og eg er trufast til din hals

Saturday 24 March 2007

Innse det - lev med det - deal med det

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Skambanktkonserten i går var fantastisk herleg. No sit eg her og redigerer bilete, og det er faen så trist at det er over, eg misunner verkeleg dei som er på Tribute i Sandnes akkurat no. For denne konserten var minst ti gonger betre enn den på Folken. Åh, det var så bra!

Togturen til Horten gjekk greitt, Sarakka, Agathe, Marit og eg drog saman. Agathe måtte sitje på golvet då, det var ikkje plass til alle. Men eg trur det gjekk bra.
Då me kom til Skoppum skjøna me ikkje kvar me skulle gå eller kva me skulle gjera vidare, så det enda med at me gjekk bort til ein politibil og spurde han som sat inni der. Me fekk beskjed om å ta ein buss som gjekk til Horten sentrum, så det gjorde me. Rett før endestasjonen ropte ein av oss "Ååååh! Scene 37! Der! Det er dit me skal!" og hyggjeleg som bussjåføren var, stoppa han rett utanfor bygningen for oss, sjølv om det ikkje var nokon haldeplass der.
Me gjekk inn, trefte Alexander, og henta billettane våre. Så trefte eg på Anders og Andreas, og me gjekk opp i andre etasje utafor der konserten skulle vera. Anders, Andreas og eg diskuterte politikk mens Skambankt heldt på med lydprøver i bakgrunn, eigentleg diskuterte me politikk ganske konstant i to timar, utanom når Anders og eg diskuterte dei sjuke pornotekstane til Cloroform. Men dei to var veldig raude. Og det same var resten av folka der.. Så eg var i mindretal, for å seia det sånn. Men det meste er me jo einige i uansett då.

Ti på ni slapp dei oss inn i konsertlokalet, som viste seg å vera ekstremt lite og intimt. Eg la veska og jakka mi på scenen framfor der eg stod og let det liggje der heile kvelden, og scena rakk meg til knea, det forklarer kor lite det var. Og kor nær me var bandet. Det gjorde mykje av opplevinga.
Etter kvert kom oppvarmingsbandet på. Fy faen, noko så jævlig. Det var bokstaveleg talt fem klovnar som sto på scena. Og vokalisten hadde utstyret hengande laust, for å seia det sånn.. Æsj. Dei var ekle, skumle og for ikkje å gløyme historisk dårlege. Eg er berre glad eg veit at Skambankt ikkje bestemte at dei skulle varme opp. For hadde dei gjort det, ville eg verkeleg byrja å tvile på dømekrafta deira..

Ca. kvart på ti kom eigaren av klubben ut frå bak scena og viste teikn om at me skulle byrja å klappe og rope på bandet. Det gjorde me, og nokre titals sekund seinare sat dei på introen. Så kom Børge inn på scena, og byrja på trommepartiet til Nok Et Offer, songen dei alltid byrjar med. Så kom Hans-Egil, Terje og Tollak inn, og Tollak stod rett framfor oss. Ikkje ein meter unna eingong. Nærkontakt i høgaste grad altså, og det var som nemnt noko av det beste med konserten, om ikkje det beste. For bandet hadde verkeleg kontakt med publikum til einkvar tid, Tollak stod mellom meg og Silja noko sånt som ti gonger i løpet av konserten. Var ikkje like festlig dei gongene han stod rett framfor meg og det ikkje var meir enn fem cm frå fjeset mitt til skrittet hans, og eg ikkje kunne røre meg, men likevel. Dei tre (reknar ikkje med Børge, for han sit jo stille på trommene) er faen meg like flinke med publikum som frontrekka i Kaizers er.
Under konserten var det visstnok mykje pressing og moshing på midten framfor scena, men det merka eg ikkje noko til, for eg stod heilt til høgre. Eg tryna allikevel altfor mykje, eg har blåmerke på magen etter alle gongene eg falt oppå forsterkaren framfor meg. Eg klarte å trampe på kameraet mitt også.. Og eg har eit stort blåmerke på kneet etter å ha dunka det så mykje inn i scena, samt fleire mindre blåmerker på låra. Eg har også ein kul i panna fordi Tollak klarte å køyre bassgitaren rett i hovudet på meg ei gong. Au. Men den kulen er jo berre kul, sidan det var Tollak som lagde han. Haha.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Setlista aner eg ikkje korleis var, me såg den som var klistra på scenegolvet framfor oss der, men dei følgde ikkje lista i det heile tatt. Eg veit berre at dei spelte alle songane som stod der pluss ein til. Og eg hugsar at dei spelte desse songane: Nok Et Offer, Dynasti, Stormkast #1, Tyster, Min Eliksir, Fritt Fall, Angst, Skamania, Skambankt!, Me Sa Nei!, Desertør!, Revolusjonens Aggregat!, Panzersjokk!, Alarm! og KKK!. Femten songar altså, og det er ein god del, med tanke på at dei berre har gitt ut 27 songar. Songane hugsar eg tydelegvis, men rekkefølgja er enno eit mysterium, det einaste eg hugsar der er ekstranummera; Skamania, KKK! og Panzersjokk!. Panzersjokk! var songen som ikkje sto på setlista. Eg tar det som eit godt teikn, eit teikn på at dei likte konserten. Det såg iallfall jævlig sånn ut, det verka som om dei merka den gode stemninga like godt som oss i publikum.

Ein fantastisk herleg konsert, som sagt. Og som om det ikkje var nok, så kom dei ned i merchen rett etterpå.
I merchen kjøpte eg den raude Eliksirskjorta, og den fekk eg signert saman med veska mi. Faen og, eg som hadde tenkt til å helde den veska nøytral (les: ikkje ha nokre bandgreier på ho), sidan den andre er full av Kaizerssignaturar. Jaja, eg måtte jo få dei til å signere noko no som eg hadde sjansen. Vidare fann eg ut at Børge og Hans-Egil var veldig hyggjelege menneske (har jo ikkje snakka med dei to før), og Terje og Tollak var like hyggjelege som alltid. Terje er så utruleg hyggjeleg at eg ikkje fattar at det går an. Flott mann det der, veldig flink med fansen.
Snakka ikkje så mykje med dei, men Børge var glad i å diskutere sølvpennen min, og Hans-Egil t-skjorta mi. Børge: "E det sølvtusj! Oi, det e det leng si æ har sedd! Stilig!" Hans-Egil (til Marit som ikkje klarte å velje mellom Leninskjorta og den raude Eliksirskjorta): "Eg syns du ska ta den i rødt, den e finare. Bare se på hu *peike på meg* der, hu e fine! Så bler dåkk begge fine! Det bler så fint så." Terje sleit med å finne pennar å signere med; "Eg trenge ein penn.. oi, ja, du har tusj sjøl du ja. Sølvtusj til og med! Men den kan eg vel'kje skriva me på t-skjortå di? Hm.. Tollak, kan'kje eg få låna den pennen litt? Takk! Okei, då e eg klare, hehe. Kor ska eg skriva? Eg skrive me logoen her eg." Tollak var opptatt med å diskutere ei bok med den irriterande jenta som stod ved sida av meg. Ho sa eit eller anna om handlinga som ho ikkje likte, og Tollak svarte oppgitt "Jamen det e jo det som e poenget me bogå!" Ho svarte at det visste ho og blablabla, Tollak verka ikkje spesielt glad for å snakke med henne uansett. Særleg ikkje då ho kom med kom med kommentaren: "Jamen se her da *vise med armane*, fin bok, fine mennesker, god sammenheng!" Ho var dum som eit brød. Og etter ho hadde gått, kom ei anna jente bort og sa noko Tollak oppfatta heilt feil, svaret hans blei slik; ”Eg vær me på familiemiddag? Eheh, nei takk!” Skambankt, ho jenta og me andre som såg det fekk oss ein liten latter der ja.
Så skulle dei ta litt bilete saman med oss. Fyrst var dei Anette og ein annan sin tur, så Anders og Andreas, og til slutt Alice og meg. Tollak poserte med pornoblikket som alltid, og Terje smilte til ei forandring, han skal jo ikkje smile på bilete, han er jo for tøff til det som han seier. Bileta blei ikkje noko fine uansett, eg øydela dei. Eg var ikkje heilt klar då Sarakka tok bileta, så det blei bare rart og stygt. Uansett, her er det eine:

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket

Ikkje lenge etter photosessionen gjekk me ut av lokalet. Lise kjørte oss til Fredrikstad i 150 km/t (ikkje ei overdriving eingong), så me kom fort fram til Silja. Der sov eg til i dag, var litt i åttiårslaget til farmora hennar, og så tok eg tog og buss heim hit.

1 comment:

Marthe said...

haha, det var morsomt å lese ^^
skulle ønske jeg kunne vært med.. æsj.