og eg er trufast til din hals

Tuesday 30 December 2008

Is this christmas?

I kveld gjorde eg eit overslag på kor mykje eg har brukt på musikk dei siste tre åra og verdien av musikk-stuffet eg eig (cd-ar, lp-ar, konsertar, reise, anlegg, gitar osv.). Overslagsverdien er 63450 kr. Korleis er det fysisk mogleg for ei som starta i den fyrste jobben sin 5. desember?
Det er sjukt kor mykje pengar ein kan bruke utan å merke det.

Oh, og nemnte eg at eg fekk pappa sin gamle platespelar til jul? Eg har ikkje ord for kor fantastisk det er.

I dag klarte eg å låse meg inn på frysaren på jobb. Fem minutt iført t-skjorte i 25 minusgrader er nok til å få fullstendig panikk, veit eg no. Men eg overlevde det også, det er utruleg kva ein får til.

Elles: takk for eit herleg år, 2008!

Wednesday 17 December 2008

Så var eg tante

Tenk det - tante! Tante Kristin vakna opp i natt kl. fem på fire til nyheita om at ho var nett det: tante. Fantastisk.
Eg tykkjer litt synd om guten då, det er ikkje gøy å ha bursdag i desember, det veit eg alt om. Men eg skal trøyste han når han sit i andre/tredjeklasse og alle venene hans er atten og dreg på konsertar og russekro, medan han må vente til 17. desember. Heldigvis er det sytten år til.

Uansett: eg veit at han kjem til å bli verdas nydelegaste nevø, med slike foreldre. Så, litle Joakim, lukke til med livet!

Sunday 16 November 2008

In the evening sun

Ja, så går sundagskvelden mot slutten, og det same gjer Charlotte Isabel Hansen. Det er forferdeleg trist når ei bok nærmar seg siste side. Enkelte forfattarar burde ikkje fått lov til å setje punktum. I want more!

I dag har eg vore innom mormor og prøvd å læra henne å bruke mobilen me kjøpte til henne i førre veke. Det er ein såkalt "eldremobil," eller HandleEasy som den heiter, med svære tal og klare fargar. Det var derimot ikkje veldig enkelt å læra denne 85 år gamle dama korleis ein tek i bruk dette "nye" stykket teknologi. Det er interessant - og ein smule trist kanskje - å sjå kor vanskeleg det kan vera å læra seg å trykke på raud knapp for å få opp kontaktlista, bla seg nedover med "hjulet" og trykke på grøn knapp for å ringe til. Når dét er nærmast sagt umogleg så må internett verka uendeleg stort og utruleg. Sjølv for meg verkar det jo ufatteleg at eg kan skrive dette her, trykke på ein oransj knapp som seier "publish post" og vips; alle med internettilgang, anten dei er i Finland eller på Hawaii, kan lesa kva eg skriv. Det er eigentleg frykteleg skummelt.
Nuvel, eg orkar ikkje tenkje slike store tankar i kveld.

No tek eg meg litt te, legg meg under teppet og leitar opp den episoden av Nytt på Nytt der Tore Renberg var med.

Wednesday 5 November 2008

Gratulerer, USA!

Ah, så herleg å vakne opp i dag og finne ut at Barack Obama er USAs neste president. Det blir utruleg rart å ikkje hata presidenten i USA lenger, eg kan jo nesten ikkje det no som eg har gått i bresjen for han heile vegen. Fantastisk mann altså. Men det er vel dessverre begrensa kor mykje han kan klare å forandre åleine. Eg ynskjer han all lukke til i alle fall.

Oh, og Heart On - fantastisk.

Thursday 30 October 2008

So I stand by the buffet and submerse myself in brie

Ah, Wombats live = fantastisk.

Stor underhaldningsverdi, masse energi og kontakt med publikum - kva meir kan ein be om? Det einaste som kunne vore betre var om dei hadde hatt heile scena for seg sjølv, alt Kaizers-utstyret okkuperte 3/4 av scena, slik at Tord, Dan og Murph måtte klare seg med ei relativt lita stripe ytst. Eg sakna den überkule Wombatslogoen, som på laurdag var erstatta med Helge og "Kaizers Orchestra" i store bokstavar. Det verka eigentleg litt som om dei var på ein kort svipptur innom Noreg frå heimen i Liverpool, og ikkje heilt gadd å ta med seg alt saman, noko Murph også delvis forklarte. Men det hadde eigentleg veldig lite å seia.
Folk var gode og fulle (ikkje me då), enkelte meir irriterande enn andre, men publikum var ganske bra. Når dei fyrst kom, i alle fall. Dørene opna klokka åtte, men klokka ti var det berre rundt ein 20 folk der. Men i løpet av Wombats auka det frå ti prosent fullt til heilt fullt, og det er jo bra. Studentar, veit du. Det går ikkje alltid så fort.
Høgdepunktet - eller eitt av dei - med konserten var imidlertid då bandet skulle spela "My First Wedding," og Murph dukka opp med ein brie (altså, osten). Dette fordi dei fyrste linene i songen lyder som følgjer: "This is my first wedding and I hope it is my last / Things would be fantastic if me and the bride didn't have a past / So I stand by the buffet and submerse myself in brie / I'm tactically positioned /Yeah 'cause the bar is near and the champagne's for free". Denne kasta han så ut til publikum, og bad på tull personen som fekk tak i han om å koma opp på scena og ete heile. Og trur de ikkje han gjorde det også? Fantastisk. Ikkje direkte deilig å sjå han slite med å halde det nede på slutten, men han klarte det. Cred til ukjente brie-Magnus!
Eit anna høgdepunkt var då Tord tryna så det song på scena, slik gitaristar/bassistar alltid trynar; på ryggen. Eg må seia det var litt meir elegant enn Geir på Alarmprisen '06 då. Tord spratt rett opp og gjorde narr av seg sjølv resten av konserten. Sjølvironi er bra!

Kaizers på 250 Prosent tour med sjeldne songar var heller ikkje dårleg, snarare like fantastisk som Wombats. Samtlege bandmedlem hadde masse energi, inkludert ein Geir som var i utruleg godt humør, og det er jo alltid moro. Og me fekk Naade. Naade! Det var fantastisk herleg. Skulle ynskje eg fekk sett dei igjen på 250 prosent tour altså.

Og, det viktigaste; eg fekk settliste frå begge konsertane! Takk, Silja, I'll always love you for it.

Tuesday 21 October 2008

It's a mystery

Så var AUFs landsmøte 2008 over. Det har vore ei utruleg interessant og morosam langhelg, med mykje ny kunnskap og mange nye vener.

På torsdag kravla folk frå alle kantar av landet seg inn til Oslo og Samfunnssalen til klokka 09:00, og gjorde denne delen av landet litt meir interessant (ja, sjølvsagt tenkjer eg på dialektane). Der blei me sjekka inn som delegatar, mottok kort og stemmeskilt, før me blei inndelt etter fylke i salen. Opningsdagen var flott, med kulturelt innslag frå Jarle Bernhoff, minnetaler, debatt om miljøprogrammet og ei rekkje andre ting, før dagen blei runda av med eit rebusløp i Oslos gater. Priya og eg brukte middagspausen til å rekruttere folk frå andre fylke, iom at mangfald gav bonuspoeng. Me endte til slutt opp med eit lag som bestod av representantar frå i alle fall ein fem-seks fylke, og var rundt 12 medlemmar (sånn ca., alle møtte ikkje opp), men kom i mål med fire.. Likevel nådde me ein velfortent tredjeplass som blei lese opp av statsministaren på fredag.

På fredag kom altså Jens og snakka om det meste. Etterpå fulgte ein lang debatt med mange gode spørsmål og innspel frå delegatane. Resten av dagen var det bl.a. debatt om programmet, og debatt om lovsaker og organisasjonsuttaler. Det blei middag på Samad sin restaurant og kveldskos på kontora til Ungdom Mot EU, saman med Akershus sitt venskapsfylke; Finnmark. Eg drog så heim til Ingvild på Kampen for å sova over der.

Laurdag starta med votering over lover og organisasjonssaker, før Jonas Gahr Støre og Kristin Clemet møtte til debatt om korleis ein kan skape utvikling i fattige land. Det blei ein veldig interessant debatt som eg lærte mykje nyttig av, ting eg kjem til å ta med meg vidare. Det blei så avslutning av regnskogskampanjen, og me fekk veta at AUF på nasjonalt plan har samla inn 250.000 kroner til Regnskogsfondet sidan Utøya, derav 117.000 kroner frå Akershus - fantastisk!
Etter kvart kom me til det verkeleg interessante - votering over miljøprogrammet. Her blei det mange interessante diskusjonar og voteringar, og tellekorpset måtte stadig ut i aksjon. Me vann i dei fleste sakene, men tapte også enkelte; slike irriterande ting som at me vedtok å forby glasflasker (??), seia fullstendig nei til gasskraftverk (sjølv med CO2-reining), at staten skal eie 100 % av StatoilHydro osv.. Det blei etter kvart ganske tydeleg kva fylke som var mest radikale; salen hadde ein merkeleg tendens til å dele seg på midten, med unntak av eit par fylke.
Det mest interessante med laurdagen var likevel landsmøtemiddagen. Førti minutt på overtid slutta voteringa om programmet, og Ingvild og eg skunda oss heim til Kampen. Me skifta raskt og blei køyrt ned til Folkets Hus, der me skulle ete middag. Folk hadde pynta seg så fint i kjolar og dress, sjølv om nokre folk sjølvsagt kom i olabukse og hettegenser. Maten var kjempegod, Christer Torjussen var underhaldninga, og Trond Giske heldt tale, før dei blei disko og dei fleste stakk ut på byen. Ingvild og eg blei med Troms til hotellet deira, og sat der ein times tid, før Ingvild blei med dei til Politikern. Eg hengte med Austfold ein stund, før eg i totida også drog til Politikern, kor det til mi overrasking ikkje var nokon form for kontroll. Etter å ha kjent meg litt malplassert ein halvtimes tid, gjekk eg inn og sat meg ned med Sogn og Fjordane, og der blei eg til me drog heim i firetida. Det var ganske interessant å sitje der som den einaste edru personen, og sjå korleis Giske koste seg med AUF-småjentene og korleis AUF-arane oppfører seg når dei er fulle, det er jo ikkje så ofte ein får sjå slikt. Eg trur imidlertid eg er den einaste som hugsar så mykje av kva som skjedde den natta.

Etter to timars svevn stod me opp klokka sju, pakka saman og drog ned til Samfunnssalen igjen, der dei fleste AUF-arane verka ganske redusert etter ei lang natt. Det blei likevel ei veldig interessant votering over innkomne forslag, der me (eller eg) vann i dei fleste sakene, blant anna om organdonasjon, nei til obligatorisk vidaregåande skule, ja til å bruke reservasjonsretten mot tenestedirektivet, nei til boligskatt osv..
Til slutt blei det val av nytt sentralstyre, og her kom det opp ein ganske uventa diskusjon der mange småfylke meinte valkomiteen og leiinga hadde jobba inneslutta og byråkratisk med forslaget til nytt sentralstyre. Det var mange oppe på scena som kom med krasse ord mot valkomiteen og spesielt ein kandidat, som dei helst ville skifte ut med deira eige kandidat. Denne kandidaten dei ville ha dreiv med ganske skittent spel og lobbyverksemd gjennom heile landsmøtet, skal ein tru valkomiteen. Til slutt blei det avstemning, og valkomiteens kandidat vann, noko eg blei glad for. Eg skjønte meg ikkje heilt på diskusjonen, så det blei vanskeleg å velje side, men eg trur nok eg heldt mest med valkomiteen.
Så blei landsmøtet avslutta, og me fekk dra heim.

Alt i alt har det vore ei herleg helg, og eg gler meg masse til neste landsmøte, om to år. No skjer det ikkje så mykje meir AUF før Utøya, noko som jo er ganske trist, men til gjengjeld blir det ein sabla tøff valkamp å drive då.


Elles har jo Kaiser Chiefs og Keane sluppe nye album, og desse innfridde absolutt. Og, det som er mest fantastisk; på laurdag blir det Kaizers og The Wombats i Ås!

Friday 3 October 2008

Meet me in the bathroom

Kven skulle trudd at DumDum Boys var bra live? Ikkje eg, i alle fall. Men eg koste meg på konsert med dei i kveld, på Juvenile Rock Club på Tøyen. Fantastisk tiltak; konsertar til 50 kr utan aldersgrense! Spread the word.

Så var haustferien nesten over, utan at det gjer så mykje. Helst ville eg hatt ferie ein månad seinare, men slik er det no ikkje, det var dessverre ikkje då potetane skulle plukkast i gamledagar.
Elles: The Wombats. Fantastisk. Eg håper på å få sett dei saman med Kaizers i Ås 25. oktober, det ville ha vore herleg.

Men svevn er ikkje reint dumt det heller. G'night!

Sunday 28 September 2008

Liv, bussar og 12:51

Her var det liv ja. Eller kanskje ikkje. Eg oppdaterer visst ikkje så ofte.

Eigentleg bør eg starte ein heilt ny blogg. Det står så mykje rart her, i og med at eg har skrive her sidan fyrste desember 2006. Eg er ikkje heilt den personen no lenger, for å seia det sånn. Faktisk er eg ikkje den same personen som eg var for berre seks veker sidan. Det tok to veker for meg å forandre meg like mykje som eg har gjort i løpet av to år. Ah, det er så herleg.
Nytt liv kallar eigentleg på ny blogg. Men ny blogg? Hah, sakleg - det ville blitt med to postar, og så ingenting meir. Så me får heller leva med det gamle rusket mitt her.

Ah, det er så mykje bra musikk ute og går. Kaiser Chiefs med ny singel. Keane med ny singel. Sjølv Christer Knutsen har fått ræva i gir og gitt ut ny singel. Berre Eagles of Death Metal igjen no. I mellomtida koser eg meg med The Strokes og Thom Hell. I dag har eg til og med høyrt på radio. Det er eigentleg ikkje så ille.

Eg har tenkt ein del på ein ting i det siste. Nemleg busstypelogikken. Altså, korleis dei som utformar bussane her i landet tenkjer. Me har mange ulike typar bussar her i området, og ikkje alle heng like mykje på greip.
Fyrst har me den vanlege 411-typen, som eg liker å kalle den. Det er den mest moderne busstypen, den er stor og har mange sete, plass til bagasje, barnevogner og kva det no skulle vera. Tradisjonell seteorganisering; alle vendt same veg, og det funkar flott. Men langt frå alle bussar er av denne typen. Me har nemleg også den gamle 411-typen, denne er mykje mindre og har dermed plass til langt færre passasjerar. Til gjengjeld er den alltid varm og god om vintaren. Men kva er vitsen med slike små bussar når 411 alltid er overfull?
Også har me skulebusstypen. Denne køyrer eg med til skulen kvar dag, derav namnet. Den er like kort som den førre, men eg føler likevel at den har plass til fleire sete. Også veldig god og varm, men veldig merkeleg hjul-logikk. Dvs, det er store klumpar i golvet der hjula er, til tross for at ein sit veldig høgt i bussen. Så om ein er uheldig og ikkje ser at ein set seg rett over hjulet, får ein ein svært ukomfortabel busstur med knea oppunder haka.
Også har me dei to eldgamle 362-typane og Strømmen-skulebussen, som berre har sete på den eine sida av bussen. Større sløsing av plass skal du leite lenge etter.
Aller sist har du dei raude ledd-bussane i Oslo med verdas merkelegaste setelogikk. Der er dei alle vegar og altfor få. Heile leddbussopplegget gjer det dessutan reisa skummel.
Nei, om alle var som den moderne 411-typen ville eg blitt nøgd. Eg ser ikkje vitsen med slike korte bussar med elendig setelogikk. Byter ein fyrst ut ein, kan ein vel byte ut alle.

Til slutt må eg berre få unnskulde dette bussutbruddet med at eg har litt for mykje tid til å tenkje no i haustferien (som nett har starta, herregudkvaskalegfinnepå).
Bårdface out.

Sunday 10 August 2008

Come on down to the store

Så var Øya '08 over. Trist, men så har eg flotte konsertopplevingar å leva på fram til neste år.
Og jadå, me kom på forsida av avisa med Øya-bilete i år òg. Denne gongen var det Aften.

Eg var dessverre berre to av fire dagar på Øya, men eg var der sjølvsagt på dei beste dagane. På onsdag blei eg heime eit par timar ekstra og bakte kake, fordi det regna så eg trudde himmelen skulle falle ned. Då kaka, som såg ut som eit takras og smakte fantastisk, var klar, sat eg meg på fyrste buss inn til Oslo. Hoppa av ved Oslogate og planla å sjå Ane Brun-konserten - før eg såg køen eg skulle måtte stå i dei neste førtifem minutta. Omsider kom eg meg inn på området, med eit lekkert knæsjtoransjt bånd rundt armen, der eg møtte Silja med lugg og Ida. I løpet av den fyrste timen rakk eg å bytte mellom skinnjakke og regnjakke tre gongar, men litt regn gjer då ingenting, eg fekk nok ein gong bekrefta at eg var vatntett. Etter å ha vurdert å høyre på Mogwai, men endt opp med å treffe kjentfolk utanfor IKEA-teltet i staden, blei me ståande og prate, før det plutseleg dukka opp noko som såg ut som ein opplåsbar elefant-flodhest framfor oss. Etter litt tid med rynkede nasar og reiste augebryn skjønte me at dette var Best Fwends, og det neste kvarteret stod me og lo av synet av to amerikanske gutar, ein mørkhåra og ein raudhåra, som sprang febrilske rundt IKEA-teltet heilt raude i trynet og slengte ut metall-gloser medan kassettspelaren gav frå seg resten av musikken. Då "konserten" var over hadde heldigvis Best Fwends skremt bort halve IKEA-teltet, slik at me fekk sofaplass i regnvêret.
Litt seinare bestemte me oss for å gå ut av festivalområdet og skaffe oss noko mat som ikkje kosta 80+ kroner, fordi Silja og Ida var fattige og eg var gjerrig. På vegen koste Silja og eg oss med å mimre tilbake til gamle Kaizersdagar medan Ida håplaust sukka over alle dei altfor pene mennene me gjekk forbi - med god grunn. Satan. Me endte opp med yoghurt, muffins og boller frå Joker, før me vendte nasen mot Middelalderparken igjen. Me fekk så me oss delar av konserten til Truls & The Trees, før me gjorde eit eller anna fram til halvvegs inn i Ida Maria-konserten. Konserten var så som så, tøff jente, morsom hitlåt, ikkje vidare interessant på scena. Så aner eg ikkje kva me gjorde fram til Kaizers, men denne konserten såg me i alle fall. I byrjinga gjekk bandet frykteleg på autopilot, men dei skjerpa seg etter kvart, og Janove hadde usedvanleg god humor denne dagen. Rune hadde svært skjegg, Terje hadde oppkneppa skjorte - noko Silja tydeleg la merke til, og Geir såg som alltid ut som ei barnerumpe - med "kaktus og baktus"-hår, som Ida så fint uttalte seinare.
Etterpå såg me ca. to minutt av Mayhem, noko som var delvis skitskummelt og komisk, før me gav oss, eller i alle fall eg gav meg, ende over til Grinderman mot slutten av kvelden. Fantastisk.

Torsdag morgon kom, og etter å ha bråvakna av den skumle vekkerklokka mi kom eg på at eg hadde meir festival i vente og spratt opp. Klokka to møtte eg Silja på Oslo City, der me gjekk rundt ein times tid slik at eg fekk i meg lunsj og Silja fekk sjekka kor blakk ho var. Me vendte så nasen mot busshaldeplassen, der me blei vitne til at bussen drog, proppfull, avgårde akkurat då me kom. Heldigvis overhøyrde smarte Kristin ein samtale mellom to andre jenter som ho såg hadde Øya-bånd, "vi går heller og tar trikken!" og Kristin meinte det ville vera lurt av ho og Silja å berre fylgje etter dei. Det gjorde me, men jentene stakk sjølvsagt tilbake til bussen igjen då me kom fram til trikken. Likevel klarte me å koma oss på ein trikk - nr 18 - og me endte opp på riktig plass.
Etter separat innsjekking møttest me framfor P3-scena, der ein fortvila kar prøvde å sitje på den mekaniske oksa medan han las anmeldinga av konserten til Grinderman. Etter 30 sekund fall han av, og då var det klart for Tommy Tokyo-minikonsert på P3. Litt etterpå trefte me på May-Lis og Cecilie, og hang med dei fram til The Disciplines-konserten på Enga, noko som viste seg å bli svært morosamt. Eg, som eigentleg mest liker Disciplines fordi Ken Stringfellow er slik ein god fyr, fekk sjokk av personen eg såg på scena. Han som hadde stått framfor meg på Big Dipper ein fire månader tidlegare, med intet meir enn seg sjølv og ein akustisk gitar - ikkje eingong mikrofon - der han song eit knippe rolege pop-songar for dei femten frammøtte, stod i dag ikkje stille eitt sekund. Ken Stringfellow og Disciplines-Ken er tydelegvis to heilt forskjellige menneske. Disciplines-Ken tilbrakte 20 av de 45 minutta ute i publikum, der han løp rundt, til fortviling frå vaktene som måtte løpe etter med mikrofonledninga. Til slutt sat han seg til på gjerdet ved sida av ein heller ille berørt Vilde, medan han song ferdig "our song" - den litt vel klissete hitsongen Oslo. Så sprang han opp på scena igjen, og kasta skjorta, medan han klatra i sceneutstyret som om han skulle vore Tarzan. Utruleg underhaldande.
Så blei det ti minutt med Okkervil River, før me stakk ut for å skaffe oss noko mat. Ved utgangen møtte me ein Geir Zahl som nærmast såg ut som om han var på flyttefot, med gigantisk koffert og gitar på ryggen. Me sat oss ved ei bru og åt yoghurt og banan, og såg skikkeleg stakkarslege ut - sjølv om humøret var på topp.
Tilbake på Øya blei det bittelitt The National, litt meir Animal Alpha, før det etter kvart blei Sonic Youth, ein konsert som nærmast blei ein openbaring for meg som tidlegare berre har smålytta litt til Daydream Nation.
Så blei det fem minutt med Tommy Tokyo, før eg gjekk for å kjøpe meg noko mat. Eg endte opp med ein godkjent kyllingburger til 70 kroner. Så gjekk eg igjen mot Enga, der Turboneger skulle spele om ti minutt. Det viste seg å bli litt av eit show, og eg tykkjer nesten det var synd fjeset mitt ikkje blei fanga på storskjermen då Hank introduserte sjølvaste Nick Oliveri som gjest på scena, for eg må ha sett ganske sjokkert ut. Ei herleg overrasking, og ei perfekt avslutning på festivalsommaren i år.

Monday 4 August 2008

Ole Black 'n' Blue Eyes

Det er utruleg kor freistande datamaskina er når ein kjedar seg. Dei siste dagane har eg sete her i minst 20 timar. Sjukt. Det er alltid noko på Facebook ein kan sjå på, dessverre. Dette blir siste dagen med så mykje PC, det er alt anna enn sunt.

Øya nærmar seg med stormskritt! Om 24 og ein halv time er det onsdag, og då skal eg berre sova litt og så rusha inn på festivalområdet. Det blir herleg. Eg har ikkje fått surra meg til å sjekke kven som speler kva dag eingong, men eg veit det blir bra uansett, så det tyder ikkje så mykje. Derimot må eg sjå å få kjøpt meg ein ordentleg solid regnponcho. Vêrmeldinga er nemleg ikkje akkurat optimistisk. Men det gjer ikkje noko, litt regn gjer ofte stemninga betre.

"Et glass melk, takk" av Herbjørg Wassmo er forresten ei fantastisk bok. Les ho.

Piz.

Thursday 24 July 2008

Här är en sång till modet

Så var Utøya 2008 over. Årets, i alle fall sommarens, høgdepunkt. Kanskje ikkje heilt like bra som i fjor, but still. Så utruleg mange flotte menneske, så mange kloke ord, så mykje fin musikk, så mykje moro. Til og med maten var god i år, antakeleg pga. humøret til kokken.

Onsdag gjekk med til å slå opp telt og prøve å få liv i ein 40 år gammal luftmadrass. Martins opningstale, der han annonserte at det no låg eit brev i postkassa til Dagfinn Høybråten med krav om underskrift på at KrF aldri vil samarbeide med Frp i regjering (sjå å svare då, Dagfinn!). Show med Kristopher Schau - det eklaste eg nokosinne har sett, men eg kunne ikkje la vera å le. Nattcafé-quiz og Mannen som elsket Yngve på nattkino. Enno like bra, fjerde gong eg ser han.

Torsdag gjekk like fort, med interessante ord frå Kim Friele om homokampen på sekstitalet, kortspel i Austfold-leiren, ein fantastisk konsert med Mikael Wiehe eg aldri kjem til å gløyme, med regn, faklar og herleg stemning. Utover natta var det allsong i svensketeltet med vatnpipe, det var med andre ord ordentleg Utøya-stemning - sjølv utan bål.

Fredag blei eg gjort veldig mykje meir optimistisk ang. valet 2009. Klart me kjem til å vinne. Bård Vegar Solhjell og Trygve Vedum valte sine ord med omhu, og klarte seg flott som dei fyrste ikkje-arbeidarpartistane til å tale i Bakken. Seinare gjekk Akershus ut av fotballturneringa, og det var venskapsgrilling med Finnmark, før folk song det jævligaste dei kunne på karaoken.

Laurdag var sjølvsagt Jens på plass i Bakken, der han heldt ein mykje meir engasjerande tale enn i fjor. Seinare på dagen deltok eg på min einaste praktiske verkstad - eg har vore altfor slapp med verkstadane - noko som viste seg å vera utruleg morosamt. Temaet var "Bøllekurs," eller eigentleg om korleis det kan vera vanskeleg å vera jente i politikken. Etter kvart blei det sett i gong ein leik ved namn "Påstand," der Stine Renate slengte ut påstandar som "kvinner er biologisk skapt til å ha meir omsorg for ungane sine enn menn," og ein skulle seia seg einig eller ueinig. Det heile resulterte i ein litt hissig og veldig interessant debatt rundt kjønnsroller. Så blei det mange timar med jobbing i vaffelteltet - sjølv for meg som ikkje var i arbeidsgjengen - før det var framvisning av rockeverkstadens og korets arbeide. Mykje kan seiast om det, men spesielt mykje å rope hurra for var det kanskje ikkje. Så kom leirens høgdepunkt (humor-messig i alle fall): sentralstyrets underhaldning. Om mogleg endå betre enn i fjor. Leiren blei så avslutta med ei lang natt med ekstremt mykje regn, og nattmat i form av burger med pommes frites kl. to (anbefalast ikkje).

Sundag var alt pissvått, og eg slo ned telt i høljande regn. Eg kan ikkje seia det var spesielt ille å koma heim, men det har vore nok ein leir eg aldri kjem til å gløyme.

Monday 14 July 2008

Thank Fuck for The Fratellis


Verkeleg. Høyr på dei. Det er fantastisk.

trykk

Friday 11 July 2008

Outside the shite bar

Det blei skinnjakke.

Storbritannia var gøy. Eg hadde trudd turen kanskje ville dempe fascinasjonen min for landet, men den gjorde ikkje det (dessverre?). Eg veit at Noreg har penare landskap og menn, betre politikk og verdisyn, betre mat og hus, men fuck. Musikken, dialektane, sjokoladen, vegane, vennligheita. Det held for meg.

Eg skulle ynskje menneska i Noreg kunne snakke. Om du, utan å veta det, set deg i stillevogna på toget heim frå Gardermoen og snakkar i telefonen heile vegen, vil folk berre sjå stygt på deg annakvart sekund, noko som gjer deg usikker på om du har noko mellom tennene eller kva faen det er som er gale, før du går av toget og ser skiltet; "Stillevogn". Svært lite effektivt. Om du står på dohuset i York og ikkje får til heile greia med å putte 20 p i døra og så opne den (det var vanskelegare enn det høyrest ut), kjem det ei dame og seier "do you need som help, darling?" Svært effektivt. Kva med å berre seia "unnskyld, vet du at du sitter i stillevogna?" med eit smil?
Det var den andre tingen, å smile. Me bør bli meir imøtekommande her til lands. Oppnår du augekontakt med ein på gata i Storbritannia, får du eit smil tilbake. Gjer du det i Oslo, får du sannsynlegvis eit surt fjes. Kva så om det er litt påtatt, det er jo så hyggjeleg. Som ein uteliggjar sa til meg i Edinburgh: "beautiful girl, you know it won't hurt you to smile!" Eg kunne ikkje unngå å smile. "That's better!" Det må jo vera utruleg kjedeleg å sitje på gata heile dagen og sjå masse sure fjes. Så frå no av skal eg ha eit blidare ansiktsuttrykk.

Eg har hamstra masse musikkmagasin, kjøpt alt eg kan finne, noko som har gjort meg kraftig lei av Glastonbury. Eg har lese minst tre anmeldingar av alle konsertar. Om, say, fire år (må spare pengar), er eg der òg. Og eg har fått utruleg mykje betre musikksmak av å lesa så mykje Q. The Fratellis, Razorlight, MGMT, Kings of Leon, The Last Shadow Puppets, The Rascals, Glasvegas, Dirty Pretty Things.. Fantastisk.
.. og fantastisk billig! "2 for 10" på nesten alt. Sju pund for heilt nye album. Sjuke tilstandar. I love it.

Og, sjukast av alt, me har hatt fint vêr, noko som eigentleg ikkje er mogleg på den øya. Men det var kaldt. Aldri over 20 gradar, sjølv om sola var innom. Noreg har betre klima.

Gler meg til Londonturen i haust. Då skal eg kjøpe all Thorntonssjokoladen og alle CD-ane eg finn. Berre synd eg aldri hugsar kva sjokolade og musikk eg liker når eg går i butikkane.

Eg anbefaler Edinburgh på det sterkaste. Vakkert, herleg språk, masse kule "Scottish, not British!"-merkar overalt. What more can you ask for.

Cheers!

Sunday 22 June 2008

Feriepengar

Eg står overfor eit stort i-landsproblem:

Eg har i underkant av 2000 kr å bruke, spørsmålet er berre: iPod eller skinnjakke? Det er synd å seia, men dette er vanskelegaste valet eg har stått overfor sidan mars.

Skinnjakke eller iPod?

Begge?



Tenk å vera så bortskjemt.

Wednesday 18 June 2008

New albumz

Då eg sat på toget heim frå Trondheim i dag kom eg på ein hyggjeleg tanke: det kjem faktisk veldig mykje bra musikk til hausten! Heile fem album som eg har venta er annonsert innan slutten av året, sjølv om det så klart er for godt til å vera sant. Halvparten kjem sikkert neste sommar, så treige som desse artistane er.

Pessimisme til side, dei som har brukt/bruker dette halve året på å spele inn ny musikk, er desse:

Wolfmother
Kaiser Chiefs
Keane
Christer Knutsen
Eagles of Death Metal

At last. Wolfmother sa i 2007 at albumet skulle vera ute "early 2008," men halve året er gått og ingen veit noko, så dei innbiller seg vel at det er kjempekult å sleppe ei plate ingen veit at kjem. Den bør i alle fall bli bra, no som dei har vore i studio sidan august. Eg gler meg!

Kaiser Chiefs har visst blitt litt høge på pæra i det siste, men eg satsar på at det er fordi den nye plata er så hinsides bra at den faktisk blæs Oasis av banen. KC involverer fansen i prosessen, og det er jo flott.

Keane er også flinke til å oppdatere rundt den nye plata, som eg er veldig spent på. Skilnaden blei ganske stor mellom fyrste og andre plate, og no skal visst både bass og el-gitar med, så dette kan bli interessant.

Christer Knutsen si nye plate har eg venta på sidan eg opna denne bloggen, så dette er på tide. Eg satsar på ei knallsterk americanaplate som grensar meir mot tradisjonell rock enn country. Heimesida er i alle fall oppe og går, og sidan Christer er såpass MySpacenerd har me fått bilete frå studio, og det gjer meg spent.

Og sist, men absolutt ikkje minst; Eagles of Death Metal! Heart On er plata eg gler meg mest til akkurat no, eg saknar Jesse Hughes. Mest av alt gler eg meg til at dei skal koma på turnè etter plata er ute, for eg har ikkje sett EoDM live, og det er ein stor skam i seg sjølv. No som Josh er heime i California igjen bør denne plata vera på god veg framover, og intervju med Jesse tyder på at dette blir minst like bra som Death By Sexy. Sweet.


Elles gler eg meg til plata til Franz Ferdinand kjem ut i 2009, men det er lenge til enno. God gammal Franz-rock med afrikanske rytmar høyrest bra ut.
Og Queens skal visst (dvs. håper på) innom studio innan året er omme.

Kan det bli betre?

Saturday 14 June 2008

So. I'm back.

At least for now.

Eg var på Norwegian Wood i går og såg Queens of the Stone Age, noko som blei ei litt spesiell oppleving. Heile bandet blei visstnok matforgifta i Bergen (sjølv om dei uttalte i Bergen at dei hadde influensa), og det var ikkje vanskeleg å sjå at dei ikkje var heilt i toppform etter å ha sett dei i all si prakt i Spektrum tidlegare i år.

Tjue minutt for seint kjem fem svartkledde, haltande menn inn på scena, Josh i ei frakk kulare enn alle andre antrekk denne kvelden, spesielt med tanke på at dei fleste har på seg regnjakker og -ponchoar. Han opnar det heile med å seia at "The doctor told us we're not supposed to play tonight. He hooked me and Joey up to some IVs and said 'you cannot play rock n' roll tonight.' You know what I told him? (Fuck you, i form av fingerteiknet) Show'em what I told him, Joe! Ain't nothing that can keep us apart, that's what I told him!" Og Joey sett i gong ein aggressiv Millionaire.

Det er utruleg kor godt stemmen til Josh fungerer uavhengig av kva slags form han er i. Regnet og haglet høljar inn på scena og gjer både utstyr og bandmedlem våte, medan Troy slit fælt med å halde seg på beina på det glatte golvet. Alle songane gjennomførast med sterk energi og kvalitet - spesielt med tanke på situasjonen. Utanom grimasane Josh stadig skjærer, er det overraskande lite som avslører sjukdomen, sjølv om det heilt frå starten er tydeleg at dette ikkje skal vare lenge, då Go with the flow blir spelt allereie som fjerde song.

"You guys are fucking amazing man. I'm gonna keep on going for as long as I can, and I just want you to know that ... it means a lot to me ... you guys understand what's going on." Josh klarer ikkje eingong forklare at han er sjuk utan å brekke seg, men å lire av seg tekststrofer og gitargloser betre enn på nokon som helst plate, klarer han fantastisk bra.
Midtvegs blir det likevel meir tydeleg at noko er gale. Crew-folk kjem annakvart minutt opp på scena og spør Josh om det går bra, og den allereie velkjente episoden der Josh skjeller ut ein fjortis kjem. "Do me one favour though, don't throw any shit at me. You throw something at me I'm not so sick I can't go down there and beat the fucking shit out of you, you know what I'm saying? I may have a 102 temperature, been puking for three days, but I'll still buttfuck you in front of all of your friends. Hey you, right there, with the fucking hat on! Turn the fuck around you fucking chicken shit fucking faggot! Come here you fucking pussy motherfucker, I will fuck you up. You know what, get your fucking ass up here, you're so stupid you'll come up here, lift him up so I can kick him in the fucking face. (Kastar ein sko på guten) You miserable fucking cunt, go back to your mom you twelve-year-old dickless fucking turd ... I came here for the rest of you, not for this asshole. I'm never too sick to fight." Det herskar i alle fall ingen tvil om at Joshua Homme kan banne.

Det verkar som om episoden har gitt han meir energi, og medan publikum står som spørsmålsteikn og ikkje trur kva dei nett har sett, sett bandet i gong ein herleg aggressiv No one knows. "This one's called no one fucking knows. No one knows except you people, you're the only fucking people who know on this whole planet."

Og etter ein lang Song for the dead er det slutt. Bandet går av, crewet gjer klart for ekstranummer, men etter eit par minutt blir utstyret rigga av. 6000 menneske står åleine tilbake utan å røre seg av flekken. Queens kom, spelte aggressivt og jævlig bra, og drog etter 57 minutt og 12 songar. Det blei ein kort affære, men me bør vera takknemlege for at dei i det heile tatt stilte opp.

Så kan ein jo lure på kva dei åt i Bergen, korleis det går i Stockholm i dag og om dei nokon gong kjem tilbake att. Konserten var i alle fall mildt sagt spesiell - og eg er glad eg var der for å oppleve den.

Wednesday 2 April 2008

Hejdå

No legg eg ned bloggen. Iallfall midlertidig. Ta det som eit godt teikn på at eg har fått meg eit liv.

Thursday 21 February 2008

Eg har vært i Tripoli og Napoli og St. Pauli

Det har visst gått ei stund no, ja. Sidan sist har eg sett Mannen som elsket Yngve, høyrt Maskineri og fått pannelugg. MSEY innfridde så absolutt, Maskineri gjekk over all forventning, og panneluggen er det vel opp til den enkelte å bedømme.

Elles håpar eg inderleg at Anniken Huitfeldt blir ny likestillingsminister, for der gjer ho ei veldig mykje betre jobb enn i utdanningskomiteen på Stortinget.

Sunday 6 January 2008

Frustrasjon

Utdrag frå kunnskapsløftet:

"Elevene må utvikle gleden ved det vakre i møte med kunstneriske uttrykk og ved å utforske og utfolde egne skapende krefter."

"Opplæringen må tilpasses slik at barn og unge får smaken på den oppdagerglede som kan finnes både i nye ferdigheter, praktisk arbeid, forskning eller kunst."

For noko skit. Eg vert så satans forbanna! Eg trur ikkje det finst noko eg hatar meir enn kunnskapsløftet. I haust hadde me fem veker teater, og no har me to til. Eit titals viktige timar har me mista for å spela teater. Kor er logikken? Me treng matte, norsk, engelsk, samfunnsfag - alt anna enn teater! I tillegg har me ingen lekser, så det me lærer av dette er null. Det er ikkje meir å lære av teater etter å ha spelt det ein gong - iallfall ikkje noko som er viktig for utdanninga, med mindre ein skal verte skodespelar, og det er det få som tar sikte på.

Folk på min alder veit ikkje kven Jens Stoltenberg eller Al Gore er, eller at regjering og storting ikkje er det same, men å spela teater, det kan dei. Det er heilt sjukt.

Wednesday 2 January 2008

Ja, så var det 2008 då..

Eg har ikkje satt meg noko nyårsforsett. Det veit eg sanneleg ikkje kva skulle vera.. Å bli smartare, kanskje. Jobbe for å koma inn på den skulen eg vil til hausten. Kunnskap får ein aldri nok av.

2007 gjekk fort. Eigentleg har det vore eit år med venting, men det har gått fort, eg skjøner ikkje kor det blei av. Men det er vel berre positivt, det hender jo tida går altfor sakte.

Elles er det ikkje så mykje å skrive for tida, det skjer ikkje så mykje i juletida. Eg gledar meg til det nye året kjem i gang, og eg gledar meg spesielt til eit nytt AUF-år.