og eg er trufast til din hals

Wednesday 28 February 2007

I weigh every word that I say

Fyrst av alt: kan nokon fortelja meg kvifor i helvete eg ikkje klarer å finne feit eller skrå skrift her? Går det ikkje lenger? Eg ser iallfall ingen knappar her. Utruleg irriterande.

Dei siste to timane (meir eller mindre) har eg sete her og sjekka ut Medier og Kommunikasjonslinja, etter at Marthe tilfeldigvis nemnte det. Og eg har funne ut at det er veldig freistande å velja den linja. Det verkar spanande, også får ein jo full studiekompetanse. Men eg får sjå det an nærmare. Eg er jo så lita at eg har endå eit år igjen før eg skal velja! "Du er så heldig, du slepp å bekymre deg" mja, sei no ikkje det du. Eg er ikkje den som skyv sorgene unna, eg tar dei lenge før dei kjem.

Over til ei litt anna sak; eg sendte ei melding til Geir på MySpace i dag tidlig, før eg gjekk til skulen. Spurte om det kom til å finne sted fleire signeringar og litt sånt. Eg forventa ikkje noko svar, men det fekk eg berre eit par timar seinare (haha, må ha vore rett etter Geir stod opp). Og igjen var det eit så hyggeleg svar at eg skvatt til, akkurat som sist gong han svarte så hyggeleg, på nettmøtet. Han har verkeleg blitt hyggeleg, til ei forandring.

"Hei Kristin, takk for støtten!

Signeringar er det ikke så mye poeng med når det ikke kommer særlig med folk nei, så blir ikke mer av det. Ser ut som anmelderne har klart å skremme vekk de som ville likt plata, så det er litt kjipt da. Men bra at du støtter opp !

Geir"

Synd å høyre det då. At det ikkje blir fleire signeringar. Og nok ei gong får eg så vondt av at det kom så få på signeringa i Stavanger, og av at musikkmeldarane har vore så slemme mot han. Eg hatar eigentleg at musikk skal meldast slik. Musikk går jo bare på smak og behag, eg vil då faen ikkje at ein eller annan journalist skal fortelja meg kva som er bra og kva som ikkje er det. Tenk så utruleg bittert det må vera å gje ut ei soloplate som ikkje sel noko. Så mykje pengar og tid ein investerer i det, og så får ein ingenting igjen. Det må vera jævlig. Det er grunnen til at ikkje eg skal bli artist. Det er verdas mest ustabile yrke, det eine året opplev ein kanskje braksuksess, men det neste året stoppar alt og ein tener ikkje nok til å klare seg utan nokon annan jobb. Nei, slik kan eg ikkje leve, eg trur den livsstilen ville gjort meg galen ganske fort. Eg treng å veta kvar eg har ting, og eg må ha ei viss aning om korleis livet mitt vil vere til neste år.

Når det er sagt, trur eg at eg skal roe ned litt og ikkje tenkje så mykje på framtida. Eg har ei kjensle av at eg er mykje meir opptatt av det enn andre på min alder. Eg tenkjer på alt frå kva farge eg vil ha på sofaen eg skal kjøpe inn til den fyrste heimen min, til når eg skal ha barn og kvar eg skal bu hen. Det kan vera ganske plagsamt i blant, og om eg nemnar det for nokon, får eg ikkje dei mest normale blikka i retur. Så no har eg bestemt meg for ikkje å tenkje så mykje over sånt lenger. Eg skal vente litt, ein tre-fire år, før eg byrjar å sjå etter servise og gardiner. Eg trur ikkje eg er klar over sjølv kor ung eg faktisk er.

I morgon skal eg til Oslo på den der Paal Audestad-tingen. Hah, eg er faktisk ikkje heilt sikker på kva det er eingong. Jo, no leste eg det på DMA. ”Eit seminar med rockefotografane Paal Audestad og Morten Andersen.” Det trur eg nok blir gøy. Blir fint å koma seg ut av huset litt iallfall, eg har ikkje vore ute sidan førre onsdag. Det minner stygt om latskap.

1 comment:

Marthe said...

feit skrift er bare å trykke ctrl+b, og italic er ctrl+i prezt