og eg er trufast til din hals

Monday 9 March 2009

Lalalalalala Louder

BigBang på fredag var rett og slett for bra til at det kan skildrast. Ein konsert i ei hule i fjellet, bokstaveleg talt, med 150 glade tenåringar, svoltne på konsert. Eg frykta eit slitsamt publikum - og det blei den mest smertefulle konserten eg har vore på (nest etter Muse i '07), men også ein av dei aller beste.

Bandet brøyta seg veg gjennom publikum og opp til scena, sette i gong med Early December og nokre sekund seinare var Øystein sjølv ute i folkemengda. Stagediving var kanskje ikkje det luraste i eit allereie litt vel gira publikum, men ein kan no ikkje klage på slik ein livlig gitarist.
Så følgde bortimot halvanna time med meir moro enn eg har hatt på ei god stund. Bandet verka veldig jordnære, og såg ut til å kose seg ordentleg på scena, noko dei heller ikkje var redde for å fortelje oss. I løpet av tida dei spelte, rakk dei å koma gjennom mange gamle, gode klassikarar, men også tre songar frå Edendale. Songane med aller best stemning var nok My First Time, Louder og Swedish Television. Etter endå tre stagedivingar frå Øystein, var det så varmt og så sveitt der inne at bandet måtte gje seg. Ein rungande Vi skal til fjells, vi skal til fjells! som ein utsliten, klissvåt Øystein utan skjorte oppfatta mer som en ordre enn et spørsmål, fekk bandet til å setje i gong med ei tight Welcome to the Mountains; den perfekte avslutninga på ei perfekt kveld.
Då bandet hadde stagediva seg ut igjen (utanom Nikolai, som sneik seg ut på sida), var det ikkje vanskeleg å leggje merke til smertene i musklar ein ikkje ante at eksisterte, eller at alle i Caven såg ut som om dei hadde vore på Tøyenbadet heller enn på konsert - men det var heller inga tvil om kor herleg kvelden hadde vore.

I dag var det platesignering og minikonsert på Platekompaniet i Oslo, og det var heller ikkje så reint lite moro. Fyrst ein hyggjeleg konsert som inneheldt Call Me, Long Distance Man, Play Louder, Bag of Leaves, Swedish Television og Isabel, så løp eg fem minutt på eit AUF-møte som eigentleg starta ein halvtime før konserten (eg kjente meg slem, men slik blei det no), og til mi overrasking rakk eg fint tilbake til City att, og fekk signert LP-en min og Edendale, og slått av ein liten prat med bandet.

Eg kan nesten ikkje vente til torsdag. For kva skjer då? Jo, endå meir BigBang!
Men: BigBang eller Bigbang? Eg trur eg blir galen snart.

OG: EAGLES OF DEATH METAL TIL HOVE! Herrefredus. Eg har ikkje ord. Berre eit stort glis.

No comments: