og eg er trufast til din hals

Sunday 11 March 2007

Everyone can't win

No er snøen så godt som borte. Eg er glad. Det skal så lite til.

Eg var på platemesse i går, fyrst med Marthe, så med Sarakka. Det var gøy, såg ikkje så altfor mykje spennande (om ein ikkje synast det å sjå Jan Eggum og Arne Bendiksen er ekstremt spennande), men det var ein del promoar der, og det er jo alltid morosamt. Eg kjøpte promoen til soloalbumet til Janove og Ralph Myerz, og Marthe kjøpte Me Sa Nei!-promogreia til Skambankt. Hadde veldig lyst på sistnemnte eg og då, men det var jo ho som fann han.
Etterpå var eg på konsert, med korpset til far min. Jippi. Men det var nesten greitt, det var ikkje altfor kjedelig musikk, dei spelte jo ikkje berre marsjar og slikt, men også sigøynarmusikk, "Puszta" er jo eit veldig fint stykke. Me vant AKM og kom på andre i NM med det. Minner. Wow, eg trur det er fyrste gong eg har sett tilbake på korpstida med et smil om munnen. Rart. Men det er jo klart at det var ein del fine opplevingar der. Eg fekk drege på mange turar mange forskjellige plassar, alt frå Hurdal til Årjeng til Finland. Og turane likte eg jo alltid, det var gøy. Og eg traff jo mange, fekk mange vener, tenk; om eg aldri hadde gått i korps, ville eg aldri treft Silje, då ville eg heller ikkje treft Karen, dei er jo to av dei beste venane mine. Men spelinga likte eg berre gjennom halvparten av 2005, så det var på tide at eg fekk slutte til påske i fjor. Dei ville ikkje la meg sleppe fordi dei var redde eg skulle sitje apatisk heime kvar einaste dag utan noko å gjera eller nokon å snakke med, har det kome fram i seinare tid. "Men så fann du jo Kaizers, og desse folka på denne Dr. Mowinckel-sida, og du blei jo heilt forandra." Det er litt gøy å høyre. Det forandra jo faktisk heile livet mitt skikkeleg. Og det takka vera Karen!

Same Karen som foreslo at eg skulle skrive ein heil blogg om Jensemann. Jensemann er Jens Stoltenberg, forresten. Me er jo alle så glade i han (ja faktisk). Haha, det er morosamt å sitje og høyre mamma seia "det er Jensemannen min, det!" kvar gong han er på TV. Ho er så glad i han. Det er tydeleg kvar eg har mine Arbeidarpartianar frå, ja. Heile familien min stemmer Arbeidarpartiet (utanom dei som stemmer SV då, men dei er det heldigvis ikkje så mange av). Fyrst nå har eg blitt klar over kor mykje eg eigentleg har frå dei, eg har jo faktisk alt derifrå. Det er bra eg har ein smart familie, eg har fått mykje gratis sånn sett. Eg er glad folka i familien har ”riktig” politisk retning, tenk om eg hadde vore føydd inn i ein FrP-familie. Eller ein veldig raud ein. Nei, det er bra me held oss nærmare mot midten. Hadde ikkje eg hatt ein sosialdemokratisk familie ville vel eg og vore ein av desse motesosialistane. I musikkmiljøet er det ofte viktig å vera så jævla politisk korrekt, og der er det politisk korrekte å vera kjemperaud (iallfall i mitt miljø, sjå berre på Skambankt som eg høyrer så mykje, sjølv om eg ikkje er einig i det dei syng om. Men dei seier jo sjølv at tekstane ikkje er det som betyr noko, og musikken er jo jævla tøff, så eg kan ikkje kutte dei ut bare fordi dei er litt for raude). Eg er ikkje heilt der. Eg er ikkje så langt unna, riktig nok, men eg er ingen sosialist. Men ja, dette har me diskutert nok i dag.

Natta.

1 comment:

azteak said...

haha, det diskuterte me møye i går, ja.. prezt