og eg er trufast til din hals

Wednesday 15 August 2007

Eg har ei kjensle av at det er januar,

men det er det jo ikkje. Eg sit her med ei vinterkjensle, tenkjer at når eg ser ut av glaset, så vil det vera kvitt der ute, og mørkt. Men så ser eg ut. Og der er det berre tre som vaier i den litt for sterke vinden og regn.
Eg synest det lukter vinter. Eg har den kalde lukta av snø og frost i nasen dagen lang. Eg legg meg i sofaen med eit pledd rundt meg og foldar hendene om ein kaffikopp. Eg gledar meg til vår og grønt gras.
Men det er august. Og eg hatar jo vanlegvis vinter. Det er ei årstid eg helst ikkje vil tenkje på, som eg helst berre vil droppe. Men dei siste dagane, dei dagane eg har vore i Noreg, har eg hatt ei kjensle av at det er vinter, og når eg tenkjer meg om og finn ut at det ikkje er det likevel, vert eg skuffa. Eg gledar meg til det skal falle snø no. Eg gledar meg til å traske ut i mørket, høyre snøen lage kreppelydar under skoene mine når eg trør, tidleg ein tysdagsmorgon, med vått hår som frosser til is og øyretelefonar som erstatting for lue. Åh, så fint det skal verte.
Eg skjøner ingenting.

Men eg har no vore i Ungarn då. På Szigetfestivalen. Og eg har vore på Øyafestivalen. Det er det eg skal skrive om i dag, sjølv om det heller er andre ting eg vil skrive om. Eg har nemleg lært no at det er ikkje alt ein bør legge ut på internett.


For nøyaktig ei veke sidan drog eg til Budapest. Opp klokka sju, var på Gardermoen klokka åtte, der eg møtte Sarakka, Agathe og Sandra. Gjekk rundt med dei, før me gjekk til gaten, og der trefte me Eirik og Mats og venene deira, samt heile Kaizers delvis med familie og crew. Under flyturen sat eg ganske langt framfor dei andre, så då eg ikkje trong å ha setebeltet på, skviste me meg inn mellom Sarakka, Sandra og Agathe i seta deira. Så flyturen gjekk rimeleg fort, med folk å snakke med som gleda seg like mykje som meg til dagen etterpå, og med visse morosame sovetryne på flyet (dvs. Geir og Janove spesielt) å le av.
Onsdag kveld gjekk mest med til å berre vente på morgondagen. Herlighet, som eg gleda meg (og med god grunn).

Til slutt vart det endeleg torsdag, og eg vart dratt med på nokre turistgreier på Budasida av byen, før eg endeleg heiv meg på t-banen til Sziget, veksla billettane inn i armbånd, og prøvde å finne vegen til Main Stage, der Kaizers skulle spela om ein time. Det viste seg at festivalområdet var ein god del større enn eg fyrst trudde. Berre å gå frå inngangen til Main Stage tok nærmare ti minutt. Å gå frå inngangen til andre enden av festivalområdet tok dobbelt så lang tid. Øya var stor, og festivalen dekka heile øyområdet. (Eg ante heller ikkje at det skulle vera 450 000 menneske der før Eirik fortalde meg det, skvatt litt der ja.)
Men eg fann fram, og framfor scena var det ikkje så mange folk. Ein tredve-førti stk kanskje. Heile fyrste rad var dekka iallfall, utanom heilt på sidene. Og Agathe hadde heldt av plass til meg, så eg fekk rimeleg perfekt plass, litt på Terjesida av scena.
Det morosame var at Kaizers måtte hjelpe til å rigge på scena sjølve. Terje var ute og stemte gitarane, Rune testa trommane, Øyvind rigga opp bassen, og Helge prøvde orgelet. Og medan Terje stod der og stemte gitaren, regna det hundar og kattar. Det hølja ned. Og Terje stod under tak og gotta seg over å sjå at me vart klissblaute.
Men omtrent fem minutt før Kaizers gjekk på, slutta det heilt. Før den tid hadde riktignok lynet klart å slå ned i det tekniske systemet der, slik at skjermane på sidene av scena ikkje fungerte (og det fekk dei ikkje fiksa før neste konsert), men utruleg nok slutta det før introtapen byrja. Søren og, me som ville motbevise Janoves teori om at det aldri regnar når Kaizers speler (sjølv om jodå, den har vorte motbevist før). Men eg fekk iallfall skifta til tørt tøy, og kom meg gjennom heile Kaizerskonserten uten å verte blaut.
Og konserten var herleg. Eg hadde heilt gløymt korleis det var å sjå dei live, men det heile kom tilbake, det var fantastisk. Ei heilt safe og kjedeleg settliste gjorde ingenting, dei gjorde heile showet så utruleg bra at det vart fantastisk likevel. Eg gledar meg sånn til å sjå dei att, saaatan, eg gledar meg til det.
Ti minutt etter KO hadde gått av, byrja det så klart å regne igjen, denne gongen i endå større mengder. Jaudå.
Seinare på dagen såg me The Good, the Bad and the Queen, før Sarakka og co stakk litt etter klokka ni. Eg vandra rundt åleine ein times tid, noko som ikkje var lett, for så sjukt mykje menneske som det var under The Chemical Brothers har eg ikkje sett før. Men eg kom meg til slutt gjennom folkemengda og ut av området, og drog heim.

Så kom fredagen, som vart mykje betre enn eg hadde trudd. Eg tenkte vel ikkje så altfor varmt om den dagen, anna enn at eg gleda meg til å sjå Gogol Bordello.
Så på dagen vart det litt turistgreier igjen, denne gongen på Pestsida av byen, før eg nok ein gong heiv meg på t-banen, denne gongen i veldig dårleg tid, og forta meg til Main Stage. Eg rakk ikkje fram før Gogol hadde starta, kom berre fem minut for seint, men det var likevel nok til å måtte stå langt bak. Men i ettertid har eg vore glad for det, for Sarakka, Eirik, Kirsti og heile gjengen var ganske mørbanka då dei kom ut derifrå etterpå. Konserten var iallfall heilt utruleg bra, dei sjokkerte meg nærmast, så bra var dei. Nesten Kaizersnivå. Viss det ikkje faktisk var det. Satan, dei var så bra. Herlighet. Dei MÅ eg sjå att.
Etter konserten sat me ein halvtimes tid i ein ring framfor scena; Sarakka, Agathe, Sandra, Eirik, Ole Christopher, Svein Olav, Kirsti, Lovise og eg, så dei fekk kvilt seg litt. Så stakk me bort til Sigøynerscena, som eigentleg heitte World-music-scena, og trefte på eit jævlig bra sigøynerband eg ikkje hugsar namnet på. Alle utanom Lovise, Ole Christopher, Svein Olav og meg forsvann inn i folkemengda og byrja å danse, mens Lovise spurde om eg vart med for å finne ein do. Dei to gutane vart også med, fordi dei skulle ha seg noko å drikke. Så det vart til at me stakk innom ein bar og smakte litt tequila, (herregud, sterkt!), før me fortsatte doleitinga. Me fann ein do til slutt, men det var ikkje så lett, og på turen rakk Lovise og eg å verte ganske godt kjent. Utruleg hyggjeleg jente det der (med stavangerdialekt! Same med Kirsti òg.)
Me vendte omsider tilbake til Sigøynerscena, og vart med og dansa. Då me var ferdige, var samtlege så sveitte at det såg ut som om det hadde regna igjen. Det var ikkje akkurat rolegdans det der. Sigøynerrytmar er herlege å danse til.
Så var det tid for Skatalites, som spelte på same scene. Kirsti, Lovise, Svein Olav og Ole Christopher stakk for å sjå Pink i staden, medan me andre såg det gode ska-bandet med endå fleire bra danserytmar. Mange dansemusklar ein fekk brukt der som tidlegare ikkje hadde blitt brukt så mye, ja.

Etter konserten viste det seg at Sarakka, Agathe og Sandra ikkje fekk labbe rundt åleine lenger, foreldra kom og trakk dei ut av folkemengda. Og det var jo ganske kjipt, så eg stakk av med Lovise og Kirsti og dei to gutane, etter det vart klart at Sarakka og co skulle heim om ikkje så lenge. Medan Svein O og Ole C løp rundt med Lovise og ropte "VIP coming through, hey you, move away, Very Important Person coming through!" gjekk Kirsti og eg i bakgrunn og vart litt betre kjent, før me plutseleg ikkje ante kor me var hen, og måtte snu, og så snu igjen. Me avtalte til slutt å møtast på den baren dei hadde vore på kvelden før, Kirsti måtte berre på do fyrst. Og eg vart igjen spurt om eg kunne vera med og leite etter ein.
Kikki kom seg på do (riktignok eit herretoalett), og me kom oss til baren, etter å ha pressa oss gjennom tusenvis av Madness-publikumarar. Jævlig forvirrande det der, me hadde gått ein rar veg, så eg ante ikkje at me var ved Main Stage. Men det var me altså, og etter at Kikki hadde kjøpt noko meir å drikke, slo me oss ned med Lovise, Svein O og Ole C. Der sat me og snakka ein times tid, mykje om Kaizers, litt om andre ting, det var i det heile tatt veldig koseleg, fram til eg måtte heim, og presse meg gjennom tusenvis av menneske igjen. Men det gjekk den kvelden òg, eg kom meg heilskinna heim, sjølv om eg heldt på å verte overfalt av ein veldig dopa fyr.
Laurdag var det tid for å reise heim. Trefte på Eirik på flyplassen i Budapest, fekk høyra at dei hadde klart å miste Mats, etter at eg gjekk. Så han måtte kave seg til hotellet gjennom ekstremt tordenvêr, og sove dei få timane han kunne utanfor hotellromdøra. Stakkars. Men det gjekk no bra då.

Tok fly med Lovise og Kirsti, ein rask flytur med mykje lesing og soving. Då me landa på Gardermoen, forta eg meg heim for å rekke Skambankt som skulle spela for p3 på Øyafestivalen etter tre eingong. Eg møtte Silja utanfor inngangen, me gjekk inn og stelte oss opp for å sjå Pleasure, og vips, så stod heile Skambankt ved sida av oss. Tollak ved sida av meg, og dei andre ved sida av han igjen. Eg syntest det heile var ganske pinsamt, fordi eg stod der med Skambankt-t-skjorte, og ville ikkje at Tollak skulle snu seg og sjå det. Men likevel, for å sleppe laus fjortisjenta i meg litt, eg hadde jo ikkje akkurat noko imot å stå ved sida av den mannen..
Aanyway, det var iallfall lett for oss å finne ut når dei skulle spela, me berre fulgte etter dei då dei gjekk. Og ved radioscena slo eg av ein liten prat med Truls, som lurte på korleis det var på Sziget, før Skambankt spelte Stormkast, og to jenter skulle konkurrere om å vera best til å forføre med helium i munnen. Mja.
Etter eit par andre konsertar, vart det tid for den ordentlege Skambanktkonserten. Den hadde eg òg gleda meg som eit helvete til.
Og den var herleg. Litt kort så klart, sidan det var festival, men me rakk å bli teke ein god del bilete av, filma ein god del gongar, og me rakk å nyte Skambanktmusikken. Prepple var ein tur oppom scena også, under KKK!. Og etter konserten fekk eg settliste! Eg er evig takknemleg den vakta som hadde valet mellom å gje lista til Alice, Silja eller meg, og gav den til meg. Herleg. Mwaha.

No er denne bloggen altfor altfor lang, så eg avsluttar her, kan berre seie om resten av laurdagskvelden at me såg Primal Scream, som var utruleg bra, så bra at eg kjøpte ei CD av dei etterpå, saman med ei Øya-t-skjorte som viste seg å vera altfor stor, men kul likevel. Så var det så vidt eg kom meg heim, eg klarte å gå feil veg og hamna i feil ende av Risløkka, men eg fann heim til slutt. Klokka halv ett var eg heime, ganske utslitt, klar til å sove lenge, etter tre seine kveldar på festival.


No er eg heime igjen. Ferien er over. Og det er faktisk utruleg deilig. No har eg ein valkamp å delta i, og deltakinga mi startar i morgon, i Lillestrøm, på likestillingsaksjon.

No comments: