og eg er trufast til din hals

Monday 26 February 2007

Eg vett så godt på forhånd kæ du vil sei

Då eg var hos pappa i helga, fekk eg tenkt ein del på språk igjen. Norsk altså (kva anna kunne det ha vore, det er jo meg me snakkar om her). Farmor og farfar kom på besøk, og for fyrste gong la eg ordentleg merke til korleis dei snakkar. Dei snakkar tøft, rett og slett. Eg elskar dialekten til gamle austkantfolk. Dei snakkar så utrulig breitt, og eg liker det jo når det er breitt. Også er dei så flinke med bruken av "ei,” ingen seier jo det nå lenger. Men det beste er at dei seier ikkje "ei," dei seier "e." "Jeg traff e' jente her om da'en," det er så stilig korleis dei seier det. Så på laurdag satt eg bare og høyrte på farmor snakke. Og ho snakkar jo ikkje lite heller. Mormor snakkar akkurat likt. Herlig å vera medlem av ein rein austkantfamilie, med besteforeldre som bur på Oppsal og Teisen. Det er ikkje noko vestkantsblod i meg iallfall. Alle heilt tilbake til 1600-talet (me har drive med ”familieforsking,” ja) på mammas side er frå Oslos austkant. På pappas side går det derimot over til Vestlandet ikkje så langt tilbake. Oldefar budde jo på Bømlo, på Stord og i Hardanger. Eg veit ikkje kor han blei fødd hen då, men ein av dei plassane var det. Eg er glad for å vera rein austkanting med bittelitt Vestlandsblod i meg, betre blir det ikkje. Eller jo, det kunne vore andre vegen. Men om eg var vestlending hadde eg vel ikkje vore så glad i vestlandsdialektane som eg er no, så nei; slekta mi kunne ikkje ha kome frå betre plassar i landet.

Eg tenkte også ein del på rogalandsdialektane, sjølvsagt. På jærsk mest denne gongen då. Eg føler eg liksom veit det meste om stavangersk no (men det er heilt sikkert noko eg ikkje kan), men når det kjem til jærsk er det alltid noko nytt å finne ut av. På laurdag sat eg og tenkte på alle æ-ane dei har i språket. Det har eg sjølvsagt tenkt over mange gonger før, men det sluttar aldri å fascinere meg. Korleis ein kan klare å stappe så mange æ-ar inn i eit språk, fattar eg ikkje. Men det som er rart, er ordet ”der.” Inni alle desse æ-ane, kjem dette ordet, der dei seier ”der,” og ikkje ”dær,” som ein seier dei fleste andre plassar i landet. ”Æg æ hær, å dæi æ der,” liksom, det ordet passar jo ikkje inn i det heile tatt. Sært, men utruleg gøy.
Eg fann ein blogg her om dagen, som tilhøyrte ein eller annan ekstremt overkristen jærbu. ”Tanka frå Varhaug.” Morosamt å lesa, både kor utruleg kristen han var og jærsken han skreiv. For han skreiv heilt jærsk, ikkje så altfor ofte ein finn det. Så då sat eg der då, og las gjennom nesten heile bloggen til den utruleg overkristne jærbuen (dei fleste jærbuar er vel det då).

Eg trur eg er litt besett av det her, eg veit ikkje om nokon annan i dette landet som er like interessert i Rogaland som eg er. Og no har eg vore det lenge, det er det raraste med det. Eg har vore så opptatt av Rogaland i femten månader. Eg skvett til om eg høyrer ein på TV eller radio snakke rogalandsk, då er faktisk dagen min redda, kor enn håplaus han har vore. Når lærarinna me har i heimkunnskap seier ”del opp gjæren,” må eg smile. Finn eg eit intervju med Geir/Jan Zahl (dei er dei to ”heilt” jærske eg høyrer mest frå), høyrer eg meir på dialekten enn på kva han faktisk seier.

Eg gledar meg til sommaren, då skal eg endeleg til Jæren igjen.

1 comment:

Marthe said...

haha, så morsomt. du skulle hatt norsklæreren min, hun er fra Jæren. Og til å begynne med så sa hu sånn: Eg e frå Jæren, der kor Kaizers Orchestra kjem frå" eller hvordan de sier det på jærsk. Så jeg har jærsk 4 dager i uka. Artige greier ^^