og eg er trufast til din hals

Thursday 1 March 2007

Don't keep counting the cost

No kom eg akkurat heim frå bildeseminaret. Det var utruleg gøy! Annleis enn slik eg trudde det skulle vera, eg tenkte dei skulle snakke meir og vise mindre bilete. Men Paal sa ikkje mykje, akkurat. Han sa faktisk så lite etter bildeframvisinga at Jan, som sat rett bak oss, måtte bryte inn og seia noko. "Mja, siden Paal ikkje akkorat seie så møye, så kan kanskje eg ta å fortella litt. Ja, æg æ Jan Zahl forresten, forfattaren av bogå han viste fram der." Men det er jo alltid koselig å høyre han snakke då, har mykje interessant å seia, han.
Paal viste fram masse fine bilete, dei fleste hadde me faktisk ikkje sett før. Fekk eit endå betre innsyn i korleis Kaizers har det på turné. Eg sleit litt med å helde meg frå å le då, i og med at Jan og den andre jærbuen han hadde med seg sat og lo konstant, og dei skrattlo kvar gong det kom eit bilete av Geir på skjermen. Dei to var faktisk dei som "bråka" mest i salen der, haha. Berre hyggelig det då. Var ein del augeblikk der det var så stille at det var pinleg, så då var det bra at Jan var der til å byrja å le og gjera det heile litt mindre pinleg.
Etter "røykepausen," som dei kalla det, var det Morten Andersens tur. Det var faktisk også veldig interessant. Her var det jo fleire band, var vel ein 30-40 stk, og i alt 176 bilete. Han var litt flinkare enn Paal til å snakke, for å seia det sånn, han fortalde om kvart einaste bilete. Den mannen har iallfall opplevd mykje, teke bilete av alt frå bandet "Slips" heime i kjellerstova til kameraten då han nettopp hadde fått seg kamera i 1980 og veldig mange småband med namn som "Fuck ups" og "Psykisk Terror," til store namn som Alice Cooper og Iggy Pop & The Stooges, så vel som Turboneger og Madrugada i dei seinare år. Han kom med mange interessante historier, og då han spurte om me hadde noko å spørje han om, var det nok ei gong berre Jan som sa noko. Eit litt kjedeleg publikum altså. Og me var dei einaste under tjue. Alltid pinlig det, men følte eigentleg ikkje det hadde så mykje å seia der.

Eg blei veldig svolten på konsertar igjen etter å ha vore der. Neste konsert eg skal på er om 22 dagar. Det er lenge til! Men men, er vel ikkje noko ein kan gjera med den saka. Eg kan fint leve på denne opplevinga eit par veker, for dette var ein hyggeleg kveld!

Geografiprøva me hadde i dag gjekk til helvete då. Eg fekk min fyrste karakter under fire nokon gong. Eller, eg har ikkje fått han att enno, men me fekk veta svara etterpå, så eg veit at eg hadde feil på ni av tretten spørsmål. Det skal godt gjerast. Men eg var ikkje den einaste som gjorde det dårleg, akkurat. Det er han jævla Morten si skuld, han er faen meg hjernedaud. Eg håpar så inderleg Kari tar til vett og ikkje lar han vera læraren vår til neste år, eg veit at ho også hatar han. Ho berre seier det ikkje, i motsetjing til han. Herlig å ha to kontaktlærarar som ikkje snakkar saman, slik at det går utover oss. Dumme menneske, dei er jo vaksne for faen, dei er kollegaer. Ein kan ikkje vera så barnslig og berre seia "det er da ikke min feil at hu Kari har gitt dere feil opplysninger! Dette er MITT fag, ikke hennes!" Eg hatar Morten. Verkeleg, han skulle aldri ha vore lærar. Og eg seier ikkje det om kven som helst, for eg har respekt for lærarar. Enkelte av dei, iallfall. Særleg Kari, eg var heldig som hamna i hennar klasse.

2 comments:

Marthe said...

hei, vi var under 20! prezt

Anonymous said...

hi
I am from greece, so i didn't understand shit of what you write. I learned about Christiania after police's evacuation
I browsed internet to learn more. I want you to tell me what was happening there, and what happens now
I have heard about a self administrated comunity in occupied buildings. I support any movement like that. Please answer me in English in punkakistos13gr@yahoo.gr