og eg er trufast til din hals

Sunday 1 February 2009

Hey you, up in the sky

Februar? Verkeleg? Jøss. Tida går utruleg fort.

Nyttårsforsetta mine går det ganske så greitt med, foreløpig. Men det som er overraskande er at treninga går det flott med - eg har trent fem av dei siste åtte dagane - mykje flottare enn det går med fransken. Hm. Jaja, då har eg litt å gå på.
Også har eg laga meg eit nytt eit, me kan kanskje kalle det eit februrarforsett: eg skal ikkje leggje meg så seint at alle bekymringane kjem og tek meg slik at eg ikkje får sove. Det gjer ein fæl, sjølvforsterkande effekt, det der. Ond sirkel. Og, tilhøyrande: eg skal ikkje bekymre meg over slike unødvendige ting som har heldt meg vaken nesten kvar natt den siste veka.

Elles var eg innom og rana Big Dipper i går. Eller, eigentleg ikkje - eigentleg rana eg berre meg sjølv. Bigbang - From Acid to Zen (LP) og The Strokes - Someday og Juicebox 7". 279 kr. Det er ikkje billig.
Og Hovebilletten er i boks! Bokstaveleg talt, han ligg i ein boks, og der skal han liggje trygt fram til juni. Ikkje så lenge til no.

I morgon er det elevrådsstyreseminar på Hamar! Det vil seia at eg skal på skulen i halve morgon, samt torsdag og fredag denne veka. Det blir slitsamt, altså.

No comments: