og eg er trufast til din hals

Tuesday 13 March 2007

This dance you'll have to lead

Guess what: eg har trena i dag. Eg. Frivillig for fyrste gong sidan eg gjekk på dansing i femteklasse. Eg er nesten stolt. Og eg likte det faktisk, det er endå meir utruleg. Så no skal me starte der fast, Karen og eg, saman med Silje og dei. Det var på tide ja.

No er eg så skitlei av å høyre om Valla-saka at det er like før eg kastar TV-apparatet ut frå verandaen. Ho behandla arbeidarane sine dårleg, Yssen gjekk ut med det i media, Valla nekta for alt saman, eit utval blei sett til å granska saka, dei fann bevis på at omtrent alt Yssen sa var sant og skreiv ein såkalla knusande rapport, Valla nekta fortsatt for alt saman og tok ingen sjølvkritikk, men sa opp jobben som LO-ledar. Kan ikkje folk bare la det vera med det? Fyrst skal dei bråke om at utvalet og granskinga ikkje var slik det burde ha vore, så skal dei kjefte på media for at dei visstnok har blussa opp saka så veldig (det var jo faktisk ei stor sak då, synast heller media har vore verre andre gonger), så skal dei byrje å bråke med Arbeidarpartiet igjen, osvosv.. Eg er så lei. Eg elskar jo å sjå Redaksjon 1, Standpunkt og Tabloid (det høyrast ikkje bra ut, eg veit det), men dei siste fire gongene har det vore om Valla-saka. Valla, Valla, Yssen, Valla, Valla. Herlighet, gje opp, slaget er tapt for Valla, Yssen vann. That's it, la resten liggje.

Nei, meir har eg eigentleg ikkje å seia i dag. Eller jo: gratulerer med dagen, Kristoffer!

No comments: