og eg er trufast til din hals

Monday 1 June 2009

Been searching through my books to try and find some truth

Je, je, je, je. Suser avgårde, suser avgårde alle mann.
Det er kanskje litt pinleg, men den lyse, småpinglete vokalen frå Lars Lillo Stenberg passar veldig godt inn i sommarstemninga - sjølv om ingenting slår kombinasjonen av MGMT, sol og fri.

Pinsehelga brakte med seg usedvanleg fint vêr og høge temperaturar, noko som har ført til at eg sit her med solbrente augelokk og raude flekkar ymse andre plassar på kroppen. Eg har tilbrakt helga på Økern, der store delar av tida har gått med på å oppsøkje og utforske gamle barndomsminne.

Etter å ha låge i sola store delar av gårsdagen, bestemte eg meg for å gå tur. Eg gjekk rundtomkring der eg leika som barn, og hadde det moro med tanken på å treffe igjen dei to gamle gutevenene mine, som eg ikkje har sett på altfor mange år. Og - eg gjorde faktisk det. Det vil seia; ein gutegjeng kom ut av huset til Kim, og eg trakk den konklusjonen at ein av dei måtte vera han. Då var det jo enkelt, eg skulle jo berre leite etter ein med blondt hår og blå auge, og som elles såg ut som han. Problemet var berre at alle fire hadde blondt hår, men ingen av dei likna spesielt på Kim.

Då var det gjort. Når eg fyrst har byrja å tenkje på noko, så slepp det ikkje unna så lett. Eg sat meg i barnehagen, der me pleidde å spela fotball og leike Zelda i klatretårnet. Og jammen dukka ikkje den same gutegjengen opp her - ikkje heilt tilfeldig, kanskje, eg veit dei plar hengje der og skate, spela ball og syngje (faktisk). Dei såg meg ikkje, og eg liker meg i rolla som spion. Men eg er sjenert, så eg såg knapt opp frå mobilen éin gong, og fann dermed verken Kim eller Jon i gutemengda. Men då dei gjekk, fekk dei auge på meg, og auga til ein av dei blei verande på meg til dei var langt borte frå barnehagen. Eg trur eg fann Kim.


Men eg veit ikkje, og det plagar meg. I dag sat eg der igjen, og eg trefte på gutane, men eg klarer ikkje kjenne dei igjen. Korleis kan nokon forandre seg slik? Det heile gjer meg litt trist. Då eg sist såg Kim, høyrde han på Eminem og spelte videospel, han gjekk i åttande og eg i sjuande. No gjer han ikkje det lenger; no skatar han, høyrer på metall og tilbring varme sommarkveldar utanfor Orelia barnehage. Men kor går han på skule hen? Kven er han no? Og korleis har han det?

Eg veit dei sit i barnehagen akkurat no, i den litle sofa-kroken dei har laga seg, og skatar og tullar. Eg kjem ikkje til å gløyme dei med det fyrste. Berre synd dei har verdas mest normale namn i desse Facebooktider; Kim og Jon something-sen, og det er tåpeleg at eg ikkje har mot nok til å ringe på nabodøra.

Men, Kim og Jon. Der ein grunn til at eg bruker namna dykkar her. Sjølv om de er lite trulege til å sitje på nettet og lesa ymse bloggar, så går den her ut til dykk. De veit kor eg bur. Kristin

No comments: