og eg er trufast til din hals

Monday 2 July 2007

I fell down in the desert, baby

No er eg så lei av å sitje heime åleine kvar dag at.. eg veit ikkje.

Men i dag var eg faktisk såpass lur at eg tok meg ein liten sykkeltur rundt i kommunen. Eg sykla opp til Finstad, den fyrste skulen eg gjekk på, og rundtom i området der, eg har jo ikkje vore der på tre-fire år. Og så sykla eg Hammerrunden motsatt veg av det me pleier med skulen. Litt trim. Det hadde eg veldig godt av.

Saka er at det er berre ikkje noko tenkeleg å gjera som eg ikkje har gjort. Eg har vaska huset fire gongar på ei veke, eg støvsuger oftare enn nødvendig, eg har skrive lister av alle slag og kjem ikkje på meir å skrive om, eg har ringt systrene mine så mykje at eg ikkje kan bruke mobilen noko særleg meir i nærmaste framtid (uansett er mobilen så godt som øydelagt), eg har sett alle filmane mine, høyrt på alle platene mine... Det eineste eg ikkje har fått gjort, er å lesa. For det kan eg nemleg ikkje så lenge eg ikkje har briller. Eg ser dårligare enn nokosinne no, det er ikkje mogleg for meg å lesa avisa eingong utan å få ein ulideleg smerte i auga og heilt slørate syn. Eg hatar at mamma er så treig med å ta meg med til ein optikar.
Ikkje kan eg bake heller. Sjølv om det er eit veldig fint tidsfordriv. Men eg endar berre opp med å spise det eg bakar sjølv, og det vil jo ikkje vera akkurat sunt. Eg skal faktisk lage både middag og sjokolademousse i morgon då. Men eg kan ikkje ete seks skåler med sjokolademousse åleine! Karen? Anybody?

Ein ting som har redda meg litt i dag, er at lyden på datamaskina fungerer igjen då. Fantastisk. Så eg har sete og sett litt for mange YouTubevideoar i dag.

Eg snakkar så utruleg mykje med meg sjølv når eg går heime og kjedar meg. Eg snakkar generelt mykje med meg sjølv. Og då på spesielle måtar. Altså, eg øver på dialektar. Men no har eg gått tilbake til engelsk igjen. For eit par år sidan heldt eg òg på sånn, men så slutta eg, og nå har eg gått tilbake igjen. Litt morosamt, eigentleg. Eg har skrive og snakka så mykje engelsk i det siste at eg tydeleg merkar no at eg har vorte flinkare. Eg har fått oppdatert engelsken min nokre år. Han er ikkje lenger så.. gammaldags og rar. Flotte greier.

Men no må eg gå, for eg skal... eh, nei, eg skal ingenting. Eg skal berre sitje her og kjede meg.

No comments: