er det godt å ha verdas søtaste lille nevø å kose med, ein som kjem til å vera her lenger enn meg.

Thursday 12 February 2009

Is there a ghost in my house?

Akkurat no kunne eg ikkje hatt det betre.

Eg er ikkje glad, ikkje trist. Berre fredfull. For fyrste gong på ei god stund, kanskje eit halvt år, er eg ikkje manisk. Eg er ikkje unaturleg glad, og ikkje så overbekymra at eg ikkje får sova. Eg er berre tilstades, tenkjer ikkje, og det er faktisk ganske så fint. Eg har eit par bekymringar som ligg i bakhovudet - men dei ligg nett der og kosar seg, langt under overflata.
Å slappe av, kallast det kanskje.

Så, lét oss skåle for det med litt varm melk tilsett honning og kanel - ikkje kaffi eller te, proppa med koffein.

(oh, og Band of Horses: endå herlegare enn eg trudde dei var!)

Saturday 7 February 2009

Change your plans and then phone me

Hove skuffar litt. Slipknot? Fnys. For tida ser det faktisk ut til at Øya blir betre. Men men, skadar jo ikkje å få med seg båe to. Ah, det skal bli fantastisk.

Eg er litt skuffa over årsmøtet óg. Ikkje årsmøtet i seg sjølv, men noko av det som blei vedteke. Men eg fekk masse støtte for forslaget mitt også, då, og eg fekk taletid og heile pakka, så det var kanskje ikkje så altfor ille. Positivt å sjå så utruleg mange folk, i alle fall! Me var vel minst seksti personar, og det hadde eg aldri trudd. Akershus altså, fantastisk fylke.
Eg har innsett at eg passar ganske godt inn i AUF likevel, sjølv om eg til tider kjenner meg litt.. hostblåhost. Ingen tvil om at eg passar inn i Ap, jaffal, eg manglar berre litt av den radikale ungdomsånden i blant.

Eg blir så glad når folk seier hei til meg i gongane, spesielt folk eg ikkje trur kjem til å gjera det. Folk er faktisk ganske greie, altså. Frå no av skal eg omfamna det naive ved meg; seia hei til alle og einkvar, og sjå kven som svarer. Ver førebudd.

Sunday 1 February 2009

Hey you, up in the sky

Februar? Verkeleg? Jøss. Tida går utruleg fort.

Nyttårsforsetta mine går det ganske så greitt med, foreløpig. Men det som er overraskande er at treninga går det flott med - eg har trent fem av dei siste åtte dagane - mykje flottare enn det går med fransken. Hm. Jaja, då har eg litt å gå på.
Også har eg laga meg eit nytt eit, me kan kanskje kalle det eit februrarforsett: eg skal ikkje leggje meg så seint at alle bekymringane kjem og tek meg slik at eg ikkje får sove. Det gjer ein fæl, sjølvforsterkande effekt, det der. Ond sirkel. Og, tilhøyrande: eg skal ikkje bekymre meg over slike unødvendige ting som har heldt meg vaken nesten kvar natt den siste veka.

Elles var eg innom og rana Big Dipper i går. Eller, eigentleg ikkje - eigentleg rana eg berre meg sjølv. Bigbang - From Acid to Zen (LP) og The Strokes - Someday og Juicebox 7". 279 kr. Det er ikkje billig.
Og Hovebilletten er i boks! Bokstaveleg talt, han ligg i ein boks, og der skal han liggje trygt fram til juni. Ikkje så lenge til no.

I morgon er det elevrådsstyreseminar på Hamar! Det vil seia at eg skal på skulen i halve morgon, samt torsdag og fredag denne veka. Det blir slitsamt, altså.