og eg er trufast til din hals

Tuesday 6 March 2007

You're down with your feet back on the ground

I dag har eg vore på konfirmasjonsmøte igjen. Det var faktisk gøy i dag:
Fyrst kom me inn i auditoriet, der det stod tre menn. Så byrja dei å snakke, og han overtøffe flintskalla mannen spurte oss om kva fyrsteinntrykk me fekk av dei. Så fortalte han at dei tre hadde vore i fengsel i mange år, og at dei var der for å snakke om kriminalitet og rusmiddel. Så kom det fram at han sjølv var fengselsbetjent - ikkje fange, som dei fleste trudde - og dei to andre var fangar, som me trudde hadde sleppt ut av fengsel no, men me fekk så veta at dei sat der enno. Så skulle desse to presentere seg sjølv då, og før dette starta sat eg og snakka med Veronica, tilfeldigvis om Geir Zahl. Så tulla me litt, og eg sa ein del på tilnærma rogalandsdialekt, altså snakka eg om Geir på "stavangersk." Så, når desse to skulle presentere seg, kom det fram at begge to heitte Geir, og han eine var frå Sandnes - kor sannsynlig er det? Utrolig typisk at eg sit og snakkar liksomstavangersk om Geir framfor trynet på ein som faktisk heiter Geir og er frå Sandnes. Herlighet. Men då skjønte han vel iallfall at eg forstod kva han sa. Det gjorde jo ikkje dei andre, eg spurte dei etterpå; "skjønte dere hva han sa egentlig?" og eg fekk til svar: "haha, nei, nesten ikke en dritt." Eg skjøner ikkje at det går an. Men, men. Enkelte/mange har vel berre vanskeleg for å forstå den dialekten.
Uansett. Dei to fortalde om liva deira, to ganske sørgjelege historier, for å seia det sånn. Geir nr. 1/Oslogeir hadde starta å røyke hasj då han var ein fjorten-femten år, etter å ha blitt det tilbydt av ein ven av han frå den "harde" gjengen på skulen der, han hadde hamna i den gjengen fordi han ikkje var ein av dei "smarte," sa han. Han blei etter kvart hekta, utdanninga gjekk til helvete, og då han var 21 år byrja han med ordentleg tunge stoffar. No er han 42 og har sidan då blitt dømt meir enn 20 gonger, han hadde stoppa å telle ved 18, sa han. Totalt har han sete i fengsel i 13 år. Det er det eg seier - ikkje legaliser hasj. Det fører berre til hardare stoffar.
Geir nr. 2/Sandnesgeir hadde hatt eit litt anna utgangspunkt. Han hadde vore seksarelev på skulen og alt det der, men sommaren etter han konfirmerte seg, hadde han byrja å drikke. Han drakk meir og meir, men hadde klart å koma seg ut av vidaregåande med toppkarakterar allikevel. Han fekk det han kalla ein drømmejobb ute i Nordsjøen, fekk seg kone og barn, og han hadde ein viss kontroll på drikkinga - klarte å helde seg unna alkoholen eit par dagar før han skulle ut i Nordsjøen og gjorde jobben bra. Men etterkvart mista han denne kontrollen, kona gjekk frå han og tok med seg ungane. Han starta så vidt på dop, flytta til Oslo, starta på mykje hardare stoffar, og enda opp med å miste leiligheten sin på Karl Johan og bu på "pladå" i staden. Dei siste tre åra hadde han budd vekselvis på plata og i fengsel. Fyrste gongen han hamna i fengsel var han der i åtte månader, og så på rehabiliteringssenter ein del veker, og då han kom ut tenkte han at dit inn skulle han aldri igjen. Men så snart han var ute av rehabiliteringssenteret starta han igjen å dope seg, og då var det gjort; han hamna sjølvsagt i fengsel igjen. Og der sit han no. Dei sit begge to på "stifinner'n," plassen der rusmisbrukarar som ynskjer å gjere noko med framtida si, der man kan få undervisning osv.

Det var kjempespennande å høyre kva dei hadde å seia. Eg må nok ei gong få seia kor glad eg er for at eg tok borgarleg konfirmasjon. Her går alle dei som tok kristelig heilomvendte rundt og prisar Gud, mens me på borgerleg lærer allverdens ting. Eg gjorde et godt valg der.

Og i dag hadde me, for fyrste gong nokosinne, om politikk på skulen! Det var minimalt han sa om det, men det var i det minste ein start. Og nå skal Morten ha tre vekers permisjon, det er jo fantastisk! Sjølv om det er så lita tid at det heller kjem til å verke som ein illusjon. Men, men. Eg får berre satse på at me ikkje har han som lærar til neste år. Me skal nok få klaga han ut.

Og i dag fekk Petter, den eine fettaren min, sin trejde unge, og endeleg blei det ei jenta. Gratulerer, Petter!

No comments: