og eg er trufast til din hals

Saturday 24 February 2007

KristeligKulturKaos

Eg kan ikkje for det, eg klarer ikkje skrive bokmål lenger. Eller, eg kjem til å hoppe fram og tilbake frå bokmål til nynorsk trur eg. Eg er så lei bokmål, men i blant klarar eg ikkje uttrykkje meg på nynorsk heller. Nynorsken min er også veldig mongo, fordi me ikkje har hatt det på skulen enno, og eg har heldt på med altfor mykje rogalandsk til å skrive heilt riktig nynorsk. Jan Zahl har også sin del av skulda der. Men eg vert vel betre med tida.

Eg har bestemt meg for å skrive eit blogginnlegg om religion. For denne veka har eg hatt altfor mykje tid til å berre tenkje, tenkje på alt og ingenting. Mykje av denne tenkinga har vore konsentrert rundt religion, utan at eg veit kvifor. Eg hadde gløymt det litt i dag, men så kom Silja heim frå AUF-møte der dei hadde diskutert statskyrkja, og ein eller annan idiot fant ut at han skulle vera usaklig mot Karen fordi ho har valt borgarlig konfirmasjon.

Saka om statskyrkja synast eg eigentleg er altfor vanskeleg å snakke om, fordi eg ikkje veit heilt kva eg skal meine der. Eg er redd kyrkja skal bli veldig konservativ og "endå meir kristen" om statskyrkja opphøyrar, men eg liker ikkje greia med å ha statskyrkje heller. Det er liksom ingen mellomting her, enten må ein elske alle utlendingar og nærmast sy hijab til kvar og ein av dei, eller så vert ein kalla rasistisk og konservativ. Eg hatar å diskutera innvandringspolitikk, for med mine meiningar er det håplaust å koma nokon veg. Eg er liksom mellomtingen, den som aldri kjem til å få vilja si uansett kven som sit i regjering. Dessutan er det altfor lett å bli oppfatta som rasistisk i dette landet. Eg er ingen rasist, men folk oppfattar meg som ein om eg ikkje seier "velkomen inn, bare etabler dykk og få ni barn på Stovner, men de treng ikkje integrere dykk det spor, og sjølvsagt treng de ikkje snakka norsk om de ikkje vil!" og opnar armane for å ta dei imot. Eg gjer nemleg ikkje det. Men eg vil ikkje kasta dei ut av landet heller, det finst ein mellomting. Det skjønar ikkje folk flest, i all fall ikkje dei som bur her.

Så var han guten då, som var så fantastisk allvetande der han satt. Det heile starta med at han kalla alle som konfirmerte seg borgeleg for pingler - eit veldig godt grunnlag for å ha ein sakleg diskusjon, altså. Argumentet hans for dette var då at dei som konfirmerte seg borgeleg berre var redde for å gjera det i kyrkja. Kvifor dei skulle vera redde for dette sa han derimot ikkje noko om. Å konfirmere seg borgeleg var visstnok berre eit dårleg alternativ til det å konfirmere seg kristelig, fordi folk hadde godt av å læra om kva kristendommen faktisk inneberer. Javel? Kvifor trur han at me ikkje veit det? Veit han noko om kva me lærer på kursmøtene våre, kanskje? Nei, det gjer han ikkje. Vidare sa han at han konfirmerte seg kristeleg fordi "det er den rette måten å gjøre det på" (bokmål var meininga der ja). Leiren hadde fått han til å bli kristen. Dei hjernevaskar faen meg folk der borte. Denne karen hadde også fått høyre at på dei borgelege konfirmasjonsmøtene lærte ein at religion var årsaka til krig og undertrykking, og at det hindra kulturell framgang (eg orkar ikkje finna ordet for det på nynorsk akkurat no). Kvar i helvete denne fyren han har snakka med har gått på kurs, skjønar ikkje eg. For dei har aldri sagt noko sånt. Men to av dei punkta der er jo ganske sanne då. Religion har mykje av skulda i krig og undertrykking. At det hindrar kulturell framgang er derimot bullshit. Religion ér jo kultur. Om det komar fleire muslimar til Noreg er det klart me får ein breiare kultur, altså gjer det det motsette av å hindra kulturell framgang. Ingen som har tenkt på saka i meir enn fem sekund ville sagt det omvendte. Vidare sa han seg einig i at religion var litt av årsaka til krig allikevel, men at ateismen hadde skuld i "like mye dritt den å." Han kan ikkje tenke mykje før han snakkar, for det han seier er jo bare skit. Folk kan ikkje å argumentere. Det siste eg såg av samtalen var "Jeg var heller ikke inntrissert i relgion selv før men da jeg ga Gud en sjangse merka jeg at det meste endret seg."

Eg synast det er skremmande. Dessutan fattar eg det ikkje. Eg fattar rett og slett ikkje korleis folk kan få seg sjølv til å tru på noko sånt. Klart det er mykje lettare å leva om ein har ei slik tru, men korleis folk faktisk klarar å verkeleg tru at det sit nokon der oppe og bestemmer kva som skal skje med oss på Jorda, skjønar eg ikkje. Det må då vera noko i dei som fortel dei at dette ikkje kan vera sant? Dei må då ha ein eller annan form for logisk sans? Eg kan ikkje for det, men eg ser på dei som trur på ein gud som naive og i blant rett og slett dumme. Det er naivt å tru på noko som ikkje er mogleg, og det er dumskap å ikkje stilla seg kritisk til noko slikt. Men eigar dei ikkje den logiske eller kritiske sansen kan dei vel ikkje for det. Eg bare skjønar det ikkje. Dei er jo smarte folk, dei fleste av dei. Korleis ein gud og ei bok då kan koma inn i livet deira og forandre og styre alt for dei, fattar eg ikkje.

No comments: