og eg er trufast til din hals

Wednesday 11 April 2007

Det kan bli jævlig varmt der nere

No skal eg skrive ein blogg om kva eg hatar akkurat i dag, og i dei fleste tilfelle hatar eg det også bestandig. Eg fekk berre lyst, du treng for all del ikkje lesa. Eg ser helst at du ikkje gjer det.

(Rangert etter kva eg hatar mest akkurat no)
1. Folk som ikkje seier "kj"-lyden. Nei, det blei feil, eg hatar ikkje dei som ikkje seier "kj"-lyden, eg hatar at dei ikkje seier "kj"-lyden. Det er ein skilnad der, hadde eg gått god for det fyrste eg sa, ville eg sagt at eg hata mange av venane mine, og det blir feil, for det gjer eg ikkje. Men dei får faen sjå å læra seg at "kj", "tj" og "k" osv. ikkje uttalast likt som "sj" og "skj" osv.. Det høyrast jævlig ut når folk seier "no skal me shøyre til shøpesenteret for å shøpe shole og shede til shersti. Og til middag i dag skal me ha shøtt, for i dag fyllar shersti shue år, då skal ho få et shærlig shyss på shinnet av meg." Ordet "kjørt" - som eg då ikkje skriv på nynorsk, men som brukast på bokmål - blir faktisk eit heilt anna ord når det seiast med sh-lyd. Då blir det "skjørt" ("fragile" på engelsk). Og det er to ord som uttalast på to forskjellige måtar, ikkje på ein. "Det er SKJørt," og "me har KJørt". Fatt det, nordmenn. De er norske, de skal kunne norsk, akkurat det der er ikkje vanskeleg eingong.

2. Hijab/nikab/burka. Sorry, eg har null respekt for akkurat det. Du kan godt vera muslim, eg mistar ikkje respekten for deg av den grunn, men eg gjer det om du går med "slør". Eg ser det som kvinnediskriminerande, uansett korleis folk vrir og vendar på det for å få det til å verka motsatt. Men, nok ein gong, dette er ingen grunn til å kalle meg rasistisk. Eg gidd ikkje forklare kvifor ikkje eingong, det er eg lei av å gjera.

3. At folk flest heilt har gløymt forskjellen på "de" og "dem". Eg meiner både i munnleg tale - plassane der ordet "dem" faktisk eksisterer altså, dialektane som ikkje har ordet i seg er unnskylda - og når folk skriv på bokmål. Dei (fleste) klarer fint å bruke både ho/hun og henne (i munnleg tale; dei plassane ordet ”henne” eksisterer, så klart), alle klarer å bruke eg/jeg og meg, og du og deg riktig, så derfor fattar eg ikkje kvifor dei ikkje berre tenkjer likt når det gjeld de/dem. Men eg må seia at det har faktisk blitt litt betre dei siste månedane, det var verst hausten 2006. Då verka det som om heile Noreg hadde gløymt det. Men nå byrjar enkelte å ta seg opp igjen, det merkar eg tydeleg. Og det er jo bra.

4. Vikarar. På skulen har me fem vikarar: "brunkremfyren" (som eg ikkje hugsar det ekte namnet på) på femogtjue år som alltid seier "de treng ikkje gjera noko, eg får 200 kr i timen uansett, de kan berre sitje her og snakke med meg om de vil. Kva skal me snakke om? Sex? Eg veit sikkert noko de vil veta", konstant sure og gamle Ann-Elina, den skrytete, spydige rogalandske (spydige rogalendingar liker me vanlegvis, men ikkje denne fyren) Sven-Kjetil som prøvar å kristne alle elevane og var nominert til å bli ordførarkandidaten for KrF Lørenskog (herregud, tenk om han hadde vunne!), fantastisk sjølvgode basket- og idolstjerna og supermodellen Willy, og til slutt fyren eg ikkje hugsar namn på, men som alltid har mykje å snakke med Isabel med, som oftast gjeld det klede. Det finst ingen normale vikarar. Ikkje lærarar heller, for den sakas skuld. Men vikarar er verst. Anten er dei 25 år og utruleg sjølvgode, eller så er dei 50 og bestandig skitsure, antakelig fordi dei er feite, einsamme og ulukkelege, og sure for at dei ikkje har oppnådd noko betre enn vikaryrket til tross for at dei er godt vaksne. Ein vikartime kan ikkje kallast ein skuletime, og det er noko som kan verke fint, folk flest vil jo ikkje ha skule, men i det store og det heile er det ikkje bra. For den vanlege klasse har vikarar ofte fordi lærarane er mykje borte (me er eit unntak der, faktisk), og sidan så godt som alle vikarar heller er/blir behandla som medelevar eller bruker all tida på å kjefte, lærer ein minimalt i timane ein har vikar som lærar. Om ein då har vikarar heile tida, lærer ein veldig lite. Og det vil vise seg at det ikkje er lurt.

Og så har me sjølvsagt alle dei andre tinga eg ikkje gidd å nemne, fordi alle andre allereie har klaga på det. Ikkje at dei ikkje har klaga på det andre eg har klaga på her, men det var mine sterkaste hatobjekt akkurat i dag. Berre fire ting, eg er visst ikkje så hatefull likevel. Men no er eg uansett lei av å klage, og akkurat det er jo ikkje anna enn fint, så no skal eg setje på musikk – Janoves soloprosjekt á la 1997, som eg høyrde så mykje på førre vår - og vera glad for at eg ikkje har noko eg skulle ha gjort i dag, og ta ein pause frå å vera så pessimistisk og skeptisk.

Til slutt må eg berre skryte av at me vann musikkquizen på skulen i dag igjen. Ingen har så langt slått oss, me er eit fantastisk lag; Cecilie tek seg av rappen, Isabel tek seg av hiphopen, Charlotte tek seg av popen, Cecilie T og eg tek oss av rocken, gammal musikk og den norske musikkverda, og Tenzin kan litt av alt. Musikkquiz er gøy, men folk finn altfor enkle spørsmål. Cecilie T, Isabel og eg skal knuse klassen når det er vår tur, dei veit ikkje eingong kva band Paul McCartney er kjent frå. Og no skal dei få svare på spørsmål om både Rolling Stones, Zeppelin, Procol Harum og Jimi Hendrix. Det blir gøy.

1 comment:

Marthe said...

Endelig! Jeg irriterer meg også utrolig over folk som sjøpte sjole for å gå på sjino. BLÆ!

:)