og eg er trufast til din hals

Monday 15 June 2009

"What I do, that will be down to me"

Norwegian Wood i går illustrerer perfekt kor annleis ein i publikum og ein anmeldar kan oppfatte ein konsert. Keanekonserten ville eg ha virdert til ein sterk femmar, om ikkje ein seksar, men så langt har eg sett to terningkast tre og eitt fire. Noko seier meg at Noreg treng fleire unge, kvinnelege anmeldarar - det kan jo ikkje stikkast under ein stol at Keane er eit jenteband, og då er det ikkje spesielt hensiktsmessig å sende eldre herrar som enno er i rus etter å ha sett gamle heltar som Neil Young og Nick Cave, og ikkje ventar noko mindre av Keane. Nei, skal du arrangere ein (fjortis)jentekonsert, så får du få ei (fjortis)jente til å anmelde han også.


Kanskje ikkje heilt dei fargane eg ville gått for, men Mr. Chaplin verkar som ein grei kar.

Ein kort tur innom noko heilt anna:

Det overraskar meg kor akseptert det er å vera uansvarleg i våre dagar. Eg er lei av at folk ikkje kan avtale ting, utsett ting, ombestemmer seg og ikkje ringer. Det skaper enorme mengder unødvendig stress, og gjer at ein sit igjen med ein sur bismak når ein eigentleg bør vera glad.
Men eg klandrar ingen, for eg skjøner at det heller er eg som er unormal. Eg har mange herlege vener, men eg kan telle på mindre enn ei hand kven av dei eg kan stole på når det gjeld slike ting. Sånn sett skulle eg ynskje at eg tilhøyrde ein tidlegare generasjon. Kanskje er det mobilen som har gjort det, kanskje er det facebook, kanskje er det berre ei mental greie - eg aksepterer det i alle fall ikkje.

Men klokka 12:30 i morgon kan eg ta ferie, gløyme alt som heiter eksamen og mobilar som verken ringer eller svarer, og konsentrere meg 101 % om Hove, Hove og Hove.

1 comment:

Amit I said...

Keane - jenteband?? JEG syntes Keane er kule, nå er du litt kjønnsdiskriminerende, Kristin =O =P You ought to be ashamed...

Men uansett, kjenner meg igjen i det med uansvarlige mennesker. Fy så irriterende det er! Men jeg slår meg til ro at det er bare jeg som er en alienhybrid som planlegger hva jeg skal gjøre og er allergisk mot ansvarsløshet ;-)