og eg er trufast til din hals

Friday 30 March 2007

Alltid trø forsiktige steg

Så var det påskeferie. Og det kan ein jo ikkje anna enn å vera glad for.
Det kan bli litt kjedelig då, om eg ikkje kjem meg ut litt, men det har eg jo planar om å gjera. Skal muleges til Oslo i morgon, til Skien på måndag og til Oslo igjen på tysdag/onsdag. Utanom det ser det kjedeleg ut. Men det blir vel kva eg gjer det til.

No er eg så drittlei av å høyre om OL i 2018 at eg flyr på nokon snart. Herlighet, her diskuterer heile Noreg konstant om kva for ein by som skal sende søknad, men det er jo mest sannsynleg at me ikkje får OL eingong. Fint det avgjerast i dag, så slepp ein kanskje å høyre stort meir om det. Oslo er mest effektivt og billigast, men det blir nok finast og mest spektakulært i Tromsø. Trondheim veit eg eigentleg ikkje så mykje om i den samanhengen her, men i grunn bryr eg meg ikkje uansett. At heile Noreg kan vera så oppteken av den saka fattar eg ikkje.

Men eg er litt stolt no, eg har nett funne ut at eg har klart å verve heile to Skambanktfans! Cecilie og Alexander. Herleg. Ikkje berre er dei fan av éin song heller, dei liker alt av Skambankt eg speler for dei. Det er litt moro.
Og på tysdag blei Kaizerstulleteksten min lagt ut på DMA. Anonymt, såklart. Men så sa eg at det er eg som har skrive den tidligare i dag, for det var ein del feil der eg var nøydt til å rette opp. Nynorskkvaliteten varierer verkeleg hjå meg ja. Uff.
Men responsen og kommentarane var berre positive! Det var veldig fint å høyre, eg blir alltid så glad av sånt. Det var vel også litt av grunnen til at eg torde å seia at det var min tekst. No håper eg berre ikkje Kaizers sjølv les det, me veit jo at dei surrar rundt der inne, men eg vil ikkje at dei skal sjå den teksten. Den var ikkje direkte snill, særleg ikkje mot Geir, og han er vel den mest sannsynlege til å lesa det, dessutan ser dei/han sikkert ikkje humoren heilt.
Anyways.. no fekk eg nesten lyst til å skrive ein tekst om kvifor Thomas Talseth har eit så dårleg forhold til alt som har med Kaizers å gjera, etter å ha snakka med Marthe om det, men eg trur eg held meg unna. Trur eg skal gjera matte- og naturfaglekser i staden. Helvete, eg har ferie, også planleggjar eg å gjera lekser. Ikkje heilt normalt kanskje. Men fokk it, gidder ikkje slite med lekser veka etter ferien (då er eg jo berre sur for at det ikkje er ferie lenger, treng ikkje fleire ”sorgar”), så då gjer eg dei no.

No comments: