og eg er trufast til din hals

Thursday 15 March 2007

This ain't the end, my friend

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Gårsdagen tok ei overraskande vending: eg drog på Micke from Sweden-konsert. Med Silja, på Parkteateret Bar på Grünerløkka. Eg hadde jo planlagt i førre veke å dra på konserten, men fann ut at det blei så vanskeleg; kanskje rakk eg ikkje siste buss heim, og det var ikkje sikkert me slapp inn uansett, det er jo (sjølvsagt) ein plass for dei over atten. Men då Sarakka fortalde meg kor bra konserten på Kampen Bistro var, bestemte eg meg for å dra likevel.
Me kom oss inn på plassen utan at nokon sa noko, og sat oss rett framfor pianoet. Konserten starta ganske presis ni, og han spelte vel ein fire-fem songar i løpet av den halvtimen han spelte, ein god del av tida gjekk med til snakking. For han snakka mykje. Ein god entertainer altså. Berre synd publikum var så dårleg. Dei einaste som i det heile tatt hadde hovudet og øyrene vendt mot Micke var Truls, Jørgen, Geir (Zahl), Silja, det paret som sat like ved oss, og meg. Men Micke var like flink uansett. Han blei veldig glad då me gjekk bort til han og kjøpte plata og, kanskje ikkje så merkeleg det.
Geir verka faktisk både pratsam og glad i går, han snakka masse med Jørgen og Truls. Eg snakka ikkje med han då, tenkte eg ikkje skulle plage han i går. Silja var vel ganske einig i det. Men Jørgen og Truls snakka me ein del med etter Geir hadde gått litt vekk frå bordet deira. Det såg eit par sekund ut som om han skulle koma tilbake og snakka med oss, men så kom Micke og drog han med til Mono. Kanskje like greitt, eg veit aldri kva eg skal seia til den fyren.
Uansett, ein veldig fin kveld.

I dag har eg diskutert i to timar utan stans. Det byrja med at Ida kalla seg sjølv synsk, og så utvikla det seg til snakk om overtru, og sjølvsagt enda det til slutt i ein diskusjon om religion. Det var Ida, Charlotte og delvis Tenzin på den kristne sida, og Christer, Anders, Alex, delvis Cecilie Therese, og meg i spissen på den andre sida. Religion er aldri bra å diskutere, ingen vinn og ingen gjer seg. Men det er moro å sjå kor lenge folk klarer å helde seg saklege. Det er faen ikkje lenge. Men det var fint klokka blei to etter kvart, for viss ikkje hadde me vel sete der og diskutert enno. Og det er ikkje alle som er like flinke til å skile diskusjon og meiningar frå venskap, så.. ja. Eg trur det var bra me ikkje hadde tid til å diskutere meir, så fekk me heller berre vera einige om ikkje å vera einige. Det var sekundet før eg blei usakleg også, så det var bra eg måtte gå heim, for då fekk eg ut aggresjonen ved å høyre på Skambankt. Det passa jo og, for Skambankt og eg er jo, så vidt eg veit, faktisk einige om akkurat den saka. Ikkje dårleg.

I dag skal eg ut og trene igjen. Det fristar ikkje i det heile tatt, men eg veit det vert greitt når eg fyrst kjem meg dit. Berre synd det er så seint. Men, men. Det er jo ikkje sånn at eg har noko betre å gjera, akkurat.

No comments: