og eg er trufast til din hals

Thursday 22 March 2007

I can feel the sweet illusion coming

Oi, det har faktisk gått ei veke sidan eg blogga sist. Det trudde eg ikkje at gjekk an.

Uansett er det vel ikkje så mykje å fortelje om. I helga var eg overraskande sosial då. Karen var på overnattingsbesøk frå fredag til laurdag, og ho er som kjent den einaste eg kan ha her heile natta utan å føle ein trang til å drepe nokon dagen etterpå, så det var veldig koseleg. Me såg på tv, sat her, såg på tv, åt, sat her, såg på film.. Yep, det var vel det. Også sendte me ei lita klagemelding til kjellern då, såklart.
På laurdag kom Elin og Øyvind på besøk, det var også hyggjeleg. Eg er så glad Elin endeleg har funne seg ein så flott fyr, Martin var jo grei han og, men altfor stille. Eg liker Øyvind godt. Dessutan ynskjer han seg barn! Så nå ventar eg berre på å bli tante.. "Tante Kristin." Tenk så morosamt. Må kanskje vente til Elin flytter heim frå Trondheim igjen då.

Ellers så har eg fått heilt dilla på Ryan Adams. Eg fekk endeleg kjøpt plata Heartbreaker i dag, og i neste veke eller noko sånt skal eg kjøpe Cold Roses. Det er så utruleg fin musikk! Og eg synast han passer sånn til våren nå. For det ér vår! I dag var det ti grader her. I går og. Sjølv om det var fem minus til morgonen i dag. Men det er jo ikkje sagt at det skal vera varmt om natta sjølv om det er det om dagen. Eg er ikkje ute om natta uansett, så det betyr ikkje noko.

I morgon er det Skambankt! Endeleg! Eg har venta så lenge på det her. Ein månad og seks dagar for å vera nøyaktig. Det blir så utruleg bra! Og no ser det ut til at me rekk heile konserten og, til og med. Herlig! Eg blir så utruleg glad av å tenkje på det, stakkars dei som må høyre på meg på skulen i heile morgon.

No skal eg skrive vidare på Kaizersteksten min. Har ikkje heilt tid til å blogge for tida. Trur berre bloggen har godt av det uansett, han er ganske overfylt, synast eg.

No comments: