og eg er trufast til din hals

Saturday 7 February 2009

Change your plans and then phone me

Hove skuffar litt. Slipknot? Fnys. For tida ser det faktisk ut til at Øya blir betre. Men men, skadar jo ikkje å få med seg båe to. Ah, det skal bli fantastisk.

Eg er litt skuffa over årsmøtet óg. Ikkje årsmøtet i seg sjølv, men noko av det som blei vedteke. Men eg fekk masse støtte for forslaget mitt også, då, og eg fekk taletid og heile pakka, så det var kanskje ikkje så altfor ille. Positivt å sjå så utruleg mange folk, i alle fall! Me var vel minst seksti personar, og det hadde eg aldri trudd. Akershus altså, fantastisk fylke.
Eg har innsett at eg passar ganske godt inn i AUF likevel, sjølv om eg til tider kjenner meg litt.. hostblåhost. Ingen tvil om at eg passar inn i Ap, jaffal, eg manglar berre litt av den radikale ungdomsånden i blant.

Eg blir så glad når folk seier hei til meg i gongane, spesielt folk eg ikkje trur kjem til å gjera det. Folk er faktisk ganske greie, altså. Frå no av skal eg omfamna det naive ved meg; seia hei til alle og einkvar, og sjå kven som svarer. Ver førebudd.

2 comments:

Anonymous said...

Forstår følelsen av å føle seg litt "blåere" enn gjennomsnittet! Om enn bare litt. Hvilket forslag var det som var ditt? Enig med deg i at ikke alt som ble vedtatt var like fantastisk, men likevel et spennende årsmøte med nye bekjentskaper :)

Kristin said...

Oi, ante ikkje at du hadde kommentert her!
Jøss, godt å høyre!
Forslaget om valfri karakter i kroppsøving var mitt. Utruleg kjipt at det blei endra til det motsette, altså..
Sant, sant! Skulle gjerne ha vore der laurdagen òg.