og eg er trufast til din hals

Tuesday 11 September 2007

41 prosent!

41 % til Arbeidarpartiet og Åge Tovan her i Lørenskog. Fantastisk!

Det var herleg å vera i Folkets Hus i går, saman med hundrevis av andre frå partiet og AUF, og sjå resultata tikke inn. Jubelen var stor då resultatet frå Lørenskog vart fastslått, riktignok ikkje på langt nær så stor som jubelen og gispet då resultatet frå Årdal vart kjent - 77 % til Ap - men det var ein stor siger og ei ordentleg glede.

Men mest spennande var det likevel å fylgje med på Oslo, for i Lørenskog "visste" me at me ville vinne, berre ikkje så overlegent. Og Oslo gav flest stemmar til Ap, fem prosent over Høgre, men sidan SV gjekk ned heile ti prosentpoeng, vart det borgarleg styre i fire år til i Oslo. Eg må seia det var trist å høyre Rune G konstatere at, nei, me fekk ikkje Oslo i år heller. Men ein trøst var det jo at me faktisk var størst i byen, det viser jo iallfall kor dei fleste Osloinnbyggjarane høyrer til.
Skedsmo var det også ganske spennande å fylgje med på, og det er det enno, sidan det viste seg å gå mykje betre enn venta for Ap. Pga eigedomsskatten hadde eg meir tru på at det kom til å verta eit borgarleg fleirtal i kommunen, men det viste seg at Ap kanskje kan få gjennomføre 100-årsjubileet likevel, ettersom Orlund og kompani klarte å få heile 37,7 % av stemmane, og enno har like mange mandatar i styret. No er alt opp til midtpartia. Så eg seier; Venstre, KrF og Sp, la ikkje Høgre og Frp øydeleggje hovudstaden på Romerike, og inngå eit nytt samarbeid med Arbeidarpartiet!
Og akkurat det same seier eg til Venstre i fylkeskommunen. La Siri verte ny fylkesordførar!

Tilbake i Folkets Hus i går kveld/natt, vart det etterkvart ein ganske blanda stemning. Resultata frå Oslo gjorde at me gløymte litt dei gode resultata me hadde fått i Lørenskog, på Rælingen og i Skedsmo tidligare på kvelden. At resultata frå Ullensaker etterkvart også vart klare, og viste at Frp vann med 41 prosent, gjorde også mange nedbrotne. Så medan Elin stod og håpa intenst på at ho ikkje var kome inn i kommunestyret i Ullensaker (så ho skulle sleppe å, sånn som Tonje, måtte samarbeide med Frp og Pensjonistpartiet i fire år), stod ein ganske så full Stine Renate og gråt av glede fordi heimkommunen hennar fekk Ap-styre på fyrste gong på mange år, og samtidig som Lo gratulerte oss frå Lørenskog med sigeren, måtte andre trøste nedbrotne nordlendingar som låg utanfor bygningen og strigråt etter å ha fått veta resultata frå heimkommunen.

Altså var det ikkje heile tida så lett å veta kva ein skulle føle. Men alt i alt gjorde me, eller Arbeidarpartiet, eit godt val, og det er det me må fokusere på. Så får me berre håpe og jobbe for at kommunane med dårleg resultat får sosialdemokratisk styre ved neste val, og at SV klarer å reise seg igjen i løpet av det neste halvanna året (korleis kunne det eigentleg gå gale med dei?). Våren 2009 treng venstresida eit sterkt SV igjen!

No gjeld det berre å finne eit tidsfordriv igjen, sidan valet er over. For meg kunne det godt ha vore valkamp heile tida, eg har verkeleg nytt å ha noko å gjera dei siste vekene; noko som har fått meg ut av huset, gitt meg nye vener og kjennskap, og mange nye og gode opplevingar. Ei fin avslutning på sommarferien har det iallfall vore.

No comments: