og eg er trufast til din hals

Tuesday 21 October 2008

It's a mystery

Så var AUFs landsmøte 2008 over. Det har vore ei utruleg interessant og morosam langhelg, med mykje ny kunnskap og mange nye vener.

På torsdag kravla folk frå alle kantar av landet seg inn til Oslo og Samfunnssalen til klokka 09:00, og gjorde denne delen av landet litt meir interessant (ja, sjølvsagt tenkjer eg på dialektane). Der blei me sjekka inn som delegatar, mottok kort og stemmeskilt, før me blei inndelt etter fylke i salen. Opningsdagen var flott, med kulturelt innslag frå Jarle Bernhoff, minnetaler, debatt om miljøprogrammet og ei rekkje andre ting, før dagen blei runda av med eit rebusløp i Oslos gater. Priya og eg brukte middagspausen til å rekruttere folk frå andre fylke, iom at mangfald gav bonuspoeng. Me endte til slutt opp med eit lag som bestod av representantar frå i alle fall ein fem-seks fylke, og var rundt 12 medlemmar (sånn ca., alle møtte ikkje opp), men kom i mål med fire.. Likevel nådde me ein velfortent tredjeplass som blei lese opp av statsministaren på fredag.

På fredag kom altså Jens og snakka om det meste. Etterpå fulgte ein lang debatt med mange gode spørsmål og innspel frå delegatane. Resten av dagen var det bl.a. debatt om programmet, og debatt om lovsaker og organisasjonsuttaler. Det blei middag på Samad sin restaurant og kveldskos på kontora til Ungdom Mot EU, saman med Akershus sitt venskapsfylke; Finnmark. Eg drog så heim til Ingvild på Kampen for å sova over der.

Laurdag starta med votering over lover og organisasjonssaker, før Jonas Gahr Støre og Kristin Clemet møtte til debatt om korleis ein kan skape utvikling i fattige land. Det blei ein veldig interessant debatt som eg lærte mykje nyttig av, ting eg kjem til å ta med meg vidare. Det blei så avslutning av regnskogskampanjen, og me fekk veta at AUF på nasjonalt plan har samla inn 250.000 kroner til Regnskogsfondet sidan Utøya, derav 117.000 kroner frå Akershus - fantastisk!
Etter kvart kom me til det verkeleg interessante - votering over miljøprogrammet. Her blei det mange interessante diskusjonar og voteringar, og tellekorpset måtte stadig ut i aksjon. Me vann i dei fleste sakene, men tapte også enkelte; slike irriterande ting som at me vedtok å forby glasflasker (??), seia fullstendig nei til gasskraftverk (sjølv med CO2-reining), at staten skal eie 100 % av StatoilHydro osv.. Det blei etter kvart ganske tydeleg kva fylke som var mest radikale; salen hadde ein merkeleg tendens til å dele seg på midten, med unntak av eit par fylke.
Det mest interessante med laurdagen var likevel landsmøtemiddagen. Førti minutt på overtid slutta voteringa om programmet, og Ingvild og eg skunda oss heim til Kampen. Me skifta raskt og blei køyrt ned til Folkets Hus, der me skulle ete middag. Folk hadde pynta seg så fint i kjolar og dress, sjølv om nokre folk sjølvsagt kom i olabukse og hettegenser. Maten var kjempegod, Christer Torjussen var underhaldninga, og Trond Giske heldt tale, før dei blei disko og dei fleste stakk ut på byen. Ingvild og eg blei med Troms til hotellet deira, og sat der ein times tid, før Ingvild blei med dei til Politikern. Eg hengte med Austfold ein stund, før eg i totida også drog til Politikern, kor det til mi overrasking ikkje var nokon form for kontroll. Etter å ha kjent meg litt malplassert ein halvtimes tid, gjekk eg inn og sat meg ned med Sogn og Fjordane, og der blei eg til me drog heim i firetida. Det var ganske interessant å sitje der som den einaste edru personen, og sjå korleis Giske koste seg med AUF-småjentene og korleis AUF-arane oppfører seg når dei er fulle, det er jo ikkje så ofte ein får sjå slikt. Eg trur imidlertid eg er den einaste som hugsar så mykje av kva som skjedde den natta.

Etter to timars svevn stod me opp klokka sju, pakka saman og drog ned til Samfunnssalen igjen, der dei fleste AUF-arane verka ganske redusert etter ei lang natt. Det blei likevel ei veldig interessant votering over innkomne forslag, der me (eller eg) vann i dei fleste sakene, blant anna om organdonasjon, nei til obligatorisk vidaregåande skule, ja til å bruke reservasjonsretten mot tenestedirektivet, nei til boligskatt osv..
Til slutt blei det val av nytt sentralstyre, og her kom det opp ein ganske uventa diskusjon der mange småfylke meinte valkomiteen og leiinga hadde jobba inneslutta og byråkratisk med forslaget til nytt sentralstyre. Det var mange oppe på scena som kom med krasse ord mot valkomiteen og spesielt ein kandidat, som dei helst ville skifte ut med deira eige kandidat. Denne kandidaten dei ville ha dreiv med ganske skittent spel og lobbyverksemd gjennom heile landsmøtet, skal ein tru valkomiteen. Til slutt blei det avstemning, og valkomiteens kandidat vann, noko eg blei glad for. Eg skjønte meg ikkje heilt på diskusjonen, så det blei vanskeleg å velje side, men eg trur nok eg heldt mest med valkomiteen.
Så blei landsmøtet avslutta, og me fekk dra heim.

Alt i alt har det vore ei herleg helg, og eg gler meg masse til neste landsmøte, om to år. No skjer det ikkje så mykje meir AUF før Utøya, noko som jo er ganske trist, men til gjengjeld blir det ein sabla tøff valkamp å drive då.


Elles har jo Kaiser Chiefs og Keane sluppe nye album, og desse innfridde absolutt. Og, det som er mest fantastisk; på laurdag blir det Kaizers og The Wombats i Ås!

No comments: