og eg er trufast til din hals

Saturday 27 June 2009

This ain't no fucking bible study dude, it's rock and roll

I'll say.

Det er varmt. Det er sommar. Eg er heime frå Hove. Eg er 2000 kr fattigare, 10000 gode minne rikare.

Where to start? Høgdepunktliste:
Konsertmessig: 1. Eagles of Death Metal, 2. Golden Silvers, 3. The New Wine x2
Dagsmessig: 1. Måndag - best musikk, 2. Tysdag - bra musikk, bra folk, 3. Sundag - bra folk, i Arendal og i Dollaråsen
Matmessig: Bakt potet på festivalen, no doubt
Camp-/nabomessig: 1. Camp Dollaråsen - pga. fantastisk harry namn, bra folk og stemning, 2. Kvinheradcampen - everywhere, everyone. Eg kjenner faktisk 1 % av Kvinherads innbyggjarar (okei, nesten då)
Kjendismessig: 1. Setje opp telt med Melvin Benn, 2. Møte Gold frå Golden Silvers
Generelt: 1. Heilt enormt snille vêrgudar, 2. Ein veldig hyggjeleg, unorsk (open/utadvendt) stemning mellom alle og einkvar

Sånn ganske greitt epic og fantastisk, og no er eg meir sliten etter sju dagar enn eg blei etter 191 skuledagar. Enormt mykje bra konsertar, vêr, menneske, band, opplevingar, moro.

Før bileta kjem vil eg berre rette ei lita unnskulding til alle som var på Hove som eg oppførte meg kjipt overfor. Eg er utålmodig og lett irritert av person, og har av ein eller annan grunn vore ekstra ille på Hove. Unnskuld! Eg skal ta meg saman, eg er eigentleg ikkje kjip.

Kort oppsummering:

1. Bra folk, bra pizza/Peppes-burger




2. Det er jo ikkje akkurat stygt.




3. 1 stk ukjent, full Lars som Alexandra teikna så vakkert på.


4. The boss - som satt opp teltet vårt, og fortalde om det her. "De visste selvfølgelig ikke hvem jeg var, hehehe."


5. Tre av fem campmates


6. Mina og Hovescena


7. The New Wine, oh so sweet


8. Campfun i solå <3


9. Eagles of Death Metal! Epiiic


10. Plekter frå Jesse og Dave :D


11. Nabocampen fredag morgon, what can I say..


10. Radioresepsjonen - med buttplug i rumpa!


11. Mina og Gold. Herleg fyr.

Monday 15 June 2009

"What I do, that will be down to me"

Norwegian Wood i går illustrerer perfekt kor annleis ein i publikum og ein anmeldar kan oppfatte ein konsert. Keanekonserten ville eg ha virdert til ein sterk femmar, om ikkje ein seksar, men så langt har eg sett to terningkast tre og eitt fire. Noko seier meg at Noreg treng fleire unge, kvinnelege anmeldarar - det kan jo ikkje stikkast under ein stol at Keane er eit jenteband, og då er det ikkje spesielt hensiktsmessig å sende eldre herrar som enno er i rus etter å ha sett gamle heltar som Neil Young og Nick Cave, og ikkje ventar noko mindre av Keane. Nei, skal du arrangere ein (fjortis)jentekonsert, så får du få ei (fjortis)jente til å anmelde han også.


Kanskje ikkje heilt dei fargane eg ville gått for, men Mr. Chaplin verkar som ein grei kar.

Ein kort tur innom noko heilt anna:

Det overraskar meg kor akseptert det er å vera uansvarleg i våre dagar. Eg er lei av at folk ikkje kan avtale ting, utsett ting, ombestemmer seg og ikkje ringer. Det skaper enorme mengder unødvendig stress, og gjer at ein sit igjen med ein sur bismak når ein eigentleg bør vera glad.
Men eg klandrar ingen, for eg skjøner at det heller er eg som er unormal. Eg har mange herlege vener, men eg kan telle på mindre enn ei hand kven av dei eg kan stole på når det gjeld slike ting. Sånn sett skulle eg ynskje at eg tilhøyrde ein tidlegare generasjon. Kanskje er det mobilen som har gjort det, kanskje er det facebook, kanskje er det berre ei mental greie - eg aksepterer det i alle fall ikkje.

Men klokka 12:30 i morgon kan eg ta ferie, gløyme alt som heiter eksamen og mobilar som verken ringer eller svarer, og konsentrere meg 101 % om Hove, Hove og Hove.

Wednesday 10 June 2009

Kvardagshelt

Dagen i går var ein helt. Når alt går bra, frå a til å, det vera seg matte, tannlegetime eller namneskilt på jobben, kan han med rette bli kalla ein helt. Eg skuldar den dagen masse. Det er definisjonen min av ein kvardagshelt.

Eg kan ikkje klage på noko som helst. Men ein ting: kanskje eg heller skal bli fantomflink?

Saturday 6 June 2009

Are we just chemistry run amok?

The grass is always greener on the other side.

Eg trur dei har det betre i Storbritannia. Eg trur den utadvendte britiske sjela, uansett om det kanskje ikkje alltid stikk så djupt, gjer at dei har det betre enn oss nordmenn. Eg trur dei har det betre i andreklasse. Dei verkar som ein einaste stor, godt samansveisa gjeng, som er saman uavhengig av klasse, kjønn, interesser og bustad. Eg trur dei som bur i hus, har det betre enn oss i blokk. Dei har hage, bustadsområde å gå tur i, tak og golv som ikkje er golv og tak for andre.

Eg har alltid lurt på korleis det er ikkje å vera meg. For meg er det utenkjeleg.
Og kva tykkjer eigentleg andre om meg? Eg veit alt om kva eg tykkjer om alle, men ingenting om kva alle tykkjer om meg.

Og kvifor skal dei alltid putte tonar frå ein saksofon inn i songar som eigentleg er ganske fine?


Det er eigentleg ikkje så grønt der borte [Wales].

Monday 1 June 2009

Been searching through my books to try and find some truth

Je, je, je, je. Suser avgårde, suser avgårde alle mann.
Det er kanskje litt pinleg, men den lyse, småpinglete vokalen frå Lars Lillo Stenberg passar veldig godt inn i sommarstemninga - sjølv om ingenting slår kombinasjonen av MGMT, sol og fri.

Pinsehelga brakte med seg usedvanleg fint vêr og høge temperaturar, noko som har ført til at eg sit her med solbrente augelokk og raude flekkar ymse andre plassar på kroppen. Eg har tilbrakt helga på Økern, der store delar av tida har gått med på å oppsøkje og utforske gamle barndomsminne.

Etter å ha låge i sola store delar av gårsdagen, bestemte eg meg for å gå tur. Eg gjekk rundtomkring der eg leika som barn, og hadde det moro med tanken på å treffe igjen dei to gamle gutevenene mine, som eg ikkje har sett på altfor mange år. Og - eg gjorde faktisk det. Det vil seia; ein gutegjeng kom ut av huset til Kim, og eg trakk den konklusjonen at ein av dei måtte vera han. Då var det jo enkelt, eg skulle jo berre leite etter ein med blondt hår og blå auge, og som elles såg ut som han. Problemet var berre at alle fire hadde blondt hår, men ingen av dei likna spesielt på Kim.

Då var det gjort. Når eg fyrst har byrja å tenkje på noko, så slepp det ikkje unna så lett. Eg sat meg i barnehagen, der me pleidde å spela fotball og leike Zelda i klatretårnet. Og jammen dukka ikkje den same gutegjengen opp her - ikkje heilt tilfeldig, kanskje, eg veit dei plar hengje der og skate, spela ball og syngje (faktisk). Dei såg meg ikkje, og eg liker meg i rolla som spion. Men eg er sjenert, så eg såg knapt opp frå mobilen éin gong, og fann dermed verken Kim eller Jon i gutemengda. Men då dei gjekk, fekk dei auge på meg, og auga til ein av dei blei verande på meg til dei var langt borte frå barnehagen. Eg trur eg fann Kim.


Men eg veit ikkje, og det plagar meg. I dag sat eg der igjen, og eg trefte på gutane, men eg klarer ikkje kjenne dei igjen. Korleis kan nokon forandre seg slik? Det heile gjer meg litt trist. Då eg sist såg Kim, høyrde han på Eminem og spelte videospel, han gjekk i åttande og eg i sjuande. No gjer han ikkje det lenger; no skatar han, høyrer på metall og tilbring varme sommarkveldar utanfor Orelia barnehage. Men kor går han på skule hen? Kven er han no? Og korleis har han det?

Eg veit dei sit i barnehagen akkurat no, i den litle sofa-kroken dei har laga seg, og skatar og tullar. Eg kjem ikkje til å gløyme dei med det fyrste. Berre synd dei har verdas mest normale namn i desse Facebooktider; Kim og Jon something-sen, og det er tåpeleg at eg ikkje har mot nok til å ringe på nabodøra.

Men, Kim og Jon. Der ein grunn til at eg bruker namna dykkar her. Sjølv om de er lite trulege til å sitje på nettet og lesa ymse bloggar, så går den her ut til dykk. De veit kor eg bur. Kristin