og eg er trufast til din hals

Thursday 26 April 2007

But I don't really need it if I'm a big star

I dag har vore ein utruleg fin dag. Ikkje berre har eg endeleg klart å verte ferdig med alle leksene i tide, eg har òg vore på aksjon med AUF. Woho.

Eg fann ut fyrst kvart på to i dag, då eg sat på skulen, at det var aksjon på Egertorget klokka fire. Aksjon for ytringsfridomen. Eg hadde då berre eit kvarter på meg til å rekruttere med meg folk, men det viste seg at ingen kunne. Eg forta meg heim, ringde halve Oslo rundt, men neidå; endå var det ingen som kunne vera med meg. Så eg måtte berre dra åleine.
Eg tok bussen fem over tre, var i Oslo fem over halv fire. Der var det sjølvsagt proppfullt av politifolk og avsperringar, grunna NATO-toppmøtet. Eg byrja å gå bort til Karl Johan, gjekk ein omveg og hamna bakom Lille Grensen der. Ringde Silja og gjekk i sirkel rundt heile området tre gongar fordi eg ikkje torde å gå bort til AUF-folka på Egertorget. Idiotisk. Men etter å ha stått og sett på aksjonen i eit kvarter, la eg på telefonen og gjekk bort.
Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjera, men eg såg det låg to lerret på bakken med malte handavtrykk på, og mange folk stod rundt og skulle setje på sine avtrykk. Ei jente, som eg sjølvsagt har klart å gløyme namnet på allereie, kom bort til meg og spurde om eg ville gjera som dei andre. Eg sa ja, og gjorde det. Så visste eg ikkje kva eg skulle gjera eller korleis eg skulle få kontakt med dei, dei var berre åtte folk, men eg torde jo ikkje å snakke med nokre av dei. Men så kom den same jenta tilbake til meg, og smilte til meg. Eg sa noko så dumt som "eg treng vel ikkje gå? Eg hadde eigentleg tenkt å vera med her, skjønar du..." og før eg fekk fullført, svarte ho: "Haha, tullar du? Nei, berre fint om du vert her!" Så kom stundom Lo-Johan Melinder bort, leiaren i AUF Akershus, og gav meg ein brosjyre. Så spurde han om eg ville verte medlem i AUF. Eg sa at eg allereie var medlem, og fekk til svar "neimen så flott! Folkens, me har ein ny her! Du har ikkje vore med før, har du vel?" Vidare snakka me litt, eg fortalde at eg følte meg litt i yngste laget og ikkje hadde tord å vera med før, men han sa at det berre var fint dess yngre me var, "her er me alt frå tretti til tjue, som eg er, til fjorten-tretten. Femten er heilt perfekt!" Han introduserte meg for resten av dei som var med, og spurde om nummeret mitt, sånn at dei kunne sende meg ei melding når om når nye møte og slikt var. Så gav han meg ein haug med brosjyrar, og bad meg følgje med han, så kunne me dele dei ut saman. Eg følgde med han, men torde sjølvsagt ikkje dele ut ein einaste brosjyre. Uansett trefte me på mange rare folk, folk som kontinuerlig sa ting som "Jamen, me har jo ytringsfridom i Noreg!" Me prøvde å svare at jadå, det har me, men dei fleste land i verda har faktisk ikkje det, og sjå berre på kva som skjedde med Kadra Yussuf då ho kritiserte Koranens kvinnesyn. Men dei fortsette berre å gjenta seg sjølv; "I Noreg ER det jo ytringsfridom!" Dumme folk. Nokre andre byrja å snakke om at ytringsfridom ikkje var bra, osv.. Men dei aller fleste var veldig hyggjelege.


Etter å ha stått der i halvannan time, eg berre i ein sidan eg kom seint, var lerreta heilt fulle. Det var dei for så vidt allereie ein halvtime etter dei var lagt ut. Dei sa dette var ein utruleg vellykka aksjon, over 250 handavtrykk vart det til slutt. Så måtte me rydde opp, og så fann dei ut at dei var ein for lite til å få bært lerreta tilbake til Arbeidersamfunnet, så dei ville ha med meg. Eg vart berre glad, for eg ville jo gjerne sjå kontora og sånt. Lo hadde sagt til meg kor det var og slikt tidligare, men eg var glad eg fekk vera med, for eg trur ikkje eg hadde klart å koma meg opp i åttande etasje der åleine.
Me gjekk gjennom Oslos gater med to svære lerret fulle av handavtrykk i alle fargar. Folk såg rart på oss, men for meg var det berre endå ein fin måte å bli kjent med dei andre på, Lo og dei andre to eg gjekk med var veldig hyggjelege og utadvendte mot meg. Hoppa og spratt rundt mens dei song litt og litt sånt. Livlige folk.
Me kom inn i Arbeiderpartibygningen og tok heisen opp til åttande etasje, og me kom inn i fine, passe store lokale med møterom, eit lite kjøkken og nokre kontor. Her var det fleire eg ikkje hadde møtt, så Lo introduserte meg for desse folka, og eg snakka litt med dei. Så viste han meg litt rundt om i bygget, fortalde kor møta vert heldt og slikt, og var i det heile tatt veldig grei og hyggjeleg. Det var dei alle. Ein veldig fin velkomst.

Så no kan eg endeleg kalle meg aktivt medlem i AUF, og eg har faktisk berre vore offisielt medlem i seks dagar. No ser eg fram til møte og slikt, og ”bruk stemmen”-kampanjen. Og Utøya, sjølvsagt.

Ein veldig fin dag. Eg har no funne ut at eg ikkje er så frisk som eg trudde likevel, eg vart sjuk igjen i stad. Men det gjer eigentleg ingenting, viss eg leggjar meg snart, så er eg sikkert betre i morgon.

No comments: